mandag 1. april 2013

Siste feriedag

Husets barn er slitne etter mange aktivitetar i ferien. Storegut har hatt det spesielt hektisk, med speling og hyttetur. I går kveld fekk eg spørsmålet "du he vel ikkje noken planar for i morgo?", så eg hadde ikkje hjarte til å vekkje dei i dag tidleg. Etter kvart kom vi oss ut på ein liten rusletur, men elles tek vi det veldig med ro. Vi brukte kvelden i går til påskequiz og krimfilm, og det blir truleg noko slikt i kveld òg. I morgon er det striskjorte og havrelefse att, men på onsdag har tre av oss fri.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar