onsdag 14. mai 2014

Rotsethornet (649 moh)

Ein er ikkje ekte volding før ein har vore på toppen av Rotsethornet, fjellet som ligg og lagar skugge over mykje av bygda. I dag hadde Veslejenta i lekse å gå tur i to timar, og det vart rikeleg med leksegjering og god leksehjelp. Bladfyken og Yngstesonen losa oss opp på fjellet den lengste vegen, som startar i nærleiken av golfbana ved Rotevatnet. På skiltet stod 3,7 km, men det kjendest minst dobbelt så langt. Den andre ruta er brattare og meir dramatisk, men vi takka nei til å velje den i staden.




Det berykta "Torskegjølet" har kravd fleire menneskeliv

Ein fin slutt på fri-onsdagen, som elles innebar aktivitetar som kiropraktortime og prøveretting.

1 kommentar:

  1. Eg er glad de er komne ned att. Eg likar ikkje at folk går opp på høge bratte fjell. Men det er bra at de er spreke,altså.

    SvarSlett