tirsdag 18. juni 2019

Kongeleg nostalgi

I ein tidlegare heim hadde vi hengande eit bilete av Haakon VII i gangen utanfor soverommet, og Minstemann har i ettertid fortalt at han var litt redd den morske mannen i gangen. Like før 17. mai i fjor såg eg utstilt eit fat med portrett av Kronprinsesse Märtha på i ein gjenbruksbutikk i Volda, men eg kjøpte det ikkje. Biletet var identisk med eit fat farmor hadde hengande på kjøkenet sitt, og eg hugsar korleis eg som barn sat og såg på den triste dama på fatet og lurte på kven ho var.

I år stilte gjenbruksbutikken ut eit tilsvarande fat med bilete av Kong Haakon på før 17. mai, og då var eg snar inn for å kjøpe det. Eg fekk då til svar at det berre var til utstilling, ikkje til sals. Etter å ha tenkt litt over saka fekk eg tak i eit kongefat på internett, frå ein gjenbruksbutikk i Rogaland. Med på kjøpet fekk eg eit lite fat med Kronprinsesse Märtha på. No heng begge to midt i stova på stas, så får eg sjå etter kvart kvar dei endar opp. Det verkar litt påtrengande rojalistisk å ha dei hengande så sentralt i heimen, men førebels er eg så nøgd med kjøpet at dei får henge der.

mandag 17. juni 2019

Garasjefest

Laurdag feira ein god nabo 50-årsdagen sin. Dei hadde rydda og reingjort garasjen og dekt to langbord, så vi var mange og hadde det frykteleg kjekt. Det vart servert nydeleg mat og rikeleg drikke. På middagsmenyen stod bacalao, noko eg åt første gong i den same naboens trettiårsdag. Åra flyg, men vi har det framleis kjekt!

lørdag 15. juni 2019

Bok 19 2019: "Gapestokk" av Monika N Yndestad

I denne andre boka i serien om journalisten Alice vinn ho ein gjev pris for ein artikkel om promillekøyring, basert på ei ulukke ho sjølv var med i i ungdomen. Den gjeve prisen blir teke frå henne rett etter, då ho vart funnen påverka bak rattet i sin eigen bil. Mystisk nok ser det ut til at ho har drukke noko ho ikkje likar, og ho hugsar ingenting. Det er definitivt ugler i mosen.

Eg likte ikkje denne boka fullt så godt som den førre, mykje fordi eg ikkje fekk heilt samanheng i historia og måtte spole attende fleire gonger.

fredag 14. juni 2019

Eksamensveke

Denne veka har vore prega av munnleg eksamen.

Den største begivenheita var Veslejenta sin eksamen i hovudinstrument - altså song. Ho hadde øvd inn fire songar med ulike akkompagnement, nokre med medelevar frå musikklinja, men òg med Minstemann på trommer og bass og 3/5 Lommerosk. Det var stort for mora å sjå henne saman med begge brørne på scena. Eldstejenta tok ein snartur opp frå Oslo eit par dagar for å vere med på konserten, og det gjorde det ekstra kjekt, Elles var begge bestemødrene med for å høyre, klassestyraren frå ungdomsskulen og diverse andre. Det er tradisjon for at musikklinjeelevane høyrer på konsertane til kvarandre, i tillegg til å delta med komp og kor.

Minstemann har søkt musikklinja til hausten, men allereie i år har han delteke på fire avgangskonsertar som trommis og bassist. Eg trur musikklærarane har fått med seg kven han er, for å seie det slik. I tillegg hadde han sjølv munnleg eksamen torsdag morgon før konserten, og alt gjekk strålande.

Sjølv var eg sensor i internasjonal engelsk på onsdag, og i dag (fredag) hadde eg opp sju av mine eigne i det same faget. Vi hadde førebuingsdag i går, og dei gjorde det godt alle sju. Det er alltid spennande å sjå om dei innfrir, og det gjorde dei, sjølv om eg hadde følt at eg gav gode karakterar i år.

Vel heime frå dagens dont laga eg "Pestolaks", noko Eldstejenta hadde valt, og så sov vi middag alle som ein. Det er slike dagar ein vil klappe seg sjølv på skuldra og seie "vel blåst" - og snart er det faktisk ferie.

mandag 10. juni 2019

Mjeltvika

Andre pinsedag er ein favorittdag, sidan det er "søndag på måndag", Storegut og eg gjekk ein tur med hunden til Mjeltvika, elles er planen å grille når regnet sluttar. Minstemann er oppteken med bandøving, og Veslejenta øver litt til songeksamen

og slappar litt av før den travle veka tek til.

Hagefest

Laurdag kveld var over 30 av bygdas bebuarar samla til hagefest. Vi fekk servert nydeleg mat og drikke, og drøsen gjekk utan stans. Festen var til ære for ei av vinklubbdamene som snart vert 50 år. Eg gløymde heilt å ta bilete, men det var veldig kjekt alt saman. Viss det dukkar opp bilete i sosiale media, skal eg heller stele eit.

søndag 9. juni 2019

Valkamp på laurdag

Laurdag hadde partiet stand i Volda sentrum. Mange har ytra bekymring for korleis det skal gå med handelen i Volda dersom det vert opna for meir detaljhandel utanfor den gamle sentrumskjernen, men det ser ut som om handelen ikkje er den heilt store der uansett. Det var lite folk i gata, men nokre gode samtalar vart det høve til. Det er dessutan kjekt og nyttig å vere saman med kvarandre utanfor møtetid, for å diskutere små og store saker.

Bok 18 2019: "Jentene fra balletten" av Monika N. Yndestad

Uttrykket "jentene fra balletten" vert brukt om jenter som trass i gode oppvekstvilkår hamnar på skråplanet. I denne boka møter vi ei jente som vert tiltrekt av ein vaksen, gift mann, og som deretter vert utsett for overgrep. Boka verkar noko realistisk, samtidig som gjerningsmannen er noko overdrivent negativt skildra. Miljøet er bygda Os utanfor Bergen, og opplesaren gjer opplevinga av miljøet realistisk. Boka er den første i ein serie, og eg les gjerne fleire.

Denne boka ligg på Storytel, som eg allereie har hatt stor glede av. Det er veldig lettvint å laste ned bøker til mobilen, og den har eg med meg i hagen og i bilen, i tillegg til på nattbordet. Utvalet bøker er stort, sjølv om eg saknar somme titlar.

mandag 3. juni 2019

Bok 17 2019: "En av oss lyver" av Karen McManus

Denne boka har ein del fellestrekk med den klassiske filmen "Breakfast Club" ved at ein flokk svært ulike ungdomar er samla på skulen for å sitje att ("detention"). I denne boka meiner ungdomane at dei er blitt utsett for eit komplott, fordi dei alle meiner dei sit att utan å ha gjort noko gale. Så vert den eine ungdomen sjuk og døyr, og ein står att med ei klassisk "lukka roms gåte".

Dei ulike ungdomane er representerte med synsvinkel kvar sin gong, og på lydboka med ulike opplesarar. Det fungerer svært godt, men boka elles er litt klisjéfylt i personkarakteristikkane og litt søkt i løysinga. For ein ung lesar som ikkje har lese så mykje vil boka fungere godt, sidan den minner om ein del tv-seriar for ungdomar.

søndag 2. juni 2019

Bok 16 2019: "Pixley Mapongo" av Tore Renberg

På Storytel oppdaga eg fleire bøker av Renberg som eg ikkje har lese før, og denne var ei av dei. Her møter vi Jarle Klepp, som forfattaren har skrive fleire bøker om, på eit stadium i livet der han slit med å takle det å bli skikkeleg vaksen. Han er utsend til Oslo for å skrive om ein konsert med bandet han beundra stort i ungdommne, men så får han sjå dottera tett omslynga med ein ung mann og får eit lite samanbrot. I tillegg slit kompisen med diverse, så det er ei bok som dreiar seg mykje om menn midt i livet, synest eg. I tillegg plagar episodar i oppveksten Jarle, og det at kjærasten til dottera er mørkhuda får han til å hugse episodar han helst vil gløyme.

Renberg er ein fantastisk forfattar, og denne boka er svært god. Det er ekstra kjekt at han les bøkene sine sjølv som lydbøker, slik at dialektane blir så autentiske som mogleg.

lørdag 1. juni 2019

Stikk ut!

Eg har skaffa meg ein ny app som skal motivere meg til å trimme meir, og kanskje på nye stader. I dag gjekk vi i kjende trakter, rundt setrevatnet på Folkestad. Det har regna heftig i fleire dagar, og då freistar det lite å gå tur i skog og mark. Rundt eit vatn er det ofte relativt flatt, og då er det fint å rusle og prate medan ein får mosjon og frisk luft. Vi skulle uansett handle litt, så då fekk vi brukt nærbutikken òg.