onsdag 29. februar 2012

Besøk på fri-onsdag

I dag hadde Minstemann og eg besøk av kompisen hans, deretter kom Mormor og Morfar på besøk. Etter kvart kom eit par søsken til, og Barnefaren kom for å skrue og montere litt. Les meir og sjå bilete på bloggen til Besta.

I kveldinga gjekk eg ein lang tur i mildvêret - det er reint vårleg i lufta, og det er vanskeleg å kle seg passeleg.

tirsdag 28. februar 2012

Kule klede i Fagre Stryn



Storegut skal både døypast og konfirmerast i år, og då trengst nye klede. I dag sette vi derfor av garde til Stryn etter skule/jobb og kjøpte dress på Moods of Norway. Der var mykje fint både til unge og gamle, men i dag vart det berre handla det vi skulle ha - altså dress til dåpsbarnet. Etterpå åt vi middag på café før vi handla mat og drog heim.

Vi bur ein knapp times reise frå Stryn og ser ikkje føre oss at vi kjem til å nytte den påkosta Kvivsvegen som sentrumsfolket ser slik fram til. Når sentrumsfolk og ein del langtransport kjører Kvivsvegen, vil vi få mindre trafikk gjennom bygda, men vi fryktar sjølvsagt for ferjetilbodet for oss som reiser den vegen.

mandag 27. februar 2012

Ein dag utan trening?

Søndag kveld kom Storegut blid og nøgd heim frå konfirmasjons-skileir på Stranda. Noko seinare fullførte Eldstejenta fordjupingsemnet sitt i norsk. Sjølv sat eg for det meste og kvilte på laurbæra mine heile kvelden, vel vitande om at ei ny og hektisk veke venta.

Jobbdagen i dag vart litt mindre hektisk enn normalt på måndagar. Eg droppa treninga, og stakk heller innom min tidlegare heim og fylte opp Lillebil med "attegløymer" derifrå. Medan eg herja på og bar sekkar og kasser, ropte min inntil nyleg næraste nabo meg inn på middag og kaffi - litt av ein service, må ein seie!

Heime venta eit par timars arbeid til, med utpakking frå bilen og inn i hyller, skuffer og skap. Då orka eg ikkje meir, og planta meg sjølv i godstolen med data, lydbok og "nogo attåt".

Nemnde eg at eg droppa treninga? Skritt-teljaren min har passert 13000, og med tanke på at dei fleste skritta har vore opp ned trapper berande på tunge ting, må eg vel seie at eg har fått god nok trening i dag òg.

søndag 26. februar 2012

Vinterferiens siste dag: søndagstur i skogsvegen


Etter ein sløv morgon og føremiddag gjekk småungane og eg på tur med hundane i skogsvegen. Etterpå baud Barnefaren på søndagsmiddag, og no ventar eg berre på at Storegut skal kome att frå konfirmasjonsleir. Eg skal hente han på ferja, og er spent på om han har hatt det kjekt.

Ferien er over, og eg har fått gjort det eg skulle i løpet av ferien. Det er eg sjølvsagt nøgd med, men eg er òg veldig sliten. Flytting er slitsamt, og enno er eg ikkje ferdig med å kome meg ut av og vaske ned min tidlegare heim. Enno står her kasser og sekkar fulle av ting, og eg må skaffe meg stovegardiner og fleire bokhyller. Eg må berre ta det litt etter kvart, for det blir travle tider på jobb òg fram til påske. 

lørdag 25. februar 2012

Vinterferie dag 6: innflytting

Dagen i dag vart ein merkedag for oss. Vi flytta nemleg inn i Nyehuset! Barnefaren fylte opp Storebil med møblar, sekkar og kasser, medan ungane og eg kom etter med mat og toalettsaker i Lillebil. Etter det har vi montert opp møblar, fått tv-en til å virke, lagt på plass ting og vaska klede. Mykje arbeid, men no tek vi kveld med popcorn og tv.

Første middag i ny heim vart tomatsuppe med tilbehør, servert i nye skåler på adventsduk.


Litt montering av nyinnkjøpte møblar vart det i dag òg - ei hattehylle og matchande skohylle er på plass i gangen.

Vinterferie dag 5: Latter og kebab

I dag retta eg ferdig ein bunke, gjekk tur med og utan ungar og sette deretter av garde for å skysse Storegut på konfirmantweekend. Effektiv som alltid fekk eg handla inn meir husleg stæsj før eg møtte nokre Superdamer og drog på show i Ørsta med Are Kalvø og Espen Beranek Holm. Det var skikkeleg morosamt, og det var herleg forløysande å le høgt. Etterpå gjekk vi på den tyrkiske restauranten i Ørsta og fekk servert eit nydeleg måltid og skravla om laust og fast. Eg er heldig som har gode kollegaer!

torsdag 23. februar 2012

Vinterferie dag 4: flytting og montering

I dag skulle Storegut på bandøving, så vi var tidleg oppe og på hjul med dagens flyttelass. I Nyehuset styrte småungane seg mykje sjølve med uteleik og dvd-ane sine, medan Gamla monterte to kvite vegghyller og ei golvhylle i eik (eg har tenkt å kjøpe fleire av den sorten, men starta med ei for å sjå korleis den passa inn). Då Barnefaren var ferdig på jobb, kom han innom saman med Storegut og hjalp meg med å få montert den svarte kommoden som skal stå på rommet til Minstemann.



8 timars arbeidsdag i huset kjennest på kroppen, men etter middag må eg sette meg føre med skulearbeid. Dette er den mest slitsame ferien eg nokon gong har hatt, men det er frykteleg kjekt òg. Ein slik fantastisk augeblink i dag var då eg flytta inn kaffimaskina og brygga meg ein kopp kaffi som eg kunne nyte i ny godstol, med oversyn over kjøken og stove. Dette skal bli bra.

onsdag 22. februar 2012

Vinterferie dag 3: roadtrip til ytre strok

Eg har sett på gardiner, på Internett og i dei lokale butikkane, men utvalet har vore lite når det gjeld ferdigsydde lengder. Før jul la eg merke til at der var mykje meir fint på Kid interiør, ei kjede som har næraste filial i Ulsteinvik. Derfor gjekk turen dit i dag, og vi fekk kjøpt gardiner til alle fem soveromma. Stovegardiner skal eg vente litt med til eg finn dei kjøkengardinene eg vil ha - der er utvalet skralt når det gjeld ferdigsydde lengder uansett butikk-kjede.

Etter gardinhandelen tok vi oss ein tur til Blåhuset for å kjøpe premie til Minstemann, som igjen var stor og flink gut hos tannlegen. Midt inne i senteret møtte vi på slekta, som inviterte oss over Eidet på "enkel servering".

Vi kjørte derifrå i tide til å nå opningstidene på Jysk og Elkjøp/Skeidar, og Lillebil vart fylt opp av hattehyller, persienner, kasserollar, brødristar og diverse kjøkenreiskap som litermål og brødkniv. Når alt skal skaffast frå grunnen av, er det vanskeleg å vite nøyaktig kva ein treng.

På veg heim svinga vi innom Nyehuset for å dumpe tinga der, og då fekk vi opp nokre gardiner og litt småarbeid av det slaget. Veslejenta monterte opp ein dvd-spelar på rommet til Minstemann, så i morgon satsar eg på å få meir arbeidsro enn elles når eg skal gjere noko i huset.

Barnefaren hadde vore på Jysk og handla på instruks ein kommode og ei bokhylle, så vi har meir å gjere. I morgon tek vi dessutan med kamera, så vi får ferske interiør-nyhende på bloggen. Eg veit det er ein del som er nysgjerrige på korleis det går med oss, og både for dei og oss er det spennande å sjå huset bli til ein heim.

tirsdag 21. februar 2012

Tungt bord og jævelskap

Ettermiddagen har vi tilbragt i Nyehuset, med skrujarn og skruemaskin.

Først måtte Barnefaren, Storegut og eg bere det nye spisebordet rundt huset og inn verandadøra. Det var mildt sagt blytungt, og då kom beina og ekstraplatene i tillegg. Utan plater er bordet 180 cm, men ferdig utslått er det 340 cm, og passar til dei 14 stolane. Monteringa gjekk svært kjapt, men eg tvilar på at eg kjem til å ta ut teppet KVAR helgavask...

Storegut monterte deretter ferdig tre skuffer til Tv-møbelet, småsøskena pakka ut av bilen alt vi hadde pakka inn i den før vi for, og Barnefaren monterte framskapet (som ganske fort fekk namnet "jævelskapet"). Sjølv prøvde eg å gå han til hende, sette diverse inn i kjøkenskapa og rydda litt rundt omkring. "Vi" har no montert alt som er kome i hus, så no er eg klar for å handle meir i morgon.

Vinterferie dag 2: "feitetysdag"

Graut er godt, ingen tvil om det, men Veslejenta likar ikkje rømmegraut. Gamla likar ikkje å røre, og hadde dessutan mykje anna viktig å gjere på feriedagen enn å stå ved grytene. Løysinga vart mikrograut; den smakar godt og er enkel å lage til. Rømmegrautporsjonen er for stor for Minstemann, og litt liten for Storegut og meg, men i dag hadde vi ete sein frukost og hadde ikkje behov for meir.

Saltsuget plar kome sigande på etter slike middagar, så eg handla inn ost og kjeks til kvelds.

mandag 20. februar 2012

East of Eden (1955)

Sidan eg nyleg las begge bøkene, "måtte" eg bestille filmen òg. James Dean spelar den sjalu tvillingbroren Caleb, og han er berre fantastisk i rolla. Elles er filmen svært annleis frå bøkene; den "gode" tvillingen er langt mindre sympatisk i filmen enn i boka, tyskaren Albrecht får ei viktigare rolle i filmen og den kinesiske hushaldaren er fråverande. Mora Kate blir glimrande framstilt, og faren Adam likeså.

Konklusjonen min er at filmen ikkje kan måle seg med bøkene, men at James Dean er fantastisk. Eg ser på internett at det finst ein miniserie frå 1981 basert på dei same bøkene - kanskje eg "må" bestille den?

Vinterferie dag 1

Alle fire kidsa var samla i heimen for ein gongs skuld, og vi la derfor opp til ein roleg dag. Dei to yngste gjekk ut og leika medan det var dagslys og snø - begge delar forsvann i løpet av dagen. Sjølv sette eg meg til med retting av elevarbeid, og så brukte eg ein del tid på å mekke saman middag til heile rabbegjengen. På menyen stod kalvesteik, kjøpt ferdig steikt, og attåt hadde vi mellom anna fløytegratinerte poteter med store mengder kvitlauk.

I kveldinga gjekk eg meg ein tur i vel ein time. Det regna og bles heilt forferdeleg, og eg gjekk og heldt i hetta for ikkje å få piskande regn i auga. Ungane kosar seg med inneaktivitetar av ymse slag, og feriekjensla er på topp.

søndag 19. februar 2012

Fastelavn 2012

Dagen i dag var til dels nydeleg, med eit tynt lag nysnø og ein del sol. Eg sette ein deig av ferdig "bolleblanding" før eg gjekk ein tur ut. Då eg hadde trilla ut bollane, sette eg meg til med skulearbeid, og så vart det etterheving og steiking som variasjon i arbeidet. Som lærarar flest har eg eit par gedigne rettebunkar å kose meg med i ferien, og eg nytta høvet når eg var aleine til å få unna nokre timars arbeid.

Gjengen kom i 18-tida, og då serverte eg ferske bollar med krem og syltetøy (og eit lite melisdryss).

lørdag 18. februar 2012

Bok 12 2012: "Rinnans testamente" av Ola Flyum og Stein Slettebak Wangen

Då motstandsmannen Odd Sørli døydde, skulle slekta slå sund arbeidsbordet hans. Det viste seg at pulten inneheldt eit manuskript om Henry Oliver Rinnans liv som landssvikar, ført i pennen etter diktat frå Rinnan av Odd og broren Kjell. Like etter krigen var det umogleg å få publisert manuskriptet, så det vart gøymd.

Innhaldet i boka eg har lese er ein presentasjon av dette manuskriptet, men òg kommentarar om kva som har vore sant, og kva som er skrøner og mytologi. Rinnan ønskte i 1945 å stille seg sjølv i eit positivt lys, for mellom anna å redde livet sitt, og Sørli-brørne vart noko prega av framstillingane hans.

Ei interessant bok for alle som er opptekne av andre verdskrig - ei utømeleg kjelde til spekulasjon og ettertanke.

Så enkelt at til og med Mor....

Barnefaren og Storegut hadde sett saman ein stol og lagt klar ein annan som modell for meg, så det gjekk greitt å true saman dei tolv resterande spisestuestolane aleine. Den første brukte eg ein time på, men etter kvart som eg kom inn i det, gjekk det på eit kvarter. og resultatet vart bra. Sjølvgjort er verkeleg velgjort, og eg er rimeleg stolt av nyerverva dugleik.

fredag 17. februar 2012

Kjøkenbord og -stolar ferdig montert

Eg tilbaud meg å lufte hundar, dersom Barnefaren og Storegut tok seg ein tur inn i Nyehuset og sette opp spisebordet. Etter over ein time heldt dei enno på å studere bruksanvisninga, og eg fekk kalde føter i høve til morgondagen, då eg skal montere stolar aleine.

Etter nok ein time fekk eg ein mail med bilete av ferdig montert bord og stolar. Vi skal berre ha fire kjøkenstolar og eit lite bord, for spisebordet er stort nok når vi er fleire. Alt i olja eik og svart skinn.

torsdag 16. februar 2012

"Fame" som skulemusikal

Onsdag var det première på årets musikal ved Volda vgs. I dag hadde familien og eg billettar til den første framsyninga, klokka 18.00. Det vart mykje flott musikk og dansing, og i år var kanskje skodespelarkunstane ekstra gode. Dei aller beste vokalsolistane kom i avslutningsnummeret, men også koret og orkesteret var imponerande. Eg gratulerer musikk- og medialinjene med eit flott prosjekt!

The Iron Lady (Jernkvinnen) som skulekino

Eitt av dei få frynsegoda i jobben er at vi av og til får sjå film i arbeidstida. No skal det seiast at eg i dette tilfellet ikkje berre gjekk og såg ein film, men derimot har hatt fleire timars førearbeid der eg har lese meg opp på britisk historie og "Thatcherism". Eg var uansett spent på korleis filme var laga, og korleis den ville falle i smak.

Meryl Streep spelar den aldrande Maggie T som ikkje heilt vil innsjå at mannen er død og at ho sjølv er noko dement. I tillegg ser ho ofte attende på episodar frå eige liv.

Eg likte filmen svært godt. Den gir eit portrett av ei kvinne som arbeidde seg opp i eit mannssamfunn, utan at resultatet dermed vart eintydig positivt. I tillegg fortel den ei nydeleg kjærleikshistorie, og ein får noko innsyn i historiske hendingar. Om ikkje anna, er Meryl Streep sin innsats fantastisk.

onsdag 15. februar 2012

Lommerosk på konsert

I kveld var det musikkskule-konsert i Volda, og Storegut deltok både som gitarsolist og saman med bandet Lommerosk, der han spelar gitar og syng. Det var mange andre flinke deltakarar òg, så det vart ein flott konsert, trass i at det vart litt seint og vi fekk litt øyretopp. No ser vi fram til UKM om litt over to veker, der gutta skal delta med ein eller fleire av sine sjølvkomponerte songar.

Mamma Monterer



Eigentleg skulle vi ha besøk av ein kompis på fridagen, men det vart endring i planane. Etter litt vurdering, og ein heil del skulearbeid, fann eg ut at eg skulle fylle opp Lillebil med diverse servise og leiker medan eg steikte pannekaker. Etter middag kjørte så ungane og eg inn til Nyehuset, der vi sette på plass det vi hadde med oss og monterte ei hylle til å ha på badet nede. Storegut og eg debuterte med skruemaskin (er det det som heiter drill?), og vi var svært nøgde med resultatet. Dermed kasta vi oss over arbeidsteikningane til TV-bordet, men etter over ein halvtime gav vi opp. Vi skuldar sjølvsagt på dårlege arbeidsteikningar.

Serviset hadde eg pakka i nyvaska, nyinnkjøpte handdukar, og desse var meint til å ligge pent samanbretta i den nye hylla. Vi får sjå korleis det ser ut om eit par månader.

No ventar eg på eit lass møblar som skal leverast på døra - og så håper eg at eg får til å montere dei 18 stolane sjølv. Batteriet til skruemaskina ligg i alle fall til lading.

tirsdag 14. februar 2012

Barnepiken (the Help) på film

Endeleg kom den i posten, og endeleg fekk eg tid og høve til å setje meg ned og sjå film. Etter å ha likt boka godt er det alltid vanskeleg å sjå ein film, for der er så mykje som vert utelate eller ikkje forklart godt nok. Ein del er dessutan endra, til dømes heile komposisjonen i boka. Eg sleit litt med å kjenne att figurane og miljøet, og nokre av dei var direkte karikerte. Likevel likte eg filmen, og eg trur at eg kan kome til å bruke den i undervisninga for å vise korleis segregering var i praksis i Sørstatane på 1960-talet. I VG1-klassen har eg allereie vist "Mississippi Burning", så i år blir filmen i tilfelle brukt i gruppa i internasjonal engelsk.

mandag 13. februar 2012

Fill her up

I dag stilte Barnefaren med Storebil, og inn i den fekk han stappa ei vaskemaskin, ein tørketrommel, eit golvteppe og ein Kenwood mixmaster. Det gjeld å tenke klart når ein er på handel, og ikkje alt er naudsynt å bruke like mykje tid på. Eg synest det er greitt å sjå på møblar, tepper o.l. på Internett før eg handlar, så eg får oversikt over prisar og utval.

Teppet skal ligge under spisestuebordet, og eg valde derfor eit lett og nøytralt teppe som skal vere enkelt å halde reint. Eg tenkte det kunne vere greitt å ha teppet liggande når bordet skal monterast.

søndag 12. februar 2012

Morsdag 2012

Dagen begynte med at småungane lurte på om dei snart fekk frokost. Etter ein del instruksjon dekte dei på bordet. Så vart det litt styr då Minstemann ikkje kunne framvise morsdagskort, og Veslejenta sladra om at han hadde nekta å lage kort på SFO fordi "han ikkje gadd".

Etter kvart fekk vi somla oss ut i bilen og kjørt Veslejenta i selskap, medan vi hine tok turen til Nyehuset. Der begynte vi med å lage brising og brenne diverse gammalt listverk, småendar av nyelistene og platene og diverse papp og rusk. Deretter kom Barnefaren og hjalp oss med å montere opp to svarte lenestolar med krakk, i tillegg til eit salongbord. Så henta han papptallerkenar og marsipankake, så vi fekk feira morsdagen på meir tradisjonelt vis med første måltid i Nyehuset.

Vel heime har eg dusja av meg lukta av bål og sessa meg i godstolen med skulearbeid. Om ei stund skal eg sjå ein av dei filmane eg har liggande, og som eg har sett fram til å nyte i einsemd.

Gratulerer med morsdagen alle andre mødrer der ute!

Bok 11 2012: "Arven" av Katherine Webb

Ei kvinne, Rick, finn eit gammalt bilete av oldemora med ein liten baby på fanget. Årstalet på biletet stemmer ikkje med bryllaup og barnefødslar i oldemora sitt liv, og dermed er mysteriet i gang. Eit anna mysterium er den vesle guten som forsvann i Ricks barndom, ei heding som har sett djupe spor i livet til systera, Beth.

Romanen er underhaldande og spennande, og heilt grei som den type lesing. Ein får litt innblikk i ulike miljø og tidsepokar, og eg synest det vert mykje å fokusere på. Eitt av miljøa frå fortida hadde vore nok for meg, spesielt frå livet til oldemora. Likevel er dette ei bok som eg vil anbefale andre å lese.

lørdag 11. februar 2012

Norsk finale i MGP: siger til Tooji

I kveld sat vi samla framfor TV-en for å få med oss eitt av årets høgdepukt: den norske finalen i Melodi Grand Prix. Vi hadde på førehand sett delfinalar og youtube-klipp, og eg var eigentleg klar på at Nora var favoritten min, med soge "Somewhere beautiful". Etter kvart har eg rukke å bli litt lei av den songen, medan ein annan vart betre og betre i mine øyre. Den enda opp med å vinne, og eg enda opp med å skremme ungane med ubeherska gledesbrøl.

Heia Tooji!

Morsdagsgåver dagen før dagen


Eigentleg var det gåve nok å få hjelp til nedvask i dag, men i tillegg fekk eg eit Flora-krus og ei nydeleg lykt (den er stor, og altfor fin til å ha ute). Tusen takk til born og Barnefar for kjempefine presangar!

Nedvask i nyehuset

Så var den store vaskedagen komen. Utstyrt med bøtter, klutar og moppar drog vi til nyehuset for å vaske ned. Huset var sjølvsagt gullande reint då eg kjøpte det, men no hadde det lagt seg støv etter saging over heile huset. Truleg er der noko svevestøv att, så prosessen er ikkje over enno, men vi fekk i alle fall vaska ned heile huset bortsett frå rommet til Storegut, som berre vart støvsuga så lenge. Det eignar seg godt som mellomstasjon for møbelkasser og monteringsstad for småmøblar, så slepp vi å få isoporbitar spreidd rundt meir enn naudsynt. Det står att ein del ryddearbeid ute, så det blir truleg ein tur inn i morgon òg, viss helsa held.

Vel heime lagar eg mat medan ungane kosar seg på loftet med "kamera-spel" på PS. Ein god lyd å høyre på!

fredag 10. februar 2012

Når fangevaktaren liknar på Shakespeare

Tilfeldigheitene ville det slik at eg denne veka skulle vise filmen "Shakespeare in Love" til den klassa eg har i engelsk og norsk. Vi las utdrag frå "Romeo and Juliet" i læreboka, såg Youtube-klipp frå filmen "Romeo and Juliet" frå Zeffirelli-filmen (1968) og begynte deretter å sjå den litt lystigare filmen om overklassejenta Violas sommar som skodespelar i Shakespeares trupp.


I ei anna klasse har vi lese litt om Sør-Afrika og Nelson Mandela, og no ser vi filmen "Goodbye, Bafana" om Mandelas tid på Robben Island.

I det eg sat og følgde med i handlinga, syntest eg det var noko kjent med dei brune auga til fangevaktaren. Eg trengde ikkje vere nokon Poirot for å oppdage at han var den same Joseph Fiennes som spelte Shakespeare ni år tidlegare, og som eg såg i timen før. Begge filmane er svært gode, kvar på sin måte, og dei gir innsyn i fortida på ein måte det er vanskelegare å lese seg til.

torsdag 9. februar 2012

Bok 10 2012: "Øst for Eden 2" av John Steinbeck

Om eg var begeistra for den første delen, er eg minst like begeistra for den andre. Mesteparten av denne boka handlar om dei to tvillingbrørne Aron og Caleb, men her er òg fleire bipersonar som har interessante og spennande bakgrunnshistorier. Ikkje minst er det spennande å sjå korleis det går med mora deira, som forlet mannen og dei nyfødde sønene for å livberge seg som prostituert, og kinesaren Lee, som er den som tek seg mest av gutane i oppveksten.

Eg burde lese bøkene på engelsk, for dei er omsette til eit gammaldags bokmål med nokre irriterande feil. Ordet "straw" vert til dømes omsett til "strå" når det er noko ein bruker til å drikke brus av på café. Årsaka til at eg les dei på norsk er at eg har arva ein bunke gamle bokklubb-bøker, og då er det lettvint å lese dei slik dei ligg føre i bokhylla.

No ser eg fram til å sjå filmen, som eg allereie har fått i posten.

Onsdag kveld: rommet til Minstemann

Her manglar no kun ei list på vindauget, elles er rommet no klart til nedvask.

onsdag 8. februar 2012

Flink på fridagen

I dag var det ein nydeleg dag med sol og glede både inne og ute. Minstemann fekk besøk av kompisen, og dei herja på ute mykje av dagen. Eg måtte halde meg inne og steike dei obligatoriske pannekakene, men fekk gjort unna ein del husarbeid og skulearbeid langsmed. Ut på ettermiddagen var det tid for fotballtrening, og då gjekk eg sjølv tur medan ungane trena. Storegut skulle på konfirmasjonsførebuing og blir sein heim.

Eg har nytta tida etter fotballtreninga godt og blitt ferdig med ein engelskprøvebunke som eg fekk inn i går! No har eg ingenting å rette før ein gedigen bunke kjem inn på fredag, og ein annan neste veke. Det er anna arbeid eg er meir motivert for enn retting for tida, men skulearbeidet må gå framfor flyttesjau.

tirsdag 7. februar 2012

Bok 9 2012: "Slumdog Millionaire" av Vikas Swarup

Når eg no har lese boka for tredje gong, ser eg at den inneheld nokre svakheiter. Likevel er det ein svært god og underhaldande roman, som inneheld mange gripande og hjarteskjerande forteljingar vevd saman av notidsforteljinga om guten som greier å svare rett på alle spørsmåla i ein spørjekonkurranse på TV.

Årsaka til at eg las boka for tredje gong er sjølvsagt at eg les den saman med elevane mine i kurset "internasjonal engelsk" på vg2. I dag begynte vi å sjå filmen, som er svært ulik boka, men som likevel er vel verd å sjå.

Segmentering? Nei takk

Innan marknadsføringsteori nyttar ei omgrepet segmentering om klassifisering av forbrukarar. Eller "stempling", på godt norsk.

Siste vekene har eg irritert meg over annonseringa på facebook. Det har hagla av tilbod på slankebukser, slankebelte og slankepillar. Då eg tok opp "problemet" med nokre elevar, sa dei at dei aldri fekk slike annonsar på sidene sine, og at det truleg hadde noko med alderen min å gjere. "Alle" kvinner på min alder slankar seg eller vil sjå tynnare ut med juksebukse.

Lettare irritert fjerna eg alle slankeannonsane. Då poppa det opp nye annonsar; denne gongen for rynkefjerning, fjerning av åreknutar og pillar mot "overgangsplagar".

Kvifor kan eg ikkje heller få reklame om vårens skomote, nye vinar frå Vinmonopolet, weekend-reiser til London eller studium på Internett? Det ville ha gjort dagen min langt hyggelegare enn denne konstante påminninga om kva segment av folket eg tilhøyrer.

No saknar eg juksebukse-annonsen, som eg kunne le hånleg av, og torer ikkje fjerne rynke-annonsane i frykt for kva som då kan dukke opp. Blir det "Tena Lady", kanskje, eller vårens nyaste rullatorar?

mandag 6. februar 2012

Ballett, middagsbesøk - og fleire kvite veggplater

I dag var det ballett-måndag med middagsbesøk i Ørsta. Vi fekk servert deilig "Pacman-suppe" og pannekaker, og så kvilte vi oss og prata før det var tid for ballett og handel. Dei tre yngste skal på skidag i morgon, så det vart litt ekstra å tenkje på.


I mellomtida har Barnefaren lagt kvite plater på tre av fire blå vegger på rommet til Minstemann. Eigentleg hadde vi tenkt å behalde rommet blått, men så var det noko slite, og vi løyvde nokre plater... Fint og lyst blir det i alle fall, og han skal få blå gardiner som kompensasjon.

søndag 5. februar 2012

Salat på søndag

I dag brukte eg det meste av dagen til skulearbeid og husvask. Det er deilig å gå til ny veke med reint og ryddig hus. Ute bles vinden, så eg orka for ein gongs skuld ikkje gå tur - noko ironisk fann eg etter kvart ut at det var nasjonal "Kom deg ut"-dag...

Søndagsmiddagen vart lett og enkel: pastasalat. Som tidlegare nemnt på bloggen lagar eg ein basissalat med pasta, rømme, isbergsalat, skinke og fetaost. Alle i familien likar desse ingrediensane. I tillegg lagar eg til små skåler med det som berre nokre av oss likar: agurk, tomat, oliven og paprika. Eg burde ha laga til ei skål med mais òg, men det gløymde eg visst. På denne måten unngår ein at nokon sit og plukkar i salaten, og eg innbiller meg at ein et meir grønsaker når ein forsyner seg med det i tillegg.

Lister på laurdag


Laurdag spreidde vi oss rundt på ulike stader og aktivitetar. Barnefaren brukte mykje av dagen til å legge lister o.l., Storegut hjalp til med å koste vekk støv og rusk før han for på studioinnspeling og overnatting på Bjørkedalen.

Eg gjekk først ein lang tur aleine med lydbok, deretter tok eg meg hundane og dei to minste på sparktur. Vi kosa oss dessutan med barne-TV og MGP. Då Barnefaren kom heim ut på kvelden, hadde han gjort ferdig alt anna enn rommet til Minstemann (vi manglar nokre plater). I tillegg mangla han fugemasse til noko småplukk. Måndag blir det ein månad sidan vi starta på prosjektet - det har gått fort, men mykje står att sjølv om oppussinga vert ferdig.

fredag 3. februar 2012

Fin fredag

Etter jobb var eg for trøytt og gåen til å orke noko anna enn å kjøre ned på kaia og ta ferja over fjorden. Der henta eg småungane, og så tok vi oss ein tur på sparkstøtting med hundane som drivkraft. På grunn av ferjekaoset på fjorden var det relativt stor trafikk rundt fjorden, så vi enda opp med å gå tur i skogsvegen i staden.

Frisk luft og mosjon er deilig, ikkje minst når ein kan plante seg sjølv i godstolen etterpå med kaffi, julemarsipan og gode program på TV. Ikkje minst "The Voice".

Bok 8 2012: "Hundre år" av Herbjørg Wassmo

Eg kan enno hugse kor sterk "Huset med den blinde glassveranda" var for meg då eg las den i tidleg ungdom (den kom ut i 1981, då eg var 13 år). Etter den tid har eg lese mange Wassmo-romanar, og "Dinas bok" var på pensumlista då eg studerte norsk i 1990/91. I "Hundre år" kjenner ein att både personar og hendingar frå desse bøkene, men prosjektet er òg delvis sjølvbiografisk. Det har i dei siste åra vore populært å skrive si eiga forhistorie basert på fakta og fantasi, og Wassmo skriv om sine formødre og seg sjølv. Boka er interessant og spennande, sjølv om den verkar springande i komposisjonen utan at det vert eit stort poeng mot slutten.

torsdag 2. februar 2012

Hektisk, faktisk

Etter endt ordinær jobbdag tok eg meg ein tur innom TREN før foreldremøtet. Deretter var det henting av tre stk ungar på tre ulike stader og til ulike tider, før eg i 21-tida kunne sige ned i godstolen. Eg kjenner at eg snart er klar for helg!

I mellomtida hadde Barnefaren spikra på lister og hengt opp lampar i min neste heim. Ikkje verst å få tilsendt bilete av framdrifta!

Bok 7 2012: "Heia Oldemor" av Ingvar Moe

Mange hugsar nok Ingvar Moe på grunn av den morosame teksten "Jul i gamle dagar". Det var i alle fall dette minnet som gjorde at eg vart interessert i barneboka "Heia Oldemor". Det er ei samling historier om ei oldemor uanom det vanlege - ho reiser mellom anna på turné med Jahn Teigen.  Boka er frå 1984, og forfattaren døydde i 1993, men han les sjølv på lydboka, som vart produsert i 2002. Truleg har han lese den i "barnetimen for de minste". Innimellom kapitla kjem songar av og med Stanley Jacobsen ("ein skigard kan'kje vara evig, veit du"). Boka er svært underhaldande for store og små, og så er det kjekt med nynorsk litteratur også for born.