tirsdag 16. april 2013

Bok 25 2013: "Freedom" av Jonathan Franzen

Etter to månader har eg endeleg lese ut denne mursteinen av ein roman, som tel over 700 sider. Trass i at eg ikkje tykte verken innhaldet eller språket (eg las den på engelsk) var vanskeleg, har det gått sakte med lesinga. Men det var verkeleg verd det, for dette er den beste romanen eg har lese på lenge.

Historia er ikkje særleg original, men forteljemåten og persongalleriet er i særklasse. Sentralt står ein amerikansk middelklassefamilie med to halvvaksne born, gut og jente. I byrjinga møter vi familien gjennom auga til naboane, og denne delen av boka er relativt uinteressant og lite engasjerande. Del 2 av boka er ein sjølvbiografi skriven av mora i familien, og då er det boka begynner å bli spennande. Vidare utover får vi høyre om dei ulike familiemedlemmane og menneske som står dei nær. Forfattaren får fram ulike sider av fleire saker, noko som verkar realistisk og er engasjerande, og ein kjem tett inn på personane og kjenner sympati for dei.

Det vart referert til denne boka då eg var på kurs om engelsk litteratur etter 9/11, og den er allereie spådd å bli ein klassikar i litteraturhistoria.

2 kommentarer:

  1. Skulle ønske eg varflinkare i engelsk, slik at eg kunne lese fleire bøker på originalspråket. Du kan no lese slike bøker og på samme tid føle at det er nyttig.

    SvarSlett
  2. Ja, denne boka kjennest viktig og nyttig av fleire årsaker. Ein bør, som engelsklærar, få med seg endringar i språk og litterær stil. No er det mange år sidan eg studerte, så eg prøver å halde meg oppdatert gjennom kursverksemd og lesing.

    SvarSlett