søndag 5. mai 2013

Sykkeltur på søndag

Storegut var invitert i konfirmasjon i dag, så han var tidleg oppe og fekk på seg dress før kyrkjetid.






Småungane og eg sat ved frukosten og la planar for dagen. Det dei hadde lyst til, var å sykle inn til badestranda. Eg gjekk, og så testa eg ut den andre linsa til kameraet. Eg er ikkje heilt nøgd med bruken av den, for det er vanskeleg å få autofokus når ein bruker makrofunksjonen. Øving gjer kanskje meister, og eg håpar på å kunne ta nokre fine naturbilete i veka som kjem.

Vel heime frå tur lærte eg Veslejenta om peiling av olje på bil og impregnering av skor. Begge delar er nyttig kunnskap når ein skal ut på tur.

No lagar eg middag av ei pussig blanding restar; ein slags formrett som mellom anna inneheld steikte nypoteter og kjøtdeig med tacokrydder. Til dessert gjentek eg suksessen frå i går med å lage bananmilkshake av litt for mogne bananar. Storegut får sikkert fantastisk mykje god mat å velje mellom, men vi kosar oss bra vi hine òg. Frisk luft og mosjon gjer i alle fall at appetitten er på topp.

Sulten er den beste kokk

2 kommentarer:

  1. Det er fotoapparatet som ofte dreg meg ut på tur, eg brukar det slik andre brukar hund. Men eg føler sterkt for eit fotokurs. Min nærmaste fotolærar går og vasar borte i Skottland, men han kjem vel heim att ein gong. Vi har ikkje vore ute og gått enno, men no er det like før.

    SvarSlett
  2. Gløymde å skrive at bilda dine var fine. Særlig legg eg merke til dei fine detaljane på fjøresteinen.

    SvarSlett