søndag 28. april 2019

Charlie 5 år!

I dag var det meir skya enn på lenge, og det kom nokre regndropar om morgonen. Dette gjer nok underverk for naturen, og det vart langt enklare å motivere seg for dagens dont. Eg fekk ferdigstilt tentamensbunken klokka 16.58, etter å ha jobba til langt på kveld etter hagearbeidet laurdag og frå føremiddagen av i dag (eg vaska huset først). Livet er ikkje så festleg slike helgar, men neste helg har eg fullt program og ikkje høve til å rette. Det kjem ein lang ferie etter dette...

Bursdagshunden måtte vente med feiring til ungane kom litt over klokka 17. Då laga vi til "kake" av ein kolva hundemat pynta med hudesnop. Han var så vill då vi laga til at vi frykta han ville hoppe opp på bordet.

Vi menneska laga og åt vaflar med rømme og jordbærsylte. Vi hadde mykje rømme, mjølk og egg som snart gjekk ut på dato, så det var greitt å få brukt opp noko av det. Charlie fekk ikkje smake vaflar, for vi var redde for at det kunne bli for mykje uvan mat på ein dag. Han kan heller få restar i morgon.

Uansett feiring eller ikkje, så er Charlie ein super hund med mykje personlegdom. Eg håpar på mange fine turar no i sommarhalvåret, for då har vi det aller kjekkast ilag.




lørdag 27. april 2019

Laurdag i hagen

I dag fann eg ut at eg skulle klippe plenane for første gong i år. Ikkje fordi graset var så høgt, men fordi det var mykje engkarse og diverse andre blomar blanda i graset. Elles er det mest mose i plenen, så det er mykje gult. Etter fotograferinga vatna eg både plenen og beda, for det var frykteleg tørt.
I dette bedet har eg planta tjue stemorsblomar, men dei er ganske små enno

Før førsteslåtten

Tjue minutt seinare



Vinklubb i april

På fredagens vinklubb gløymde eg heilt å ta bilete, så eg får heller berre summere opp: 11 damer, festpynta bord, tre kvitvinar, reker og salat. Mat og drikke smakte nydeleg, og vi hadde veldig kjekt - som vanleg. Eg stal dette biletet frå facebookgruppa vår. Alle vinane var veldig gode, men den til venstre var aller best før maten. Då endra den karakter og vart noko "parfymert" i smaken.

torsdag 25. april 2019

Dagens utskeiing

Eg har som mål å gå til jobb og møte så ofte som mogleg no når det ikkje er vinter lenger, både med tanke på kondisjon og økonomi. Når eg begynner til første time, orkar eg ikkje spurte opp bakkane, men både tysdag og i dag begynte eg undervisninga seinare. men så var skorne mine litt vonde, og eg såg at det var på høg tid å legge om til sommarskor. Etter dagens møte i Utdanningsforbundet fekk eg litt fritid før ferja skulle gå, så då stakk eg innom skobutikken og kjøpte meg nokre ecco-skor eg har sett reklame for på nett. Kjøpet var gjort på om lag to minutt, og butikkdama såg litt sjokkert ut då eg berre tok ein sko, prøvde den på eine foten og tok den med til kassa. Ho kjenner meg ikkje så godt, og veit ikkje at eg er blant dei meir målretta (ho visste ikkje at eg har gode røynsler med merket, og at eg har vore på internett og sett ulike modellar på førehand).

Skorne er utruleg lette, har god demping og er gore-tex-behandla. Eg ser fram til å gå med raske, lette steg oppover Storgata, noko eg må gjere ein del for å spare inn att kjøpesummen.

Glimt frå hagen










mandag 22. april 2019

Brundalen

I dag var det siste dag i påskeferien 2019, og det vart nok ein vakker dag med sol og mild temperatur. Eg gjekk tur med mann og hundar på den nye skogsvegen frå Lisjedalen og opp til Innaforstøylen, deretter gjekk vi til Bjørnasetstøylen, ned skogsvegen og over Geildalen til Lisjedalen att. Det vart ein fin rundtur, etterfølgt av middagskvild på verandaen. Livet er ikkje så verst slike dagar!


fredag 19. april 2019

Kornbergveten

I dag var det langfredag, og Storegut stod opp tidleg for å vere i studio i Ålesund. Dei to yngste og eg tok oss ein tur til Folkestadsetra, der vi gjekk opp mot Galten/Sollidheida og Kornbergveten/Veten. Fjellet er ikkje høgt, men det er ein lang og fin tur langs ei rand av fjell som grensar mot Dalsfjorden.



torsdag 18. april 2019

Familieselskap på Hareid

I dag var det eitt år sidan pappa døydde. Eg hadde ikkje sett gravsteinen enno, så då høvde det godt å ta ein tur bortom grava saman med alle fire ungane. Det var ein fin stein, men eg sakna dei to fuglane eg meinte skulle ha stått oppå steinen. Seinare på dag samtala vi om dette rundt bordet på Hareid, og vi kom fram til at fuglane har forsvunne frå steinen ein gong i perioden desember-februar. Det heile er eit mysterium.

Hareidsgjengen hadde invitert oss på middag, og vi fekk servert nydeleg julemiddag (pinnekjøt m.m.) og dessert. Kakene hadde gjestane med, slik tradisjonen er i slekta. Alle fire borna og eitt av svigerborna på Hareid var til stades, så vi var uvanleg mange til bords denne dagen.

Tusen takk til vertskapet for ein kjekk dag med nydeleg mat og hyggeleg prat!

tirsdag 16. april 2019

Dagstur til Innvik

Vi har hatt ein prosess gåande i slekta med veslejentas oppgåve om oldemora. I dag for alle avleggarane mine, eg, Mamma, Onkel og Tante på biltur til Innvik. Vi såg på ullvarefabrikken der Mormor og fleire andre i slekta jobba, og vi var på kyrkjegarden for å sjå på graver. Fleire av "våre" gravsteinar er borte no. Ekstra bonus var det at kyrkjetenaren var i kyrkja for å lage klart til påske, og at vifekk lov til å kome inn i kyrkja for å sjå. Etterpå gjekk vi på café, før vi køyrde over Utvikfjellet til Breim, der vi fekk sjå kvar oldemora mi kom frå (Sætre). Det vart ein kjekk tur med mange inntrykk, og eg takkar alle for følgjet!












Storegut 22: Bjørnasethornet

Måndag 15. april var det bursdagen til Storegut. Han fekk bestemme program sjølv, så det vart ein liten fjelltur til Bjørnasethornet. Vi gjekk på beina i steikande sol, og det vart ein nydeleg tur.












Påskeferie 2019

Siste veka før påske var sjølvsagt travel, slik alle siste vekene før feriar er, og mot slutten av veka skreiv eg meir på masteroppgåva mi, slik at eg skulle kunne ta fri når ungane kom. Innimellom retting og masterskriving vaska og rydda eg i huset, så då søndagen kom og ungane kom heim, var huset reint og ryddig. Det varte om lag fem minutt, men det var kjekt medan det varte.