søndag 16. august 2015

Meanwhile, in Jølster...

Minstemann har vore på speidartur i helga, og denne gongen fekk dei blant anna prøve klatring/rappellering, paintball, gokart-køyring og rafting. Ein tur for skikkelege tøffingar, altså. Takk igjen til kjekke og flinke speidarleiarar som vart med på turen.





Straumsdalen og Jutelen (om lag 650 moh)

Laurdag ettermiddag fann vi ut at vi skulle gå opp på det fjellet som sperrar for kveldssola her hos meg. Vi gjekk opp skogsvegen til Straumsvatnet, deretter gjekk vegen i flott terreng utan rås opp til ein fjelltopp som eg ikkje veit namnet på. Etter det eg har forstått, er Jutelen den toppen som heng ut mot sjøen, men sjølve fjelltoppen er høgare oppe. Der var nydeleg utsikt, og mange fine plassar ved små og større vatn. Der er framleis snø somme stader, og mange elvar og bekkar som gjorde det mogleg å overleve i varmen. Dette er eit vakkert fjellområde, og neste gong skal vi prøve å gå opp dit frå Folkestadsetra.














Bygdefest på Bjørnaset

Fredagskvelden vart tilbragt i lystig lag saman med kjekke sambygdingar i fantastiske omgjevnader. Vi fekk med oss litt kveldssol før vi trakk inn i løda, og heldt det gåande til ut på natta med fiskesuppe, kaker og diverse. Ein perfekt slutt på skuleårets første arbeidsveke!

tirsdag 11. august 2015

Bok 79 2015: "Marina Bellezza" av Silvia Avallone

Denne tjukke boka (om lag 600 sider) har eg slukt, noko som i seg sjølv er eit kvalitetsteikn. Forfattaren er italiensk, fødd i 1984, og boka har handling lagt til dei italienske Alpane i 2013. Ei kvinne med ambisjonar om å bli songstjerne møter ein mann som drøymer om å bli kubonde i Alpane, og eit vanskeleg kjærleiksforhold oppstår. I tillegg har begge problem med familiane sine. Handlinga er såleis temmeleg triviell, men eg syntest den var god fordi den gav eit innblikk i korleis ein lever og tenkjer i utkantstrok i Italia. Samtidig syntest eg forfattaren hadde gode karakterskildringar og interessante refleksjonar når det gjeld motstridande draumar, og kva drivkrefter som får menneske til å agere som dei gjer.

søndag 9. august 2015

Kveldstur i Brundalen

Turen i dag gjekk frå "Sinsenkrysset" i den skogsvegen som er nærast Bjørnaset, over Geildalen til Lisjedalen, stien opp til Brundalen, rundt vatnet og ned skogsvegen. Dette var den runden eg ofte gjekk i den tida eg hadde to store hundar og ein vond arm, og det vart til saman litt over 8000 skritt (for å antyde lengd). I Geildalen var det svært attgrodd sidan eg sist gjekk der, så der er mykje mat for beitande hjortar. Eg har ikkje vore i Brundalen før denne sesongen - det seier noko om temperaturane som har vore. Vanlegvis blir det nokre badeturar på setra, men i år har det mildt sagt ikkje freista. Elles gledde eg meg over å finne nokre modne blåbær, men det var mange sure. Det har truleg blitt for lite sol og varme på bæra òg.



Siste feriedagen

Etter nokre gode veker med sommarjobb som hotelldirektør, privatsjåfør og køyrelærar - i tillegg til turar, lesing og kos - har eg no lada meg opp til eit nytt skuleår. I morgon startar planleggingsveka (for tjue år sidan hadde vi to planleggingsdagar, no er det fem), og deretter brakar det laust med nye elevar og gamle fag for min del. I tillegg skal eg delta i valkamp, begynne på studium og reise på Polentur, så dette blir ein hektisk haust. Det viktigaste er å legge gode planar, slik at ein til ei kvar tid har oversikt og kontroll. Til å hjelpe meg med denslags, har eg også i år kjøpt meg ei bok der eg skal skrive ned alt. I tillegg må eg ha planar på nett og ein kalender i heimen for det meste som skal skje med meg og mine. Eg kjenner det blir godt å kome i gjenge att, samtidig som det har vore herleg å ta fri frå den gjennomorganiserte kvardagen og slappa godt av. Det blir ei stund til neste gong.

lørdag 8. august 2015

Bok 78 2015: "Det vi kan stå for" av Geir Lippestad

Denne boka plukka eg med meg frå biblioteket 22. juli, og har lytta til den på nokre bilturar. i dag fullførte eg lesinga, akkurat medan Eldstejenta er på Utøya på landsleir for AUF. Dette set lesinga i eit spesielt perspektiv for meg, det må innrømmast.

Geir Lippestad har skrive ei bok om kvifor og korleis han vart forsvarar i 22. juli-saka, og om korleis dette sette preg på familieliv og privatliv. Han skriv sjølvsagt om den tiltala og om sjølve saka, men hovudvekta ligg på hans eigne refleksjonar. Forfattaren er ein klok mann, og mykje av det han skriv er verkeleg tankevekkjande og verd å ta med seg vidare i livet - ikkje minst det han skriv om verdien av liv og menneskeverd.

Folkestadsetra

I dag vart det ein lett rusletur rundt setrevatnet på Folkestadsetra. Dette er eit turmål som passar for dei fleste, spesielt no når det er blitt bygd turvegar i begge endane av vatnet så ein kan gå tørrskodd heilt rundt.


fredag 7. august 2015

Bok 77 2015: "Det frosten tok" av Kari Nygaard

Året er 1811, staden er Østerdalen. Bygdefolk og samar kjem i konflikt, noko som får fatale følgjer for samane, men òg for nokre av dei involverte nordmennene. Vi blir kjende med samekvinna Marjja og bondekona Lea, som lever på kvar si side av konflikten, men som endar opp som vener og allierte.

Eg er svært glad i bøker frå tidlegare tider, spesielt når dei som denne spinn rundt noko som verkeleg har hendt. Miljøet var totalt ukjent for meg, og tematikken er sjølvsagt fengande i seg sjølv. Spenninga sat i heilt til siste kapittel, og personane vart underleg verkelege for meg. Dette er ei bok eg vil anbefale på det varmaste. Forfattaren var ny for meg, men ho debuterte med ei anna bok i 2013. Den skal eg prøve å få tak i.

torsdag 6. august 2015

Bok 76 2015: "Mysteriet Ingeborg Køber" av Ivo de Figueiredo

Boka har som undertittel: " En sann historie om spiritisme, kjærlighet og et mulig mord", noko som viser nokså klart kva boka handlar om. Forfattaren, som mellom anna er Ibsenbiograf, har gripe fatt i ei kriminalhistorie frå 1930-talet. Ein mann i 70-årsalderen druknar, og det er dottera som dreg han i land. Problemet er at den same dottera er eit spiritisme-medium som har varsla farens død på førehand. Kan ho ha myrda faren, eller hjelpt han til å ta sjølvmord?

Gjennom forteljinga får ein innblikk i eit overklassemiljø der ein svermar for mystisisme og spiritisme. Eg har lese om tilsvarande i England, men ikkje her i landet, så dette syntest eg var svært interessant. Mot slutten av boka gir dessutan forfattaren ei slags forklaring på denne dragninga mot mystisisme ved å ta føre seg strøymingane i samtida. Mykje av dette var kjent for meg frå før, men dette vart ei ny vinkling.

Eg hadde stor glede av å lese denne boka, som de kanskje allereie har gissa. Som eit lite poeng kan eg nemne, sidan eg allereie har omtala Figueiredo som Ibsenbiograf, at både Ibsen, kona Suzanna, sonen Sigurd, svigerdottera Bergliot (som var dotter av Bjørnstjerne Bjørnson) og brørne hennar var opptekne av spiritisme, medan Bjørnstjerne Bjørnson aldri skal ha sagt eller skrive noko som tyder på at han var oppteken av det. Kjekt å vite.

Bok 75 2015: "Historien om Norge. Fortellinger" av Karsten Alnæs

Denne lydboka inneheld eit utdrag forteljingar frå den store bokserien til Karsten Alnæs. Den serien las eg frå perm til perm i si tid, som er om lag ti år sidan, og det er verkeleg bøker som er verd å lese. Det var ein del diskusjon om kor vidt forfattaren var heilt vitskapleg på høgde då bøkene kom, men eg vil uansett seie at dette er bøker som får "folk flest" til å like å lese historie, ikkje berre fagfolk. Debatten då bøkene var nye handla kanskje aller mest om tvilsam kjeldebruk, eller manglande kjeldetilvisingar - eg er noko usikker på det. Attende til lydboka: den inneheld som nemnt eit utdrag, og det seier seg sjølv at ein då har valt ut svært sentrale personar og hendingar. Eg har sett stor pris på denne oppfriskinga, sjølv om det var tema eg ville ha høyrt meir om undervegs. Det er vel for mykje forlangt at nokon les inn heile serien på lydbok, men det kan hende eg leitar fram bokserien att og les nokre fleire kapittel...

Nye kapittel

Eldstejenta hadde i dag oppkøyring, og det greidde ho fint. Sertifikatet kjem kanskje ikkje så mykje til nytte ei stund framover, men det er no kjekt å ha det unnagjort. Etter oppkøyringa kom ho på visitt saman med ei av sine nye sambuarar for å seie ha det, for no går ferda vidare. På programmet står no leir på Utøya og studietid i Oslo, og eg ønskjer henne sjølvsagt all mogleg lukke til med alt saman. Noko av mammahjartet bli med og vil alltid følgje henne, og det kan godt hende eg kjem på besøk om ikkje så frykteleg lenge.

onsdag 5. august 2015

Bjørnasethornet (739 moh)

Så vart det ein liten fjelltur igjen - denne gongen i nærleiken av heimen.
Utsikt mot Straumshamn

Utsikt utover Voldsfjorden


tirsdag 4. august 2015

Familietreff i Ørsta

Broren min med familie er på besøk i Ørsta, og i dag tok Charlie og eg turen dit etter at eg hadde vore på eit sårt tiltrengt frisørbesøk. Vi møtte gjengen i Nesbyen i helga òg, men i dag var det langt meir avslappa stemning. Eg er tante til tre kjekke karar på Kongsberg, og på biletet poserer dei to yngste saman med Charlie.

mandag 3. august 2015

Stabelen fullført

21. juni la eg ut eit bilete av dei 19 ungdomsbøkene eg skulle lese i ferien. I bloggande stund har eg nettopp lese ferdig og blogga om den siste. Nokre av bøkene har vore svært raske å lese, andre har vore på minst 250 sider, og såleis ikkje kortare enn ein vaksenroman. Problemstillingane har variert, og ikkje minst kvaliteten.

Føremålet med leseprosjektet mitt var å få betre kunnskap om ungdomslitteratur. I førre skuleår losa eg ein VG1-klasse gjennom eit svært vellukka leseprosjekt, og no ser det ut til at eg skal ha ein ny VG1-klasse i det skuleåret som snart tek til. Håpet mitt er at eg skal få nokon som ikkje likar å lese til å lese noko dei likar - eg har eit noko overoptimistisk syn på at det berre gjeld å finne den rette boka. Utfordringa mi er at eg er 30 år eldre enn målgruppa og er ein svært røynd lesar. Det eg synest er føreseieleg og klisjéprega, er kan hende overraskande og grensesprengjande for nokon i målgruppa. Likevel har eg som ei tru på at viss eg vert sitjande og lese i ei bok utan å greie å legge den frå meg fordi den er spennande, vil dette vere noko ein ung og urøynd lesar òg kan oppleve. Nokre av bøkene i bunken kjem eg til å anbefale varmt, og "Eleanor & Park" har eg allereie kjøpt på norsk for at borna/døtrene mine skal få lese den. Så får vi berre håpe at entusiasmen varer ved i møtet med elevane.

Bok 74 2015: "Jenteloven" av Annette Münch

Når eg har høyrt om gjengar av tenåringsjenter som ranar, stel og bruker vald, har eg hatt problem med å sjå slikt føre meg. Ein slik jentegjeng står sentralt i den boka eg no har lese, og miljøet som vert skildra verkar truverdig, utan at eg har noko grunnlag for å kunne uttale meg om det.

Foreldra til Saga har bestemt at ho skal bu hos mora i staden for hos faren, og dermed må ho flytte frå heimbygda til ein by. Det er ikkje lett å vere ny i klassen, men ho får ei venninne nokså raskt. Denne venninna har eit par venninner som ikkje går på same skulen, og desse tek òg godt imot Saga som ei av dei. Alt er vel og bra, men så viser det seg at jentene ikkje berre er litt sprø, men også kriminelle.

Tittelen "Jenteloven" høyrest ut som noko feministvrøvl frå 1970-talet, men viser i denne boka til dei strenge reglane som gjeld i gjengmiljø.

Boka er rett og slett svært spennande, for ein ønskjer så sterkt at Saga skal kome seg ut av gjengen uskadd, og utan å ha gjort noko uoppretteleg. Den som les, får sjå...

søndag 2. august 2015

Bok 73 2015: "Piken på toget" av Paula Hawkins

Kort fortalt: tre ulike kvinner fortel sine historier, som til saman vert ei forteljing om eit mord. Oppbygginga fører til at boka vert spennande, men det dabbar av på slutten. Eit stort pluss for den eine av kvinnene, Rachel, som ein verkeleg får sympati med. Ho er alkoholisert, arbeidslaus og håplaust oppteken av mannen som forlet henne til fordel for ei anna kvinne. På ein eller annan måte greier ho å gjere og seie feil ting på feil tidspunkt, og ein endar opp med å synast synd på henne. Eit stort minus for at sjølve løysinga er føreseieleg og langdryg.

Hundeutstilling, lærekøyring og Vindhellavegen

I helga var Eldstejenta og eg i Nesbyen på hundeutstilling. Vi budde i hytte på Gol, og Eldstejenta fekk sjølvsagt lærekøyre både til og frå - i alt vart det 67 mil. Vi fekk berre blå sløyfer til Charlie, men det var god trening og kjekke folk å treffe på.

På heimveg stogga vi før Lærdal, der vi fekk sett og gått den kjende Vindhellavegen. Det var ekstrabonus.
Dag 1


Vi budde i hytta til venstre

Nesbyen dag 2

Bir og Bim på dag 2 (sobel hanne vann)

Vindhellavegen





torsdag 30. juli 2015

Bok 72 2015: "Drep ikke en sangfugl" av Harper Lee

Denne klassikaren er blitt dagsaktuell etter at ein ny roman av same forfattar har dukka opp. Den skal vere ein tidlegare refusert roman, og ein del av innhaldet er blitt omtala som kontroversielt.

Handlinga er lagd til ein amerikansk sørstatsby på 1930-talet. Forteljarstemma er gutejenta Scout, som veks opp som dottera til ein advokat. Sentralt i boka står ei rettssak som faren hennar deltek i som forsvarsadvokat for ein svart mann som er anklaga for valdtekt. Forfattaren fekk Pulitzerprisen for boka, som vart ein umiddelbar storsuksess då den kom ut i 1960, men det kom ikkje fleire bøker frå forfattaren før ho no har stått fram med eit gamalt manuskript.

Det finst etter kvart mange sørstatsromanar som skildrar venskap og konfliktar mellom kvite og svarte, og eg plar like slike. Denne likte eg spesielt godt fordi den i tillegg fortel om menneske som vel å leve annleis enn andre, og om eit fantastisk forhold mellom ein far og borna hans. Best av alt likte eg Scout, som er ei flott jente det er lett å bli glad i.

Bodil Vidnes-Kopperud les på lydboka, og det fungerer svært godt.

onsdag 29. juli 2015

Bok 71 2015: "I morgen er alt mørkt. Brages historie" av Sigbjørn Mostue

Sigbjørn Mostue er eit namn eg er blitt kjend med gjennom elevar som har skrive fordjupingsemne om fantasylitteratur, ein sjanger eg ikkje er så begeistra for. Eg begynte derfor på denne boka med ein viss skepsis, men den forsvann fort. Boka er rett og slett svært spennande, og har lite med fantasy å gjere. Handlinga er ikkje heilt realistisk heller, men spenninga er bygd opp rundt ein skrekkvisjon som ikkje er ukjend i filmar, bøker og seriar - ikkje minst minner den om handlinga i zombieserien "Walking Dead".

Brage veks opp i eit heilt vanleg, norsk miljø, men så er brått heile livet snudd på hovudet. Ein pandemi spreier seg, og dei smitta vert galne og går til angrep på andre menneske. For å overleve, reiser ein flokk menneske ut av byen.

Denne boka har undertittelen "Brages historie", så det er truleg fleire historier på veg.

Boka er som sagt svært spennande, og eg vil tru både gutar og jenter vil kunne ha glede av den.