Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

fredag 4. august 2023

Gjengen samla


Eg har hatt folk i huset heile ferien, men no har eg hatt alle borna samla nokre dagar, i tillegg til svigerdottera. Eldstedottera hadde i tillegg med seg puddelen Louie, så vi har hatt full underhaldning døgnet rundt, med bjeffande hundar og mykje latter og kos. Svigerdotter og Eldstedotter har kokkelert mest, så det har vore god hjelp å få. No har alle reist, så eg får eit par dagar aleine med mine eigne to hundar. Det vart stille i heimen, og begge hundane søv tungt i bloggande stund. 

Eg fekk samla alle mine fire bjørnungar til fotografering. Det finst ikkje vakrare syn for ei mor!









mandag 29. mars 2021

Palmesøndag 2021

Denne veka vart relativt hektisk på jobb, og i tillegg var det både TOK-møte, møte i kommunestyregruppa og kommunestyremøte. Fredag kom endeleg dei to som studerer i Trondheim heim på ferie. Storegut vart beordra å prøve genser med det same han hadde kome, og heldigvis passa den. Vi vart elles sitjande oppe til langt på natt og prate om alt mogleg. Feriekjensla seig verkeleg inn. Laurdag gjekk gutane og eg tur i Mjeltvika, og så laga vi julemiddag (pinnekjøt). Det er ein enkel rett som passar deg sjølv mykje av tida, så det passar godt utanom jula, synest eg. 





Digitalt bursdagsselskap





I dag feira vi Mamma/mormora sin bursdag saman med mange andre i storfamilien i digitalt selskap. Vi feira dessutan fastelavn med krembollar, noko eg hadde lova ungane å ta att når vi var samla. Eg fekk strikka ferdig genser nummer 4, som er i mønsteret Føyka med litt utradisjonelle fargar. Den blir frykteleg varm, men mønsteret har vore veldig kjekt. Eg har ikkje fått tak i islandsk ullgarn, så eg strikka den i "Blåne" frå Hillevåg. Det var eit deilig garn å strikke i.

Elles har vi prata, sett tv, ete godteri og kosa oss i vår vesle kohort. Alle er friske, og det er kjekkare å vere fleire samla enn å sitje aleine i sin eigen kohort. Eg er glad i å vere aleine, men det er no grenser for alt.



onsdag 13. januar 2021

Heimeskule igjen

Etter to ekstremt travle jobbdagar, med undervisning på in- og utpust, var det i dag (onsdag) igjen tid for heimeskule for mine elevar. Fordelen med heimeskule er å kunne arbeide til seint på kveld, men deretter "avspasere" litt i skuletida. Tysdag kveld arbeidde eg ganske intenst, dermed kunne eg gå ut medan det var sol i dag. Det var siste dagen med Veslejenta heime på ei stund, og ho vart med i Mjeltvika. Det var ein del snø på vegen i dag igjen, og ingen menneskespor i den før vi kom. Det var tungt å gå, men fantastisk å kjenne sola skine. I 14-tida såg vi sola sneide hustaket vårt, så no har vi snart sola på vår side av Kilspollen òg.





Til middag laga eg "julematsuppe" av pinnekjøt, julepølse, kålrabi, potet, gulrot og sellerirot, og det både smakte og gjorde godt med varm suppe i dag.



lørdag 1. august 2020

Endeleg sushi

Sidan Veslejenta snart reiser til studiebyen, ville ho "henge" litt med mora si ein siste gong før ho for. Ho ville dessutan besøke Mormora òg, så då vart det freistande å slå saman nokre treff. Før vi henta Mormora, fekk vi handla nokre småting til hybellivet, i tillegg til at eg kjøpte meg ei tang. Kvar sine interesser. Storegut fekk nyss om at vi hadde tenkt å ete sushi med Mormora, og då ville han òg vere med på treff. Vi vart derfor fire rundt bordet på "My Kitchen", så eg bestilte det same som sist eg var der saman med tre andre, for 11 dagar sidan.

Mormora hadde ikkje smakt sushi før, men likte det heldigvis godt. Forventningane har blitt skrudde kraftig opp i løpet av dei siste vekene. Sjølv er eg svært glad i sushi, og på denne restauranten er dei flinke til å lage sushi med mykje og spennande fyll. Når ein bestiller familiemiks, får ein litt av fleire sortar, og vi bestilte berre "50 bitar" og fekk fleire gode sortar.

Etter maten handla Mormora og eg, før eg skunda meg heim med tanga mi. Det gjekk heilt fint å skru av dei gamle slangane med den, og med litt hjelp av Storegut til å teite, fekk eg endeleg tetta for vassuttaket. Dermed kunne eg skru på att vatnet, etter eit døgn med unntakstilstand.

Veslejenta og Storegut pakka med seg klede og ting frå romma sine og ei av bodene, så no har eg eit slags håp om å få meir orden i heimen. Klessorteringa skal i alle fall gå som ein leik, no når vi berre blir to i huset! Sommaren har gått veldig fort, slik alle feriar gjer, og det blir rart her utan Veslejenta når kvardagen tek til. Vi har hatt eit hyggeleg år med henne i heimen, men eg unner henne sjølvsagt å reise litt ut i verda og sjå noko anna enn heimbygda. Det blir spennande å høyre om hennar nye liv både på privaten og i lærarstudiet, og det er greitt å tenkje på at ho skal bu saman med to venninner og i same by som storebroren. Han skal jobbe ei veke til før han reiser oppover og begynner på mastergradsstudiet i musikkvitskap. Dei er to kjekke ungdomar, og eg sakna dei med det same dei gjekk ut døra.

torsdag 16. juli 2020

Ferie i Casa Margarita

Feriedagane går utan at altfor mykje skjer. Det vert ein del hagearbeid, ein del husarbeid og ein heil del matlaging. Maskinparken sørgjer for at vi har reine kjøreld og klede til ei kvar tid, og Gamla har meir enn nok med å halde maskinene med arbeid og å setje inn og ta ut av dei same maskinene. Det er stor stas å lage skikkeleg middag som står klar når dei to mellomste kjem heim frå jobb, og denne veka har vi hatt pannekaker, kjøtkaker og laks. I tillegg har eg fått dilla på brødbaking, og i bloggande stund har eg vekas fjerde brødbakst på gang. Eg har berre to fungerande brødformer, men vi har likevel eit par brød i frysaren. Kanskje tek eg dei opp når Eldstejenta og venninnene kjem - vi får sjå.

Livet som hotelldirektør kjennest ikkje akkurat som ferie, men vêret innbyr meir til arbeid enn til verandakos. No er hagen finare enn på lenge, og nokre skap og skuffer ser òg betre ut enn på veldig lenge. Huset har bore preg av dei to sommarane med masterskriving, og eg kunne fått det skikkeleg shina før skulestart, men no håpar eg på nokre kjekke feriedagar med opplevingar også utanfor tomta.

Tysdag rydda eg matskuffer, baka og laga heimelaga kjøtkaker

Det gigantiske bedet før arbeidsdagen tok til

Same bed tre timar seinare, etter luking, klipping og seks sekkar med mold/gjødsel















onsdag 13. mai 2020

Niande koronaveke, dag 3

To månader etter at eg førre gong var på arbeidsplassen min var det i dag tid for å ta seg ein tur. Dette innebar nye rutinar med spriting og hanskar, men eg fekk skrive ut og kopiert opp heildagsprøveoppgåver til i morgon på ein helsemessig forsvarleg måte. Elevane hadde frivillig oppmøte på førebuingstimane i dag, og dei aller fleste valde å jobbe heime. 

I løpet av dagen var eg òg innom eit digitalt testmøte og eit møte med fysisk frammøte, så det vart ein relativt effektiv dag. 

Vel heime laga eg middag, serverte, åt og la meg på sofaen. Å stå opp tidleg er noko av det verste med kvardag for slike som meg, og eg hadde sove elendig sist natt fordi eg var så redd for å forsove meg. 

Masteroppgåva eg har lese korrektur på i det siste er snart klar til levering, og i dag fekk eg pakke i posten frå den takksame studenten. Det skal bli kjekt å fornye seg i matvegen, sjølv om eg ikkje har tenkt å bli vegetarianar. Nokre vegetarrettar i ny og ne kan vere artig å prøve, tenkjer eg. Mat er ofte ei vanesak, og altfor ofte er ein slitne og lite førebudde når ein går på butikken. 

I dag hadde eg forresten laga søtpotetmos etter oppskrift frå "I form"-bladet eg hadde fått i posten, og det var no ganske godt. I tillegg hadde vi steikt sopp og woka grønsaker i sweet chili sauce (utruleg kva ein finn i skuffer og skap) og steikte fiskekaker. Fiskekaker er vel noko av det mest kvardagslege som finst av middag, og desse var av den billege, enkle og smaklause sorten. Tilbehøret gjorde kvardagen litt festlegare.


lørdag 3. august 2019

Laurdag 3. august

I dag tok eg først turen til Hornindal, der eg deltok på politisk stand på dei lokale kulturdagane. Det var nydeleg sol og god stemning der, og det vart nokre interessante diskusjonar undervegs.
Eg hadde frykteleg lyst på sushi i dag

Vi var nesten aleine i lokalet i kveld

Etter kvart avslutta vi, og eg reiste av stad og henta Veslejenta på jobb. Minstemann var heime og rydda og klipte gras, og etter å ha kvilt oss litt tok vi turen til Eid for å ete middag på kinarestauranten der. Det var siste kveld hos Gamla denne sommarferien, så det passa godt å markere det.

tirsdag 23. juli 2019

Regntung søndag


Når ein eigentleg burde sitje pal med siste hand på masterverket, vart det for freistande å bake. Ungane kom, etter å ha vore hos faren i to veker, og då var det kjekt å ta imot dei med nybakte solskinsbollar. Dermed fekk eg rota såpass mykje at eg var sysselsett med rydding og husvask mykje av dagen. Før dei kom plukka eg dessutan inn nokre roser frå hagen, sidan det vert lite hagevêr i høljeregn. Ingen la merke til det før dagen etter, men det er ei anna sak.

fredag 5. april 2019

Freddan

I dag sat eg frå morgonen av med ein "bunke" lydopptak frå språklaboratoriet. Elevane hadde lese ein roman og svara på 30 spørsmål til den, og på onsdag fekk dei utdelt eit ark med 12 av dei 30 spørsmåla som skulle svarast på. Elevane har arbeidd godt på førehand, og dei hadde gode og gjennomtenkte svar, så det var eigentleg ein kjekk jobb.

Etter at Minstemann kom heim, tok vi oss ein handlerunde på Eid. Guten har gått rundt i holete tøyskor denne veka, så det var på høg tid med litt shopping. Han fann eit par han likte, så då var saka klar. Etterpå gjekk han inn på ein klesbutikk og kjøpte seg to nye skjorter (han har litt av ei samling no). Eg seier at eg berre spanderer klede han treng, og då vart det til at han betalte sjølv. Han tener pengar på diverse opptredenar, og dei pengane disponerer han sjølv.

Veslejenta kom heim frå London ut på kvelden. Ho hadde fått bestemme meny sjølv, så då vart det lasagne, salat og kvitlauksbagettar. Mora var temmeleg lettbeden, spesielt når ho fekk prøve den nye forma si. Den fungerte fint, og neste gong torer eg kanskje legge osten nærare kanten. Eit godt alternativ til tacofredag!

fredag 22. mars 2019

Are Kalvø: Hyttebok frå Helvete

Torsdag tok eg turen til Nordfjordeid saman med to kollegadamer for å høyre Are Kalvø frå scenen i Operahuset. Det var ustyrteleg morosamt, samtidig som han sjølvsagt sette på spissen nokre teikn i tida med ein alvorleg undertone. Eg lo nesten samanhengande gjennom heile forestillinga, må eg innrømme. Salen var fullsett for andre gong på ein kveld, så det er tydeleg at eidarane er flinke å bruke kulturhuset sitt. Eg såg fleire eg kjenner eller veit kven er både frå Volda og Hornindal, så det er tydeleg at folk gjerne tek seg ein tur når det er kulturtilbod som freistar. For oss som bur på denne sida er det kortare og enklare å reise til Eid enn til Ørsta og Volda.

Før showet tok me ein tur til konarestauranten, der me bestilte sushi. Det var stappfullt av folk, og vi venta nesten ein time før me fekk mat, så det var bra me var tidleg ute. Maten var nydeleg.


søndag 3. mars 2019

Fastelavn

I år vart det til at me feira slutten på vinterferien med krembollar. Ferien har eg for det meste brukt til å lese teori og skrive på masteroppgåva mi, og eg er no oppe i 27100 ord (kravet er 32000). Eg sende av garde til rettleiaren min det eg har skrive i ferien, så no får me sjå om det blir ros eller ris frå den kanten. Målet er å ha grovkladden ferdig før sommarferien, og så å bruke ferien på finpuss og språkvask. Eg kunne kanskje ha klart å bli ferdig før sommaren, men det stresset orkar eg ikkje.

Laurdag måtte eg bunkre inn litt mat og denslags, og då tok eg like godt turen over fjorden. Mamma mangla noko garn, og eg kjøpte like godt inn garn til ein genser til. ikkje fordi eg vil drive med strikkepress, men fordi eg har ei viss medkjensle med andre som blir oppslukte av prosjekta sine.

I dag er det søndag, og som vanleg rydda og vaska eg før ungane kom. I tillegg baka eg bollar, så då dei kom vart det tradisjonelle krembollar med jordbærsylte og melisdryss. Nokre tradisjonar er kjekkare å halde i hevd enn andre. Faste bryr vi oss til dømes ikkje med å markere.

mandag 19. februar 2018

Fastelavn

Sidan alle avleggarane i dag vart samla i heimen, kunne vi endeleg arrangere fastelavn, med krembollar og fastelavnsris. Det er fantastisk å ha søskenflokken samla att, sjølv om det medfører mykje lyd og rot. Bollane var uvanleg gode i dag, truleg mest fordi eg tok meg god tid til å la dei heve og etterheve medan eg vaska huset. Det har blitt ein del husarbeid i helga, men det er feriesyssel for ein som til dagleg styrer med langt mindre praktiske ting.

mandag 4. september 2017

Monday, Monday

Dagens trim i dag var at eg gjekk til og frå jobb, frå kaia, og at eg klipte plenane. Dette vart rikeleg mange steg, men ikkje akkurat noko å ta bilete av i det nydelege turvêret. Elles har dagen gått med til jobb (to timar undervisning) og pensumlesing. Heile førti sider om kvantitativ metode har eg streva meg gjennom, og det er eg godt nøgd med. Plenslåtten tok eg i ein pause i lesinga.

Minstemann og Naboguten pakka med seg ein del utstyr som eg køyrde til grendahuset, der dei no skal ha øvingslokale. Det har derfor vore ein stille kveld med god arbeidsro for Gamla. I går kveld øvde dei i kjellaren her, det er kanskje det kjekkaste, for noko av det beste eg veit er å høyre ungane mine ha det kjekt.

Sidan eg ikkje har turbilete, legg eg ut bilete av dagens middag. Minstemann bestilte i førre veke fylte pannekaker til middag i dag, og det måtte han sjølvsagt få. Fyllet bestod av ein lauk, ein pakke sopp og nokre pølser surra i panna og tilsett ein pakke fløyte (+ salt og pepar). Dette stod og kokte medan eg steikte pannekaker, så fløyten vart redusert og konsistensen som ein stuing. Minstemann fekk velje mellom pølser og skinke, og sjølv hadde eg nok likt skinke betre. Eventuelt så kunne ein berre hatt sopp og lauk, for det var veldig godt.

Planen var å ete to pannekaker med fyll og ei til dessert med blåbærsyltetøy, men så langt kom vi ikkje.

søndag 6. august 2017

Lat laurdag

I dag regna det tett då eg stod opp, og eg bestemte meg for å nyte stillheita og nytte tida til å lese i ein roman medan ungane kvilte seg ut. Det tok si tid, men etter at dei hadde stått opp, gjekk vi oss ein lang tur i regnet før vi styrte på litt inne med småpjask som rydding og diverse musikk- og medierelatert kos. Det var ikkje nødvendig å handle, for det hadde vi gjort i tettbygde strok fredag. 

Vi snakkar stadig om å få ein sunnare livsstil (med unntak av dei mange burgermåltida i Irland), og i sommar har vi vore flinkte til å kose oss med smoothie av frukt og bær. I dag hadde vi smoothie som mellommåltid, og i tillegg åt vi salat til tacorestane til middag. Dermed kunne vi med godt samvit leite fram taxfree-snop til kveldskos.
Dagens smoothie inneheldt tre små bananar, ei pære, to nektarinar, ein pose frosa bærblanding og om lag 7 dl eplejuice. 

søndag 7. februar 2016

Fastelavn

Då ungane kom heim etter pappaveka i dag, ropte dei "gratulerer med morsdag!". Eg måtte då realitetsorientere dei og forklare at det blit morsdag og valentinsdag neste søndag, men at det var fastelavn i dag. Dermed vart det bollar med krem og jordbærsylte - ein av mine favorittar i matvegen.

onsdag 15. juli 2015

Kjapp og klissete sjokoladekake

Botn:
2 store egg
150 g smelta smør
3 dl sukker
4 ss kakao
3 ts vaniljesukker
1,5 dl hvetemel

Bland ingrediensane i miksar, steik i smurt form (22 cm) i 15 minutt, 225 grader

Glasur:
100 g kokesjokolade
2 ss kremfløyte

Kok opp fløyten og la sjokoladen løyse seg opp, tøm over varm/lunka kakebotn

Viss ein likar klissete, saftige sjokoladekaker, kan ein servere denne lunka. Den kan òg serverast kjøleskapskald dersom det vert altfor klissete.
Eg laga kaka direkte i smurt "bake it easy"-form. Litt av røra lak ut, elles var dette utruleg lettvint.

tirsdag 7. juli 2015

Nostalgi og kakebaking

Mattradisjonar er eit interessant fenomen. Dei fleste familiar har sine eigne tradisjonar, og desse går gjerne i fasar og er knytt til særskilde høve. Jula er sjølvsagt den feiringa det knyter seg mest fastspikra tradisjonar til, men det finst andre høve òg.

På bursdagane mine i oppveksten kan eg hugse at vi åt muffins, og gjerne bollar med pålegg. I tillegg fanst det nokre kakefavorittar. Kakene på den tida var relativt enkle når det gjaldt ingrediensar, men dei smakte sjølvsagt fantastisk.

I dag har eg leita fram den handskrivne oppskriftsboka som eg fekk av systera mi til jul i 1980 (eg var 12 og ho 17). I den står nokre av favoritt-oppskriftene frå barndomen min, blant anna den sjokoladekaka som vi i familien min kalla "Stein Inge-kake", oppattkalla etter eit søskenbarn som likte kaka spesielt godt. Eg trur ikkje eg har smakt den kaka på over 30 år, og eg tvilar på at ungane mine har smakt den. Det blir interessant å sjå om den slår an!





torsdag 2. april 2015

Påskelam

Ungane og eg har ikkje hatt så faste tradisjonar i påskeferien, verken når det gjeld mat eller aktivitetar. I år tenkte vi at vi skulle ha pinnekjøt, sidan det er lenge sidan jul og Rema hadde kjøt på tilbod. Det er enkel mat å lage, men det vart litt seint før det vart ferdig, sidan vi var på langtur først. Vi har ikkje handla inn så mykje pynt i år heller, så det var dårleg med bordpynt. Storegut tilbaud seg å halde ein lighter, sidan eg ikkje hadde laga til gule lys på bordet eingong. Serviettar hadde eg heldigvis på lager, og maten smakte godt, sjølv om vi sakna høgtidsstemning og gåver.

onsdag 18. februar 2015

Sunt og godt

Kosthaldet kan vere så som så når ein har fri, men vi satsar på å ete litt sunt innimellom. I dag fann Eldstejenta ut at ho skulle bake grove rundstykke, og det greidde ho heilt fint medan mora gjekk tur med hunden.

Til middag hadde vi laks, poteter, grønsaker og ein kald saus av rømme, yoghurt naturell og krydder.

søndag 15. februar 2015

Fastelavnbollar - eller "grisebollar"?

Krembollar til fastelavn er noko av det beste eg veit. I dag laga eg ein enkel variant med ferdig mjølblanding, og Veslejenta trilla ut bollane. Det vart 18 stk, sjølv om mjølpakkane antyda 40, så de kan no tenkje dykk kor gigantiske dei var. For første gong i historia vart eg mett av to stk.

Vi fyller bollane med krem og jordbærsylte av god kvalitet. Melisdrysset oppå er òg obligatorisk.

Storegut kallar det for "grisebollar", sidan det ikkje er så lett å ete dei utan å søle.