lørdag 18. mars 2017

Vinklubb mars 2017

Sist det var vinklubb, møtte eg ikkje, sidan det var så kort tid før Londonturen. Fredag kveld møtte eg opp, etter ein fin tur i snøvêret, og det vart ein svært triveleg kveld med nydeleg mat og vin. Temaet var "australske vinar som skal/skal ikkje passe til ost og kjeks". Eg er ikkje så frykteleg kresen, og syntest at alle vinane var nydelege og passa rimeleg godt til maten. Eg held ein knapp på "Yellow tail", med kenguruen på etiketten - det er ein fløyelsmjuk vin som er nydeleg både til mat og aleine.

1 kommentar:

  1. Yellow Tail er ein av mine favorittar-og særleg den orange. No er det ikkje så ofte vi har vin her i huset,då.

    SvarSlett