tirsdag 9. april 2013

Smaklaus champagne

I den klassen der eg for ei tid sidan synte "Jernkvinnen" i engelsktimane, tok vi i norsktimane i dag føre oss artiklar om reaksjonar på nyhenda om at ho er død. Vi såg på bilete av britar som feira i gatene, noko både elevane og eg fann svært respektlaust. Hadde ho vore ein diktator, eller ansvarleg for massedrap, ville reaksjonen ha vore forståeleg, men Thatcher var vald på demokratisk vis og styrte etter politikken som partiet hennar stod for. Det er over tjue år sidan ho gjekk av, og det er derfor temmeleg spesielt at antipatien mot henne framleis er så sterk.

I ei tid då ytringsfridomen er meir problematisk enn nokon gong, synest eg det er viktig å diskutere kvar grensa skal gå for kva som er sømeleg åtferd i det offentlege rom.

2 kommentarer:

  1. Heilt rett. Men kan forstå bitterheita til dei som mista framtida si. Elles er det Korea som må stå i fokus no, merkar meg ingen reaksjonar på facebook om det...eller MUK, fysjom!

    SvarSlett
  2. Vi diskuterte det på jobb i går, at situasjonen i Korea er så alvorleg, men at det ikkje ser ut til å gå inn på "folk flest". Eg har planar om opplegg i faget Internasjonal engelsk.

    SvarSlett