tirsdag 2. juli 2019

Fredag: "Ríðum, ríðum og rekum yfir sandinn"

Det har vore ein gamal draum for meg å ri på islandshest på Island, og eg hadde ikkje tenkt å la sjansen gå frå meg. Etter kvart som eg kom nærare oppfyllinga av draumen tenkte eg at eg kunne sitje på ein hest og posere for fotografering, om ikkje anna, men ungane ville ri ein runde som skulle ta om lag to timar. Eg var noko nervøs i starten, men så vart det så utruleg kjekt og stemningsfullt etter kvart. Landskapet vi reid gjennom var typisk lavalandskap med mose og lupinar, og det var ein relativt mild og vindstille dag utan nedbør. Dette var ei oppleving eg kjem til å hugse lenge!

Ironisk nok vart det dårleg med fotografering, og bileta vart av relativt dårleg kvalitet, men minna har vi.

Minstemann sin hest var svolten heile tida

Hestejente 51






Så utruleg blid og fornøgd (hesten er meir molefonken)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar