lørdag 3. mai 2014

Bok 37 2014: "Rand" av Jan Kjærstad

Når det står utdrag av romanar i lærebøkene, får eg ofte lyst til å lese heile romanen for min eigen del, og for å ha meir å fortelje elevane. I norskboka vår står eit lite utdrag frå "Rand", og no har eg lese heile romanen. Det er ei pussig bok som ytre sett handlar om ein eg-person som begynner å drepe menneske han tilfeldig møter på gata, og som opplever ei positiv personleg utvikling som resultat av dette. Han lærer mykje og blir inspirert av offera før han drep dei, og han har dessutan stor glede av å lese om morda i avisene i ettertid for å sjå kva mønster dei finn mellom drapa. Mot slutten kjem det fleire svarte felt og merkelege teikn, noko som var typisk for den eksperimentelle romanforma rundt 1990.

Eg kan ikkje seie eg skjøna absolutt alt ved å lese gjennom boka, men eg har funne ei masteroppgåve om romanen på nett som eg tenkte å lese gjennom for å auke eiga forståing.
masteroppgåve om Rand

1 kommentar:

  1. Eg synest ikkje Kjærstad er så lett å forstå alltid. Han krev ein del av lesarane sine. Men eg har snakka med han, ein gong, i telefonen.(Han skulle eigentlig snakke med Øystein.

    SvarSlett