lørdag 24. mai 2014

Den gamle postvegen

Ein av favoritt-turane mine er å gå frå "Langedalsbroe" til fylkesgrensa. Ein tek av frå Bjørkedalen i retning "Haugen", og køyrer deretter den gamle vegen mellom Nordfjord og Sunnmøre. Dersom ein køyrer lenge nok, kjem ein til Harpefossen. Viss ein vil gå eller sykle, er det bratt på begge sider, men altså eit ganske flatt stykke veg langs vatna på toppen. Ein får ei kjensle av å vere på fjellet, samtidig som ein går på ein fin, gamal grusveg som opprinneleg fanst blant anna under Napoleonskrigane. Bruene er noko nyare.




2 kommentarer:

  1. Den brua er så flott! Både den og vegen fortel mykje om ei tid som var. Oldemødrene våre fekk nok ikkje reise så langt og mykje.

    SvarSlett
  2. Det er så lenge sidan vi reiste den vegen at Nadja var med. Har ofte tenkt å ta turen, men det blir liksom ikkje. Hadde det vor bru over Voldsfjorden..........

    SvarSlett