torsdag 2. juni 2016

Bok 34 2016: "Fiskene har ingen føtter" av Jón Kalman Stefánsson

I denne boka møter vi Ari, som reiser attende til Island då faren er dødssjuk. Han tenkjer då attende på oppveksten på 70-talet, og vi får dessutan høyre historier om familien hans. Kort fortalt får ein forklaringar på korleis ting har blitt som dei er, og det er gjerne noko anna enn det ein trudde. Det er sterke og brutale historier utan særleg sentimentalitet - akkurat slik eg likar. eg skal lese meir av denne forfattaren, det er heilt klart. Denne romanen var nominert til Nordisk Råds litteraturpris, men forfattaren har skrive fleire kritikarroste bøker tidlegare.

2 kommentarer:

  1. Og den er vel ikkje på lydbok? Der held dei seg til krim....uansett om den er god eller dårleg.

    SvarSlett
  2. Ikkje lydbok, nei. Mykje betre utval på papir!

    SvarSlett