søndag 26. juni 2016

Under Linda

Min gode, gamle ven 
Systera og svogeren min arrangerer kvart år ein lyrikkfestival i hagen. Eg deltok for første gong i fjor, og i år hadde eg med Bladfyken. vi fekk høyre dikt av Marit Kaldhol og Jan Ove Ulstein, og songar framførte av Odd Goksøyr og Ronald Øvrelid. I tillegg vart det god prat og bugnande kakefat etterpå. Vêret var ikkje så fantastisk som i fjor, men det var i alle fall opplett. Det var ei triveleg stund, og eg tek gjerne med meg eit par kaker og kjem neste år òg.

2 kommentarer:

  1. Kjekt at de likte dykk! Og takk for kaker!
    Vermessig er eg glad det ikkje var i dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, den tanken har slått meg òg i dag!

      Slett