Det er kanskje dumt å lese den andre boka i ein serie utan å lese den første, men slik gjekk det altså denne gongen. Og kjensla eg sit attende med, er at eg neppe kjem til å lese fleire bøker av forfattaren.
Sakene er spennande nok, med eit mord i politihuset og bortføring av asylbarn, men likevel fangar ikkje boka meg. Det er vanskeleg å setje fingeren på kva det er som manglar, men truleg har det mest med oppbygging av spenning å gjere. Delar av løysinga var dessutan så spesiell at eg sukka tungt og høgt.
Har lese eit par bøker av denne forfattaren-det blir beppe fleire. Men det er smått med nye lydbøker for tida.
SvarSlettSjekka bloggen min. Eg har direkte slakta boka. Meinte at anmeldaren som gav boka terningkast to var for raus.
SvarSlett