onsdag 26. februar 2014

Fri-onsdag: tur til Skinnviksetra

I dag var det opplett, mildt og nokolunde vindstille, og vi tok turen til Skinnviksetra ved Austefjorden. Oppe på setra er det dyrka store område med markar, og der finst mange avstikkarar i fleire retning med spektakulær utsikt over fjellheimen.





tirsdag 25. februar 2014

Bok 17 2014: "Hemmeligheter" av Kate Morton

I notida ligg ei eldre kvinne for døden. Ei av døtrene hennar har eit sterkt minne frå ungdomstida som ho aldri har forstått, og ho går i gang med å løyse mysteriet. Parallelt får vi servert ulike historier frå tidleg på 1900-talet, slik at vi til slutt har fått avslørt fleire løyndomar enn ein hadde forventa. Samla sett er det dramatiske forteljingar om menneske som får liva dramatisk endra.

Morton har skrive fleire bøker med liknande komposisjon, og det fungerer godt når det gjeld å skape spenning og framdrift i teksten. Eg gissa mykje av handlinga etter ei stund, men det var likevel spennande å lese vidare. Eg har tidlegare kalla sjangeren "eventyr for vaksne", for trass i at her ikkje er element av noko overnaturleg, er det heller ikkje spesielt realistisk. Ein kan velje om ein vil kritisere bøkene og peike på svakheiter, eller om ein vil lese og la seg underhalde. Eg vel det siste.

søndag 23. februar 2014

Søndag: pøsregn og sykje

Ingenting spennande å melde herifrå i dag. Veslejenta har hosta seg gjennom heile natta, det har høljeregna heile dagen og vi har stort sett mora oss med rydding, lesing og skulearbeid. I morgon er det kvardag att, etter ein herleg avslappande vinterferie. Gamla har arbeidd om lag 20 timar i avspaseringsveka si, men det har vore godt å ligge lenge om morgonane og vere heime med halvsjuke ungar. Ikkje minst har det vore godt å ha Storegut heime - det blir lite vi ser av han i kvardagen. Forhåpentlegvis er batteria våre ladde såpass vi held det gåande dei sju vekene fram til neste ferie...

lørdag 22. februar 2014

Laurdag: hol og høljeregn

I dag låg Veslejenta strak ut med sykje, så gutta og Gamla for ein snartur til Eid for å handle. I tillegg fekk gutane ta hol i øyrene: eitt i kvart øyre på begge to, så Minstemann har no til saman tre hol.

Etter at vi kom heim for Storegut til Volda for å trene, og Gamla gjekk seg ein lang tur i høljeregnet. Minstemann morar seg med data og PS - han har vore noko redusert heile veka, så eg tvingar han ikkje ut.

Fredag: kviledag og vinklubb

Veslejenta overnatta hos ei venninne i Volda, og ho kom ikkje heim før lang ut på ettermiddagen. Då hadde Minstemann hatt besøk av ein kompis, og Storegut hadde først gått tur saman med Gamla og deretter vore i gymsalen på Folkestad saman med ein kompis.

I kveldinga fekk ungane passe seg sjølve, for Gamla skulle på vinklubb. Ein kjekk slutt på vinterferieveka, med nydeleg mat og vinar, og med superkjekke bygdedamer!

torsdag 20. februar 2014

Torsdag: prøvebunke og taco

I dag ville veslejenta på besøk til ei venninne i Volda, og det enda med at ho ville overnatte der òg. Gutane hostar enno ein del, så eg tvinga dei ikkje til å vere med ut på tur. Sjølv retta eg ein prøvebunke, med turgåing og husarbeid som pauseaktivitet. I kveldinga har vi kosa oss med tacos, og gutane aktiviserer seg sjølve medan eg sløvar litt etter ein hard arbeidsdag.

Som illustrasjonsfoto tek eg i dag med eit bilete frå gårsdagens shopping. Det var krise i bilen då Spotify ikkje ville virke på turen til Ålesund, så vi var innom Platekompaniet. Minstemann fekk velje seg tre cd-ar til kr 200, og vi hadde langt betre stemning i bilen på veg heim.

Bok 16 2014: "Og solen går sin gang" av Ernest Hemingway

Gjennombrotsromanen til Hemingway handlar om generasjonen som "miste" ungdomen sin under første verdskrig, og som levde i ein slags alkoholisert dekadanse på 1920-talet. Vi møter ein flokk menneske som drikk og lever relativt sorglaust, og scenen er Frankrike og Spania. Det heile endar opp med tyrefekting og fiesta i Pamplona.

Eg synest ikkje boka er underhaldande eller engasjerande, men den er ein klassikar og innleier den kjende Hemingway-stilen. Eg har sett fleire bøker av han på lydbok no, og eg trur krigsbøkene hans vil fenge meg meir enn denne litt dystre boka om "the lost generation".

onsdag 19. februar 2014

Onsdag: museum, shopping og familiebesøk

I dag stod vi relativt tidleg opp og køyrde til Ålesund. Føremålet med turen var å gå på båtmuseet på Borgundgavlen, der det i høve vinterferien var "familiedag". Arrangementa passa truleg best for små born, men vi kosa oss i finevëret, ikkje minst med å fotografere svaner.

Etter museumsturen var vi innom kjøpesenteret på Moa, og deretter tok vi turen vidare til Hareid for å besøke slekta der. Tanta gav Storegut ein nydeleg strikkagenser som passa perfekt. Eg trur den er bak-fram på biletet, men det får våge seg.

Vi har hatt ein strålande dag på alle vis, og utferdstrangen har mellombels gått over








"Klegg" vart mellom anna brukt til å frakte folk over Nordsjøen under andre verdskrig

Storegut i Farmengenser
er.

tirsdag 18. februar 2014

Tysdag: feriens første bunke

Tysdag var eg igjen den første som vakna, og eg sette meg då til med ein prøvebunke. Eg har to, og eg trur dette er den mest tidkrevjande. Elevane har svara på spørsmål om "Slumdog Millionaire", og dei skriv i snitt 4 sider kvar. Når eg då legg til at dei er nesten 30 stk i klassen, kan de tenkje dykk sjølve.

Då ungane stod opp, hadde eg stort behov for ein luftetur. Minstemann erklærte seg sjølv frisk frå forkjølinga, og både han og Veslejenta vart med på rusletur inn til badestranda i Botnen.

Vel heime sette eg meg føre med rettingsarbeid att, medan ungane spelte brettspel. Dei er så store og kjekke no at det er mogleg å gjere unna noko lettare skulearbeid medan dei er i heimen, noko som var umogleg berre for få år sidan. Eg har som mål å bli ferdig med bunken i løpet av kvelden, og aller helst ha ei stund med filmkos, slik vi plar ha kveldane. Om ikkje mora har den store feriekjensla, skal i alle fall ungane få det!



mandag 17. februar 2014

Vinterferie 2014: måndag i Mjeltvika

Musikalveka tok slutt, Eldstejenta var på besøk og for att, og søndag kveld slappa dei tre yngste og Gamla av med god mat og film. No var vi endeleg klar for ei veke ferie!

Eg hadde ingen andre planar for måndagen enn at vi skulle kvile oss og slappe av. Siste dagane før ferien kjende eg at kreftene var i ferd med å ta slutt, og eg torer knapt tenkje på kor sliten Storegut må ha vore.


Gamla vakna først, og kosa seg med å lese ut ei bok i fred og ro før Minstemann stod opp. Etter nokre timar med husarbeid og ein liten tur på butikken stod også dei hine to opp, og Veslejenta og eg gjekk oss ein tur i Mjeltvika. Då vi kom til vegs ende, kom eg på at eg frå hovudvegen hadde sett eit jordras lenger inne langs stien, og så bestemte vi oss for å gå dit og sjå. Enorme krefter har vore i sving, og vegen var totalt øydelagd i ei breidd på om lag 20 meter.

Bok 15 2014: "Syngja" av Lars Amund Vaage

Forfattaren fortel historia om korleis det kan opplevast å få eit funksjonshemma barn. Det innebere problem for ekteskapet, søvnmangel og uendeleg mange frustrasjonar rundt det å akseptere at barnet aldri blir "bra att". Han tek dessutan eit oppgjer med åtferdsterapiens pastillar og sjokoladebitar som han i ein periode trur skal kurere autismen.

Boka fekk Brageprisen i 2012, og det er vel fortent. Det er ei god bok, men først og fremst er det ei viktig bok som set fokus på noko som framleis kan sjåast som tabuemne.

fredag 14. februar 2014

Bok 14 2014: "Og fjellene ga gjenlyd" av Khaled Hosseini

Eg likte "Drageløperen" svært godt, og "Tusen strålende soler" var hakket betre. Forventningane var derfor skyhøge då eg begynte på Hosseinis siste bok, som av fleire er blitt utpeika som hans beste.

Boka begynner bra, med ei forteljing om to søsken som kjem bort frå kvarandre. Spenninga ligg i om dei kjem til å møtast att, og ein hoppar fram og tilbake i tid og rom og med ulike forteljarstemmer. Dette blir frykteleg forvirrande på lydbok, og heile leseopplevinga var noko frustrerande. Rett nok vart boka betre mot slutten, men då hadde eg gått lei av den forlengst.

Dette er ei bok som ein heilt klart bør lese i papirutgåve, og det er godt mogleg at eg prøver det ein gong.

torsdag 13. februar 2014

Årets musikal på Volda vgs: "Moulin Rouge"

Onsdag kveld var det première for årets musikal, som er eit samarbeidsprosjekt mellom media- og musikklinja på Volda vgs. Desse musikalane er eitt av årets høgdepunkt, og i år vart det spesielt kjekt for meg, sidan Storegut var med. Han hadde inga stor songrolle, men hadde derimot mykje å gjere som skodespelar på scenen.

Premièren gjekk svært godt, og eg var frykteleg stolt av både min eigen son og dei andre involverte etterpå - både elevar og lærarar. Dei har arbeidd hardt, og det er mykje som skal stemme når eit slikt prosjekt skal fullførast både når det gjeld song, musikk, kostymer, dans og alt det andre som skal vere perfekt tima.

Gratulerer med overstått première, og lukke til med vidare framsyningar!


onsdag 12. februar 2014

Tur på Bjørkedalen

Det er mild og nedbørsfri vinter, og dermed er det mogleg å gå på stader som vanlegvis ikkje er tilgjengelege anna enn for skigåarar. Den gamle postvegen over frå Bjørkedalen til Harpefossen er blant favorittstadane mine. Vegen er stengd for biltrafikk no, og dermed var det mogleg å la hunden springe fritt utan å måtte kalle henne inn når det kjem folk og bilar. Det sette både hunden og folka pris på.


mandag 10. februar 2014

Bok 13 2014: "Fugletribunalet" av Agnes Ravatn

Allis rømer frå sitt tidlegare liv for å starte på nytt, som hus- og hagehjelp for ein mann. Mannen er ein sær type, og vi anar at han òg har løyndomar han vil kome vekk frå. Sanninga vert gradvis avdekt, og det oppstår mykje spenning langsmed.

Boka er skrive på nynorsk, og som så mange andre nynorskforfattarar har Ravatn ein enkel stil som er ei fryd å lese, trass i den dystre undertonen. Spenninga held lesaren fanga, og slutten er på ein måte både overraskande og føreseieleg.

Eg likte boka svært godt, og ser med glede at den har fått P2-lyttarane sin litteraturpris.

søndag 9. februar 2014

Bok 12 2014: "Dissolution" av C J Sansom

Bakteppet for mordgåta er England under Henry 8, som nyleg er blitt enkemann etter at Jane Seymour døydde ein naturleg død. Eg-personen Matthew Shardlake er ein pukkelrygga advokat som vert send ut til eit kloster for å etterforske eit mord. Fleire kriminelle ting skjer undervegs, før Shardlake til slutt avslører det heile.

Boka kan minne ein del om "Rosens navn" av Umberto Eco, og den er midt i blinken for dei av oss som er glade i gode krimgåter og er opptekne av historie. ein får eit grundig innblikk i korleis dei religiøse grupperingane stod mot kvarandre på 1500-talet, og korleis kongemakta slo hardt ned på alt som vart sett på som katolsk overtru og uskikk.

Dette er første boka i ein serie eg kjem til å kose meg med!

Lasso på laurdag

Vi er hundevakter i helga, og ungane syntest det var stor stas å få lufte hund. Planane om eigen hund er temmeleg klare, men det er kjekt å kunne passe hundar medan vi ventar.

Turen gjekk først til Kilskrossen. Det er ein tur som vi har teke ein del gonger, men denne gongen vart det meir innhaldsrikt enn vi hadde forventa. Fleire stader var vegen nemleg uframkomeleg på grunn av ras, vass-skadar eller steinsprang. Nokre av steinane i vegbana var gigantiske! i farten hugsa eg ikkje kva tid eg gjekk den vegen sist, så eg er ikkje sikker på kva tid skadane har skjedd.

Til slutt gjekk vi over hovudvegen bort til "Vassenden", som er den delen av Bjørkedalsvatnet som ligg nærast Kile.





Ved Vassenden i Bjørkedalen


fredag 7. februar 2014

Morsdag på fredag

Ungane er travelt opptekne med ulike aktivitetar, så i dag feira vi like godt morsdag medan vi hadde tid til å vere saman. Feiringa fann stad på Rosabella, ein ny restaurant i Volda, og vi valde ein tacopizza som smaka heilt fortreffeleg.

Etter maten for vi på gåveshopping og på Plantasjen, der det var sal på orkidéar. I tillegg til vakre blomar "fekk" eg eit krus med påskrifta "Verdens beste mamma". Den skal eg no fylle med kaffi og ha ein fortreffeleg fredagskveld.



Bok 11 2014: "Satellittmenneskene" av Hans Olav Lahlum

Også denne gongen gissa eg mordaren ganske tidleg i boka, men eg let meg likevel underhalde av Lahlums "retro-krim" med handling frå 1960-talet og gamle gåter frå andre verdskrig. I ekte Agatha Christie-stil er romanen basert på eit lukka rom med eit avgrensa tal mistenkte. Festens midtpunkt døyr på grunn av nøtteallergi, og dermed dreiar resten av handlinga seg om opplesing av testamentet, intervju av dei andre involverte og andre kriminelle handlingar som kjem i kjølvatnet av det første dødsfallet.

God underhaldning for oss som set pris på klassisk krim!

torsdag 6. februar 2014

Kvardag og kreativitet

Torsdag er min mest hektiske dag på jobb, og i dag var ikkje noko unntak, trass i at nokre timar var svært prega av elevaktivitet. Vel heime laga eg middag, og så hadde eg tenkt meg ut på tur. Ungane kom meg i forkjøpet, og snart var vi ute og gjekk alle tre.

Heime att etter turen har eg jobba og lese litt, medan Minstemann har hatt eit glimt av kreativitet att. I dag fekk han endeleg laga det kubeinet han har snakka om så lenge, og materialet er papp, gaffatape og maskeringstape.


onsdag 5. februar 2014

Fri-onsdag og finevêr

I dag hadde Minstemann og eg fridag, og eg hadde i tillegg rettefri. Vi hadde ein sein og sakte frukost der vi snakka om mangt og mykje, og så overtala eg han til å bli med ut på tur. Til alt hell møtte vi på naboane, som var ute i same ærend. Slik fekk både mor og son kjekke turkameratar.

Gutane hadde lag resten av fridagen, og varierte litt kva hus dei heldt seg i. Sjølv fekk eg unna litt småplukk både ute og inne, og så las eg vidare i den altoppslukande romanen eg held på med.

No i kveldinga kom Veslejenta heim, og vi fekk endeleg ete middag. Skulearbeid har eg berre litt av, så det blir kanskje meir romanlesing utover kvelden. Det er ei herleg kjensle å finne bøker ein likar så godt, og i tillegg ha tid til å lese. I morgon kjem ein ny bunke, så eg nyt lystlesinga medan eg kan!
Frosken på Straumshamn

mandag 3. februar 2014

Farge på tilværelsen

I dag var det ballettmåndag, og Minstemann og eg fekk nydeleg middag i Starevegen medan Veslejenta og venninnene dansa. Eg rakk innom ein interiørbutikk og handla turkis voksduk før middag, så vi fekk litt fornying i heimen då vi kom heim.


søndag 2. februar 2014

Laurdagstur til Otterdal og Viddal

Laurdag var det nokolunde fint vêr, snøfritt og opplett. Vi tok turen til Hornindal, der vi gjekk inn den nye vegen til Otterdal. Bygda der vart isolert då vegen rasa under orkanen Dagmar, men no har dei fått fin, ny veg. Vi gjekk opp gjennom dalen eit stykke, og det er verkeleg ei perle. Nokre av husa er haldne ved like på ein noko spesiell måte, men også det kan ha sin sjarm.

Etter å ha handla på Grodås tok vi ein svipptur til Bjørke og Viddal. Også her har storsamfunnet teke omsyn til dei få menneska som bur usentralt, og kosta på dei ein tunnell mellom Bjørke og Leira. På Viddal kan ein sjå langt utover fjorden, og dette er òg ei perle. Vidare køyrde vi opp gjennom dalen på anleggsvegen til Tussa. Fjellheimen i Hjørundfjorden er fascinerande, og eg vil gjerne attende dit når det lid mot sommar.
Lasso på nyevegen til Otterdal

Otterdal


Otterdal sett ovanfrå, med nydeleg utsikt mot Hornindalsvatnet

Utsikt frå Viddal


Ein av bygningane til Tussa

Ved vegs ende