mandag 29. juli 2019

Bok 36 2019: "Blodskrift" av Jørgen Jæger

I denne boka mottek fleire personar trusselbrev, og heimen til Ole Vik vert tent på. Saka utviklar seg i fleire retningar, men løysinga kjem til slutt. Også i denne boka skjøna eg kven den skuldige var då vedkomande vart introdusert, men det gjer ikkje så mykje når ein les for underhaldninga si skuld.

søndag 28. juli 2019

Bok 35 2019: "Hold pusten så lenge du kan" av Maria Sand

I denne romanen møter vi Alva i ulike livsfaser. Først er ho eit barn som blir mobba og mister bestevenninna, deretter ein sta tenåring og til slutt vaksen og mor. Boka er dyster, men den er likevel fin og gir høve til ettertanke. Eg likte godt korleis forfattaren bruker Vigelandsstatuane som rekvisittar og symbol.

27. juli 2019

I dag var det mamma og pappa sin bryllaupsdag, og slikt vert litt vemodig å tenkje på når den eine er borte. Eldstejenta hadde lyst å sjå grava til morfaren og seie ha det til mormora, og det passa ekstra godt på ein slik merkedag. Vi set pris på dei levande og minnest dei døde. I den siste tida har fleire på min alder gått bort, blant anna ei kvinne som til slutt tapte kampen mot kreftsjukdomen ho hadde fått og blitt kvitt fleire gonger siste åra. Det er ein fæl sjukdom, men pappa fekk trass alt leve til han var over 80.




Om kvelden skulle Velejenta til Hareidlandet på fest, og eg tilbaud å køyre henne og venninna. I same renna fekk Eldstejenta og eg ta oss ein avstikkar til Flø for å sjå på solnedgangen. Det var ikkje fullt så varmt der som her inne, men det er så varmt no at det var forfriskande med 18 grader klokka 23.

torsdag 25. juli 2019

Brundalen (2)

Turen gjekk til Brundalen i dag òg, saman med Minstemann og Eldstejenta denne gongen. Nokre av oss bada, og det gjorde godt i varmen.


onsdag 24. juli 2019

Cobra i stova

Eg har i fleire år sett på Cobra-serien på Møbelringen. Den finst i mange stilige former og fargar, og som så ofte skjer har eg ikkje klart å bestemme meg for verken farge eller fasong. No jobbar Storegut på Møbelringen, og han sa at dei sel ut utstillingsmøblar. Det var avgrensa kva fargar og modellar dei hadde inne, så då fall valet på denne turkise kommoden. Eg treng kommode både til soverom og som nattbord, men førebels synest eg denne er så fin at han får stå i stova. I skuffene skal eg mellom anna legge brettspel, som no fyller opp ei bokhylle på eit soverom. Slik kan eg kanskje få plass til bøker i bokhyllene.

Brundalen

I dag var det nydeleg, med over 20 grader og blå himmel. Jentene og eg gjekk saman med hunden Charlie til setra i Brundalen etter at Veslejenta var ferdig på jobb. Jentene bada, medan Charlie og eg berre vassa litt. Medan vi var der, skya det over, men vi satsar på fleire fine dagar.


tirsdag 23. juli 2019

Nye møblar til verandaen

I dag var det varmt, men ikkje direkte sol. Eg tenkte at høgtrykksspyling var ein fin aktivitet, så Minstemann vart sett i arbeid med å kople opp maskina. Så viste det seg at der mangla ein del, så vi enda opp med å rydde vekk gamle møblar og liknande som stod på verandaen, han klipte litt plen og eg planta resten av staudene eg kjøpte i går og luka litt i bed. Eldstejenta hadde lånt bilen og reist på besøk, så ho vart beden om å kjøpe med den manglande delen heim. Dermed vart det spyling av veranda klokka 20.00 og utover, deretter montering av bordet som Storegut hadde henta med heim. Resultatet vart flott, så no satsar vi på passande temperatur og vêr til å ete ute. Det var berre fire stolar i settet, men vi har ein stabel med ekstra stolar å ta av når vi er fleire.

Bok 34 2019: "Dødssymfoni" av Jørgen Jæger

Yndlingskokken til Ole Vik vert utsett for ein skremmande episode, og snart blir begge søskena til kokken utsett for liknande. Folk blir drepne og forsvinn, og det er mykje som skjer i denne kriminalgåta, som eg snart skjøna utfallet av. Parallelt med kriminaletterforskinga vert ein kollega valdteken, venninna til Ole Vik blir friskare og Vik lurer på om han har kjensler for ekskona. Dette er ikkje den beste boka eg har lese, men det er no grei underhaldning medan ein styrer med andre ting, som hagesyslar og husarbeid.

Måndag 22. juli 2019

Vi har som tradisjon å markere 22. juli med å plante roser i hagen. Eldstejenta og eg skulle derfor ta oss ein handlerunde måndag, samtidig som vi køyrde Veslejenta på jobb klokka 16. Vi tenkte vi kunne bruke tida fram til ho var ferdig på jobb klokka 19 til å utføre diverse ærend.

På Plantasjen kjøpte vi to rosebusker (30% rabatt), nokre små, lave stauder som skal fylle ut bedet mellom rosene og ei spisegruppe (nedsett den òg). Etterpå for vi til Ørsta og handla litt på Amfi, før vi besøkte mormora. Vi hadde med ei lita raud rose, det kan fort bli ein tradisjon det òg. Etter besøket handla vi inn middag til eit par, tre dagar før vi henta Veslejenta og reiste heim.

Vel heime laga Eldstejenta middag medan eg planta rosebusker i regnvêr. Knotten var nesten uuthaldeleg, men eg fekk dei i jorda på rette dagen. Hagearbeid og ettertanke er min favorittkombinasjon. 22. juli er ein viktig dag å minnast, og ei av dei store drivkreftene mine for å vere politisk engasjert.
Europeana
Bee friendly white


Regntung søndag


Når ein eigentleg burde sitje pal med siste hand på masterverket, vart det for freistande å bake. Ungane kom, etter å ha vore hos faren i to veker, og då var det kjekt å ta imot dei med nybakte solskinsbollar. Dermed fekk eg rota såpass mykje at eg var sysselsett med rydding og husvask mykje av dagen. Før dei kom plukka eg dessutan inn nokre roser frå hagen, sidan det vert lite hagevêr i høljeregn. Ingen la merke til det før dagen etter, men det er ei anna sak.

søndag 21. juli 2019

Bok 33 2019: "Kameleonene" av Jørgen Jæger

I starten av denne boka skal Ole og kjærasten på ferie til Hellas, men så vert dei brått involverte i ei flukt frå eit ran der også ein person er drepen. Boka har spennande innhald, men det vart i overkant mange namn å halde greie på i lengda. Dermed vart ikkje løysinga så føreseieleg heller, så det var positivt.

lørdag 20. juli 2019

Bok 32 2019: "Skyggejakten" av Jørgen Jæger

Brått fann eg ein krimforfattar eg ikkje har lese før, som til alt overmål har skrive ein lang serie som ligg tilgjengeleg på storytel.

I denne første boka i serien om lensmann Ole Vik vert ein gamal mann oppsøkt av ein skummel, mørk skikkelse som skyt mot han. Eller blir han det? Mannen er psykisk sjuk og har sett syner før. Hushaldaren hans vert drepen, og det ser ut til at den gamle mannen har drepe henne.

Eg gissa løysinga lenge før den vart avslørt, men det var likevel ei underhaldande og god krimbok.

fredag 19. juli 2019

Bok 31 2019: "Ungdomsskulen" av Heidi Furre

Denne boka tek føre seg dei viktige åra på ungdomsskulen ut frå historia om Maya, som er ung rundt årtusenskiftet. Miljøet ho veks opp i er prega både av festing, sjølvskading og religion, og Maya slit med sitt. Forfattaren les boka sjølv, og den er ok, men ikkje den beste oppvekstromanen eg har lese.

torsdag 18. juli 2019

Money, money, money

Onsdag fekk eg ein sms frå banken om at det hadde kome 11561 kroner inn på kontoen min. Eg venta ikkje på eit slikt beløp, så eg vart litt nysgjerrig. Hadde eg vunne i tipping? Fått etterbetalt løn eg hadde hatt krav på? I nettbanken fanst ingen detaljar, dei kjem gjerne dagen etter at pengane kjem inn på konto.

Torsdag gjekk eg inn på nettbanken for å finne ut kvar pengane kom frå, og då fekk eg nesten hakeslepp. Pengane kom nemleg frå SAS! Etter å ha fått turen vår forlenga og kome 11 timar seinare enn forventa til Island hadde eg sendt ein klage til flyselskapet, men eg hadde aldri trudd eg skulle få refundert eit så stort beløp. Faktisk hadde eg nok blitt svært nøgd for tiandedelen av summen, viss eg skal vere ærleg. Eg har framleis ikkje fått svar på klagen, eller ein mail som orienterer om pengesummen, men pengane er uansett inne på konto.

Det vil seie - eg har flytta dei over på sparekontoen, for å spare til framtidige eventyr.

Hageliv


Det har vore ein del å gjere i hagen, for å seie det mildt. Eg klipte plenane og ein del greiner på tysdag, og onsdag tenkte eg at eg skulle klippe ned ein klokkebusk som breiar seg ut over plenen. Det viste seg at busken var visna inn mot stammen, som var mosegrodd, så det vart til at eg klipte ned heile busken. Dersom vi får vekk rota, vert det dessutan mykje lettare å klippe plenen. Etterpå hadde eg så mange greiner at eg kunne starte kompostkverna eg kjøpte i fjor.

Besøk i Ørsta (2)

Tysdag ringde bror min og sa dei skulle reise neste dag, og spurte om vi ville kome ein tur. Ungane hadde ikkje tid og høve til å vere med - det er pappaveke med tett program - så det vart til at Bladfyken og eg tok med Charlie og for ein tur til Ørsta. Vi hadde arbeidd ein del i hagen og hadde lite mat i huset, så vi måtte uansett ha reist til tettbygde strok, så då kunne vi like godt treffe slekta med det same.

Yngstemann frå Kongsberg er ni år og veldig glad i hundar. Han og Charlie er gode vener, så det var kjekt dei fekk vere ilag ein gong til.

Bok 30 2019: "Dyrene i Afrika" av Erlend Loe

På storytel låg denne boka tilgjengeleg, og det er forfattaren sjølv som les. Erlend Loe var i fleire år min favorittforfattar, med sine naivistiske og humoristiske bøker som ofte var gode kommentarar til korleis tida vi lever i er, og då spesielt mannsrolla. I denne boka er han innom det same, men sjølve historia er så heilsprø at det går over alle støvleskaft. Ei gruppe menneske, som vi får presentert starten av boka, reiser til Afrika med det prosjektet at dei skal "skjende" flest mogleg dyr. Dette er enda meir sprøtt enn "L" i si tid var, men eg likar det - ikkje minst fordi forfattaren har ein særeigen lesemåte.

tirsdag 16. juli 2019

Besøk i Ørsta


I dag pakka eg hunden i bilen, henta Eldstejenta og reiste til Ørsta, der broren min med familie er på besøk hos farmor/mormor. Minstenevøen hadde venta veldig på at Charlie skulle kome, for dei er gode vener. Eldstejenta er òg populær. Då Storegut og Veslejenta etter kvart var ferdige på jobb, samla vi troppane (i alt ti personar) og for på indisk restaurant for å ete pizza. Det vart ei triveleg stund med god mat, og vi åt opp rubbel og bit av det vi hadde bestilt. Takk for skiftet!

søndag 14. juli 2019

Bok 29 2019: "Gutten som elsket rådyr" av Samuel Bjørk

Eg likte veldig godt dei første to bøkene av "Samuel Bjørk", så eg vart glad då eg fann denne romanen på Storytel. Handlinga var ganske spennande, då det var tale om ein seriemordar som arrangerte mord og mordåstadar for å lure politiet, eller sende små gåter til dei. Dette er ikkje noko uvanleg fenomen i krimlitteraturen, og eg var spent på løysinga. Men så flatar liksom spenninga ut, og løysinga blir litt spesiell... Nei, eg mista sansen for - og tråden i - boka undervegs, sjølv om eg låg i sola og høyrde på den og eigentleg konsentrerte meg betre enn vanleg.

lørdag 13. juli 2019

Dugnad

I bygda har vi innført ein tradisjon der plenklipping rundt grendahuset skal gjerast på dugnad. Vi har ført opp liste med kven som er ansvarlege kva veke, og denne veka var det min tur. Eigentleg trudde eg at eg skulle få med meg ein bataljon av frivillege hjelparar, men det enda med at eg gjorde jobben sjølv. Det tok i alt fire timar, så det erstatta ein rimeleg hard fjelltur, vil eg tru. Sola kom ikkje heilt gjennom skylaget i dag, så det var heldigvis ikkje så varmt, men sveitta gjorde eg likevel. 
God trim!

Bok 28 2019: "Else går til psykolog" av Else Kåss Furuset

Eg var litt skeptisk til denne boka, for eg synest psykiske vanskar er blitt eit altfor lettvint tema for kjendisar. Det viser seg utover i boka at Furuset er einig med meg i det. Boka er ein dialog basert på opptak frå psykologtimar, og i lydbøker les forfattaren sjølv si rolle, medan ein annan les psykologrolla. Dette gjer teksten lett å følgje med i, og det er ein god tekst som handlar om sorg, sjølvmord, kropp, mat og mest av alt om å akseptere og like seg sjølv. Dette var ei tankevekkande og lettlesen bok om alvorlege og viktige tema.

Bok 27 2019: "Jenta i veggen" av Lena Lindahl

Denne boka er basert på ei sann historie om ei norsk jødisk jente som vart halden gøymd, og som dermed overlevde andre verdskrig. Jenta hadde ein ven som bygde eit lite, hemmeleg rom i huset sitt, slik at Betzy kunne gøyme seg der når nokon kom til huset. Boka er basert på dokument forfatta av Betzy sjølv, men forklarer òg ein heil del om tilhøva elles og om jødeforfølging.

Familietreff på Hareid

Fredag fekk eg med meg Minstemann til Hareid, der slekta skulle samlast. Broren min kom til Ørsta torsdag, og det hasta med å få samla gjengen før systera mi og mannen reiser på ferie. I tillegg til heile Kongsberggjengen, mamma, Minstemann og meg var dei fleste av Hareidsgjengen til stades. Systera til svogeren min og mannen var der òg, og dei er det no alltid kjekt å treffe. Systera mi hadde laga ei stor panne med nydeleg kjøtsuppe, og seinare vart det både dessertar og kaker. Det var varmt og fint, så selskapet flytta etter kvart ut på plenen. Det gjorde dagen enda meir minneverdig, for det er ikkje ofte ein har sete ute denne sommaren.

Takk til Systa, som er eit unikum når det gjeld å samle familien.

torsdag 11. juli 2019

Bok 26 2019: "Ekko av en venn" av Ingvar Ambjørnsen

Eg er kritisk til mange ting, mellom anna til forfattarar som ikkje blir ferdige med karakterane dei har skapt i ei eller fleire bøker, men som hentar dei fram att og diktar vidare på det som i utgangspunktet var ein god tanke, men som gjerne flatar noko ut. Jamfør førre innlegg om Jojo Moyes, men dette gjeld òg Anne B Ragde. Eg var derfor svært skeptisk til at Elling no skulle gjenoppstå, samtidig som eg var veldig spent på korleis han hadde klart seg.

Elling er no noko eldre enn sist, og han blir leigebuar hos ei eldre kvinne. Han held fram med å sjå verda rundt seg på sin eigen måte, ikkje minst gjeld dette dei mange kvinnene han møter. Uttrykket "min ennå intetanende trolovede" seier vel sitt. Han oppdagar dessutan facebook, der han kan velje seg ein ny identitet og skrive kommentarar på ei matside, til dømes.

Det artige med Elling er at han i all galskapen også har trekk som ein kjenner seg att i. Samtidig les ein mellom linjene at han oppfører seg temmeleg spesielt.

Eg likte godt å møte att Elling, og boka gir ein nokre tankar om livet som er verd å ha med. Det mest positive med boka trur eg vil vere at den løftar serien fram frå gløymselen, for den har ikkje vore så mykje i fokus i det siste. Dette er bøker som toler å bli lesne om att-

Bok 25 2019: "Fremdeles meg" av Jojo Moyes

Denne tredje, og forhåpentlegvis siste, boka om Lou handlar om hennar nye liv i New York, langt borte frå familie og kjærast. Ho skal jobbe som assistent for ei ustyrteleg rik kvinne som slit med både det eine og det andre problemet. Naboar er der òg, og Louisa ordnar opp i problem og kjem opp i nye. Litt enkel og god underhaldning, med andre ord, men heller ikkje denne kan måle seg med den første boka, som trass alt kasta lys på eit alvorleg tema og dilemma.

tirsdag 9. juli 2019

Bok 24 2019: "Etter deg" av Jojo Moyes

Eg vart sterkt gripen av "Et helt halvt år" då eg las den for nokre år sidan, og no sette eg meg føre å lese oppfølgjarane, sidan eg fann dei på Storytel (som eg ikkje kan få fullrost nok). I "Etter deg" møter vi att Lou, som skal halde fram livet etter det som skjedde i førre bok. Ho slit med å bestemme seg, har ein jobb ho mislikar og slit òg med at familien ser ut til å slite med eigne problem. Ein sein kveld ramlar ho ned frå ein terasse i fylla, og dermed får livet ei ny retning.

Boka er god underhaldning, men den kan sjølvsagt ikkje måle seg med den første boka.

søndag 7. juli 2019

Kongens ring på Herøy gard

Eg tok også i år turen til vikingspelet "Kongens ring" på Herøy gard, denne gongen saman med dei to yngste. Det var relativt kaldt vêr, men opplett og nesten vindstille, så det gjekk fint å sitje i ro ute i halvannan time. Stykket var noko endra sidan sist, men det var også i år flinke aktørar i små og større roller. Over 300 personar er involvert i produksjonen, så dette er dugnadsarbeid av høg kvalitet.


lørdag 6. juli 2019

Bok 23 2019: "I et hus i Alvdal" av Anne-Britt Harsem

Dette er den tredje boka i trilogien om Alvdalsaka, og her er det eldstesonen Kevin som er forteljaren. Han fortel om ein oppvekst med vald og rus, og om sine eigne psykiske vanskar som følgje av ein vanskeleg barndom. Det aller vanskelegaste å forstå, er korleis han forsvarar mora og er villeg til å ha kontakt med henne etter at ho kjem ut av fengselet. Han har òg kjøpt "skrekkens hus" og skapt ein heim for seg og sine der.

fredag 5. juli 2019

Bok 22 2019: "Brev til min datter" av Anne-Britt Harsem

I den første Alvdal-boka møtte vi Eline, den eldste dottera til kvinna som vart dømd for pedofili og overgrep. I denne boka møter vi att Eline, men no skriv ho eit slags brev til dottera si, Tuva, som ho har problem med å vere ei god mor for. Boka er forma som eit angrep på barnevernet, men ein les mellom linjene at Eline har hatt problem med mangt og mykje, og at barnevernet har gjort rett i å vere bekymra.

Eg synest ikkje boka er så godt skriven reint språkleg, og brevforma kan bli i overkant sentimental. Likevel er dette ei bok som er interessant å lese, fordi den viser ei anna side av omsorgvikt enn ein vanlegvis ser.

torsdag 4. juli 2019

Bok 21 2019: "Mammas svik" av Anne-Britt Harsem

I den første boka i trilogien om Alvdalsaka, ei pedofilisak som kom for retten i 2011, fortel den eldste dottera i familien si historie. Det er ei historie som ikkje berre handlar om fryktelege overgrep, men òg om omsorgsvikt, barnevern, feildiagnostisering og ei heil rekke andre element som har gjort jenta sin oppvekst tøffare enn dei fleste kan tenkje seg. Dette er ei forferdeleg bok å lese, men ikkje desto mindre viktig å vere merksam på at nokre born slit meir enn andre - sjølv om dette tilfellet er heilt ekstremt.

onsdag 3. juli 2019

Kvardag

På heimstaden er det om lag 10 grader og ein heil del regn. Perfekt mastervêr, med andre ord. Eg har brukt ein del tid på å lime saman alle delane av oppgåva som eg har skrive så langt til eitt felles dokument, fjerne underoverskrifter og legge til noko eg hadde tenkt på utan å skrive ned. Talet på ord er temmeleg konstant. Summen skal bli 32000 ord, +/- 10%, og eg har enno ikkje skrive konklusjon. Eg ser relativt lyst på prosessen framover.
Summen så langt

Nysnø i fjella, regn og 10 grader

Souvenirar frå Island

Parallelt med oppgåveskrivinga driv vi med litt opprydding i heimen. Minstemann ryddar kjellarboder mot betaling, og eg har hatt mykje å gjere med å vaske klede og pakke ut etter feriereisa. I tillegg gjekk vi i dag ein tur med hundane, og då møtte vi heilt tilfeldig på ei tidlegare jobbvenninne/nabo frå Ulsteinvik som bur i Oslo. Det var svært gledeleg, og eg lova henne å kome til Oslo så snart eg har levert oppgåva mi.

Bok 20 2019: "Graven" av Monika N. Yndestad

For 17 år sidan forsvann ei jente etter å ha tatt kontakt med barnevernet for å få ein ny heim. Jenta tilhøyrde ei religiøs sekt, og denne sekta hadde forsamlingshus like ved sida av eit hus der ein mann dreiv med pornografisk fotografering. I notida forsvinn ei ny, ung jente, og spørsmålet blir om det er nokon samanheng mellom sakene.

Boka er spennande og ikkje så veldig føreseieleg.

tirsdag 2. juli 2019

Søndag/måndag: heimreise

Søndag åt vi frukost i ro og mak før vi vart henta med shuttlebuss og frakta til Keflavik. Der var stemninga relativt avslappa, og flyturen heim gjekk òg heilt etter planen. Medan vi sat på Peppe's Pizza på Gardermoen og venta på nattbussen, fekk vi melding om at det heller ikkje denne dagen var den forventa 2-etasjers bussen som skulle køyre oss heim. Vi enda opp i ein stappfull buss der ei dame nettopp hadde kasta opp, så det vart litt dårlegare med søvn enn vi hadde håpa på.

Alle var einige om at vi hadde hatt ein fin tur!

Laurdag: utflukt til Sør-Island

Laurdagen valde vi å reise på ei ny heildagsutflukt, denne gongen til Sør-Island. Der fekk vi sjå den brusande Skógafoss, ei svart strand med dei klippeformasjonane som hadde inspirert arkitekten som teikna Hallgrimskyrkja, ein isbre og Seljalandsfoss, som det er mogleg å gå bak. Alt saman var vakkert, annleis (bortsett frå fossane, som vi har nok av heime) og stemningsfullt, og eit fint punktum for denne minneverdige ferieturen.
Skógafoss






Reynisfjara







Sólheimajökull





Seljalandsfoss