fredag 18. august 2017

Første veke på jobb etter ferien

No er planleggingsveka over, og ein kan gå til helg med senka skuldrar. Eg synest ofte dette er den tyngste veka i skuleåret, då ein skal legge alle moglege planar for elevar ein ikkje har møtt, gå på tallause møte og samarbeide på kryss og tvers i dei ulike faga og teama.

Onsdag var eit høgdepunkt, då den fylkeskommunale fagdagen i engelsk var svært vellukka på alle måtar. Temaa for forelesningane var Brexit, og vi fekk gode analysar av kva utfordringar det medfører og kva årsakene til resultatet i folkerøystinga kunne vere. I tillegg fekk vi tips om vidare lesing, noko eg alltid synest er engasjerande.

I dag reiser Storegut til Trøndelag, der han skal gå eit år på folkehøgskule. Det er hardt å sende kyllingane ut av reiret, sjølv om eg ønskjer dei alt godt av spennande opplevingar. Skulen han skal gå har godt rykte, og eg unner han verkeleg å få dyrke musikkinteressa og finne ut meir om seg sjølv som person. Han er ein god gut, og det reknar eg med han vil halde fram med å vere også etter dette året.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar