Veslejenta har hatt ei hektisk helg, med mykje dansing og venting. Det første vårshowet har gått av stabelen, og Veslejenta deltok på to av tre delar. Den første delen var klassisk, med nydelege kostyme og Vivaldi-musikk. Andre del var resultatet av ei helg med "workshop", der den skotske koreografen Andy hadde laga ei utruleg flott framsyning som Renata hadde vidareført. Tittelen var "Prinsessa og dvergane". Denne delen av programmet skal kanskje synast på Aasentunet under dei nynorske festspela, og då skal eg nytte høvet til å sjå det att, viss eg har høve til det. Tredje del var contemporary-dansing, og den hadde tittelen "Mytologi". Denne framsyninga var òg flott, spesielt bruken av bakgrunnsfilmane gjorde den spennande. Veslejenta dansa troll, og ho var sjølvsagt flink og skjønn som alltid, i følgje mora. Det er imponerande å sjå kva ballettskulen får til år etter år, og kor mange nye stjerner som vert tende etter kvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar