onsdag 30. desember 2015

Bok 110 2015: "Alt inkludert" av Marit Eikemo

Dette er ei bok som kan minne litt om den eg nyleg las av Heidi Linde ("Norsk sokkel"). Ein får eit slags inntrykk av kvardagslivet i Noreg, denne gongen gjennom ei mor med ei dotter som brått dukkar opp og skal bu i ei tom leilegheit. Dei må skaffe seg ting og møblar, og nyttar Finn.no til dette føremålet. Slik kjem dei i kontakt med andre menneske, noko som får følgjer for liva deira.

Ei bok det var lett å lese og lett å like, og ekstra kjekt at den er skriven på heilt vanleg, moderne nynorsk.

tirsdag 29. desember 2015

Bok 109 2015: "Bror din på prærien" av Edvard Hoem

Denne romanen er ei ny bok i den biografiske serien til forfattaren, der han diktar om forfedrar og formødrer basert på ein del faktaopplysningar (såkalla "faksjon"). Forteljinga begynner der "Slåttekar i himmelen" enda, med utvandring til USA/Canada som eit sentralt motiv.

Eg syntest denne boka vart litt langdryg, og litt for lite dokumentarisk. Det handla mykje om tankar og kjensler som forfattaren må ha dikta inn i forteljinga, noko eg meiner svekkjer teksten. Det stoffet som omhandla livet på prærien, var eg langt meir begeistra for.

Det er ein klar styrke at forfattaren les lydboka sjølv.

mandag 28. desember 2015

Bok 108 2015: "Norsk sokkel" av Heidi Linde

Dette er ei nydeleg bok om nokre menneske om opplever små og store problem i dagens norske samfunn. Menneska har ein viss samanheng til kvarandre, men historiene deira er sjølvstendige og kan lesast kvar for seg som forteljingar. Som døme på tema kan eg nemne alkoholisme, samlivsbrot og det å få gamle foreldre - altså svært vanlege problem, men ikkje handsama på nokon triviell måte. Heidi Linde skriv enkelt og lettleseleg, men boka er tankevekkjande og interessant som eit slags innsyn i menneskesinnet. Eg likte i alle fall boka svært godt.

søndag 27. desember 2015

Tredje juledag

I dag fekk dei to yngste og eg oss endeleg ut på ein skikkeleg tur i det vakre vintervêret. Utan kamera. Etter kvart vart det middag, som bestod av restar av det meste.

Ungane skulle til faren sin att, noko som er vemodig etter ei ferieveke som har gått altfor fort. Det kjem til å ta litt tid å ete opp restar og rydde huset.

Bok 107 2015: "Fordi jeg elsker deg" av Helene Uri

Denne ungdomsboka handlar om Elin, som får verdas mest fantastiske kjærast. Etter kvart dukkar det opp mørke skyer i livet hennar, som dei truande sms-ane frå Bjørn, og det viser seg at livet ikkje er så enkelt likevel.

Helene Uri skriv godt og engasjerande om viktige tema, men eg har også tidlegare hatt den kjensla eg sit att med no; at ho skriv om tema som var svært populære feministtema rundt 1980. Det vert derfor noko føreseieleg for meg, som las svært mange feministbøker i ungdomen, men eg håpar dette kan vere interessant for dagens unge. Eg kjem i alle fall til å anbefale den for mine elevar.

lørdag 26. desember 2015

Andre juledag: familieselskap i Ørsta

Då vi stod opp, viste det seg at Eldstejenta var blitt sjuk med feber og forkjøling. Ho måtte dermed halde seg heime frå det tradisjonsrike familieselskapet, og ho fekk heller ikkje gå ut på disco om kvelden.

Vi hine reiste til Ørsta, der vi fekk ein kjekk dag saman med besteforeldre, onkel, tante og alle fire søskenbarna frå Hareid. God mat og hyggeleg prat, slik det plar vere. Ingen tok bilete, trur eg.

Første juledag: storm og innevêr

Første juledag vakna eg i gryotta av at ein gjenstand fauk rundt ute på verandaen. Eg la meg ikkje att, men vart sitjande med ei god bok medan stormen herja ute.

Ungane stod ikkje opp før det leid langt ut på dag, og då kosa vi oss med brettspel og film, middagsrestar og julegodteri resten av dagen og kvelden.

Bok 106 2015: "Steikje te styr"

Denne boka fekk eg til jul frå ein som har skrive ein av tekstane i boka, og eg hadde ønska meg den. Boka gir seg ut for å handle om Sunnmøre, og det gjer den delvis. Forfattarane har tydelegvis fått frie tøylar. Det vert spekulert på om det finst typiske sunnmøringar, men òg fortalt om minne frå oppvekst og seinare hendingar. Eg likte nokre av tekstane svært godt, medan andre ikkje fall like mykje i smak.

Elles kan eg konstatere at målet om to bøker i veka i gjennomsnitt er nådd i 2015, noko eg ikkje hadde trudd eg skulle få oppleve.

torsdag 24. desember 2015

Julaftan 2015



I dag har vi feira på vanleg måte, med Snekker Andersen og Askepott, julaftanfrukost, gudsteneste og innspeling av julesong før middag og pakkeopning.

Alle fekk nyttige og kjekke gåver, og alt fall i smak. Her er berre blide fjes i kveldinga, når dei yngste kosar seg med tv-spel og dei eldste og mora ser serie på netflix.

Framleis god jul til alle blogglesarar der ute!

onsdag 23. desember 2015

Vesle julaftan 2015

I dag var Storegut på jobb, og resten av familien gjekk ein tur i pøsregn og vind. Deretter kosa vi oss med gløgg og gamle adventseriar frå youtube. Då Storegut kom heim, vart det servert risgraut, slik tradisjonen vår er. Eldstejenta fekk mandelen, slik tradisjonen vår òg er. På programmet elles står pynting av juletre, og så tenkte eg å få skrella poteter og rabber i dag, slik at eg kan konsentrere meg om anna matlaging i morgon.
 

Bok 105 2015: "Jeg blir heldigvis ikke lagt merke til" av Liv Marit Weberg

I denne ungdomsromanen møter vi ei jente som er ferdig på vidaregåande og skal starte eit nytt liv som student i Oslo. Så raknar alt saman, og ho får problem med å finne meining i tilværet.

Dette er ei morosam bok som mange vil ha glede av å lese, sjølv om slutten vart ein smule klisjeprega. Språket er friskt, og det er lite tekst på kvar side, slik at boka er lett å lese. Eg skal teste den ut på ein av ungdomane i huset, som er meir i målgruppa enn eg.

tirsdag 22. desember 2015

22. desember: siste handlerunde

Sjølv om vi handla mykje i går, vart det behov for ein suppleringsrunde i dag òg. Eldstejenta og eg for derfor til Eid på handel for å kjøpe dei siste små gåvene, den siste pynten og den siste maten. I går kjøpte eg roser til systera mi på Hareid, og i dag kjøpte vi roser til oss sjølve òg. Raude roser er noko vi er svært glade i her i heimen.

Ute pøsregnar det, så i bloggande stund kosar vi oss med juleprogram og gløgg mellom slaga. Seinare blir det tur med hund og sein middag. På menyen står Tikka masala.
Så vart det laga julegodter i vår heim òg.

Bok 104 2015: "A Prayer for Owen Meany" av John Irving

Eg las denne boka då den var ny, truleg i 1990, og eg hugsar at den gjorde eit uutsletteleg inntrykk. No har eg lese den på nytt, og eg er nesten litt skremd av kor lite eg hugsa, trass det uutslettelege inntrykket. Det eg hugsa, var den vesle Owen Meany som snakkar med ei konstant skrikande, lys stemme, som drep mora til eg-personen med ein baseball. Eg hugsa også beltedyret og julespelet der Owen insisterte på å spele Jesusbarnet.

Dette er ei tjukk bok som det har teke tid å lese, mest fordi den er så fortetta i meining. Owen er overtydd om at alt har ei meining, og slik kan det verkeleg sjå ut òg. Men så har eg også kosa meg veldig med dette attersynet. Boka er minst like god ved denne gjennomlesinga, og no trur eg historia vil sitje livet ut. Viss ikkje, får eg heller lese den om att igjen. Eg trur eg toler det.

21. desember: besøk på Hareid

I dag pakka eg med meg flokken og for til Hareid på familiebesøk. Storegut var på jobb, men kom etter i eigen bil. På Hareid fekk vi helse på heile tantefamilien, og det vart servert kjøtkaker, sviskekompott og byggrynsgraut, mellom anna. Nokre av søskenbarna spelte brettspel, noko som er ein tradisjon.

Elles bytta vi gåver, og på veg heim stogga Eldstejenta og eg i Ørsta og fekk med enda fleire pakkar. Deretter tok vi oss ein tur på Rema og handla ei handlekorg stappfull. Likevel fekk vi ikkje handla alt vi skulle ha, så det blir fleire rundar, om enn ikkje like store.

Av nytt elles kan eg melde at vi kjøpte oss eit plast-juletre i dag. Det strid imot dei fleste av prinsippa mine, men er langt meir praktisk med tanke på bli og livssituasjon.Viss det ikkje blir rette stemninga, får vi heller ha eit ekte tre neste gong.

mandag 21. desember 2015

Bok 103 2015: "Sandmannen" av Lars Kepler

Denne kriminalromanen hadde eg høyrt mange positive omtalar av, men eg vart noko skuffa. Etter mitt syn skreiv "Lars Kepler" ein fantastisk roman i "Hypnotisøren", men dei seinare bøkene deira har eg ikkje hatt så mykje sansen for. I denne romanen er løysinga rett og slett klisjefylt, og det går altfor lenge frå poenget blir avslørt til boka er slutt. Noko spenning er det undervegs, men dette vart litt for tamt.

søndag 20. desember 2015

20. desember: fullt hus

Søndag kom eg meg først ut på tur, deretter rydda og vaska eg huset før ungane kom heim. Dermed var mitt største juleønske oppfylt; heile familien samla til ferie og feiring.



Det vart tradisjonell tenning av fire lys, tradisjonell samling av alle born + hund til fotografering og ei lita boblefeiring til ære for "Straight A"-studenten.

I kveldinga har vi damene sett filmen "Love, Actually", medan gutane stort sett har jamma i kjellaren. No ser vi fram til ei fin veke med mykje fri.

19. desember: roa senkjer seg

Laurdag følte eg meg slapp og elendig, utan eigentleg å vere sjuk. Mest av alt hadde eg lyst til å sitje i godstolen med ei god bok, så då gjorde eg akkurat det mesteparten av dagen.

fredag 18. desember 2015

18. desember: siste dag på jobb

Siste dag før jul er alltid stemningsfull og hyggeleg på jobb. Vi går rundt juletreet, går i kyrkja og har kaffi og mat + litt underhaldning og talar. Mellom slaga var eg innom skulebiblioteket og hamstra meg ein bunke med bøker til ferien. Litt optimistisk mange, kanskje, men det er verre å gå tom.

Etter jobb handla eg inn dei absolutt siste julegåvene, så no er det berre å pakke inn nokre få og sortere dei i "heime" og "Hareid". Elles er det berre å glede seg som står att, og å kjøpe inn mat.

torsdag 17. desember 2015

17. desember: budsjettmøte

I dag var eg på kommunestyremøte etter jobb, det tok om lag seks timar. Budsjettet for 2016 skulle vedtakast, og det var mykje om og men før vi kom så langt som til avrøysting.

Vi fekk gjennom mykje bra, og storsatsinga i år var helse og omsorg. Ein skulle sjølvsagt ønske at det kom fleire midlar til fleire gode føremål òg, men økonomien er på eit lavmål, som i så mange andre kommunar.

onsdag 16. desember 2015

16. desember: fri-onsdag med førejulsaktivitetar

Etter ein frykteleg hektisk periode var det i dag godt å kunne bruke fri-onsdagen på huslege syslar. Eg har pakka inn gåver, prøvd å få oversyn og planlagt dei siste innkjøpa. Dessutan har eg sysla ein del med klesvask, rydda litt og slappa mykje av. I bloggande stund er det mykje att av dagen, og eg skal straks ut og gå tur før det blir heilt mørkt. Eg må sjå gjennom kommunestyredokumenta ein gong til før morgondagen, men elles håper eg på å kunne stikke nasen ned i ei bok eg har sett fram til å lese.

tirsdag 15. desember 2015

15. desember: Speedshopping

Etter jobb i dag køyrde eg til Ørsta, der eg handla litt på senteret. Seinare stogga eg langs vegen til Volda på tre ulike butikkar. Fangsten var fem gåver, to adventstakar, hundemat og gåve til hunden. Tidsbruk: knapt to timar, inklusiv køyring. Eg er ganske effektiv når eg får porsjonere ut handelen på denne måten, og eg vil helst unngå å ofre fridagen min til shopping. Tek eg ein runde etter jobb på fredag, skal eg klare å bli ferdig.

mandag 14. desember 2015

14. desember: juletallerken på partimøte

Etter jobb i dag vart det servert juletallerken for ei gruppe partifeller. Deretter hadde vi møte der vi diskuterte aktuelle saker i lokalpolitikken, til dømes sjukehuset og vegutbygging. Det er mange omsyn å ta i politikken, og av og til er det vanskeleg å vite kva som er taktisk lurt å gjere for å oppnå mest mogleg. Då er det godt å vere med i eit parti som er så stort og som har så mange røynde og kunnskapsrie menneske som medlemmer.

søndag 13. desember 2015

13. desember: tredje søndag i advent

Den nest eldste tenner det nest siste lyset, slik skikken vår er
Dagen starta tidleg, med retting av tentamenssvar før ungane stod opp. Det er den stillaste tida på dagen i ein heim der yngstemann er 12 år.

Det vart tidleg middag, og deretter gjekk vi oss ein tur heile familien. Det er ein koseleg skikk vi har, sjølv om turane sjeldan blir lange eller pretensiøse på anna vis. vi berre ruslar oss ein tur med hunden og snakkar om små og store emne vi er opptekne av.

Etter middag sette eg meg føre med rettebunken att, og i 19-tida kunne eg erklære meg ferdig med rettinga i 2015. Det er lite som slår kjensla av å vere ferdig med noko ein har arbeidd hardt og lenge med.

lørdag 12. desember 2015

12. desember: ballett, shopping og retting

Veslejenta skulle danse på framsyning i dag, og mora fekk fotoforbod (derfor ingen illustrasjon). Etterpå for Minstemann, Besta og Gamla på juleshopping i Ørsta, der gatene og butikkane var svært folksame. Vi var ganske effektive og flinke, synest eg.

Deretter fekk vi deilig nesten-julemiddag i Starevegen, før vi etter kvart somla oss heim.

No har eg brukt tre timar til å rette i kveldinga, og planen er å bli ferdig med den siste bunken i morgon. Jul utan rettebunkar er noko heilt anna enn jul med - det veit alle lærarar.

fredag 11. desember 2015

11. desember: om bunkar og fajitas

Etter jobb i dag tok eg meg ein kjapp butikkrunde før eg for heim. Det er ufatteleg lite handling som skal til før eg blir sliten, og eg var mildt sagt gåen etter veka. Ungane laga middag (fajitas) medan eg tok unna noko husarbeid og begynte å rette. Utover kvelden har eg lese ferdig korrekturen på dei 54 engelsktentamenane, og eg håpar på å få tid til å fylle ut retteskjema, skrive kommentarar og setje karakterar på dei innan helga er over.

Det skal bli godt å kunne lese noko fordi ein har lyst, ikkje fordi ein må, og så skal det bli godt å gi att arbeida før ferien. Det er viktigare for meg enn kaker og nedvask.

torsdag 10. desember 2015

10. desember: julefest på skulen

Vanlegvis er familien vår talrik i publikum, men i år kom verken besteforeldre eller storesøsken for å sjå på dei to yngste og skulekameratane deira.

Veslejenta var veldig flink som programleiar, og ho var òg med i eit songnummer og spelte dessutan bass på eit kornummer. Minstemann stilte med sjølvskrive dikt, som han på førehand hadde sagt mest bestod av nødrim.

onsdag 9. desember 2015

9. desember: retting, regn og rydding

I dag var det fri-onsdag, men eg vakna tidleg og sette meg til med ein bunke som eg spretta i går. Det er eigentleg to bunkar, men av same oppgåvesett, så eg rettar dei under eitt. Det er i alt 54 elevsvar, og det tek si tid når mange av dei skriv dobbelt så langt som på ein norsktentamen.

Då Minstemann vakna, hadde eg allereie fått unna eit par timars arbeid. Han hadde sove godt og lenge i den "nye" senga si, og eg var klar til å gå ut på tur rett etter at han hadde fått i seg frukost. Vi gjekk til Mjeltvika, som vanleg, og det var grått og ein del regn. Frisk luft gjer godt uansett.

Vel heime vart det meir retting for min del, medan han mora seg med lekser, tromming og rydding av rom. I kveldinga har vi fått laga til den nye senga på gjesterommet/kontoret, så no skal alle ligge godt i jula.

Bok 102 2015: "Vi ba aldri om vinger" av Vanessa Diffenbaugh

Boka fortel historia om ei kvinne som vart mor i ung alder, utan å vere gift. Mora tok seg av borna, som fekk eit nært forhold til besteforeldra. Når så besteforeldra reiser attende til Mexico, der dei opprinneleg kom ifrå, må mora legge om livet sitt og vere mor for borna sine.

Eg syntest boka var noko springande i tematikken. Ein fekk ikkje noko god forklaring på kvifor besteforeldra reiste attende til Mexico, og kjærleikshistoriene var svært lite overtydande. Heilt ok tidtrøyte, men eigentleg litt keisam, noko som vart forsterka av ei monoton opplesing.

tirsdag 8. desember 2015

8. desember: konsert, møte og ommøblering

Tysdag måtte eg utebli frå musikkskulekonserten etter arbeidstid fordi eg skulle på møte i forvaltingsstyret. Ungane filma kvarandre så eg skulle få sjå kva eg gjekk glipp av.

Vel heime fekk vi endeleg pakken med trommeutstyret som Minstemann bestilte før bursdagen sin, og dessutan vart to rammemadrasser leverte på døra. Vi har hatt litt av ein jobb med å lage til rom og senger til jul, men no skal alle kunne ligge godt.
Minstemann overtek Veslejentas seng og rom
Ny seng på nytt rom for Veslejenta (broren poserer)

7. desember: back to school

Veka derpå - er det noko? Måndag var eg frykteleg trøytt, etter ei veke med lite søvn og ein søndagskveld med særemne-innspurt til langt på natt. Eg fekk delt ut ein bunke ferdigretta tentamenar, elles vart timane så som så.

Etter jobb besøkte eg foreldra mine medan ballerinaene dansa, og vi kom heim i 18.30-tida. Det var for seint å sove middag då, så det vart ein relativt sløv kveld før eg endeleg fekk lagt meg.

mandag 7. desember 2015

Bok 101 2015: "Den lille kafeen i Kabul" av Deborah Rodriguez

Boka fortel historiene om fem kvinner som møtest i Kabul. Dei er ulike både i alder, nasjonalitet og bakgrunn elles, men historiene deira flettar seg saman.

Vanlegvis plar eg like bøker frå andre kulturar, men denne vart for klisjéprega etter min smak. For det første sleit eg med å halde dei fem frå kvarandre, og tenkjer at tre kvinnelagnader hadde vore meir enn nok. Alternativet ville ha vore å lage tydelegare karakterar som ein faktisk festa seg ved. Vidare syntest eg handlinga var lite original, og berre tidvis ispedd "fakta om Afghanistan" Aller minst likte eg slutten, som kuliminerer i ein einaste stor klisjé. 

søndag 6. desember 2015

6. desember: andre søndag i advent

På grunn av lystig lag laurdag vart det til at mykje av søndag gjekk med til å gå tur i regn og vind. det gjer underverk for slitne kroppar. Etterpå vart det å gjere seg klar til å gå i kyrkja i Volda, der det var konsert med symfoniorkester, kor og solistar. Veslejenta song "Little drummer boy" på nynorsk saman med ei venninne og ei anna jente på gitar, og det gjekk heilt fint.

I kveldinga kosar vi oss med makaroni og ost, peparkaker og gløgg, vi fyrer i omnen og tenner lys. Adventstida er ei fin tid viss ein stressar med måte.

lørdag 5. desember 2015

5. desember: rettebunke, vind og regn

I dag fekk eg ferdig den første rettebunken, slik at eg skal kunne ta rettefri resten av helga. Eg tvilar på at eg får dei hine bunkane ferdige til jul, men eg skal i alle fall begynne på dei i neste veke.

Ute er det eit sørdjeleg vêr med sterk vind og mykje regn. Det er ikkje noko særleg freistande å gå tur, men eg har heldigvis ein lys levande motivator som gjer dørstokkmila lettare å forsere.

I kveld skal eg til tettbygde strok og feire ei kollegavenninne som blir 40 år. Det blir sikkert stas!

4. desember: dropping av julebord

På denne tida av året er eg alltid sliten. Julebord på jobben er noko eg sjeldan har ork til, og heller ikkje i år klarte eg å samle krefter nok til å kjøpe antrekk og organisere køyring og hundepass. Det vart i staden ein stille og roleg fredagskveld i heimen, så får ein heller satse på ein festleg laurdag.

torsdag 3. desember 2015

3. desember: jobb og juleblomar

Jobbdagen vart ganske stressande, sjølv om eg berre hadde to timar undervisning. To av klassene mine hadde tentamen, og det vart mykje springing til romma og lufting av elevar. Når eg legg til at klasseromma ligg i tredje etasje, kan de tenkje dykk sjølve. I løpet av jobbdagen hadde eg gått 8000 skritt.

Likevel må eg seie at eg sveva ein del i dag, så mange av skritta var relativt lite nødvendige. Eg er letta og glad over å ha levert oppgåva mi, ingen tvil om det.

Etter jobb tok eg meg ein kjapp handlerunde, då eg var i total beit for klede. Sidan eg køyrde den vegen likevel, stakk eg innom Plantasjen og handla juleblomar med 30 % rabatt. Dei hadde silkevarianten òg, og plastjuletre, men vi går for ekte vare i år òg.

onsdag 2. desember 2015

2. desember: første bunke i advent

Rettingsarbeidet har måtta vente til oppgåva var levert, men i dag kunne eg sprette den første bunken. Eg kom om lag halvvegs, men har hatt ein lat fri-onsdag tydeleg prega av at eg var utsliten etter gårsdagen. Dessuten har det pøsregna heile dagen, så det har ikkje blitt verken tur eller turbilete. I kveldinga salar vi på oss tjukke klede og hovudlykt for å få litt mosjon og frisk luft.

tirsdag 1. desember 2015

1. desember: levering av oppgåve

Kanskje blir dette tidenes advent? Den begynte i alle fall bra: i dag slapp vi heim frå studiet eit par timar før tida, og eg nytta då høvet til å setje meg til å lese gjennom oppgåva mi ein siste gong. Best som det var hadde fire og ein halv time passert, og eg fekk endeleg levert. Tre dagar før fristen.

Eg har jobba ein del med den oppgåva, mest fordi det er heilt nytt for meg å skrive akademiske oppgåver på det nivået. Reint fagleg er ikkje studiet så vanskeleg, for alt eg lærer kan relaterast til tjue års praksis. No står det berre att å sjå sensuren - eg har aldri fått bokstavar som karakter heller, og det blir i tilfelle mine første studiepoeng. Vekttal har eg derimot rikeleg av.

søndag 29. november 2015

Første søndag i advent 2015

Denne veka har eg vore på fleire politiske møte, mista fridagen på grunn av jobb og politikk og hatt meir enn nok med å henge med i kvardagen. Laurdag tok småungane og eg oss derfor ein roleg dag med huslege syslar og tur med hunden medan Storegut var på jobb. Vindauga vart pussa, gardinene strokne og julepynten leita fram. dessverre hadde eg ikkje kjøpt juleblomar og røykelse, men vi er trass alt i november enno. Om kvelden såg vi film og kosa oss alle fire.

Søndag morgon var det deilig å vakne opp til delvis julepynta hus. Eg har ein del arbeid på vent, og no får eksamensinnleveringa ha førsteprioritet. Det er berre finpussen som står att, noko eg har sagt lenge, men ein må no berre setje strek for seg sjølv. Fristen er eigentleg fredag, men min personlege frist er onsdag. Då skal eg begynne på rettebunkane.

tirsdag 24. november 2015

Minstemann 12 år

I dag vart husets store filosof og trommis 12 år.

Minstemann vart fødd natt til måndag, og eg hugsar at eg hadde ete pinnekjøt til søndagsmiddag. Eg var ti dagar på overtid, og svangerskapet hadde vore tungt og slitsamt. Babyen var middels stor og heilt frisk, men dei neste månadene skreik han og måtte byssast om nettene. Eg tilbragte nettene sitjande i ein stressless i stova den vinteren, for at han ikkje skulle vekkje resten av huslyden.

All skrikinga og søvnmangelen gjorde at oppdragelsen vart noko annleis enn for søskena. Minstemann fekk det omtrent som han ville både med søvn og mat, også etter at han vart større. Ingen andre i heimen har ete så usunt, til dømes.

Dei tre eldste har spelt fotball og dansa, men Minstemann har ikkje hatt interesse for slikt. Han har hatt ein lidenskap om gongen, som til dømes då han gjekk i cowboyhatt i to år og seinare lærte seg 25 ulike slipsknutar. 1 1/2 år gamal kunne han dei fleste traktormerka, og året etter kunne han bilmerke. For eit par år sidan bygde han seg eit trommesett av diverse emballasje og gaffatape, og for 1 1/2 år sidan kjøpte han seg slagverk, som det meste har dreia seg om seinare.

Minstemann er musikalsk, skuleflink og veslevaksen på mange vis, og han og eg kan ha djupe filosofiske samtalar når vi går tur. Eg er uendeleg glad i guten min, som eg sjølvsagt er i alle fire ungane, og det er ei enorm glede å følgje dei på vegen mot vaksenlivet.

Gratulerer med dagen!

søndag 22. november 2015

Vakker vinterdag

Det har blitt mykje innejobbing i det siste. Oppgåva til studiet mitt har vore "nesten ferdig" veldig lenge no, og eg er ajour med vurderingsarbeidet på jobb før vi no til veka begynner med heildagsprøver. I tillegg har det vore kurs denne veka òg, no for Utdanningsforbundet, og eg har politiske saker eg må setje meg inn i og tenkje over. Det er mange ballar i lufta, og juleførebuingane står òg på lista over ting som skal gjerast.

Ekstra viktig blir då dei gode pausane i livet, som då eg i dag kunne gå ein lang tur med Charlie og glede meg over hans elleville leik i snøen. Eg fekk gleda av litt sol, og då eg kom heim, stakk ei rose fram frå snøen som ei påminning om at det kjem nye somrar, og at sola snart snur att.


lørdag 21. november 2015

Bok 100 2015: "Et minutts stillhet" av Siegfried Lenz

Atten år gamle Christian forelskar seg i engelsklæraren Stella, og dei innleier eit forhold. Denne boka begynner med gravferda hennar, og resten kjem som tilbakeskodande refleksjonar frå Christians synsvinkel.

Eg fann boka relativt uinteressant, og den var heldigvis svært kort (3 CD-ar).

Sesongens første snø

Gamla er ikkje overbegeistra for snø, sjølv om det vart veldig lyst og fint ute. Charlie hund, derimot, kosar seg med å springe tulling rundt i hagen medan Gamla har sete inne og lytta til elevopptak frå språklaben. 30 elevar fekk 20 minutt kvar, så det vart nokre timars arbeid. I det eg vart ferdig, var det eigentleg begynt å mørkne ute, og det snør tett. Charlie får nøye seg med å springe i hagen i dag, så får vi heller gå ein lang tur i morgon.

fredag 20. november 2015

Bok 99 2015: "Politi" av Jo Nesbø

Harry Hole er denne gongen på jakt etter ein mordar som drep politifolk på bestialske måtar.

Denne kriminalromanen vart svært populær då den kom. Eg syntest den var heilt ok, men ikkje særleg meir. Som så mange gongar før vart den altfor langdryg etter min smak, for eg likar betre kortare og meir intense krimbøker.

Innlesinga er god.

søndag 15. november 2015

Fin novembersøndag

Laurdag høljeregna det heile dagen, men i dag skein sola litt og det vart ein nydeleg dag. Dessverre blir dagane kortare og kortare, så det gjeld å nyte det ein kan av dagslys. Vi gjekk tur i Mjeltvika som vanleg.


lørdag 14. november 2015

Novemberselskap: Pappa 79, Minstemann snart 12

Dagens jubilantar



Mine to yngste pynta kaka
I dag har vi feira novemberjubilantane i familien på tradisjonell måte med julemiddag, og kakebord som dessert. Fem av dei 11 barnebarna til hovudjubilanten var til stades etter kvart, og døtrene. Resten av slekta er på Austlandet.

Det er ti dagar att til Minstemanns bursdag, men eg hadde fødselstermin 14. november 2003.

Det var ein regntung dag som var dyster på grunn av fæle hendingar i Paris, men det var ein fin dag å tilbringe saman med familie med god mat og prat.

fredag 13. november 2015

Bok 98 2015: "Hvordan elske en far og overleve" av Vetle Lid Larssen

I denne boka fortel Vetle Lid Larssen om forholdet til faren - enklare kan det ikkje seiast. At faren var ein kjend skodespelar og fekk Alzheimers visste eg frå før, men det er først og fremst refleksjonen om temaet som er interessant. Larssen skriv godt, og han les òg lydboka slik at boka får ein ekstra dimensjon.

torsdag 12. november 2015

Bok 97 2015: "Kunsten å elske et barn" av Kjell Erik Ullmann Øie

Forfattaren er mest kjend som politikar, og dette er debutromanen hans. Eg har lese den ut på to kveldar, noko som i seg sjølv seier noko om kvalitet.

Sebastian har hamna på skråplanet med narkotika og prostitusjon, og ein dag vert han teken på fersken i å stele smykke frå bestemora. Ho har hatt slag, og alle trur ho har mista taleevnen og ikkje skjønar kva dei seier, men ho har valt å bli stum, heilt til ho altså snakkar til barnebarnet som stel frå henne. Dei to begynner å snakke saman, og løyndomar i slekta vert oppklara gradvis.

Det er først og fremst forfriskande å lese ei bok som ikkje er føreseieleg, sjølv om ein kanskje kan gisse seg til nokre element. Karakterane er spesielle, og eg vart i alle fall interessert i å finne ut korleis dei var blitt som dei var. Eg likte boka godt, men veit ikkje om den har den heilt store litterære verdien. For meg var det mest interessant å sjå om karakterane kunne "slutte fred med sine indre demoner".

søndag 8. november 2015

Minstemann og Charlie


Vinklubb november

Fredag var det vinklubb att, denne gongen på Folkestad. Vi fekk servert nydeleg italiensk vin og pastasalat, og kvelden vart så lystig at eg vakna med gangsperre av all latteren.
Kveldens beste

lørdag 7. november 2015

Bok 96 2015: "Hvitt hav" av Roy Jacobsen

Ulikt mange andre var eg ikkje udelt begeistra for den første boka i serien, "De usynlige". Så vidt eg hugsar kommenterte eg på bloggen min at Wassmo skriv betre om kvinnelagnader på kysten av Nord-Noreg. I denne andre boka tek Jacobsen litt av, og på ein måte blir han meir Wassmo enn Wassmo sjølv er. Ingrid bur aleine på ei øy under andre verdskrig, finn ein nesten død russar som ho bergar attende til livet, og vips så er ho gravid. Det er ingen grenser for kva Ingrid klarer og har greie på, kva relasjonar ho oppnår og kor sterk ho er. Berre den opne slutten hindrar boka i å vere eit gedigent melodrama, men den tyder vel berre på at det kjem meir? Og ja, eg kjem til å lese den neste òg viss den kjem, for uansett melodrama og manglande realisme så har eg sansen for bøker om sterke kystkvinner som ordnar opp og jobbar hardt. Eg er dessutan svak for bøker med trivielle problem som korleis skal ein skaffe mat, korleis skal ein få i ein døyande mann føde og korleis skal ein få varme i huset. For ikkje å snakke om andre verdskrig - det er eitt av mine yndlingstema. Boka har med andre ord mange positive sider ved seg, men det nyttar lite å få til miljøskildringa viss ein ikkje har ei god og truverdig historie å fortelje.

tirsdag 3. november 2015

Bok 95 2015: "Mormor danset i regnet" av Trude Teige

Vi møter tre generasjonar med kvinner i denne boka, gjennom at den yngste finn ut sanninga om fortida til mora og mormora. Det meste på det planet av romanen er føreseieleg og klisjéfylt. Det som likevel gjer romanen verd å lese, er at den tek føre seg ein del av etterkrigshistoria som ikkje er så kjent, nemleg korleis det var i Tyskland like etter krigen og korleis russarane oppførte seg mot tyskarar i 1945.

Trude Teige baserer boka på faktiske hendingar, og eg trur eg ville sett større pris på ei dokumentarbok. Dette er ein lettvektar av ein roman, men den kan kanskje når ut til eit større publikum enn ei dokumentarbok ville ha gjort.

mandag 2. november 2015

Bok 94 2015: "Go set a Watchman" av Harper Lee

Harper Lee hadde fått mykje ros og heider for romanen "To Kill a Mockingbird", men skreiv aldri fleire romanar, før ho brått fann fram eit gamalt manuskript som vart publisert tidlegare i år som romanen "Go set a Watchman". Mange vart svært skuffa over innhaldet, men mange har òg sett pris på å møte att gutejenta "Scout". Ho var ein herleg karakter i den første boka, og har no blitt ei ung kvinne på tjueseks år som kjem heim til Alabama på ferie. Nokre år i New York har gjeve henne noko avstand til dei heimlege forholda, og forholdet mellom svarte og kvite har dessutan hardna til i og med at kampen for borgarrettane til dei svarte er i frammarsj.

Vil Scout tilpasse seg miljøet i Alabama og gifte seg med barndomsvenen? Og vil ho akseptere at faren, som ho beundrar meir enn nokon andre, har andre haldningar enn ho forventar? Eg skal ikkje svare på det her, berre seie at eg likte boka godt, spesielt når det kom fram fleire barndomshistorier om Scout og kompisane hennar. Det seier vel litt om at den første boka er best, men eg meiner denne òg har god kvalitet.

fredag 30. oktober 2015

Halloween-fest

I år er eg ikkje med å arrangere fest, sidan vi i fjor innførte ein ny tradisjon: arrangørar er niande klasse, som samlar inn pengar til neste års Polen-tur. Mine to heimebuande var klar til å kle seg ut, men særleg skumle vart dei ikkje. Noko sminke ville dei ikkje høyre snakk om. Eplet fell langt frå stammen nokre gonger...