mandag 29. april 2024

Charlie 10 år 28. april



Gamlevofsen er blitt ti år, noko vi feira ein dag på førehand fordi Veslejenta skulle fare. Vi laga "kake" slik vi brukar, med ein boks hundemat pynta med godis. Kvelpane fekk smake litt kvar, men jubilanten glefsa i seg resten i frykt for å måtte dele. Bursdagskrone hadde han òg.

Charlie er ein herleg fyr. Han var litt engsteleg og selektiv som ung, men no er han berre snill og vennleg. Etter at kvelpane kom i hus har han blitt litt irritabel når dei er plagsomme, og han har ete litt for mykje av fòret deira òg. Likevel synest han nok det er kjekt å ha nokon å leike med, spesielt når det er berre han og Dennis. Når begge kvelpane er der, blir det litt slitsomt. 

Charlie er framleis ganske sprek, og eg håpar vi skal få mange fine dagar saman med han framover òg. Han er ein del av familien, og vi er frykteleg glade i han.

Familietreff


Sidan Bror min hadde nokre dagar fri, valde han å kome til Ørsta nokre dagar. Søndag 28. skulle vi derfor treffast i barndomsheimen. Eg vegra litt mot å køyre sjølv, for bilen min hadde piggdekk og det var nydeleg UP-vêr. Systa og Svoger var så greie at dei plukka meg opp på kaia, og seinare skyssa dei meg attende òg. Dermed kunne eg slappe heilt av. Bilen min stod att på Folkestad med sommardekka baki.

Det er alltid kjekt å møtast, og vi hadde som vanleg mykje å snakke om. Spesielt kjekt er det å bli oppdatert på neste generasjons "gjøren og laden".

I dag leverte eg bilen min på verkstad for pære- og dekkskift. Det blir ei lette å sleppe å tenkje ut fleire "dekkhistorier" for å forklare manglande dekkskift.

fredag 26. april 2024

Tur i nærmiljøet

Søndag 21. april gjekk Veslejenta og eg ein lang tur i nærmiljøet. Vi møtte fleire kjende på vegen, blant andre våre tidlegare naboar. Kompisen til Veslejenta og kjærasten hans skal til å ta over garden til besteforeldra hans, som har innreidd eit uthus til å bli kårstove. Vi fekk sjå korleis dei har det der, og det såg rett så koseleg ut. Det er ingenting som er kjekkare enn at slekt følgjer slekters gang, og det kjem truleg nye hestar til gards ganske snart. Elles møtte vi fleire som ville helse på hundane, noko som sjølvsagt er triveleg det òg.


fredag 19. april 2024

Rundtur i vind og regn (berre fotografering på Raudeberg)

Laurdag 13. april tok Bladfyken og eg med oss Dennis på biltur. Planen var Refviksanden, men den køyrde vi glatt forbi. Vi køyrde vidare mot Vedvik og attende til Raudeberg den vegen, der trur eg ikkje at eg hadde vore før. Det var 22 m/s på Måløybrua, og tjukk skodde ved vindmøllene ovanfor Kvalheim. Det vart lite turgåing, men rikeleg og intens havluft. På heimvegen stogga vi på Eid og kjøpte oss fish and chips på Cats. Eg er engeslklærar og 55 år, men hadde aldri ete det før. Det skal ikkje gå 55 år til neste gong!



søndag 7. april 2024

Mjeltvika


Når eg ikkje har konkrete planar for ein laurdag, vert eg ofte sitjande og tenkje over kva eg skal gjere først og sist. I går var det fint vêr på morgonen, og eg tenkte på å gå ein lang tur. Det var òg nokre ærend eg ville utrette, og huset såg ikkje ut. Det enda med at eg vaska huset først, i tillegg til at eg fekk rydda ut påskepynten for denne gong. Deretter gjekk eg meg ein mellomlang tur til Mjeltvika med hundane, og så fekk dei vente på at eg reiste til Eid for å handle mat. Dei andre shoppingærenda mine får vente til neste helg, då eg har betre tid. Sidan det er basar i dag, heiv eg ihop ei kake, og når Veslejenta kom frå jobb, laga vi ein enkel tacomiddag før vi kosa oss framfor tv-en med ein av favorittseriane. 

Genser nummer 62: fantasigenser i léttlopi


Sidan eg har liggande ein del restegarn etter kvart, hadde eg eigentleg tenkt å strikke eit pledd. Då eg skulle på politikaropplæring i november, la eg likevel opp eit brot som enda i eit artig, men ikkje så kledeleg genserprosjekt. Det var kjekt å setje saman fargar og mønster, men genseren vart for lang i halsområdet. Eg la derfor vekk prosjektet nesten ferdig, men i dag tok eg meg på tak og festa dei siste trådane. Eg vaskar genseren og prøver å forme fasongen litt, men eg trur dette blir ein "heimegenser".

mandag 1. april 2024

Bok 10 2024: "Den tomme tronen" av Bernard Cornwell


Æthelred, herskar av Mercia, døyr utan å etterlate seg ein arving. Kona er både dyktig og klok, men s¨er det berre det at ho er kvinne. Edvard av Essex vil gripe makta, og på toppen av det heile finst det framleis "danar" som ønskjer makt og rikdom. Vår helt Uthred er skadd, og i starten kan vi vere i tvil om han er død. I og med at dei tidlegare bøkene har hatt ei forteljarstemme som er ein svært gamal Uthred, reknar ein med at det berre er eit knep frå forfattaren si side.