mandag 1. juli 2019

Tysdag: Reykjavik

Sidan vi mista så mykje av måndagen og eigentleg var ganske slitne, la vi ikkje opp til eit altfor hardt program på tysdagen.

Først gjekk vi i nasjonalmuseet, som låg like ved hotellet. Der kunne vi sjå gamle ting frå vikingtid og mellomalder, men òg seinare. Personleg likte eg godt utstillinga av kvardagsting frå 1900-talet. I kunsten frå barokken såg vi at islendingane har hatt litt spesiell stil når det gjeld hovudplagg for kvinner, mellom anna.
Viking

Familiebilete

Altartavle

Fin hatt

Pussig utsnitt her






Etterpå gjekk vi innom Hallgrimskyrkja, som har ei spesiell utforming utandørs, inspirert av klippeformasjonar vi skulle sjå seinare i veka. Vi trudde kyrkja var inspirert av pipene i eit kyrkjeorgel, og det inntrykket vart forsterka av at det var orgelkonsert der som vi kunne droppe innom ei lita stund. Kyrkja var veldig enkel innvendig, og der gjekk heis opp i tårnet så vi fekk sjå utsikta utan å slite oss ut.


Utsikt mot "Perlan"



Siste post på programmet var "Perlan", eit slags naturvitskapleg senter med flotte utstillingar og ein fantastisk film om nordlys i ein kuppelforma kinosal. Steinsamlinga var berre fantastisk. I tillegg er der ei innandørs ishole, noko som sjølvsagt var kjekt å gå gjennom. Vi enda opp med å ete i dette bygget. Dei to restaurantane ligg i kuppelen på bygget, og det må vere fantastisk å vere der når det er middnattssol eller nordlys ute.






På istrone (Heksa Hvit?)










Bygget er reist ved dei store varmtvasstankane i byen

I tillegg til denne sightseeinga fekk vi rusla litt i gatene i byen òg. Der er mykje moderne kunst, og anna som berre er kitch for å lokke turistar.




Harpa, konserthuset i byen

Legg til bildetekst

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar