søndag 25. mai 2014

Kveldstur til Torheim

Etter ein lang arbeidsdag i hagen var vel lite så naturleg som å ta ein kveldstur til eit gartneri? På Torheim, to mil frå Eid sentrum, ligg det vesle gartneriet som er kjende for flotte plantar og eit fantastisk utval rododendron. Dei er midt i bløminga no, og fargeprakta må berre opplevast. Sjølv forelska eg meg i ein nydeleg kvit og rosa variant med namnet Edelweiss, men der var mange andre vakre òg.





Edelweiss

Sidan vi vart belemra med bråsvolt, hadde vi stogga på Eid for å handle først. Kveldsmaten inntok vi på eit svaberg i kveldssola.

2 kommentarer:

  1. Nydelege bilete frå Torheim. Ikkje verst med søndagsopen butikk på Eid. Vi har nettopp fått Bunnpris på Sandane, og den har ikkje søndagsope. Mange er glade for det, men eg hadde sikkert nytta meg av tilbodet.
    Gjegnen, som vi ser på bileta, ser vi godt frå hytta vår i Remmedalen. Majestetisk og flott fjellplatå!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det fjellet har vi lagt merke til før òg, sidan ein ser det når ein køyrer utover på nordsida, på veg mot Måløy. Turen var laurdag kveld, så vi handla på Rema, med ein slektning i kassa.

      Slett