søndag 25. mai 2014

Fornying av verandaen

Når ytste helvta av verandaen er svart medan den delen som ligg i ly for regnet er trekvit, er det eit teikn på at det er på tide å gjere eitkvart. No i helga har eg gjort følgjande:
  • Spylte verandaen og påførte rensevæske
  • Skurte litt med skurekost
  • Spylte med høgtrykksspylar
  • Beisa eitt strøk
Før og etter spyling: dei ytste fjølene var blitt nesten heilt svarte

Undervegs i beisinga
Ferdig med eitt strøk beis. Stripene er skugge.


 

4 kommentarer:

  1. Det blei veldig fint, men håper du ikkje har skada deg sjølv med arbeidet. I morgon skal vi skure verandaen vår, før det flyttar folk inn i kjellaren.

    SvarSlett
  2. Det vart fint! Eg har endeleg begynt å kome meg etter å ha vore energilaus i fleire dagar. Skal bli godt å kome i siget igjen.

    SvarSlett
  3. I går klipte eg kantar med kantklippar, så no får eg truleg kjenne det nokre dagar og netter.

    SvarSlett
  4. Eg trur forresten eg skal beise eit strøk til, og deretter bruke eventuelle restar til å friske opp fargen på hagemøblane. Testa ut beisen på bordplata i dag, så får vi sjå.

    SvarSlett