Den siste boka i maratonprosjektet til Knausgård er eit fantastisk litterært verk. Eg har høyrt lydboka, som er på heile 45 timar og 20 minutt, og eg er mektig imponert.
I byrjinga er boka triviell nesten til det parodiske, men så endrar den karakter og blir eit filosofisk verk som mellom anna tek føre seg litteratur, Gud og Hitler. Knausgård reflekterer mykje over det å skulle skrive om verkelege hendingar og personar, og det gir derfor meining å samanlikne verka hans med "Mein Kampf" og ulike biografiar om Hitler. Mot slutten går han inn på privatlivet sitt att, og alt han har skrive om i dei seks bøkene fell på ein måte på plass og avrundar det heile.
Eg sit att og er imponert, litt letta over å vere ferdig og litt lei for at der ikkje er fleire bøker i serien.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar