søndag 30. september 2018

Bok 69 2018: "Når vi møtes igjen" av Kristin Harmel

Under andre verdskrig vert tyske krigsfangar sende til Sørstatane i USA for å arbeide. Ein av desse møter ei ung jente, og ho vert gravid like før han må reise attende til Europa. Av ulike årsaker møtest dei ikkje att som avtala, og det er denne historia som vert oppklara i notidshistoria, der ei kvinne mottek eit måleri utan heilt å skjøne kvifor.

Boka har mykje positivt ved seg i starten, og den er ganske spennande ei stund, men dessverre så tek det heile av i ei søtsuppehistorie som berre vert parodisk i mine auge.

Då eg leita etter bilete av coveret til boka, såg eg at tre av forfattaren sine bøker forestiller ei kvinne med lue i forgrunnen framfor ein bakgrunn som truleg skal vise noko om handlinga. Kanskje er dette ein variant til "Kvinne med ryggen til i eit landskap"-klisjéen? Eg skal prøve å styre unna denne forfattaren i framtida, for dette var berre møl, etter min smak.

Bergenstur




Denne helga reiste ei kollegavenninne og eg til Bergen. Eg hadde lenge hatt lyst til å sjå ei teateroppsetning der, og vi hadde dessutan lyst på ein luftetur.

Vindu mot bakgården
Vi køyrde nedover fredagen, tok inn på Scandic Byparken Hotel og brukte kvelden til å rusle litt i byen, ete sushi og gå på kino ("The Nun").  Filmen var elendig, men det var no artig likevel.

Sushi på Sumo
Laurdag gjekk vi litt i butikkar, gjekk på teater og såg Vildanden og gjekk deretter på tapasrestaurant. Teaterstykket var noko endra i høve til originalmanuset, og eg har ikkje heilt bestemt meg om kva eg syntest om slutten. Eg synest Hjalmar Ekdahl-karakteren fekk for lite fokus, men elles var der mykje bra i oppsetninga. Noko av det mest spesielle er at Hedvig blir spelt av ein skodespelar som har Downs syndrom.

Vildanden







Tapas på Escalón
Søndag tok vi ein roleg frukost før vi vende heim.

Det vart svært mykje god mat og drikke i løpet av helga, for vi har stogga og drukke kaffi og ete kaker etter innfallsmetoden i tillegg til nydeleg hotellfrukost og restaurantmiddag. Det vert dermed hardt å gå over til normal kost att, men sikkert ein del sunnare.

Då eg kom heim, var Veslejenta i heimen og passa hunden. Gutane kom etter kvart, og det var veldig kjekt at eg fekk helse på Storegut, som er heime i helga på grunn av ein spelejobb i Ålesund.



fredag 21. september 2018

Bok 68 2018: "Fritt fall" av Lisa Gardner

Ei kvinne vert funne etter ei bilulukke. Ho er lite skadd, men leitar etter ei lita jente. Då politiet kjem, begynner dei òg å leite, men etter kvart vert det uklart om der verkeleg har vore ei lita jente med i bilen. Politiet slepp ikkje tak i kvinna, og etter kvart kjem det fram ting som gjer denne romanen til ein spennande thriller.

Boka har ei handling som gjer at eg som lesar er spent på løysinga, men som så ofte før flatar det heile noko ut mot slutten. Eg skal ikkje røpe noko meir enn det, berre at eg synest mange kriminalforfattarar tek for lett på det å lage gode sluttar. Det blir ofte dramatisk mot slutten, men så flatar det heile ut fordi forfattaren bruker for mykje plass på å fortelje korleis det går med personane etterpå, utan å legge inn fleire overraskingar. Dette er ikkje det verste dømet på denslags, men det irriterte meg likevel.

lørdag 15. september 2018

Bok 67 2018: "Lyset bak øynene" av Tommi Kinnunen

I denne romanen følgjer vi blinde Helena og homofile Tuomas i parallelle historier som vert fletta saman og fortalde i vekselvis fortid og notid. Dette vart til tider altfor forvirrande og eigna seg dårleg for lydbokformatet, men det er likevel gripande lesnad om korleis det er å vere annleis. Også dei andre personane i boka har sine spesielle historier, og desse er òg minneverdige. Eg las ein stad at det er planlagt fleire bøker om den same slekta, og det kan bli veldig bra. Då trur eg at eg vil lese dei på papir.

Nysnø i fjella

Det har vore mykje regn siste veka, men i dag letta skylaget såpass at nysnøen på fjelltoppane synte. Med den fine sommaren kunne ein ikkje forvente ein vakker haust i tillegg. Eg har vore plaga med forkjøling ei heil veke, så for meg har det vore greitt med styggevêr. Det er mykje å gjere inne òg, men eg har slappa mykje av mellom slaga. Eit foreldremøte på kveldstid, eit politisk møte og ein tur på høgskulen har det blitt tid til, men eg har ikkje hatt energi nok til å starte skrivinga av oppgåve. Eg har eit anna skriveprosjekt som eg har sysla med, og det har eg tidlegare deadline på. Midt i alt anna har eg nemleg tatt på meg å føre i pennen partiprogrammet for neste kommunestyreperiode. 

Vinklubb i september

Fredagen kom denne veka òg, og det merkast at vi avsluttar halvannan time tidlegare på fredagane i år samanlikna med i fjor. Eg tok meg god tid til å kvile på mine laurbær på sofaen då eg kom heim etter endt arbeidsdag, så då det nærma seg vinklubbtid var eg relativt optimistisk. Dørstokkmila er fæl på grunn av høljregn for tida, men eg kom meg av garde.

Som vanleg fekk vi servert nydeleg mat og vin, og vi hadde ein svært triveleg kveld. Eitt av høgdepunkta var at vi hadde fått eit nytt medlem. Det er ein familie som har flytta hit, og då var det naturleg å invitere dama i huset til å vere med i vinklubben. Vi vart ni til bords denne gongen, og det vart mykje latter og god prat rundt bordet.

tirsdag 11. september 2018

Bok 66 2018: "Veien over klippene" av Gøril Emilie Hellen

Eg vart åtvara mot denne boka, men valde å lese den likevel. Det er ein typisk dameroman (av den typen med damerygg på omslaget) med to patallelle handlingar i fortid og notid. Det heile dreiar seg om at personen i notida får høyre om ei historie frå fortida og endrar livet sitt på bakgrunn av det. Boka minner sterkt om "Hjemkomsten" av Victoria Hislop, til dømes.

Hovudpersonen Lucia bur i London saman med kjærasten, og så reiser ho heim til ei norsk øy for å besøke foreldra. Brått døyr mora, og eitt av hennar ønske var at Lucia skulle ta med helvta av oska hennar for å gravlegge den i Italia, der mora kom frå.

Historia frå fortida er ganske dramatisk og fengande, men notidshistoria vert så føreseieleg at det nesten verkar platt. Eg synest òg at den italienske stemninga uteblir, og at forfattaren berre nemner nokre matrettar innimellom for å gi romanen eit autentisk preg.

All kritikken til side, så har eg kosa meg med boka, det skal eg innrømme. Av og til er det heilt greitt med litt enkel underhaldning, og no har eg hatt nokre tunge dagar med forkjøling og haustregn.

søndag 9. september 2018

Bok 65 2018: "Skuggasund" av Arnaldur Indriðason

På Island fanst det mange amerikanske soldatar under andre verdskrig, og nokre gonger vart dei lokale jentene lokka til å bli kjærast med ein soldat, sjølv om denne kanskje laug om både opphav og hensikt. Ei ung jente vart funnen død, og etterforskinga går sin gang, før den brått vert avslutta.

I notida vert ein gammal mann funnen død, og det viser seg at han er blitt drepen. Kven har interesse av å drepe ein så gamal mann, og kva er samanhengen mellom han og jenta under krigen?

Dei to historiene vert fortalde parallelt, men det går rimeleg greitt å halde dei frå kvarandre. Det er kjekt å lese om andre land og kulturar, og om historie, så denne kriminalromanen vart som eit litterært kinderegg
.

Laurdag i heimbygda

I dag fekk eg føremiddagen for meg sjølv, for tenåringane sov lenge. Etter kvart stod dei opp, og Veslejenta gjorde seg klar til å reise til Volda att. Minstemann og eg hadde planar om ein fotoshoot, sidan vi skulle ha hatt eit fint bilete å sende ut som takkekort etter konfirmasjonen. Etter at eg hadde køyrt Veslejenta på kaia, tok eg med meg ein dresskledd konfirmant og ein hund, og så tok vi bilete. Det var nesten litt dystert lys ute, men fint fotovêr.

Etter seansen gjekk vi ein tur innover mot Kile, der vi kom i prat med ein som held på å restaurere eit gamalt hus der. Borna hans har allereie begynt på skulen der Minstemann går, og det er stor overgang for dei som kjem frå ein by i Sverige.

Vel heime klipte Minstemann resten av plenen (eg tok oppsida i går) medan eg redigerte bilete og laga middag.

Eg legg ved bilete av han som ikkje er konfirmant, og i tillegg eitt av bileta vi ikkje valde som takkekort. Vi har satsa på eit bilete i heilfigur for å få med litt bakgrunn. Vi bur på ein nydeleg plass!

fredag 7. september 2018

Fredag - fagdag eller fridag

Mamma ved Svendsengarden

På jobb har me innført såkalla "fagdagar", noko som vil seie at elevane får undervisning i eitt fag heile fredagane. Dette skal gi rom for fordjuping og lengre prosjekt. I fjor hadde me åtte timar fagdag, men i år har me redusert til seks timar. Det er langt lettare å forhalde seg til, både for elevar og lærarar. Lærarane har anten undervisning i eitt fag om fredagane, eller så har me fri. I dag var det ein slik fri-fredag for meg, medan elevane hadde undervisning i andre fag.

Mamma trengde hjelp til eit ærend på Nav, og dermed gjekk turen til Ørsta. Etter Nav-besøket gjekk ho og eg på café, men eg kunne ikkje vere så sein før eg henta Veslejenta. Ho hadde hatt fagdag i eit fag som handla om dirigering, så det hadde vore ein kjekk dag. Me handla inn mat før me reiste heim, og då laga eg lasagne. Medan den steikte laga ungane salat og eg klipte plen.

Kvelden har gått med til serie og film-sjåing. Minstemann hadde vore på fjelldag med skulen, så han var temmeleg gåen. Hunden er vel den einaste som ikkje har vore i særleg aktivitet i dag, men det skal vi nok ta att i morgon.

torsdag 6. september 2018

402 blomsterlaukar

Eg tok litt av med nettshopping her ein dag. I utgangspunktet fekk eg ein mail med reklame for tilbod på blomsterlauk. Tilbodet gjaldt ei samling ulike sortar, og nokre av sortane var eg ikkje så interessert i å ha. Eg vil ha enkle laukblomster som skil deg så mykje frå ugraset at dei ikkje vert luka vekk, og eg har nokre klare favorittar når det gjeld fargar. Eg enda opp med å bestille 100 rosa og raude tulipanar, for tulipanar er yndlingsblomane mine (dei òg), og det er så fint å ha mange av same sort. Påskeliljer kan ein neppe få for mykje av, så då vart det 100 av dei òg. Av dei krokusane eg sette i fjor, kom berre nokre få opp - og dei stod ikkje særleg lenge heller. Det vart derfor 100 krokus i fargeblanding. Og så perleblomar, då, som er så utruleg fin farge på. På toppen av det heile kjøpte eg lauk til to svarte linljer, så det kan no bli eit interessant prosjekt.

Det tek si tid å grave ned 402 laukar, men eg nådde det før regnet kom. Det var kjekt å jobbe i bedet igjen, og eg kunne eigentleg ha tenkt meg å styre meir.

Var det nokon som spurte korleis det går med masteroppgåva?

Bok 64 2018: "I fjor sommer" av Niels Fredrik Dahl

Hovudpersonen er ein mann som er på sommarstaden sin i Sverige for å rydde, sidan staden skal seljast. Midt i denne prosessen minnest han sommaren før, og dei opplevingane han og kjærasten hadde då. Boka handlar om sterke kjensler som begjær, kjærleik og sjalusi, men òg om einsemd og manglande nærheit.

Boka er veldig sterk, og eg likte den svært godt.

onsdag 5. september 2018

Bok 63 2018: "På grunn av et løfte" av Harlan Coben

I eit småbysamfunn er foreldra til ungdomane svært opptekne av kva collegeutdanning borna deira skal få. Ei ung jente forsvinn, og snart skjer det same ein gong til. Hovudpersonen er ein mann som har køyrt den eine jenta frå ein fest til eit hus midt på natta før ho forsvann, og han vert mistenkt for å ha noko med det ågjere. Han vil oppklare saka, og det heile er langt meir innfløkt enn ein kan gisse på førehand.

Harlan Coben skriv på ein humoristisk måte, og forteljinga er godt uttenkt. Eg har brukt for lang tid på boka, som hadde eigna seg betre til å bli slukt i sommarsol.

mandag 3. september 2018

Bok 62 2018: "De bortkomne" av Marlen Ferrer

Forfattaren har doktorgrad i historie og har skrive fleire fagbøker, og dette er debutromanen hennar. Eg-personen Liv er ei 39 år gamal norsk kvinne som reiser frå eksmannen og den halvvaksne dottera til Mexico (som eg assosierer med "æ vil færra til Mexico") for å kome nærare inn på kulturen og språket. Ho har fått eit stipend for å gjere dette medan ho omset mexicansk litteratur til norsk.

På reisa si, som kanskje er ei slags forvrengd danningsreise, møter ho gamle hippiar og yngre, hemningslause menneske som ho drikk, dopar seg og har sex saman med. Alt er skildra i eit nøkternt, direkte språk.

Eg kan ikkje seie at boka fall heilt i smak. Eg vart rett og slett lei av Liv og den utsvevande livsstilen hennar. Kanskje er det eit poeng med romanen, og i tilfelle lukkast forfattaren med det. Eg skjønar òg at dekadansen er eit uttrykk for noko livstrøytt, og samstundes er det eit motstykke til det langt meir konforme livet heime i Oslo. For oss som lever eit konformt og trivielt liv kan utageringa nesten verke provoserande, og det er kanskje òg eit poeng.

La meg konkludere med at eg har sans for prosjektet og tankane romanen vekkjer, men at eg synest det vart lite interessant å lese om drikking og sex side opp og side ned.

søndag 2. september 2018

Tur til Botnasanden

Laurdag gjekk me ein tur til Botnasanden, den lokale badestranda. Det er fint å rusle rundt i nærmiljøet når det regnar som verst, og den friske lufta gjer underverk for kropp og sjel. Det vert mykje stillesitjing og inneliv i kvardagen, og då er det vanskeleg å motivere seg til å bruke ledige stunder til å gå tur. Å ha ein hund eller to hjelper litt til med å minke dørstokkmila, og å ha eit menneske som turkamerat gjer òg underverk for motivasjonen.

Møteveke

Denne veka har vore prega av møteverksemd etter arbeidstid. Sidan det skulle vere kommunestyremøte torsdagen, hadde vi som vanleg gruppemøte i partiet måndag kveld. Onsdag forvilla me oss på folkemøte for nytt kulturhus, der det vart presentert og diskutert planar for om- og påbygging av det eksisterande samfunnshuset i Volda sentrum. Politisk skal ikkje dette handsamast før i november/desember, og det var godt å sjå engasjementet og optimismen blant dei frammøtte. Deira klare melding var "køyr på", så det må me vel gjere når den tid kjem.

På kommunestyremøtet torsdag vart det presentert to andre spreke prosjekt, nemleg bru over Voldsfjorden og ny idrettshall i sentrum. Brua har eg engasjert meg i lenge, sidan eg sit i styret for bruselskapet, og eg vart erklært inhabil saman med dei andre i styret. Det skuffa meg at ikkje vedtaket vart samrøystes, men trass alt fekk planen for vidare arbeid klart fleirtal. Idrettshallsaka skal heller ikkje handsamast slett enno, men det var stor optimisme rundt bordet også i denne saka.

No er spørsmålet: toler kommuneøkonomien så store prosjekt? Det kan òg stillast spørsmål ved om prosjekta kjem til å vekse seg større på grunn av parkeringsbehov og liknande, slik at prosjekta havarerer når dei er nær ved å lande. Der er fleire andre, større prosjekt som òg ligg på vent, som ombygging av ungdomsskulen og bygging av kloakkanlegg, og ein kan ikkje gløyme desse behova midt i alle dei fine teikningane.

Eg håpar og trur at administrasjonen vil gjere ein god jobb med å utgreie sakene, og at me kan få til byggestart i denne kommunestyreperioden. Det er kjekt å vere ein del av ein slik prosess.
Skisse av kulturhuset, slik det kan bli

Skisse av idrettshallen, slik den kan bli

Bok 61 2018: "Sikre tegn på din død" av Torkil Damhaug


Ein mann slår ned ein annan slik at denne hamnar på sjukehus. Der vert pasienten funnen med strupen kutta over, og rettsmedisinaren vert etter kvart meir involvert enn ho trudde ho kunne bli. Kva er gale med kjærasten til sonen hennar? Etter kvart opplever ho at fleire ikkje er dei personane ho har trudd.

Heilt ok krimbok, verken meir eller mindre etter min smak.