På jobb fredag var det ei kollegadame som sa til meg at eg såg sliten ut, fordi eg elles plar ha høgare tempo og rettare rygg. Kanskje var det noko i det - i alle fall var det godt at det var helg. Innleiinga av helga skjedde på normalt vis, med cafébesøk saman med kollegavenninner. Deretter for eg heim og la meg til å sove i sola på verandaen (fullt påkledd og med store solbriller, så noko soling er det knappast snakk om).
I kveldinga vart det litt meir futt i Gamla, og det vart ein tur på Folkesetra i nydeleg kveldssol. Eit lite mysterium var den store, raude hytta på det eine biletet her, men etter ein runde på facebook har eg fått vite at det er lærarskulen i Volda som har eigd hytta. Nokon burde pusse den opp litt! Vi gjekk frå bommen nedst i setrevegen og rundt vatnet, så det vart ein bra lang tur.
Etter slike eskapadar er det kjekt å ha eit gatekjøken på Folkestad som lagar himla god pizza, så ein kan sige ned i sofaen og verkeleg slappe av etter endt arbeidsveke.
Då eg gikk på lærarskulen, reiste heile klassen til hytta på Folkestad. Vi gjekk frå ferjekaia og opp. Vi fyrte på peisen i stova og overnatta på golvet i soveposar. Det var snø ute, hugsar eg. Dagen etter kom ped-læraren vår, Per Myklebust, og vi skulle måle nokre vegger etc. Eg tok jobben med å koke posesuppe til heile gjengen.Å sjå bildet er heilt utrulig, for eg hugsar ikkje korleis det såg ut der oppe, trur det var mørkt då vi kom om kvelden.
SvarSlett