mandag 1. juli 2019

Onsdag: Blue Lagoon

Dagsutflukta til Blue Lagoon hadde eg bestilt for nokre veker sidan, då eg hadde blitt fortald at der ofte er kø. I tillegg til inngangsbillett bestilte eg òg busstransfer, så vi vart plukka opp og leverte attende på hotellet, noko som var svært behageleg.

Opphaldet der ute tok tre timar, og det var nok. Det tek litt tid å dusje, skifte, ta bilete og liknande, så to timars badetid var passeleg. Vatnet var utruleg deilig, med om lag 38 grader og mykje mineral og damp. Eg hadde frykta at det kom til å lukte stygt og svi i huda, men det gjorde det ikkje. Og trass i at der var ein del folk, var stemninga roleg og avslappa. Dette var verkeleg ei god oppleving, og ei kjensle av å bli kjend med landet på kroppen, praktisk tala.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar