Vel heime vart det enkel servering og middagskvil, ein liten tur ut og ei bøtte kaffi før strykinga tok til. Sidan det berre er eg som skal ha bunad på i år, var det eigentleg fort gjort, men problemet mitt er senebetennelsen, som ikkje vil sleppe taket. Strykinga vart derfor delvis eit "venstrehandsarbeid" i år.
Storegut hjalp til med noko av klesstellet, og elles har vi eigentleg roa oss mykje ned, i og med at vi skal tidleg opp og feire nasjonaldagen på ein ny måte i morgon.
Lurer på korleis de skal feire dagen?
SvarSlettBarnetog i Volda, folkefest på Folkestad. Amanda skal spele fire stader med korpset, gutane og eg får ta det litt etter innfallsmetoden.
Slett