lørdag 3. mai 2014

Bok 36 2014: "Dødelig applaus" av Øystein Wiik

Debutromanen til Øystein Wiik er ei fengande og spennande historie frå operamiljø, og det gir lydboka eit ekstra løft at det er forfattaren sjølv som les og syng. Her er mange klisjéar undervegs, men alt i alt er dette ei god kriminalforteljing med tydelege karakterar og spenning som varer heilt til slutt. Det første mordofferet er ein eksentrisk tenor, og mykje i fortida og venekrinsen hans kan ha ført fram mot mordet. Eg skal ikkje nemne fleire av personane, for då røper eg automatisk noko av løysinga på kriminalgåta. Eg kan berre avslutte med å anbefale boka (spesielt lydboka) for dei som likar tradisjonell krim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar