Denne helga reiste ei kollegavenninne og eg til Bergen. Eg hadde lenge hatt lyst til å sjå ei teateroppsetning der, og vi hadde dessutan lyst på ein luftetur.
|
Vindu mot bakgården |
Vi køyrde nedover fredagen, tok inn på Scandic Byparken Hotel og brukte kvelden til å rusle litt i byen, ete sushi og gå på kino ("The Nun"). Filmen var elendig, men det var no artig likevel.
|
Sushi på Sumo |
Laurdag gjekk vi litt i butikkar, gjekk på teater og såg Vildanden og gjekk deretter på tapasrestaurant. Teaterstykket var noko endra i høve til originalmanuset, og eg har ikkje heilt bestemt meg om kva eg syntest om slutten. Eg synest Hjalmar Ekdahl-karakteren fekk for lite fokus, men elles var der mykje bra i oppsetninga. Noko av det mest spesielle er at Hedvig blir spelt av ein skodespelar som har Downs syndrom.
|
Vildanden
|
|
Tapas på Escalón |
Søndag tok vi ein roleg frukost før vi vende heim.
Det vart svært mykje god mat og drikke i løpet av helga, for vi har stogga og drukke kaffi og ete kaker etter innfallsmetoden i tillegg til nydeleg hotellfrukost og restaurantmiddag. Det vert dermed hardt å gå over til normal kost att, men sikkert ein del sunnare.
Då eg kom heim, var Veslejenta i heimen og passa hunden. Gutane kom etter kvart, og det var veldig kjekt at eg fekk helse på Storegut, som er heime i helga på grunn av ein spelejobb i Ålesund.
Godt å få puste litt byluft!
SvarSlett