lørdag 25. januar 2020

Bok 5 2020: "Elven" av Roar Ræstad

I den andre boka om Gabriel Navarseth finn politiet liket av ei ung kvinne i Nidelven, og i handa held ho eit tysk minnesmerke over deltaking i krigføring. Utover i boka vert broren mistenkt, og Gabriel får kontakt med ein tidlegare kjærast som er jødisk. Igjen vert historia litt komplisert, men likevel lettare å følgje med i enn den første boka. Det at behandlinga av norske jødar er med, aukar mi interesse for innhaldet.

Oppdatering

Det går mest i arbeid for tida, i tillegg til nokre kveldsmøte og denslags. Eg har vore skikkeleg flink til å gå til og frå kaia både når eg skal på jobb og møte. per i dag har eg reist 16 gonger gratis til kommunesenteret, og det har eg spart mykje på. I tillegg trur eg at eg blir sprekare for kvar dag som går.

I dag tok eg derimot med bilen over fjorden, for vi hadde ein heil del ærend, i tillegg til at vi ville besøke Mormora. Vi skulle mellom anna handle inn vin til vinklubben eg skal arrangere neste fredag, og så fekk eg endeleg kjøpt meg ei le creuset-gryte. Dette har eg har planar om lenge, men så har eg vore i tvil om både storleik og farge. I dag skar eg gjennom og hadde bestemt meg for 5,3 liter, og så tok eg den finaste fargen dei hadde i den storleiken. Fargen på biletet viser ikkje heilt skikkeleg, men den heiter Caribbean. No er eg klar til å lage mat til vinklubben, sjølv om eg nok må supplere med ei anna panne i tillegg.

Hos Mormora fekk vi middag og dessert, så det vart både god mat og god prat.

I kveldinga fekk vi ein del å gjere med å rydde og ordne i alle varene vi hadde kjøpt, og så er det MGP igjen. Det er hyggeleg med slike lopradagar, men jammen er vi like slitne som etter jobb og skule.

onsdag 22. januar 2020

Bok 4 2020: "Sovende hunder" av Roar Ræstad

Denne boka er forfattaren sin debutroman, og mykje i den kunne ha vore betre. Kriminalgåta får litt lite fokus i høve til andre forhold, og eg fekk ikkje heilt taket på det heile - noko som kan skuldast manglande konsentrasjon òg, berre for å ha sagt det. Det mest spennande i romanen etter mitt syn, er miljøet og hovudpersonen. Handlinga er lagd til Trondheim under okkupasjonen, og etterforskaren Gabriel Navarseth arbeider i politiet. Han har tidlegare vore medlem i NS, men er no meir negativ til både partiet og tyskarane han omgir seg med. Ein død person er i sentrum for kriminalgåta, men her er altså mykje anna òg. Forholda på jobben, familieproblem med kone, svigerfar, bror og ei kvinne han føler noko for, får svært mykje plass i boka. Eg var kanskje meir oppteken av denne delen av boka òg, så han kunne ha spart seg heile krimgåta.

søndag 12. januar 2020

Bok 3 2020: "Morder-Anders og hans venner (samt en og annen uvenn)" av Jonas Jonasson

Jonasson er ein artig forfattar som skriv heilsprø bøker. I denne boka dreg ein tidlegare prest og ein resepsjonist på eit hotell nytte av ein noko einfaldig mordar so brått får stor sans for bibelen og blir pastor. Boka er ikkje heilt utan brodd mot samfunnet, men den er mest morosam.

Kommunesamanslåingsfest

Laurdag 11. januar var det duka for konsert i Propellhallen i Volda, der artistar frå heile kommunen deltok. Det vert i avisene skrive at det var 600-800 personar til stades, og konserten varte i godt og vel tre timar. Minstemann og Veslejenta stod på scenen saman med fleire sambygdingar med eit utdrag av Bygdles-framsyninga, som representantar for Folkestadsida. Gamla stilte som brannvakt saman med mange andre frå kommunestyret.

Det vart ein flott og variert konsert, sjølv om ein nok må seie det vart meir fele enn rock, og at gjennomsnittsalderen på deltakarane var noko høg.

fredag 10. januar 2020

Starten på året/tiåret

Som de ser av førre innlegg, har eg vore oppteken av og med ferjesituasjonen siste veka, og det har vore mykje vind, regn og hagl som har forverra situasjonen. Likevel har både eg og smartklokka mi registrert auka grad av fysisk aktivitet. Dessverre har ikkje hunden fått den same auken, men litt ekstra har det blitt på han òg. I tillegg har eg vore på min første yogatime denne veka, noko eg er spent på korleis det kjem til å bli. Ei av naboane har starta opp kurs på det lokale grendahuset, og då vart det for dumt å sitje heime medan dei andre trena. Eg er skeptisk til om det er noko for meg, men tenkjer eg får ta det som styrketrening, i alle fall.

I matvegen slit vi litt med å leve fornuftig så lenge vi har restar etter jula, men vi har som mål å ete litt ut av skap og skuffer før vi fyller på med meir. Når eg ikkje tek bilen over med ferja, blir det til at eg handlar det mest nødvendige i den lokale butikken på Folkestad, så får ein heller ta den supplerande storhandelen andre stader. Utvalet på den lokale butikken er heilt greitt i kvardagen, og kanskje får dei auka omsetting no når fleire set att bilen på kaia.

I bloggande stund er det fredag ettermiddag. Eg har hatt fri i dag, Minstemann har hatt fagdag i matematikk og Veslejenta er på jobb til 19.00. Eg gjekk ein tur med hunden på føremiddagen, og i tillegg har eg rydda ut det meste av jula. Ungane skal få hjelpe til med juletreet, men då skal det meste vere ute. Det er alltid litt vemodig, men eg skal finne noko fint å pynte med såpass det vert litt kjekt. Nye gardiner ligg på vent, og kanskje kjøper eg nye blomar i morgon?


Ferjeprat

Den store snakkisen i området her for tida er det nye ferjetilbodet. Saka har fleire sider, og det mest negative er at rutetidene er endra. Sjølv om vi ikkje har fått den nye el-ferja, er rutetidene no lagde opp slik at ein har berekna lading ved kai. I staden for å få to ferjer i timen det meste av dagen, er rutene no slik at det går minst 40 minutt mellom kvar avgang. Dette fører sjølvsagt til mykje frustrasjon blant pendlarar som får forlenga opphaldet på "hi" sida med relativt mykje. Med tanke på at venterommet på Voldasida er ein container og at der ikkje finst venterom på Folkestad, seier det seg sjølv at dette er ei forverring av kvardagen for mange.

Den andre endringa med ferja etter nyttår er prisane. Før nyttår var fullpris for bil over fjorden 93 kroner, medan ein vaksen person betalte 37 kroner. Med rabatt var prisane 46,50 og 31. Sidan skilnaden mellom person og bil var såpass liten, har svært mange av oss teke bilen over fjorden, uansett om vi kunne ha gått. Det er trass alt mykje dårleg vêr og mange bratte bakkar i Volda. Etter nyttår steig prisane på bil over fjorden til 126 kroner fullpris, og 63 kroner med rabatt. Personar går gratis. For mange er dette nok ei auka utgift, medan andre vil spare. Dei som hittil har gått på Voldasida, har ofte hatt månadskort på om lag 800 kroner.

Sjølv har eg ein bakke opp til jobb som tek 10-12 minutt å gå. Eg likar ikkje å kome sveitt, våt og forblåst på jobb, men ved nyttår tenkte eg at eg faktisk kan spare store summar på å gå til jobb og møte. Eg er ofte over fjorden to gonger på ein dag, og det blir ganske dyrt viss eg skal bruke 126 kroner tur-retur kvar gong eg skal på jobb eller anna. Oversikta på Autopasskontoen min viser at eg til dømes i november betalte om lag 2200 kroner i ferjeutgifter, då medrekna billett til Minstemann dei dagane han reiste på same ferje som meg.

I bloggande stund har eg klart meg fem arbeidsdagar utan å ta med bilen. Dette har i praksis betydd nokre ekstra minutt om morgonen for å ha tid til å parkere, og nokre minutt ekstra på hi sida. Det har vore frykteleg mykje regn, hagl, lyn, torden og vind desse dagane, så motivasjonen har ikkje vore heilt maksimal, men eg har til og med takka nei til tilbod om skyss. Første dagen på jobb hadde vi organisert kompiskøyring, men etter det har eg gått - fleire dagar saman med Minstemann, som før er blitt køyrd til døra. Eg har ikkje sete aleine meir enn ein gong under overfarten, og eg har kome i snakk med fleire eg ikkje har kjent frå før. I tillegg har eg sjølvsagt prata med medpassasjerar - ofte om ferjeruter og ferjeprisar. Når eg underviser siste time, til 15.10, når eg ikkje ferja 15.20 utan at eg spring frå klasserommet før det eigentleg er slutt på dagen, så då må eg vente til 16-ferja. Elles er 7.45-ferja framskunda til 7.40, så det er inga stor endring. Smartklokka viser store utslag i trimnivået, og eg satsar på at bakkane blir kortare og flatare når det lid utover våren.

Viss eg hadde gått til og frå jobb i november, ville eg ha kunna klart meg med eit månadskort, så ein kan ikkje automatisk seie at eg vil spare 2000 kroner månaden på å gå no. Det vert òg litt feil å seie eg sparer 126 kroner per ferjetur eg går, sidan eg aldri har hatt så store ferjeutgifter. Eg har bestemt meg for å tenkje at eg har hatt eit forbruk på om lag 500 kroner veka på ferje, og så kan eg rekne differansen som sparte pengar. Ei eg kjenner har tenkt å sette beløpet inn på ein eigen konto for sparte ferjeutgifter, det var ein god idé. Sjølv trur eg at eg skal bruke sparte midlar på å kjøpe gode skor og ein ny parkas.

Bok 2 2020: "Tenk enkelt - få mer av det som betyr mest" av Carina Carl

Eg er skeptisk til mange ting, mellom anna populærpsykologiske bøker. Likevel tenkte eg at det passa å lese ei slik bok ved starten av eit nytt år/tiår. Den inneheldt lite "nytt", men det var ei påminning om å bruke mindre tid på sosiale media, gjere ting ein likar, velje kva som er viktig for ein og så bortetter. Noko ironisk vart det at eg høyrde mykje av boka medan eg låg våken natta før første arbeidsdag, då eitt av tipsa i boka var å legge seg tidleg, stå opp tidleg og meditere før arbeidstid. Boka provoserte meg òg ved å legge vekt på kva som kjennest rett for den einskilde framfor plikter, og eg tenkjer samfunnet hadde blitt vanskeleg å handtere dersom alle skulle tenkje slik. Eg gjer mykje av rein plikt, og eg er avhengig av at andre gjer det same. Viss ikkje hadde det blitt lite gjort, tenkjer no eg. Det handlar ikkje berre om ein sjølv og borna sine, men om nærmiljøet og lokalsamfunnet sitt beste, tenkjer eg. Denne boka vart altfor sjølvsentrert etter min smak, sjølv om der sjølvsagt var nokre tips om mindre materialisme og meir tur i skog og mark som eg tok til meg.

søndag 5. januar 2020

Bok 1 2020: "Diktaren i bombeflyet" av Gudmund Skjeldal

Den første boka eg har lese ferdig i dette året/tiåret er ein biografi om Nordahl Grieg. Det er om lag der eg er i litteraturhistorieundervisninga på vg3 no, så fagleg oppdatering var kanskje den viktigaste drivkrafta, men det er òg interessant av andre grunnar å kjenne meir til både krigshistorie, litteraturhistorie og den menneskelege historia. Ein kan lure på kva som dreiv ein mann til å oppsøke stadig nye og farlege situasjonar, og boka gir nokre moglege forklaringar på dette. Det måtte gå gale til slutt, slik som han heldt på, tenkjer no eg, men dikta hans står att som viktige tekstar med ein viss etos, fordi han hadde levd så nær inn på både borgarkrigen i Spania og den andre verdskrigen, mellom anna.