lørdag 30. mai 2020

Pinseaftan 2020

Måndag bestemte eg meg for å slutte å telje koronaveker, sjølv om vi enno ikkje er attende til normalen. Denne veka var unormalt travel, og den likna meir på kvardagen enn det eg har opplevd på lenge.

Måndag skulle eg tidleg på jobb, og Minstemann og eg la av garde i bil, men gjekk frå ferjekaia og opp til skulen. Eg skulle ha den same klassen i eitt fag fram til lunsj, men dei var fordelte på to rom. Eg måtte derfor undervise i det same to gonger, medan resten av klassen jobba med noko anna. Eg var heldigvis tidleg ferdig, så eg stakk heim og slappa av og laga middag til Minstemann kom heim. Seinare for eg attende til kommunesetnteret for å diskutere politikk på gruppemøte, slik vi har brukt å gjere når det skal vere kommunestyremøte. Då eg kom heim, hadde Minstemann klipt plenane, og det vart eg sjølvsagt svært takksam for.
Bilete frå pinseaftan

Tysdag skulle eg ikkje på jobb, men eg var innkalla som meddommar i tingretten. Det vart ein intens dag, men det var lærerikt og interessant òg. Om ettermiddagen/kvelden hadde vi vaske-dugnad og årsmøte på grendahuset, og "ungane" for på korps.

Onsdag var det tidleg opp og på jobb att - denne gongen for å undervise i engelsk, to gonger same opplegget som skulle vere ei førebuing til heildagsprøva torsdag. Denne ettermiddagen var eg nesten daud då eg kom heim, så det vart mat i full fart og middagskvild det meste av ettermiddagen.

Torsdag var den aller mest hektiske dagen. Eg måtte tidleg opp og på jobb, der klassen min skulle ha heildagsprøve i engelsk. Det innebar at eg sat vakt i over fem timar i strekk, før eg skunda meg av garde for å gå på kommunestyremøte. Dette var det første møtet vi har hatt med fysisk frammøte sidan nedstenginga, så det var ein del saker som var blitt utsett. 21.35 heva dei møtet, og då skunda eg meg rundt fjorden for å køyre ein gjest på ferja.

Fredag starta med videokonferanse og nettundervisning. Deretter reiste Minstemann og eg på handletur, og så brukte vi resten av dagen til å ordne mat og denslags. Dette var nemleg 20-årsdagen til Veslejenta, og den skulle vi sjølvsagt feire, med Cava, taco og Pavlovadessert.

I dag, laurdag, reiste vi til tettbygde strok og handla bursdagsgåver. Veslejenta skal flytte til storbyen  til hausten og må etablere seg med huslege ting for første gong. Planen hennar var å handle på Ikea, men eg bad om å få vere med henne på handletur og støtte dei lokale butikkane. Dermed kjøpte vi ein kasserolle til mjølkemat, ein stålkasserolle, ei stekepanne, eit lok til den sistnemnde og ei rosa vassflaske. Det vart ei nyttig gåve, og eg trur seljaren var nøgd med handelen han òg. Etterpå besøkte vi Mamma/Mormor, noko vi ikkje hadde gjort på ei stund, og det var sjølvsagt hyggeleg. Vi har dermed ikkje vore ute på tur denne veka, og hunden har berre blitt lufta i nærområdet. Verken han eller vi har lide noko naud, men vi har ikkje nytta finevêret så mykje som vi hadde kunna.

Vi kunne til dømes ha grilla i kveld, men vi har huset fullt av restar som bør etast opp. Det går heilt fint.

Tiande koronaveke, dag 7

Søndagen kom, og dermed måtte helga avsluttast og jobben planleggast. Komande veke skal eg på jobb fire dagar, på tre møte på ettermiddags- og kveldstid og vere meddommar i tingretten den dagen eg ikkje skal på jobb. Det er viktig å halde tunga beint i munnen og vere godt budd til alt saman, så søndagen var ikkje nokon fridag, akkurat.

Då ettermiddagen gjekk mot kveld, kom først den eine og så den andre av dei to heimebuande borna heim att, og vi måtte både prate og ete. Veslejenta måtte teste ut mopeden sin, for det vert lange dagar for henne dersom ho skal sitte på med meg. Det er litt av eit puslespel å få kvardagen til å gå ihop, og eg er fullstendig ute av trening. I tillegg er det slike små problem i kvardagen som at kantina på jobb er stengd, så ein ikkje får tak i mat viss ein gløymer niste. Slikt kan ein spare store summar på, noko som kjem vel med når det vert opna for tannlegebehandling og frisør, og når ein må ut av huset og treng å fornye garderoben.

Bok 36 2020: "Med livet som innsats"

Undertittelen på denne boka er "21 nordmenns dramatiske skjebner under krigen", noko som er meir interessant enn den klisjéaktige tittelen. Boka er rett og slett ei samling forteljingar frå menn og kvinner med ulike lagnader og opplevingar. Dei fleste av dei arbeidde i motstandsrørsla, og det var spennande å høyre om korleis dei arbeidde og korleis dei nesten vart avslørte. Om lag helvta av forteljingane var fortalde av og om kvinner, og elles var der bipersonar av begge kjønn som opplevde alt frå torpedering til fangenskap i Asia. Denne boka kan eg anbefale, men det hadde vore lettare å skilje historiene frå kvarandre dersom ein hadde veksla mellom to eller fleire opplesarar.

søndag 24. mai 2020

Bok 35 2020: "Svartedauden" av Yngvar Ustvedt

Forfattaren les sjølv denne boka, som først og fremst handlar om menneska sine tankar om årsaker til sjukdom, og om korleis dei endra åtferd som følgje av massedøden rundt dei. Boka tek òg føre seg smittespreiing og dødsfall, men det er ikkje det som får hovudfokus. Eg fann boka svært interessant, spsielt sidan eg for kort tid sidan las Ken Follets bøker frå same periode. No fekk eg høyre meir om flagellantar, folk som dansa til dei datt om, folk som levde som fredlause i skogen og anna som Ken Follett hadde skrive om, men òg om kva som skjedde med jorda i Noreg, om korleis jødar vart mistenkte for å stå bak sjukdomen og deretter forfølgde og drepne og om korleis prestar og legar flykta frå åstaden og nekta å utføre yrket sitt. Koronasituasjonen har gjort at bøker om pest og pandemiar er blitt populære, og eg har gjort meg nokre tankar om kva som vil skje med mentaliteten blant folk. Elles synest eg det er veldig interessant at alle som lever no er etterkomarar av nokon som overlevde Svartedauden.

Den Trondhjemske postvei i Markane (tiande koronaveke, dag 6)


Laurdagen gjekk mykje med til praktiske gjeremål, men det vart òg tid til ein tur til Markane i Stryn kommune, der vi leita fram den Trondhjemske postvei. Mykje av vegen går langs bygdevegen, altså ein grusveg, men i enden ligg det nokre fine steinbruer som vitne om ei anna tid - nærare bestemt 1790. Turen er i alt på 10 km, men vi gjekk ikkje heile denne gongen. Då hadde vi enda opp i Faleide, og turen attende hadde blitt veldig lang.

fredag 22. mai 2020

Muletua og Mulevika på Inneklemten (tiande koronaveke, dag 5)

I dag fekk retting vere retting, for i dag var det turdag. Dagen starta med 18 grader og lettskya, så det var freistande å reise ut til kysten. Turmålet var Mulevika, der vi først gjekk opp til "fjelltoppen" Muletua. Utsikta er fantastisk, men det var sterk vind og litt skummelt for nokon som har høgdeskrekk. Etterpå gjekk vi ned på stranda, der vi hadde ly for vinden og kunne nyte dagen. I det vi sette oss inn i bilen att, kom dei første regndropane, og så var det slutt på finevêret.

Utsikt frå Muletua. Mulevika til venstre, Voksa til høgre.

Turkompisane mine

Utsikt mot Runde

Voksa



Kusymre i bløming

Kristi himmelfartsdag (Tiande koronaveke, dag 4)

Førre torsdag fekk eg inn ein bunke heildagsprøver i sidemål, og i dag brukte eg fridagen til å rette ferdig denne. Elevane hadde for det meste valt den oppgåva som dreia seg om talen Bent Høie heldt då han takka ungdommen i slutten av april, og i tillegg svara alle på ei kortsvarsoppgåve om diktet "Naudbluss" av Frode Grytten, også det om koronasituasjonen. Alle elevane skreiv på Pc og leverte inn digitalt, og eg rettar digitalt og fekk dermed "delt ut" dei ferdig retta produkta med kommentarar og karakterar i dag. Komande veke blir veldig hektisk, og eg får då inn ein ny bunke på torsdagen. Det gjeld derfor å halde tempoet oppe, så får langhelg vere langhelg. 

Då eg var ferdig med bunken, var det på høg tid med mat og kvile, så nokon langtur i finevêret vart det ikkje i dag (heller). Eg satsar heller på å ta fri i heile morgon. 

Elles sette eg meg til å lese saksdokument til kommunestyremøtet neste veke, som truleg blir svært arbeids- og tidkrevjande. Eg må ha lese gjennom alle sakene før gruppemøtet på måndag. Dei fleste møte skjer no med fysisk frammøte, så dagane mine blir langt meir hektiske att. Det krev litt tilvenning, kjenner eg.

torsdag 21. mai 2020

Bok 34 2020: "I rett linje" av Anna Grue

Ein mann vert drepen etter å ha påstått at ein annan mann ikkje døydde i ei ulukke, men vart drepen. Ei ung jente nektar å ha noko med mora si å gjere, også etter at faren er død. Ex-kjærasten til detektiven Dan varslar om at ho vil møte han. Dan sjølv er på randa av konkurs og depresjon, medan mora er på ein sjukeheim etter å ha fått slag. Hus skal ryddast og seljast, forsvunne menneske skal finnast og drap skal etterforskast. Trass i dette samansuriet er det lett å følgje med i handlinga i boka. Løysinga var slett ikkje beinkløyvd, heller.

Dette var den siste boka i serien, i alle fall på Storytel, og eg skal ikkje lese meir krim på ei stund.

onsdag 20. mai 2020

Tiande koronaveke, dag 3

Mykje av dagen i dag vart brukt til å arbeide vidare med elevane som skal utvikle eit Escape Room. Etter kvart vart det ein biltur, ein sykkeltur og nokre telefonsamtalar, og så var det kveld. Vëret har vore nydeleg i dag, men eg gløymde å ta bilete som kunne ha prova dette.

tirsdag 19. mai 2020

Tiande koronaveke, dag 2

I dag hadde eg heimekontor, og mykje av dagen brukte eg til å rette og vurdere elevarbeid. I tillegg brukte eg ein del tid på å samtale med elevar og lese meg opp på eit nytt prosjekt eg er med i. Det vil seie; eg er vel helst med "på kjøt og flesk". Ein kollega har drege i gang eit prosjekt blant mediaelevane som dreiar seg om å lage eit virtuelt "Escape Room". Eg er med som norsklærar, og historielæraren er òg med. Handlinga i rommet skal dreie seg om den kalde krigen, og det blir spennande å sjå kva dei får til.

Etter normal arbeidstid gjekk eg ein lang tur med hunden etter vegane. Eg var såpass sliten av arbeidsøkta at eg ikkje gadd å gå ut i naturen, sjølv om sola faktisk viste seg og vegane var tørre. Snart er det langhelg, og då er det meir inspirerande å legge ut på ein lengre tur.

mandag 18. mai 2020

Tiande koronaveke, dag 1

I dag skulle eg på jobb på den vanlege arbeidsplassen, så eg måtte ta turen til tettbygde strok. Eg høyrest kanskje motvillig ut, og det var eg òg. Det er veldig kjekt å møte att elevane, men dei oppfører seg om lag som før nedstenginga. Dei er delte i to, så ein må undervise på to rom samtidig. Eg tenkjer at for mange var det viktig å sosialisere seg, medan andre kanskje har godt av å kome attende i ein nokolunde normal rutine. Atter andre har hatt det heilt fint medan dei har hatt heimeskule, og er kanskje litt engstelege for å vere i eit lokale med så mange til stades. Der kjenner eg meg godt att.

Det var godt å kome heim etter ein heil dag på jobb, og eg har i grunnen ikkje gjort så mykje fornuftig etterpå. Noko husarbeid blir det sjølvsagt gjort, men mest ingenting. I morgon skal eg jobbe heime, og då blir det nok meir effektivt. Eg har eit par bunkar på vent, og fleire blir det.

søndag 17. mai 2020

17. mai 2020 (niande koronaveke, dag 7)

I og med koronapandemien og tiltaka rundt den vart det ein annleis 17. mai i år. Barnetog og liknande var forbode, men korpsa kunne spele og marsjere. På Folkestad marsjerte korpset rundt i bygda med stopp og speling undervegs, før det vart allsong saman med heile landet elles klokka 13. Mine to heimeverande spelar i korpset, og det striregna på heile ruta deira, så dei var iskalde og gjennomvåte etter at feiringa var overstått. Det passa derfor godt å fare heim og skifte, og så kokte eg ei panne med kjøtsuppe som gav oss varmen att innanfrå. Til dessert hadde vi Pavlova-i-skål, den desserten som ikkje har namn, men som smakar desto betre. Etterpå slappa vi eigentleg berre av med nokre tv-sendingar frå fjern og nær. Dei to store borna feira i Trondheim og Oslo, saman med vener og kjende der.


Bok 33 2020: "Siste forestilling" av Anna Grue

Ein lærar blir drepen på ein grusom måte, og kjærasten hennar vert mistenkt. Læraren har vore sentral i teatergruppa og andre aktivitetar som er knytt til tilhøve utanfor undervisninga, og mange har vore innom leiligheita hennar. Den mistenkte kjærasten tek kontakt med den skalla detektiven for å finne ut kven som er den eigentleg skuldige.

Denne boka var interessant og spennande ei stund, men etter at saka var løyst var det enno eit par timar att av lydboka. Dermed flata spenningskurva heilt ut, og det vart eigentleg litt keisamt mot slutten.

Niande koronaveke, dag 6

I dag var eg tidleg oppe for å køyre Veslejenta på ferja, då ho skulle på jobb. Det var 0 grader og ganske mykje slaps på vegane somme stader, og då eg kom heim, såg eg at facebook var fylt av bilete av kor grusomt føret var på Stigedalen. Dermed måtte vi over med ferja for å få handla skikkeleg med mat og slikt vi trengde. Vi fekk òg tid til eit lite kafébesøk før vi henta Veslejenta på jobb. Eg er oppteken av å støtte opp om det lokale næringslivet etter nedstengingsperioden, og det er ein av grunnane til at eg har tenkt å gå mykje på kafé framover. På Grodås har den trivelege Løvlands  allereie valt å legge ned, og det synest eg er trist. Viss vi ikkje kan reise i sommar, kan vi shoppe og gå på kafé i staden, det er min filosofi, men samtidig er det litt skummelt å gå ut i samfunnet att.

I kveldinga har vi kosa oss med diverse på tv - Veslejenta og eg såg programmet som gjekk i staden for den avlyste Eurovision-finalen, og det var ei fattig erstatning. Elles gav eg bunadskjorta hennar litt stell, såpass ho kan ha på seg bunaden den timen vi skal feire nasjonaldag i morgon. Det er bra det blir litt korpsmusikk, elles er det ikkje ein dag eg er så veldig glad i. Det er trasig for russen, tenkjer eg, for denne våren får dei ikkje att.

lørdag 16. mai 2020

Niande koronaveke, dag 5

I utgangspunktet skulle eg ikkje på jobb denne dagen, og eg hadde derfor tenkt å rette heildagsprøver. I siste liten vart det bestemt at eg skulle ha klassens time, altså måtte eg eins ærend til tettbygde strok for å møte klassen 12.00-12.45. Eg var ikkje berre blir for dette, men det var veldig kjekt å sjå dei att. Denne gongen var det vg1-elevane eg møtte, og dei såg ut til å ha hatt det bra, sjølv om dei tydeleg sette pris på å møtast att.

Etter klassens time sette eg meg til å laste ned gårsdagens heildagsprøver og lagre dei i ei mappe på maskina mi med nye filnamn, slik eg plar gjere når eg rettar. Eg har brukt programmet Easy correct i eit par år, så det er lenge sidan eg har skrive ut ein bunke og retta på papir. Alle slike vanar kjem godt med i desse tider.

I 14.30-tida gjekk eg på nytt inn på eit møterom på jobb for å delta i eit digitalt møte, denne gongen i ein barnehage.

Etter møtet var Minstemann ferdig med sin første skuledag på eit par månader, og eg køyrde han på besøk før eg vende nasen heim.

Heime venta ei overrasking. Veslejenta har gått mykje heime siste vekene, og ho ser mykje på diverse bloggar, Instagram og youtube. Noko av det ho har fatta interesse for, er nokre ryddevideoar som handlar omkorleis ein kan lage system og få det finare. På måndag kjøpte vi ein plastboks og ei trekasse på Jysk som vi putta ting i etter å ha rydda kjøkenbenken. I dag, då eg kom heim, hadde ho rydda det skrekkeleg rotete skapet under kjøkenvasken. Ho hadde mellom anna hengt opp dunken for matavfall, som vi har hatt ståande oppå kjøkenbenken, og laga til ei søppelbøtte til restavfall, som eg har hatt hengande i ein pose tidlegare. Eg har vore skeptisk til søppeloppbevaring i kjøkenbenk etter ein uheldig episode med mus i ein tidlegare heim, men dette ser veldig bra ut. Ho heldt fram med å rydde i bestikkskuffa, og eg var blid som ei sol - heilt til eg oppdaga at ho lagar ein ryddeblogg sjølv, der ho viser bilete og fortel om kor skrekkeleg det såg ut før ho rydda. Det var den husmoræra.


fredag 15. mai 2020

Niande koronaveke, dag 4

Torsdagen hadde vi heildagsprøve i norsk. Nesten alle vg3-elevane mine møtte opp, dei sette seg fint på dei to romma dei skulle sitte på og skreiv konsentrert til dei var ferdige og gjekk. Nokre av dei hadde på seg russeklede, og eg tenkte at denne tida har blitt så heilt annleis for dei enn den skulle bli. Klasseturen til Bergen vart avlyst, og det meste av russetida har blitt totalt endra. Dei slepp å ha eksamen, og mange har kosa seg heime, så det er ikkje berre negativt.

Etter prøva sette eg meg inn på eit møterom på jobb og tok del i eit digitalt kommunestyremøte. Det tok eit par timar, og så kunne eg endeleg fare heim. Det hadde vore ein lang dag på jobb (8-16), og det var ein brå overgang.

Vel heime vart det lite og inkje gjort. Minstemann var på bandøving og Veslejenta kom ikkje heim før ganske seint, så eg sat mykje og las og slappa av medan eg var aleine. Vêret er surt og kaldt, så eg gadd ikkje gå på tur.

onsdag 13. mai 2020

Niande koronaveke, dag 3

To månader etter at eg førre gong var på arbeidsplassen min var det i dag tid for å ta seg ein tur. Dette innebar nye rutinar med spriting og hanskar, men eg fekk skrive ut og kopiert opp heildagsprøveoppgåver til i morgon på ein helsemessig forsvarleg måte. Elevane hadde frivillig oppmøte på førebuingstimane i dag, og dei aller fleste valde å jobbe heime. 

I løpet av dagen var eg òg innom eit digitalt testmøte og eit møte med fysisk frammøte, så det vart ein relativt effektiv dag. 

Vel heime laga eg middag, serverte, åt og la meg på sofaen. Å stå opp tidleg er noko av det verste med kvardag for slike som meg, og eg hadde sove elendig sist natt fordi eg var så redd for å forsove meg. 

Masteroppgåva eg har lese korrektur på i det siste er snart klar til levering, og i dag fekk eg pakke i posten frå den takksame studenten. Det skal bli kjekt å fornye seg i matvegen, sjølv om eg ikkje har tenkt å bli vegetarianar. Nokre vegetarrettar i ny og ne kan vere artig å prøve, tenkjer eg. Mat er ofte ei vanesak, og altfor ofte er ein slitne og lite førebudde når ein går på butikken. 

I dag hadde eg forresten laga søtpotetmos etter oppskrift frå "I form"-bladet eg hadde fått i posten, og det var no ganske godt. I tillegg hadde vi steikt sopp og woka grønsaker i sweet chili sauce (utruleg kva ein finn i skuffer og skap) og steikte fiskekaker. Fiskekaker er vel noko av det mest kvardagslege som finst av middag, og desse var av den billege, enkle og smaklause sorten. Tilbehøret gjorde kvardagen litt festlegare.


tirsdag 12. mai 2020

Niande koronaveke, dag 2

Jobbdagen i dag var for det meste sett av til elevsamtalar, men eg deltok òg på to jobbmøte og prøvde å få unna noko planlegging.

Etter arbeidstid var eg litt rastlaus. Etter ein dag med snø og kulde skein plutseleg sola nydeleg, og vi gjekk oss ein tur med hunden innover bygda.

Medan ungane var på korpsøving, laga eg vaffelrøre og steikte vaflar. Til kvelds hadde vi vaflar og smoothie, laga av bær, banan og eplejuice. Vi hadde berre ete salatrestar til middag, så det var godt med mettande kveldsmat.

Det har vore mykje bestemt og ombestemt, men i morgon skal eg attende til arbeidsplassen ein tur. Det ser eg på ein måte fram til, men det er òg ganske skummelt. Etter alle elevsamtalane i dag kjende eg at det skal bli kjekt å sjå att elevane, men eg er redd for kva smitteutbrot skuleopninga kan føre med seg.

Utsikt frå kjøkenvindauge ved frukosttid
I 18.00-tida

Bok 32 2020: "Et spørsmål om penger" av Anna Grue

Ein styrtrik forretningsmann blir funnen død, og det viser seg at han har levd eit liv med mange kvinner og ein del kokain og denslags. Parallelt forsvinn ein tannlege i byen. Finst det ein samanheng mellom desse to sakene?

Nok ei god Anna Grue-bok, og denne gongen gissa eg faktisk ikkje løysinga i det heile. Det er no eit kvalitetsstempel i seg sjølv. I tillegg var personane interessante og godt framstilte.

mandag 11. mai 2020

Niande koronaveke, dag 1

Legg til bildetekst
Dagen i dag starta med jobbing og lesing, i tillegg til noko planlegging og organisering. Etter kvart reiste Veslejenta og eg ein tur til Eid, sjølv om det snødde ute og eg var redd det skulle vere glatt. Det var det ikkje, og vi hadde ei triveleg økt med handel og planlegging.

Vel heime sette ungane i gang med å lage middag, medan eg jobba og planla litt meir. På menyen stod pestobaguettar (mi oppfinning) og kyllingsalat.

Eg reiste deretter til Volda på gruppemøte i eit par timar, og det var både hyggeleg og nyttig.

Trass manglande trim hadde eg 150 % på treningsklokka mi i kveld. Det er ufyseleg og kaldt ute, så det er like greitt å ha nok å gjere inne.

Åttande koronaveke, dag 7

Søndagen kom, og det var meldt snø. Her var det ikkje antydning til snø tidleg på dag, men det var bitande kaldt ute og lite freistande med uteaktivitetar. Som vanleg vaska eg huset før ungane kom, og i dag fekk også hunden ein vask. Det sette han ikkje pris på i det heile, tvert imot.

Om ettermiddagen kom ungane, og vi prata mykje resten av kvelden. Det skjer ikkje mykje for tida, men vi går ikkje tomme for samtaletema likevel.


lørdag 9. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 6

Denne dagen har vore relativt tom for innhald. Den store utflukta vart ein handletur til Eid, og då var eg så seint ute at eg ikkje fekk gjort alle ærenda mine før butikkane stengde. Neste helg er det 17. mai, og eg hadde ikkje eigentleg tenkt å feire det så veldig, men det kan hende eg skal nytte høvet til å kjøpe meg ei ny vårjakke. Viss eg skal attende til jobb i komande veke, treng eg dessutan ei ny bukse eller to. Det har gått åtte veker sidan skulen vart stengd, og mange av desse har eg gått i kosedress og denslags. Det er på tide med litt skjerping av stil og framtoning. Heldigvis er det heimeskule både måndag og tysdag for min del, men så brakar det laust.

Åttande koronaveke, dag 5

Dagens utskeiing: nye skor, same type eccoskor som eg kjøpte i fjor, men ny modell
Fredagen starta med møte i Volda (valutvalet), deretter undervisning heimanfrå og eit møte i SU i ein barnehage. Etter dette sette eg meg til med meir skulejobbing, og så las eg korrektur på resten av den før nemnde masteroppgåva. Då eg var ferdig, kjendest det som om eg hadde skrive ei ny masteroppgåve sjølv, noko eg er sjeleglad for at eg aldri meir skal gjere.

torsdag 7. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 4

Dagen i dag gjekk med til arbeid, kort fortalt. Eg hadde ein del å ta att av elevarbeid som skulle lesast, og så var eg tilgjengeleg og svara på spørsmål frå den klassa som arbeider med avsluttande munnlege presentasjonar i norsk. I tillegg laga eg oppgåver til komande heildagsprøver. Då klokka var nesten 15, gjekk eg meg ein tur ut med hunden for å "lufte vetet" før pressekonferansen klokka 16. Det viste seg at den var utsett til klokka 18, så då sette eg meg til med masteroppgåva eg les korrektur på.

Regjeringa hadde pressekonferanse klokka 18, som annonsert, og dei opnar no for at elevar på alle skular og klassetrinn skal kunne kome attende allereie i neste veke. No ventar eg berre på melding frå leiinga om kven som skal attende, kva tid og til kva timeplan. Så får vi snu rundt på ein femøring og gjere det beste ut av situasjonen. Eg har kosa meg med heimekontor, men for mange elevar blir det sikkert veldig kjekt å møtast att. Personleg håpar eg på delvis retur til skulen, til dømes for å avvikle prøver i avgangsfag. Vi har over 500 elevar, frå sju ulike kommunar, og mange av dei må reise med buss og/eller ferje for å kome til skulen. Nokre tek medisinar som gir dei nedsett immunitet, andre er i risikogrupper på grunn av sjukdomar. No er det lite smitte i området her, men det kan fort snu når folk begynner å reise og leve som normalt att.

Etter nesten åtte veker heime har eg ikkje blitt frykteleg mykje sprekare, og i alle fall ikkje lettare, så no skal eg ta meg saman og kome i meir aktivitet fram mot sommaren. I postkassa i dag låg eit blad som heiter "I form", som eg har teikna abonnement på eit halvt år framover. Tanken er å bli inspirert til ein sunnare og betre livsstil, og helst gå ned nokre kilo. Viktigast er det å bygge opp att kondisen, såpass eg kan fungere betre reint fysisk og orke meir på sikt. Då eg opna bladet, var der ei liste over ting som kunne betre humøret. Punkt nummer fire var å vaske vindauga, for då vart ein så lukkeleg etterpå. Då let eg att bladet.

onsdag 6. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 3

Dagen i dag starta med multitasking, som vanleg er no for tida. Elevane stilte spørsmål om oppgåvene dei skulle løyse, og eg svara etter beste evne, samtidig som eg begynte å lese korrektur på ei masteroppgåve og lese om att saksdokument til møtet eg skulle på seinare på dag. Denne gongen skulle vi stille på møtet personleg, ikkje på nettmøte, og det var faktisk litt spennande. Møtet var interessant på fleire måtar, og eg fekk i tillegg tid til litt shopping før eg for heim. Eg har eit visst attelet for dei lokale butikkane, og i dag skulle eg støtte ein butikk som vart starta opp ei veke før koronakrisa starta. Dermed fekk eg meg ei ny fleecejakke, av den sorten eg likar med glidelåslommer og hette. Den er litt trang, i påvente av at koronatillegget skal trimmast av.

Vel heime sette eg meg til å lese masteroppgåve att. Det er kjekt å lese andre sitt arbeid, og imponerande at nokon greier å ferdigstille eit så omfattande arbeid i desse tider.

Mellom slaga planlegg eg litt undervisning, ryddar litt og les elevtekstar. Dette livet har blitt den nye normalen, og eg trivst urovekkande godt med arbeidssituasjonen. I morgon skal det haldast pressekonferanse om kva skular som skal opne kva tid, og eg er budd på å vende attende til arbeidsplassen på kort varsel.

Bok 31 2020: "Den skallede detektiven" av Anna Grue

I denne fjerde boka i serien vert detektiven sett til å oppklare omstenda rundt to ungdomar i ein familie som har døydd nøyaktig like gamle. No er foreldra uroa over den yngste sonen, som snart er i same alder. Samtidig har kjærasten til detektiven ein stalker som er noko innpåsliten. Finn vi ein samanheng?

Boka er interessant og spennande, den. Eg likar serien, trass i nokre irritasjonsmoment, som til dømes måten kvinner er vurderte på etter alder og utsjånad. Dette er noko uventa i ei bok av ein forfattar som sjølv er kvinne.

tirsdag 5. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 2




Jobbdagen slutta i dag klokka 16, og då gjorde eg meg klar til å fare på tur. Eg tok med bil og hund til Volda, der vi plukka opp bladfyken, fylte diesel og kjøpte med mat. Turen gjekk deretter til ytre strok, og vi enda opp med å gå rundt Aursnesvatnet. Turen var ikkje så lang, og det var ganske flatt, men det vart etter kvart mykje depel, regn og vind. Vi vart både våte og kalde, og maten inntok vi i bilen etter at vi var ferdige med å gå. Det er kjekt å gå på tur, og viktig å bygge kondis og styrke før sesongen tek til for alvor. Det er òg hyggeleg med turar som er såpass lette å gå at ein greier å prate og kose seg.

mandag 4. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 1

I dag hadde eg undervisning frå 8.15 - 15.00. Mellom 14 og 15.00 var eg med på eit møte medan elevane jobba på eiga hand, noko dei gjorde det meste av dagen. Vi starta dagen med norsk, deretter møttest vi på nett midt på dagen for ein liten live-samtale før det var engelsk. I begge øktene skulle elevane sjå noko filmmateriale, og så skulle dei svare på spørsmål og levere inn etterpå. Eg las gjennom svara og gav dei delteke/ikkje delteke etter kvart som dei leverte inn, i tillegg til å gi korte kommentarar der eg meinte det var på sin plass med ekstra ros eller ei presisering/forklaring. I engelsk skulle dei sjå ein dokumentar om plastikk i havet, og i svara sine skulle dei kome med praktiske råd og tips til korleis vi skal bruke mindre plast og korleis vi skal unngå at den endar i havet. I tillegg skulle dei sette inn bilete som illustrerte det dei hadde skrive om.

Etter "jobb" hadde eg eigentleg tenkt meg ut på tur, men då begynte det å hagle. DER går grensa. Det vart berre ei kort lufting av hund, så får vi heller ta att eventyra seinare.

Eg brukte ettermiddagen til litt prating i telefon, litt planlegging av undervisning utover i veka, litt husarbeid - og så var det brått kveld. Det er utruleg kor fort ein bruker opp tida når ein ikkje må skunde seg, men det er no greitt med rolege dagar òg. No har det vore for mange av denslags i ein periode, så eg skal ta meg saman frå og med i morgon. Då skal eg ut på tur uansett, og eg trur eg skal løyse bilen frå tunet òg. Det er litt meir motiverande å gå tur på nye stader, og akkurat no er eg litt lei av dei næraste turområda.


Sjuande koronaveke, dag 7

Søndagen kom denne veka òg, og lite og inkje stod på programmet. Eg jobba og las litt før Minstemann stod opp, deretter vart vi sittande mykje og sjå på musikkvideoar og prate, før det vart på tide å køyre han på kaia. Der plukka eg opp Bladfyken, som vart med heim for å skifte dekka mine. Då eg køyrde han på ferja att, var det to varmegrader.

lørdag 2. mai 2020

Bok 30 2020: "Kunsten å dø" av Anna Grue

Nokon har fått ein idé om å lage ein realityserie etter mal av Agatha Christies "Ten Little Niggers", og som i Christie sine romanar får vi bli kjende med alle deltakarane og bakgrunnen deira ein etter ein. Den skalla detektiven skal vere med som "detektiv" i serien, og publikum skal få stemme på kven neste lik skal vere. Før ein kjem i gang med serien, begynner ting å skje i den verkelege verda.

Eg likte boka godt, men kunne ha tenkt meg å høyre meir om den realityserien.

Sjuande koronaveke, dag 6

I dag var eg tidleg oppe for å køyre Veslejenta på ferja. Ho skulle på jobb, og i kveld skulle ho på fest, så det var det siste eg såg av henne denne veka. Etter køyreturen vart eg sittande med lydbok medan eg venta på at Minstemann skulle vakne. Kneet mitt, som hadde plaga meg så mykje i går, var heilt bra att i dag, så eg var klar for å vere meir i aktivitet.

Då Minstemann stod opp, diskuterte vi litt fram og tilbake. Vêret var ikkje så fint at det freista å gå tur, og eg hadde meir lyst til å få gjort litt i hagen. Det vart dermed til at vi leita fram maskina som kuttar opp greiner, og så kverna vi ei mengd greiner og små tre som eg hadde saga ned for nokre veker sidan. I tillegg fann eg fram nokre små tre som var blitt saga ned av dei som rydda vekk småskog frå straumlinja. Minstemann bar òg vekk siste rest med material frå leikarhytta, så no er snart det hjørnet av hagen under kontroll.

Eg avslutta arbeidsdagen med høgtrykksspylar på verandaen. Der er noko skite som ikkje går vekk, og eg spraya på noko spesialsåpe og skura, og planen er no å la det stå eit par dagar og virke før eg spyler ein gong til. Det skal skrapast litt meir på rekkverket òg, så vi får håpe på regnfrie dagar i ein periode.

I kveldinga kosar eg meg med meir lydbok, medan Minstemann spelar trommer i etasjen under. Om dagane våre kan verke litt einsformige, har vi endeleg mykje tid til å styre med fritidssyslar vi likar. Eg er dessutan sjeleglad for at kneet vart bra så fort. Så lenge ein har hus og hage, er det alltid noko å finne på.

Sjuande koronaveke, dag 5

I dag er det første mai, og eigentleg skulle eg ha feira dagen på tradisjonelt vis med talar, kake og kinarestaurant. Det går sjølvsagt ikkje i den tida som no er, då alt er stengt og avlyst. Planen var derfor å gjere litt utearbeid, som til dømes å skure verandaen fri for grønske på flisene og kanskje også spyle den att. Så var det berre det at eg vakna med ein skrekkeleg verk i eine kneet, og ein svak verk i det andre. Eg kunne ikkje skjøne kva som var gale, og om det ville hjelpe med mosjon eller kvile. Vêret var heller ikkje så bra, så det freista eigentleg ikkje med utesyslar. Det vart dermed ein dag med roleg inneliv, ei god bok og ein del sjåførverksemd (3 turar tur-retur til Folkestad). Eg fann noko smertestillande krem som eg smurde rundt knea, og eg trur eg er nesten bra no. Det kan hende det heile var eit giktanfall, for vêret hadde skifta veldig, men eg håper i alle fall det er noko forbigåande.

Av alle ting hadde eg fått så lyst på ertestuing, så i går kveld sette eg i bløyt ein pakke grøne erter. I dag vart det kjøtbollar, ertestuing, grønsaksblanding og poteter til middag. Eg kan ikkje hugse kva tid  sist eg åt kokte poteter med saus, men det er eigentleg ganske godt. Kjøtbollane var ferdigkjøpte av typen "tapasboller", og dei var litt heftigare pepra enn dei eg har kjøpt tidlegare. Ungane ville nok kanskje heller hatt taco, men ingen klaga på menyen. Det var nok ei stund sidan dei hadde ete kokte poteter med saus òg.