tirsdag 31. mars 2015

Rotevatnet på måndag

Minstemann fekk velje turmål, og då valde han at vi skulle gå rundt Rotevatnet i Volda, slik vi hadde gjort ni dagar før. Veslejenta var einig, så då gjekk vi tre og hunden den tradisjonelle Volda-turen i strålande sol. Det er ein lett og fin tur, og vi møtte både folk og dyr langs vegen, slik at Charlie fekk sosialisere seg.



Bok 25 2015: "Alex" av Pierre Lemaitre

Eigentleg er eg litt lei av krim, men denne boka kom til meg i posten og har fått mykje positiv omtale i sosiale media. Altså vart eg nysgjerrig.

Det er ikkje så lett å skrive om denne boka utan å røpe for mykje, slik er det ofte med krim, men eg kan seie at her er to parallelle handlingar: vi følgjer både etterforskinga og den mystiske Alex, som i byrjinga av boka vert halden som fange, men som ikkje er eit heilt typisk offer.

Boka er grotesk og makaber til tider, ikkje så veldig realistisk men ganske spennande og litt uføreseieleg. Eg vart litt forvirra av at etterforskaren Camille er ein mann, og offeret Alex er ei kvinne, og så syntest eg det var litt masete med den mannlege etterforskaren som var 1.45 høg, noko som det vart understreka altfor mange gonger etter min smak. Alt i alt ei god bok etter min smak, men eg veit ikkje om eg kjem til å lese resten av trilogien.

søndag 29. mars 2015

Bok 24 2015: "Rettsstridig forføyning" av Lena Andersson

Denne svenske romanen er frå 2013, og vart same år tildelt Augustprisen. Romanen har undertittel "En roman om kjærlighet", men det er på ingen måte ei så sentimental kjærleiksbok som ein kan få inntrykk av.

Ester er ein poet og essayist som lever i eit sambuarforhold. Då ho brått forelskar seg hovudstups ved første møte med kunstnaren Hugo, må ho gjere nokre grep i livet sitt. Sidan den stormforelska Ester er eg-personen, må vi lese mellom linjene at Hugo ikkje er fullt så forelska som ho, at han kanskje skjuler noko for henne når han reiser vekk og at ho klengar på han slik at ho får han til å føle seg uvel.

Eg likte boka godt, mykje fordi den er litt original, samtidig som den tek opp eit tema som har funnest til alle tider.

Bok 23 2015: "Børn av tiden" av Knut Hamsun

Denne romanen kom ut i 1913. Etter å ha lese biografien om Hamsun har eg tenkt ein del på at forfattarskapen hans strekte seg over ein periode på nesten 60 år, og denne boka kom ut om lag midt i, heile 30 år etter "Sult".

"Børn av tiden" er den første boka i serien om Segelfoss, eit oppdikta kystsamfunn i Nord-Noreg. Karakterane er skildra på ein svært levande måte, og ein får innsyn i ei brytingstid mellom det gamle og det meir moderne samfunnet på slutten av 1800-talet. Lydboka er svært godt innlese, med ulike dialektar og tydeleg nordnorsk tonefall. Eg ser fram til å lese fleire bøker i serien.

lørdag 28. mars 2015

"Besta" 75

I dag har vi feira ein 75-årsjubilant med god mat og prat. Heile Hareidsgjengen var til stades, medan min flokk var noko meir redusert. Jubilanten sjølv fekk gåver og blomar frå fjern og nær, så huset er no fint pynta til påske. 75 høyrest ut som eit svært høgt tal, men jubilanten er svært ung til sinns og er aktiv både i sosiale media og elles. Ho har sine meiningars mot, ein god porsjon humor og er først og fremst ei strålande mor, svigermor og bestemor som vi alle set stor pris på.



torsdag 26. mars 2015

Bok 22 2015: "Knut Hamsun - svermer og erobrer" av Ingar Sletten Kolloen

Eg begynte på denne biografien for nokre år sidan, men gav opp etter første band. Lydboka er ei fellesutgåve av dei to banda, og det er eit svært verk som det har teke tid å kome seg gjennom.

Dei bøkene eg hittil har lese av Knut Hamsun er fantastiske, og eg har sett meg som mål å lese fleire. Å lese om forfattaren, derimot, er nesten litt deprimerande. Han var ingen sympatisk mann, verken privat eller politisk, og det er nesten paradoksalt at romanane hans er så velskrivne og vakre. Han sløste med pengar, avviste sine næraste og vart til slutt nazist. Ut frå biografien kan ein sjå at han hadde eit romantisk ideal, til dømes om gardsdrift, men at han ikkje på nokon måte levde opp til dette idealet sjølv. "Markens grøde" avslutta han til dømes parallelt med at han forhandla om å selje sin eigen gard.

Det er vanskeleg å skilje mannen frå verka, men eg har tenkt å gjere mitt beste.

onsdag 25. mars 2015

Veten i vakkert vår-vêr

Tysdag skulle vi ha hatt skidag på jobb, men den vart avlyst før helga, mellom anna på grunn av dårlege vêrmeldingar. Tysdagen kom med strålande vintervêr, så det var ikkje akkurat fantastisk å sitje inne på møte det meste av dagen.

Lukka var derfor stor då onsdagen vart enda meir strålande, med sol frå skyfri himmel. Vi tok derfor påskeferien litt på forskot og strauk til fjells.

For dei av dykk som ikkje er heilt lokalkjende: Veten er eit lite fjell med ein stor varde på. Ein køyrer i retning Torheim, frå Eid, og tek av mot Hundvik. Oppe på høgda går det ein skogsveg inn til venstre - den var i dag dekt av skaresnø det meste av vegen. Det var lett og fint å gå på skaren (om lag 5000 skritt), og på toppen var det fantastisk utsikt til fleire kantar. Det var dessutan nesten vindstille ved varden, så vi fekk sitje i solsteiken og nyte livet (vi hadde dessverre verken appelsin eller kvikk-lunsj).


Sjølvaste Paddekviskraren

Eid



To som storkosa seg på fjellet i dag

mandag 23. mars 2015

Eldstejenta 22

Eldstejenta som vi kjenner henne: vakker, aktiv og sosial

Gåver frå Mamma
I dag kan vi gratulere Eldstejenta med 22-årsdagen! Dei tre siste åra har ho vore langt borte på bursdagen sin, så det er stor stas at ho får feire heime. Det er i det heile svært godt å ha henne så nær, sjølv om det berre er til låns. Ho skaper liv og røre rundt seg, med friske diskusjonar og mange aktivitetar.

Då ho var lita, styrte ho omgjevnadene i rolleleik. Vi hugsar til dømes korleis ho kommanderte Morfaren til å leike hund og krype rundt på golvet, korleis ho var prinsesse og butikkdame og Mora måtte leike med. Dei første åra var ho mykje saman med vaksne, noko som truleg prega henne til å bli flink til å snakke og verte ein tydeleg leiar. Dette er eigenskapar ho får god bruk for i vaksenlivet både i jobbsamanheng og det politiske livet.

Eldstejenta er lett å bli kjend med og lett å bli glad i. Ho er utruleg sosial og flink til å snakke med alle slags menneske, og ho har sterke meiningar og "meiningars mot". Vi ønskjer henne ein super bursdag og lukke til vidare med jobb og skule.
 

søndag 22. mars 2015

Kyrkjekaffi og korpsbasar

Søndag vart det (heldigvis) noko grått vêr. Gamla begynte dagen friskt med å gå på gudsteneste og kyrkjekaffi saman med Veslejenta. Etter det vart det ein del øving, rydding og pakking før vi for på korpsbasar. Veslejenta debuterte som "solist" saman med ei anna jente (kan det likevel heite solist?), og i tillegg song og spelte ho og Storegut eit par songar - deriblant Beatles-songen "I've just seen her face". Eg driv enno og plagar ungane med Beatles' samlede på CD i bilen mellom anna når vi lærekøyrer, så det varmar mammahjartet litt ekstra når ungane vert påverka.
The winner is....

lørdag 21. mars 2015

Rundt Rotevatnet

Sidan eg elskar multitasking, fekk Storegut i dag lærekøyre rundt Austefjorden til Volda, der vi lufta hunden og oss sjølve med ein rusletur rundt Rotevatnet før Eldstejenta for på jobb og Storegut på køyretime. Minstemann og eg handla til helga før vi for heim. Her har vi laga pizza, jobba og styrt på med forskjellig husarbeid mellom køyreturar til kaia for å hente hit att dei to mellomste. Av og til er laurdagane meir innhaldsrike enn andre dagar i veka, med fullt program, og denne helga blir søndagen like travel. eg er lukkeleg når eg får skvisa inn litt turgåing og frisk luft i eit tettpakka program.

onsdag 18. mars 2015

Kilskrossen på fri-onsdag

Minstemann hadde lyst å starte sykkelsesongen, men vi andre tok beina fatt på dagens tur. Vi gjekk på hovudvegen til rasteplassen på Kile, deretter langs den gamle postvegen forbi Kilskrossen og til Kile. Heile turen vart på 14500 skritt på teljaren min, så no blir det greitt med stillesitjande arbeid resten av dagen.



søndag 15. mars 2015

Bok 21 2015: "Prosessen" av Franz Kafka

Nokre bøker har eg kjent til og lese utdrag frå i fleire år, utan å ha lese heile verket. Slik var det med "Prosessen" òg. Ved nærare ettertanke har eg aldri lese ei heil bok av Kafka tidlegare. No har eg fått med meg heile boka om Josef K, som vert utsett for ein surrealistisk rettsgang då han brått vert arrestert utan å vite kvifor. Litt spesielt etter min smak, men det er greitt å ha lese den, med tanke på litteraturpensum som skal gjennomgåast i jobbsamanheng.

Laurdag på Flø

Sola skin og det går mot vår. Laurdag tok vi derfor turen til ytre strok, der våren har kome lengre enn her inne i fjordane. Utanfor Ulstein begynner ein sti som går nesten heilt fram til Flø, og vi gjekk langs denne stien i strålande vårvêr. Undervegs stogga vi på Roppesanden, der ein har eit nydeleg utsyn mot mellom anna Runde. Ein fin tur for to- og firbeinte!





torsdag 12. mars 2015

Teorien greidd!

I dag tok Storegut teorieksamen til bilsertifikat, noko han greidde fint. Om litt over ein månad skal han køyre opp, så no må vi i hardtrening!

Fri-onsdag i vakkert vårvêr

Det har regna så lenge, men onsdag skein det vakkert opp og vart ein nydeleg dag. Vi gjekk ein lang tur i Bjørkedalen, der vi stadig finn nye skogsvegar og turruter å utforske. Det er aller kjekkast å gå på aude skogsvegar så hundane får springe lause og kose seg, og vi kan prate om laust og fast og sjå på fjelltoppane i "syningom". Kjem eg meg på Felden i år, skal tru?

Kvinnedagen 8. mars

Søndag var Eldstejenta og eg i kommunesenteret for å gå i 8. mars-tog. Kampsakene var ikkje fullt så engasjerande som i fjor, då vi var sterkt imot reservasjonsretten til legane, men vi hevda i intervju i lokalavisa at det er like stort behov for feministar no som på 70-talet.

Etter toget var det "salong" på ein lokal café, med forteljingar og allsong. Det som gjorde mest inntrykk på oss, var ei afrikansk innvandrarkvinne som la vekt på at det var viktig for innvandrarar å engasjere seg og vere synlege i lokalmiljøet, slik at ein vart fortare integrert.

onsdag 4. mars 2015

Mimring på Smørholmen og i Holmane

Sidan Minstemann var nokså langhåra og bustete no, vart det til at vi (Eldstejenta, Minstemann, Charlie og eg) brukte fri-onsdagen til å fare til tettbygde strok for å finne ein drop-in-salong.

Etterpå gjekk vi tur frå ungdomsskulen i Ørsta og ut til Smørholmane, der vi brukte å "jogge" i gymtimane av og til. Eg hugsar spesielt godt frå niande klasse, då vi som hadde hund fekk ta med dyra på skulen til gymtimane fredag morgon. Gymlæraren var òg hundeentusiast, så vi jogga saman til Smørholmen med hundane før ho brukte ein fritime til å køyre hundane heim.


Eg tok deretter med ungane og hunden til Holmane, som er eit skogområde like ved Velle skule. I min barndom gjekk vi ein del i området og sanka lauv og blomar, eller berre for å gå tur på fine dagar. Området er noko mindre enn då på grunn av utbygging i området, men det ser ut som om det framleis er i bruk.

Vi tok deretter kontakt med besteforeldra og bad oss sjølve på kaffi i Starevegen. Ein skikkeleg "lopradag".