torsdag 30. april 2009

Hund i solnedgang




I kveld vart Nummer 3 med på tur for å sjå på solnedgangen - ho tok sykkel, og eg tok hund og kamera. Det var ikkje så fin solnedgang som tysdag kveld, då eg ikkje hadde med kamera, men litt betre enn i går. Typisk meg å lage slike prosjekt, forresten.

Lufta lukta av sjø og lauv, fuglane laga eit himla liv og vi fekk filosofert litt om livets mysterium. Våren er ei fantastisk årstid, og vi har hatt herlege dagar og kveldar her i det siste. Det er utruleg at vi ikkje har begynt på mai enno.

Bok 24 2009: "Kineseren" av Henning Mankell


I ein sein nattetime fullførte eg lyttinga til denne spennande krimromanen. Mankell er ein klar favoritt når det gjeld krimsjangeren, sjølv om eg til tider har vore mindre begeistra for filmatiseringa av Wallander-romanane enn for bøkene, som inneheld mykje interessant bakgrunnsstoff. I denne romanen får ein til dømes kjennskap til korleis kinesarar vart tvangssende til det amerikanske kontinentet for å bygge jernbane, og ein er i tillegg innom aktuelle problemstillingar på det afrikanske kontinentet. Personleg sette eg òg pris på ei reise til velkjende stader i London - til dømes Chinatown og den vesle parken på Leicester Square.

onsdag 29. april 2009

Wasted sunsets (Deep purple)

Sidan eg både i fjor vår og i år har vist til "wasted sunsets" i overskrifter på blogg-innlegg, er det kanskje på sin plass å informere folket: dette er ein av dei finaste songane eg veit om, og du kan høyre den her

Teksten har lite med vakre solnedgangar å gjere, men handlar tvert imot om det å gå glipp av solnedgangen fordi du har tatt "one too many for the road" - på grunn av einsemd og angst, kanskje (uttrykket "afraid to meet the dawn" talar for seg).

Songen er ein av dei mange gode på plata "Perfect Strangers" frå 1984, der den store hit'en var "Knocking at your back door".

No more wasted sunsets



Etter ein nydeleg fridag i solveggen og ein tur til Ørsta på avlyst ballett - kva er betre enn vaflar? Nummer 3 er no nesten ferdig utlærd vaffelrørar, og medan Eldstejenta tok seg av steikinga, gjekk eg ein lang tur med Bau for å sjå på solnedgangen. I det siste har det vore fantastiske solnedgangar når eg har vore ute og kjørt eller gått tur, men då har eg ikkje hatt med kamera. Irriterande. I kveld skulle eg derfor på fotosafari, men då var solnedgangen berre sånn passe gørr og daff. Ein vakker kveld tek eg kameraet og kjører til Flø. Eller går på Helgehornet.

Ein kan nesten seie at det vart to bomturar i dag - men det er no herleg ute for tida, med lysegrønt lauv, fuglesong og kvitveis. Varmt var det òg, sjølv om sola hadde gått ned. Både Bau og eg sette stor pris på nysteikte vaflar då vi kom heim. Gode var dei òg - særleg med brunost på.

mandag 27. april 2009

Mimring - denne gong om Bianca









Sidan eg har mimra om to av borna mine som har hatt bursdag, må eg ta med eit lite mimreinnlegg om hunden òg. Vi såg henne første gong i pinsa 2005, då ho var om lag tre veker gammal. Ved jonsoktider reiste Gubben og Eldstejenta til Bergen og henta det vesle vedunderet, som forresten går under namnet NUCH T-Bob's Bianca Born to be Mild. Ho er av rasen Bearded collie, og "NUCH" betyr at ho er norsk utstillingschampion. Den første sommaren var ho på camping i Sverige, i Fredrikstad, nesten heilt på Straumssetra og i Brundalen. Vi kunne ikkje gå så lange turar i starten, men no er ho veldig sprek. Og så er ho snill og "mild" som berre det - unntaket er sjølvsagt når jyplingen Bau prøver å ta styringa...

søndag 26. april 2009

Siste dag med ballettshow for denne gong



Når vårsol i bakkane blenkjer


Kan det finnast noko betre liv enn å gå rundt og nippe til kaldt kjeldevatn og rulle seg i tørt gras og kvitveis?

Hestane fekk sleppe oppom vegen i nytt gjerde i går, og der trivst dei verkeleg godt. Ein liten del av marka held på å gro att med småskog og høgt gras, og no set vi vår lit til at hestane greier å trampe ned/ete opp mesteparten. Dei arbeider i alle fall intenst med saka.

lørdag 25. april 2009

Ballettshowet backstage





"Vårens vakraste eventyr" blir det ofte kalla, ballettskulens tradisjonelle vårshow. I dag skulle eg endeleg få sjå det på skikkeleg, etter å ha sete i salen to kveldar før denne veka. Gubben følgde dei på premièren i går, og i dag tok eg med meg Minstemann og fire besteforeldre til eit smekkfullt Kulturhus.

1. akt var klassisk ballett, og handlinga var at nokre jenter gjekk inn i ein hage og møtte fuglar, dyr og såg blomar der. Nummer 3 gjorde ein fin innsats som bie.

I andre akt, som var jazzballett, var det laga klipp med film der folk uttala seg om songar dei likte og kvifor dei likte musikk. Heile akta skulle vere ein hyllest til song, og ungane hadde fått vere med på å velje ut songar som betydde noko for dei. Nummer 3 gjorde ein flott innsats til Aretha Franklins "Respect" - ho har verkeleg utvikla seg sidan sist! Hiphopgutta var også flinke, og her utgjorde Bygdegutane, som eg har kjørt på av og til, 3 av 5 elevar i gruppa. Dei brukte Aerosmiths "Walk this way", og det kribla i beina på Gamla òg. Eldstejenta var med i eit stilig nummer til ein song som heiter "Magic Carpet Ride". Elles var det mange flinke parti og fin musikk.

Siste akt var Contemporary, der Eldstejenta har vore med eit par år. Eg trur det er favorittdanseforma mi, sjølv om jazz er festlegare og har finare musikk. Akta handla om norrøn tid, og der var utruleg fine kostyme og mykje flott dans både av troll og vikingar.

To og ein halv time inne i ein fullpakka sal høyrest gale ut, men eg syntest det var både kjekt og rørande - samtidig som eg er stolt over eigne og andre sine ungar som er så flinke, uthaldande og tolmodige.

Gratulerer til Svigerinne og Bianca



I dag er det bursdagen til Svigerinna mi (eg har berre ei) og Bianca, den eine hunden vår. Biletet frå solveggen på Kongsberg viser litt av kor koselig vi har det der - Broren og Svigerinna mi må vere noko av det mest gjestfrie som finst! Årstalet er 2004, då vi stogga på Kongsberg på veg til Kristiansand.

Bianca vart fødd i 2005, og biletet er frå då ho kom hit, to månader gammal.

Fin Fredag




Så var det vinklubb igjen... Denne gongen var vi ni blide damer til bords, og vertinna hadde laga deilig mat som kunne fødd dobbelt så mange. Latteren sat som vanleg laust, og samtaletemaa varierte frå flekkfjerning (gjett kvifor) og korrekt oppbevaring av bunadssølv (Tupperwareboks på soverommet) til kjønnsskilnader i arbeidslivet (då hadde det begynt å bli seint).

(Kvifor er det forresten slik at menn på jobb seier "det ordnar seg", medan damer stressar og ordnar det, slik at mennene får rett?)


Vinen var veldig god denne gongen, med hint av "moderne solbær", i følgje vertinna.

Vi har samla permar med informasjon om vinar og vinklubbar som har vore, vi har eit spel som vi ikkje har fått tid å spele enno, og vi har vinbøker til inspirasjon og informasjon. Alt dette er samla i ein sportsbag med hjul, og den fungerer som stafettpinne.

Ein herleg kveld på slutten av ei tøff arbeidsveke.

torsdag 23. april 2009

Gratulerer, tante!


Som siste blogg ut her blant oss Sunnmøringane i slekta vil eg helse til Tante på Eid som har bursdag i dag. Illustrasjonsbiletet er teke sommaren 1983, det ser eg best fordi Nadja er så lita. Tante og Onkel var på besøk med dei tre borna og lundehunden Rossi, men eg trur ikkje det var noko selskap akkurat - etter antrekka å dømme. Tante er no omsorgsfull og omtenksam bestemor til 11, og nyt rolegare dagar enn då ho var banksjef. Kjenner eg gjengen rett, kjem dei attende med blogginnlegg om feiring!

Små og store gleder - og kreder


Så er vi i gang igjen: fem dagar med ballett... I dag fekk Minstemann vere hos Mormor og Morfar medan søskena dansa i timevis. Gamla tok seg ein pause midt i økta for å nyte solnedgangen og ei god bok, men stort sett vart ettermiddagen/kvelden tilbragt på Kulturhuset. Før vi reiste heim, fekk vi kveldsmat i Ørsta. Ungane er kjempeflinke til å danse, både våre og dei andre, og nesten enda flinkare til å vente på at det er deira tur og klappe til dei andre.

Minstemann vart litt imponert over den store "kreda" som Morfar hadde fiska...

onsdag 22. april 2009

Gratulerer!


Livet kan bringe med seg mange overraskingar og tilfeldigheiter. Våren 2000 budde vi framleis i Ulsteinvik, men eg reiste ein svipptur til Volda då Nummer 3 vart fødd (meir om det ut i mai ein gong). På rommet der eg vart liggande, vart eg kjend meg ei triveleg dame som også fekk sin Nummer 3, og som var frå Folkestad. Guten hennar vart fødd ein laurdag, og vår Nummer 3 måndagen etter. Vi fekk svært god kontakt, og praten gjekk om mange ulike emne. Fredagen etter det att vart naboguten her fødd, så vi fekk bli litt kjend med han òg før vi reiste heimatt.

Eg heldt sjølvsagt noko kontakt med dei andre baby-mødrene då eg flytta til bygda, og då vi mangla barnehageplass hausten 2001, var det den blide romkameraten min som steppa inn og passa Nummer 3 i to år. Slik gjekk det til at dottera vår hadde innslag av austnorsk dialekt (ho sa lenge "dom" i staden for "dei", til dømes) og at ho fekk drikke mjølk rett frå fjøsen og vere med på kalving. Ei av dei utsegnene vi hugsar frå hennar tidlegaste oppvekst, er då ho, totalt fritt for ironi, sa: "lukta deilig møkkaluft".

Då Nummer 3 skulle begynne i barnehagen hausten 2003, fekk romkameraten/dagmammaen jobb som assistent der. Sidan har ho vore i barnehagen, og no er Minstemann blant dei ho tek seg av.

I dag har ho bursdag, og vi helsar så mykje.

mandag 20. april 2009

Nostalgien tek av igjen


Eg skulle eigentleg leite meir etter eit foto av meg saman med Gro Harlem Brundtland, som "Besta" påstår finst, men som eg har nekta, nektar og kjem til å nekte på at eg har, i alle fall til eg finn det. Og så skulle eg gratulere landsmoderen, som eg i yngre år beundra stort. Eg får gratulere henne utan illustrasjon i staden.

MEN, så kom eg på noko meir eg kunne scanne. Eg la ut eit bilete av meg sjølv som 16-åring då Eldstejenta fylte år, og då må eg no legge ut eitt av meg sjølv som 12-åring no når Nummer 2 har hatt sin store dag!

Bok 23 2009: "Sommer på Saltön" av Viveca Lärn


Mange vil nok hugse TV-serien frå det svenske øyriket, og no har eg altså lese den første boka i serien. Eg trur eg vil skildre det som lett og koseleg lesestoff om vanlege menneske sine små og store problem. I boka får ein meir bakgrunnsstoff om personane, men serien er absolutt god den òg - spesielt på grunn av dei vakre naturbileta og dei gode skodespelarane.

Ei fin bok å kose seg med i solstolen etter nokre timars prøveretting - eller i bilen når ein ventar på ballerinaer...

søndag 19. april 2009

Sesong for feiring












Sist torsdag møtte om lag halve tredjeklassen min i pysjamas - eit sikkert teikn på at no er russefeiringa igang. Det blir tidlegare for kvart år, har eg inntrykk av, men i år er eksamen såpass tidleg for somme at eg forstår at dei vil feire ekstra tidleg. Russefeiringa har ein viss sjarme, sjølv om lærarane har ei hard tid i vente. Det er ikkje så lett å førebu russekullet til eksamen - vi er langt meir bekymra enn dei. Då er det viktig å hugse at kua har vore kalv, og at ein hadde relativt sorglause dagar den gongen òg.


Elles er det snart på tide med konfirmasjonar, noko eg tydeleg såg då eg var innom diverse butikkar i går og såg utstillingar av fint dekka bord som eg med stor lette kunne skride forbi heilt uengasjert.

Ingen stad venare sjå...




Brundalen er ei perle året rundt - ingen tvil om det. I dag tok Gubben med seg hundane, dei tre yngste + den eldste Naboguten og gjekk på setra. Der fann dei froskeegg og froskar, og dei fiska kreder. Ekstra kjekt var det at ein av hyttegutane også var der.

Eldstejenta var på overnattingsbesøk på Bjørkedalen, medan Gamla sat på plattingen med ein prøvebunke (der blir ho truleg sitjande i vår).

lørdag 18. april 2009

Vårslapp på vårslepp?



Når våren kjem, kjem også travle dagar med dansing før det årvisse vårshowet til ballettskulen. I dag var dei tre eldste på danseøving frå 11.30 - 15.00, og Gamla var "bakvakt" for dei av ungane som etter kvart vart ferdige med sine øvingar. Bakvakta vart nytta til shopping, så no er vi i rute med besteklede og kostyme. Trur eg.

Nummer 2 hadde fått mykje pengar til bursdagen sin, og vi fekk brukt ein del av dei på å kjøpe ny sykkel. Det var ein omstendelig prosess sidan der er tre sportsbutikkar i Ørsta, og avstanden mellom dei ikkje er så kort som mellom dei to sportsbutikkane i Volda.

Då eg kom heim i 16.00-tida, hadde eg faktisk allereie gått 10000 skritt rundt omkring i butikkar og kjøpesenter... Då "knalla" eg i sola - noko som gjorde godt, i og med at laurdagskvelden blir brukt til skulearbeid.

Gubben og Minstemann hadde ein litt rolegare dag, men dei fekk no med seg eit barneselskap på Folkestad i tillegg til å styre på i heimen.

fredag 17. april 2009

Bowlingparty






Storeguten vår har alltid feira bursdagen sin ute - med uteleiker og hesteriding som årvisse aktivitetar. I år ville han "feire ute" på ein annan måte; med bowlingfest i Ørsta. Som gjestar stilte søskena, to vener av Nummer 3 og seks gutekompisar. Då var bilane våre fulle.

Festen bestod av vanleg bowling, pizza og discobowling (sløkkt lys og musikk). Gutane var storleg fornøgde både med program og servering, og Gamla var eigentleg litt letta over å sleppe å bake.

Hip Hop Non Stop


















Om eg ikkje opplever skidagar som eit frynsegode, er eg desto gladare i å tilbringe arbeidstida i ein teatersal. I dag fekk eg vere med på ei danseoppvising med ei streetdance/hiphop-gruppe som kallar seg Circle. Dei var seks unge menn (illustrasjonen lyg, med andre ord), og dei heldt på i om lag 40 minutt. Ei solid treningsøkt for dei, og god underhaldning for oss. Elevane verka begeistra - dei gav i alle fall meir applaus enn dei plar gi meg etter ein ordinær engelsktime...

torsdag 16. april 2009

Bok 22 2009: "Classic Detective Stories" read by Edward Hardwicke


Edgar Wallace, Arthur Conan Doyle, Colin Dexter, G. K. Chesterton, Nicholas Blake, Sax Rohmer og Muriel Spark har skrive dei åtte kriminalnovellene som er samla i denne lydboka. Det er lenge sidan sist eg høyrde på ei engelsk lydbok, og det krev ein del meir konsentrasjon enn ei norsk. Likevel er det på ein måte ekstra givande. Novellene ekte gammaldags krimhistorier med umoglege mysterium og overraskande løysingar, og nokre av dei var direkte gode. Det må innrømmast at når eitt spor på CDen er på 50 minutt, kan det vere ein del informasjon som går tapt utan at ein fekk høve til å spole litt attende.

onsdag 15. april 2009

Familiefeiring på Landscape


Når ei skal på ballett og to skal på fotballtrening, og faren deira jobbar seint, må feiring av 12-årsdag improviserast. Familien var derfor på kinarestaurant i Volda i dag og åt middag. Far og søner fekk med seg presangen som Gamla og Nummer 2, med kameratane på slep, kjøpte i går, då vi hadde ein minnerik tur til Møbelringen. At det går an å ha så mykje moro på ei sengeavdeling - eg kan nemne at det mellom anna finst dobbeltsenger med motor som gjer at ein nesten blir "kleistra" dersom ein trykkjer lenge nok på knappen... Eg kjem truleg attende med rapport frå soverommet i eit seinare innlegg.

Gratulerer med dagen!

tirsdag 14. april 2009

Mimring om Nummer 2










































Eg skreiv ganske mykje om Storeguten i fjor då han hadde bursdag, så i år berre scannar eg nokre fleire bilete av han. Bileta ligg i tilfeldig rekkefølge, etter innfallsmetoden, men her er dokumentasjon av nokre merkedagar i livet. Guten på trappa i grøn jakke er på veg til barnehagen for første gong - tre år gamal. Eg var heime med Nummer 3 då, men han fekk gå i barnehagen på halv plass saman med Naboguten, som er like gamal. Rosarussbiletet talar for seg - og i år har vi ein ny rosaruss i heimen, sjølv om den karen hittil har vore skeptisk til å bytte ut cowboyhatten med rosa russehue. Og så ser vi eit bilete av ein gut i svart hettegenser utanfor den gamle skulen på Folkestad, der dei gjekk første året. Det er sjølvsagt første skuledagen.


Eg hadde eit innlegg som handla om alle uttrykka til Eldstejenta, men når ein blar i album og ser etter bilete av Nummer 2, ser ein oftast det same, blide smilet. Han har vore strålande blid det meste av livet, og den boblande latteren hans smittar oss andre stadig.

I morgon, 15. april, blir han 12 år. Presangar har han allereie fått, men vi skal no finne på noko kjekt for å markere dagen innimellom alle fotballtreningar og ballett-timar.