lørdag 30. november 2019

Jubileum på Kaihuset

Tysdag kveld var det 20-årsjubileum på Kaihuset i Ørsta - eit ungdomshus som mange bygder kan misunne dei. Migraine har ein av øvingskveldane sine der, og dei var inviterte til å spele på jubileet både aleine og saman med Egil Olsen. Det vart ei kjekk stund, med talar i tillegg til musikkinnslaga.

Levert

Tysdag tok eg sjansen og leverte oppgåva mi, etter først å ha fått hjelp av eit par kollegaer til å ordne sidetala ein siste gong. Kjensla er ikkje god, for det er ganske spesielt å levere ei masteroppgåve utan å ha fårr rettleiing det siste halvåret. Kanskje har eg gjort noko ubegripeleg dumt  som eg ikkje har sett, kanskje er nivået for lavt, kanskje har eg vore meir fokusert på eiga forsking enn på teori - mange tankar går gjennom hovudet, men eg visste med meg sjølv at eg ikkje orka å vente eit halvt år til. Eg føler meg veldig ferdig.

Demonstrasjon mot kutt i skulesektoren i fylket

Den siste tida har det vore ei trasig stemning på jobb. Fleire kutt truar skulen vår, og samla sett vil dei mest kreative linjene som kunst, design og arkitektur og musikklinja bli svært skadelidande.Måndag aksjonerte vi derfor, som så mange andre i fylket. Alle organisasjonane på skulen stod samla i denne aksjonen.

Dagen etter vart det klart at eit fleirtal på fylkestinget står saman i ei innstilling som skal stoppe dei fleste kuttforslaga. Vi er forsiktig optimistiske.

søndag 24. november 2019

Minstemann 16 år

Etter å ha lege strak ut med forkjøling det meste av helga, stod eg i dag opp for å bake kake til ungane kom. Minstemann fyller nemleg 16 år i dag, ein månad før jul. Det er dermed slutt på å kjøpe barnebillettar på ferja, og på tide å skaffe seg ungdomskort.

Då eg spurte han om kva kake han helst ville ha på bursdagen, ville han helst ha klissete sjokoladekake. Eg visste kva for ei han meinte, sjølv om det var fleire år sidan eg fann oppskrifta på nett. Her på bloggen søkte eg på "kjapp og klissete sjokoladekake".

Minstemann har funne seg godt til rette på skulen no, og det er ingen tvil om at musikklinja er det rette for han. Han har mange jarn i elden både på skulen og i fritida, og dei handlar alle hovudsakleg om musikk. Elles er han på alle måtar kjekk å ha i hus; han styrer seg mykje sjølv og er lett å be om diverse tenester. Vi kan òg ha gode samtalar om mykje anna enn musikk, og vi er nok litt nerdete på kva vi er opptekne av av historiske fenomen og liknande. Det er derfor kjekt å ta han med i museum, galleri og liknande, sidan han tenkjer mykje og er interessert, sjølv om han ikkje alltid gir tydeleg uttrykk for det.

Minstemann har nytt det privilegiet som familiens yngste at han har fått utvikle seg akkurat i den retninga han vil, med alle idéar og "femer" det har ført med seg (lat meg igjen minne om cowboyhatten, slipsa og dei sjølvbygde trommene). Det vert spennande å følgje han vidare.

Gratulerer med dagen!

Bok 62 2019: "Dandy" av Jan Guillou

Den andre boka i serien handlar mest om den yngste broren Sverre, som rømde til England saman med sin mannlege kjærast. Der blir han del av eit kunstnarmiljø, med fleire kjende namn, og han lever eit greitt liv til verdskrigen endrar mentaliteten til folk rundt dei når det gjeld homofili.

Serien skal truleg plassere fiktive karakterar saman med ekte menneske og i faktiske hendingar, noko eg har sett blitt gjort i diverse filmar og tv-seriar med varierande hell. Så langt fungerer det heilt fint, og eg har likt denne boka svært godt. Den er dessutan ei viktig påminning om korleis homofile er blitt behandla i samfunnet.

Bok 61 2019: "Brobyggerne" av Jan Guillou

Sidan heile serien om 1900-talet no ligg på Storytel, tok eg meg tid til å lese dei to første bøkene i serien om att. I denne første boka møter vi tre brør som har mist faren sin i ei ulukke, og som vert sende til Bergen for å gå i lære. Der viser det seg at dei har uvanleg gode evner, og dei blir påkosta utdanning av ein veldedigheitsorganisasjon. Til gjengjeld skal dei etter endt eksamen arbeide med brubygging på Bergensbanen, men ikkje alt går etter planen.

Det var veldig kjekt å lese denne boka om att, og eg fekk - som sist - lyst til å ta toget til Finse og gå Rallarvegen til Flåm.

lørdag 16. november 2019

Bygdles

Denne helga er det ei storhending på Folkestad. Bygdefolk frå Folkestad, Straumshamn, Kile og Bjørkedal har, i tillegg til innleigde krefter frå Volda vore opptekne med konsertteaterstykket "Bygdlesfeber" i lengre tid, og denne helga er det to utselde framsyningar. Veslejenta deltek som vokalist på i alt fem nummer, og Minstemann speler slagverk gjennom heile stykket.

Eg såg framsyninga fredag kveld og vart mektig imponert, underhalden og lattermild. Det var rett og slett fantastisk kjekt!

Kaldt og effektivt

Medan ungane har vore opptekne med øving og denslags, har Gamla sprengretta stilar for å rydde tid til sluttføring av masteroppgåva. Fredag hadde vi fri frå jobb og skule alle tre, og eg tok meg tid til å gå ein tur med hunden i finevêret på eit kritisk stadium i skrivinga. Haldninga til oppgåva vekslar mellom å synest den er elendig og til å tenkje at dei umogleg kan stryke meg. Sidan eg ikkje får rettleiing, får eg ikkje vite noko om oppgåva før den er vurdert, og då er det for seint. Dette har vore mildt sagt spesielt, men eg har bestemt meg for ikkje å la meg trakke på.

fredag 8. november 2019

Folkevaltopplæring


Denne veka har eg vore to dagar på folkevaltopplæring i Loen. Det vart to lange og innhaldsrike dagar med mange presentasjonar og gruppearbeid som skulle gjere oss betre budde til å delta som folkevalde. I tillegg fekk vi god tid til å bli kjende med kvarandre utanom kommunestyresalen, og det er òg verdifullt.

På Alexandra pynta dei til julebordsesongen, noko som gjekk føre seg stille og diskret. For kvar pause hadde det kome fram fleire nissar, og i spisesalen var den fine, kvite utstillinga på plass.

Bok 60 2019: "Den andre kvinnen" av Therese Bohman

Ei ung jente ønskjer å bli forfattar, men arbeider i staden i ei kantine medan ho drøymer om eit anna liv. Der vert ho interessert i ein eldre mann, og dei innleiier eit forhold. Boka er langt meir spesiell og interessant enn tittelen og min korte handlingsintroduksjon tilseier.

Bok 59 2019: "Kongens råd" av Ørjan Nordhus Karlsson

I denne boka går vi òg attende i tid, då nokon vart torturert til døde på grunn av mistanke om spionasje. I notida vert ein ambassadør drepen, og Kyrre Kaupang får oppdraget med å oppklare drapet.

Bok 58 2019: "Hauges direktiv" av Ørjan Nordhus Karlsson

I denne andre boka i serien om Kyrre Kaupang jobbar etterforskaren for Stiftelsen, og han får i oppdrag å forhindre ei rekkje drap på personar som er trua på grunn av hendingar tidlegare i historia.

Kommentaren min elles er som for den førre boka i serien: underhaldande, men forvirrande.

Bok 57 2019: "Gerhardsens testamente" av Ørjan Nordhus Karlsson

I denne kriminalromanen møter vi kjende norske arbeidarpartipolitikarar frå fortida som utfører lyssky handlingar, ikkje minst i organisasjonen Stiftelsen. Kyrre Kaupang er ein tidlegare kriposetterforskar som slit med migrene og angst, og han viklar seg inn i eit nettverk det kan bli vanskeleg å kome seg ut av.

Boka er underhaldande, men eg synest det er forvirrande år faktiske personar opptrer i romanar på denne måten.