Viser innlegg med etiketten musikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten musikk. Vis alle innlegg

lørdag 25. november 2023

Gjengen samla til "Bygdles"

 



I 2019 var dei to yngste med i ei lokal musikkframsyning, og i år kom ein ny episode i serien om "Bygdles" - Folkestadbandet som kan minne til forveksling om eit anna band. Også denne gongen var Veslejenta med på song og Minstemann på trommer. Veslejenta hadde vore plaga med sjukdom i fleire dagar før framsyninga, men ho gjennomførte med glans, slik alle dei andre også gjorde. 


Med meg blant publikum hadde eg Eldstejenta, som hadde teke turen eins ærend frå Oslo, Storegut og kjærasten som kom eins ærend frå Trondheim og Svigerdottera, som kom heilt frå Ørsta. Ho hadde i tillegg laga middag til alle tidlegare på ettermiddagen. Etter framsyninga for vi heim og kosa oss saman med ost, kjeks og diverse. Noko av det beste eg veit er å ha gjengen samla, og no var vi ganske mange. Det var mykje prat og latter før vi tok kveld.

søndag 30. oktober 2022

Korpsbasar


Minstemann og kjæresten pynta seg i 80-talsklede og for på basar. Korpset hadde øvd inn musikk frå 70-, 80- og 90-talet, og det var fullt hus og stor stemning i gymsalen/grendahuset. Dei spelte flott også, berre så det er sagt! Minstemann har begynt å spele saksofon i korpset i tillegg til å spele noko trommer. Der er to til som spelar slagverk, så no får dei spele meir sidan han sit i fremste rekke med saksofon. Han hadde eit par soloar der òg, i tillegg til den imponerande "fascinating drums". 

søndag 16. oktober 2022

Miniferie til Molde, Eide og Åndalsnes

Veslejenta kom heim på haustferie, og dermed rauk min opprinnelege plan om å reise til Trondheim i ferien. I staden tok ho og eg ei hotellovernatting i Molde, og fekk dermed reist til Eidehallen for å høyre på Minstemann og bandet BASK. Dei var nemleg på fylkesmønstring i UKM Møre og Romsdal og skulle ta del i ein konsert onsdag kveld. Eg trur det var mi femte fylkesmønstring - det kunne ha blitt ei til i 2020, men det får vi aldri vite (det var tre nominerte til to plassar det året, men alt vart avlyst). Gutane gjorde ein flott innsats - dei er svært musikalske og flinke. 








Dagen etter reiste Veslejenta og eg heim, etter ein fantastisk hotellfrukost på Scandic Seilet. Vi tok ein omveg til Åndalsnes, der vi hadde eit sterkt ønske om å sjå bysta av Dag Otto Lauritsen. Vi tok oss også ein kakepause på café.

Skarpsynte lesarar kan sjå genser nummer 35 på sin nye eigar.





lørdag 15. oktober 2022

Poor Rick på Tredet

Det er ikkje ofte Gamla går ut, og som regel er ein eller fleire av ungane eit påskot. Så også denne gongen, då Storegut og bandet "Poor Rick" kom til Volda for å spele på Tredet. Eg hadde ikkje høyrt sonen synge live sidan Trøndertun, trur eg, og det er årevis sidan. Eg har sjølvsagt høyrt diverse opptak, men det er ikkje slett det same. Mektig imponert og djupt rørt vart eg i alle fall. Favoritten er songen "bleeding heart", som ligg ute i diverse medium.


fredag 14. februar 2020

Musikal 2020: "Askeladden.dotcom"

I år var det Minstemann sin tur, som sistemann i søskenflokken, til å vere med på skulemusikalen ved Volda vgs. Han deltok i koret i år, og det klarte han fint. Dei hine elevane var òg flinke, både til å synge, spele og danse, og i tillegg hadde mediaelevar og KDA-elevar delteke i dette enorme tverrfaglege prosjektet. Viss eg skal kritisere noko, er det at få av instrumentalistane fekk skine på scenen. At koret står synlege og deltek med rørsler og mimikk, er eit positivt innslag. Mange i salen er pårørande og set pris på å sjå elevane, og det er òg flott at dei får øve seg på skodespel. Det er imponerande kva ein får til på relativt kort tid!

søndag 15. desember 2019

14. desember: konsert med Adam Douglas i Fosnavåg

Laurdag henta vi med oss Mormora og reiste til Fosnavåg, der det var konsert med Adam Douglas. Eg kjøpte billettane tidleg i haust, for dette ville vi ikkje gå glipp av. Konserten var veldig fin på mange måtar, og julestemninga kom sigande på. Douglas hadde med seg eit fantastisk band, i tillegg til eit lite gospelkor, og repertoaret var både variert og stemningsfullt. I tillegg var Douglas morosam og kjekk å høyre på.

Storegut køyrde Mormora i bilen hennar, for bilen min er for liten for seks personar. Vegane var berre, så det var ingen problem med føre eller noko anna på turen, men det vart no mykje køyring for oss som kom heilt heimanfrå.

lørdag 30. november 2019

Jubileum på Kaihuset

Tysdag kveld var det 20-årsjubileum på Kaihuset i Ørsta - eit ungdomshus som mange bygder kan misunne dei. Migraine har ein av øvingskveldane sine der, og dei var inviterte til å spele på jubileet både aleine og saman med Egil Olsen. Det vart ei kjekk stund, med talar i tillegg til musikkinnslaga.

lørdag 16. november 2019

Bygdles

Denne helga er det ei storhending på Folkestad. Bygdefolk frå Folkestad, Straumshamn, Kile og Bjørkedal har, i tillegg til innleigde krefter frå Volda vore opptekne med konsertteaterstykket "Bygdlesfeber" i lengre tid, og denne helga er det to utselde framsyningar. Veslejenta deltek som vokalist på i alt fem nummer, og Minstemann speler slagverk gjennom heile stykket.

Eg såg framsyninga fredag kveld og vart mektig imponert, underhalden og lattermild. Det var rett og slett fantastisk kjekt!

søndag 7. juli 2019

Kongens ring på Herøy gard

Eg tok også i år turen til vikingspelet "Kongens ring" på Herøy gard, denne gongen saman med dei to yngste. Det var relativt kaldt vêr, men opplett og nesten vindstille, så det gjekk fint å sitje i ro ute i halvannan time. Stykket var noko endra sidan sist, men det var også i år flinke aktørar i små og større roller. Over 300 personar er involvert i produksjonen, så dette er dugnadsarbeid av høg kvalitet.


søndag 17. mars 2019

UKM 2019

Søndag var det tid for årets UKM i Ørsta/Volda. Minstemann deltok saman med bandet Migraine, og i tillegg spelte dei for ei jente som song. Det var svært mange flinke med i år, og eg vil påstå at nivået var høgare enn på fleire år. Det er utruleg kjekt å sjå og høyre dei mange talenta i dei mange sjangrane!

onsdag 20. februar 2019

Back to the future - for the world's sake

Eitt av årets høgdepunkt er sjølvsagt musikalen på vidaregåande. Veslejenta går tredje året der, og i år fekk ho fleire oppdrag som solist, i songgrupper og som dansar. Det vart derfor ekstra kjekt for familien å sjå, og både søsken, Tante, Mor og Mormor sat i salen i dag. Eg var mektig imponert over årets produksjon, der mediaklassen hadde sett sitt tydelege preg med filmar og kulissar.



Blant publikum i dag var denne kjekke gjengen

søndag 27. januar 2019

Opning av Ørstahallen

I dag skulle bandet til Minstemann, "Migraine", spele i den flunkande nye fleirbrukshallen i Ørsta. Veslejenta og eg var til stades i salen saman med frykteleg mange andre. Det var god stemning og mange takketalar, og eg ser fram til at vi skal på opningsfest i ein flott hall i Volda om ikkje så frykteleg mange år.

Migraine spelte dei same to songane som på Battle of the Bands, og det var stor stas å ha eit så stort publikum. Dei greidde seg svært godt.

lørdag 15. desember 2018

14. desember: songtentamen, besøk og kyrkjekonsert

Sidan eg hadde fri frå jobb i dag, kunne Storegut og eg ta oss ein tur på jobben min for å høyre på Veslejenta, som hadde tentamen i song. Etterpå vart ho med oss til Ørsta, der vi først handla litt og deretter besøkte mormora. Vi fekk gjort nokre ærend for henne òg, så litt nytte var det i oss. Veslejenta vart att i Volda då vi hine skulle heim.
På besøk i Starevegen

Altartavla i Dalsfjord kyrkje

Julekrubba i Dalsfjord kyrkje

Vel heime skulle eg eigentleg lage middag, men ingen av gutane ville ha mat. Korpset skulle spele i Dalsfjord kyrkje, og Storegut og eg vart med Minstemann inn dit. Eg hadde aldri vore inne i den kyrkja før, så det i seg sjølv var veldig kjekt. I tillegg var det veldig stemningsfullt å lytte til korps, kor og solistar.

Middagen vart servert nærare klokka 23, og det vart eit solid måltid med peparbiff, soppstuing, poteter og grønsaker. Får ein eldstesonen heim på juleferie, må det serverast kraftkost!


Det kjennest som om denne dagen har vore ekstra lang og innhaldsrik.

søndag 2. desember 2018

1. desember: Battle of the Bands

I dag skulle Minstemann delta på Battle of the Bands i Ørsta. Eg sa eg kunne køyre han og kompisen bort til lydsjekken klokka 14, og så gjorde eg nokre ærend saman med Veslejenta og besøkte Mormora før konserten.

Konserten varte og rakk, og det var ein del flinke som var med. Vi var ikkje spesielt forundra då bandet "Migraine" fekk flest stemmer blant publikum, for vi var fleire foreldre- og søskenrepresentantar til stades. Det vart ekstra stor stas då dei også vann førstepremien, som i tillegg til ære og berømming var eit gåvekort på 5000 kroner.

Det heile var sjølvsagt vel fortent, det var vi mødrene einige i, i alle fall.

lørdag 24. november 2018

Kyrkjekonsert 2018

Torsdag kveld var det den årlege kyrkjekonserten til musikklinja på skulen eg arbeider ved og Veslejenta er elev ved. Ho gjorde ein strålande innsats saman med resten av elevane frå alle tre åra ved linja, og vi fekk ein stemningsfull kveld. I dag, laurdag, hadde lokalavisa to sider med omtale og bilete.

onsdag 24. oktober 2018

Ervingen og Beatles

Det lokale koret frå Hovdebygda hadde øvd inn stoff til ein heil konsert med Beatlessongar, og Mamma og eg tok turen - saman med svært mange andre. Salen på Kulturhuset var fullsett, og det var den visst på andre framsyninga òg.

Beatles er alltid god musikk, og koret hadde gode versjonar av mange velkjende songar. Jenter frå ballettskulen var med og illustrerte nokre av nummera med dans, og andreklassingane på medialinja på vgs hadde laga flott illustrasjonar som vart synte på lerret i bakgrunnen. Naboguten hadde vore med på dette, så det var no ekstra kjekt.
Bilete frå Møre Nytt

søndag 22. juli 2018

Malakoff dag 3

Denne dagen hadde eg sett fram til konserten med Wolfmother, men den begynte såpass seint at eg helst ville vente med å reise så det ikkje vart så lenge å vente. Eg køyrde derfor Minstemann til Eid tidleg på ettermiddagen, så han fekk henge litt på festivalområdet saman med kompisar.

Eg fekk med meg dei to gode konsertane med Gluecifer og Wolfmother, og spesielt den sistnemnde innfridde. God, gamaldags rock med fire menn som spelte på scenen - det er ofte ikkje meir som skal til,

Gluecifer

Wolfmother

lørdag 21. juli 2018

Malakoff dag 2


Fredagen vart ein svært variert dag på festivalen. Vi valde ut nokre av konsertane, for å få med seg alt vert i meste laget, og Bladfyken og eg enda opp med å sjå Vazelina Bilopphøggers (gamle menn spelar gamal musikk og fortel gamle vitsar), Side Brok & Sirkel Sag (lokalpatriotisme), Satyricon, Gabrielle og Ghost. Det absolutte høgdepunktet var Ghost, som hadde eit spektakulært show og god musikk. Problemet med konsertar er at ein går lei av at artistane spelar den same sjangeren om att og om att, men Ghost var langt meir varierte musikalsk I tillegg var dei i rolle heile tida, ikkje som Satyricon, som gjekk rett frå å vere veldig tøffe medan dei spelte til å seie "tusen takk, dette betyr så mye for meg". Det vart nesten litt komisk. Likevel var det gripande då dei fortalde at dei hadde spelt på Malakoff i 2011, og at det var kjekt å kome attende i hyggelegare stemning.

Sirkel Sag


Satyricon


Ghost

fredag 20. juli 2018

Malakoff dag 1

Torsdag begynte rockefestivalen på Eid, og eg tok med Bladfyken og Minstemann på tur. Opningskonserten med Honningbarna var spektakulær, og dei har eit utruleg sceneshow. Det vart ein del stagediving, også med instrument (til og med cello), publikum fekk kome på scenen, det vart klatra i master og kasta instrument. Musikalsk var det òg veldig tøft, sjølv om det er vanskeleg å oppfatte tekstane deira.

Siste konsert første dag var med Gåte, og det hadde eg forventa var bra. Eg plar bruke "Bendik og Årolilja" i norskundervisninga, mellom anna, så eg har høyrt ein del på dei før. Konserten overgjekk forventningane mine med mange hakk - det var berre utruleg spektakulært og bra!

Honningbarna

Gåte

søndag 4. mars 2018

R.U.B.B.I.S.H på UKM


I dag var det lokalmønstring i UKM i Ørsta/Volda, på kulturhuset i Ørsta. Til saman 13 artistar/band stilte på scenen, og i tillegg var det nokre som stilte ut kunst. Ingen dansa eller denslags på scenen i år, men elles varierte innslaga frå fiolinmusikk til rock. I sistnemnde kategori stilte Minstemann og Naboguten saman med to dei har møtt på bandcamp. Bandet heiter R.U.B.B.I.S.H, og dei spelte "Uprising" av Muse. Dei hadde visse innvendingar om lyd og diverse problem med utstyret, men mi subjektive meining er at dei var kjempeflinke.