torsdag 30. desember 2010

6. juledag: fisk og brettspel

I dag regna det ute, så eg gjekk meg ein tur aleine på føremiddagen. Til middag serverte eg heile familien ein ny av mine eigenkomponerte rettar; la oss kalle den "pestolaks". Den fall i smak hos alle andre enn Minstemann, som lever på poteter for tida.

Etter middag tok ungane og eg oss nokre rundar med brettspel og kortspel, julekaker og kaffi. Deretter retta eg ferdig min siste bunke i år, så no kan ferien verkeleg starte!

Broad Line anno 2010

onsdag 29. desember 2010

5. juledag: Broad Line reunion





Medan resten av familien har sløve feriedagar, spelar Barnefaren bassgitar i ulike samanhengar også denne jula. I kveld skal det første bandet han var med i ha reunionsfest på Rokken i Volda, og det er selt meir enn 400 billettar. Det er tydelegvis mange som hugsar "Broad Line" frå tidleg 80-tal, og som håpar på ein triveleg mimrekveld saman med jamaldringar. Karane sjølve ser i alle fall fram til kvelden!

tirsdag 28. desember 2010

4. juledag: nok ein vakker vinterdag

Minstemann var ikkje i form i dag heller, så Veslejenta og eg tok oss ein sparktur innover til Hesteneset med begge hundane. Vi hadde ikkje før snudd sparken før vi møtte på strøbilen, så føret heimover vart så som så. Seinare på dag tok eg med Storegut og hundane på ein tur under stjernene - rastløysa begynte å ta på.



No har eg endeleg begynt på den einaste bunken eg har att frå heildagsprøveperioden - det er ein arbeidskrevjande engelskbunke som eg kjem til å kose meg med resten av romjula.

mandag 27. desember 2010

3. juledag: "Same procedure as every year"



Minstemann er forkjøla, og då passar det dårleg å vere ute i 10 minusgrader. Dei to store var litt tregare i avtrekkaren enn vi andre, så det vart Veslejenta, Nabogut J og eg som tok oss ein sparktur med Bau medan det var lyst ute. Eldstejenta gjekk tur med Bianca noko seinare.

Verda ser framleis ut som eit julekort på våre kantar, sola har snudd og det går mot lysare tider. Inne fyrer vi i omnen, brenn lys, et god mat og ein heil del godteri - slik det skal vere i jula. Vi spelar brettspel og Play station, ser tv og kosar oss. Det begynner å minne om ferie...

Boxing day - the movie

søndag 26. desember 2010

2. juledag: familieselskap hos blogge-"Besta"



Tradisjonen i familien er å samlast hos foreldra mine i Ørsta på andre juledag. Då kjem Systa og eg med familiane våre på slep. Søskenbarna finn som regel tonen fort, og i dag kosa dei seg med brettspel og litt uteliv. Som alltid når vi møtest går praten lett, vi får nydeleg mat og kosar oss ilag. Minstemann var ikkje heilt i storform, så han tok seg ein blund etter middag. I bloggande stund er han i storslag; han og Storegut wrestlar - heldigvis berre på Play station - og jentene redigerer film som truleg kjem på bloggen i morgon.

lørdag 25. desember 2010

1. juledag: årets fredelegaste dag

I dag var det Gamlas fridag, med ein heil dags sjølvvald einsemd til rådvelde. Etter å ha overvunne motviljen min mot bruksanvisningar, fekk eg montert og aktivert min flunkande nye kaffimaskin før ein lang og langsam frukost. Stillheita var fantastisk etter ei stressande førjulstid, og eg kosa meg med kaffi og bok til langt på dag.

Landskapet utanfor stoveglaset ser ut som eit julekort, og det er umogleg for slike som meg å bli verande inne, trass i bitande kulde. Først vart det ein tur ut medan sola skein, med Karl Ove på CD, og i kveldinga vart det ein tur til saman med min gode nabo T. Innimellom vert det mykje kaffi og sjokolade, slik det skal vere i jula.


24. desember: julaftan

Vi har feira jul på tradisjonelt vis, med sein og god frokost, gudsteneste, pinnekjøt og pakkeopning. Alt i fredelege og hyggelege omgjevnader. Eg skal la bileta tale for seg sjølv i kveld, men må ta med denne dialogen mellom Nissen og Minstemann:

Nissen: "he du vore kjekke gut i år, då?"
Minstemann: "æææææh.... Æææææh... Ditta va et vanskelig spørsmål...."














fredag 24. desember 2010

Bok 63 2010: "Kollektivt selvmord" av Arto Paasilinna

Ein mann går inn i ei løde for å henge seg, men møter der ein annan mann som er ute i same ærend. Dette utviklar seg til ein roadtrip der ein gjeng sjølvmordskandidatar som kjører rundt i buss for å finne den perfekte staden og måten å ende livet på. Undervegs opplever dei mykje, et god mat og møter mange menneske. Eit tragisk tema vert behandla med ein humor som eg trur må vere typisk finsk. Ei fantastisk bok for dei som deler humoren til forfattaren!

torsdag 23. desember 2010

23. desember: vesle julaftan



I dag gjekk eg meg ein lang tur (her snakkar vi over ti kilometer) før eg kasta meg over julevasken. Grønsåpelukt høyrer jula til! Ut på ettermiddagen vart det julegraut med mandel, gløgg, skiver med deilig pålegg og pynting av juletre. Heimen er fylt av dyr no når kaninen har flytta inn på loftet og katten bur i kjellaren. Hundane bur framleis i hovudetasjen, og katten får lov å kome dit på visitt av og til. Ho leikar med alt som dinglar, så det spørs kva ho vil synast om juletreet.

I kveldinga såg vi "Home alone" for ørtande gong - utruleg at ein slik film kan føre med seg så mykje julestemning!

22. desember: bibliotek, frisør, besøk og kamelar

I dag hadde eg fått meg frisørtime, og eg drog med meg dei to yngste til Volda. Vi rakk å stikke innom biblioteket for å hamstre lydbøker til jul, og så henta Barnefaren dei så eg fekk kose meg hos frisøren. Deretter vart det besøk i Ørsta, der Systa og Svoger også møtte - vi måtte utveksle julegåver, så klart! Det vart ei hyggeleg stund med god mat og prat, som vanleg.

Eg såg eit bilete av dei tre vise menn ridande på kamelar, og tanken slo meg: er det ikkje det jula dreiar seg om? Kamelar, altså? Handelsstanden og media legg opp til at jula skal vere kvit, koseleg og at ein skal få det ein ønskjer seg. Realiteten er for mange at dei må svelgje kamelar. Kanskje får ein ikkje det ein ønskjer seg av gåver, maten blir ikkje heilt topp, ein blir sjuk, ein må tilbringe jula saman med folk ein ikkje set pris på, eller ein saknar dei ein eigentleg ville ha feira jul saman med. Idyllen blir kanskje ikkje heilt som ein hadde håpa på eller forventa.

Min julebodskap i år er at ein bør sjå stort på det meste, og heller gjere det beste ut av dei rammene som ligg føre. Dette høyrest ut som eit sitat frå ein dansebandsong, men eg meiner det like fullt. Vi vaksne bør legge tilhøva til rette for at ungane får behalde den magien som jula enno har, så får det heller vere at ein sjølve kunne ha tenkt seg ting litt annleis. Sjølv fokuserer eg i år spesielt på at det faktisk er ein ferie, som i alle fall eg verkeleg treng i år.

Eg ønskjer ei fredeleg og hyggeleg jul til blogglesarar og alle andre.

tirsdag 21. desember 2010

21. desember: juleavslutning

Det er neppe naudsynt å forklare at eg var ein smule trøytt då eg møtte opp på jobb 8.10 i dag tidleg, og elevane var ikkje noko særleg mindre trøytte, men i alle fall i dårlegare form, dei aller fleste. Etter ei kort økt på klasserommet, der det mellom anna vart delt ut ferdigretta heildagsprøver og øvd på julesongar (jada, eg er eit funn når det gjeld å spreie hygge og glede rundt meg), samla vi for første gong alle elevane i Voldahallen for å høyre rektor tale og å gå rundt juletreet. Dette blir truleg ein tradisjon, for det var ei triveleg stund. Rektor kunne mellom anna kunngjere skulens nyvalde visjon: "Mot høgare mål". Det har vore ein lang prosess å kome fram til denne visjonen, men no trur eg vi kan implementere den i all vår verksemd framover.

Julegudstenesta er sjølvsagt frivilleg både for elevar og lærarar, og eg plar gå kvart år. Musikklinja framførte i år min nye favorittjulesong "Silent night, holy night" av Dvorak i tillegg til "Det lyser i stille grender", og det vart ei fin stund med mykje julestemning.

Etterpå vart det kaffi og kaker for dei tilsette i den nyrenoverte vestibylen, og rektor heldt ein fin tale og innførte ein ny tradisjon, nemleg å "knipe nokon i å gjere noko godt". Diplomet gjekk fullt fortent til bibliotekaren ved skulen, som måtte flytte ut av lokala sine i full fart då det uventa vart løyvd pengar til opprusting av biblioteket. Resultatet blir sjølvsagt bra, men ho har allereie hatt mykje ekstra styr og arbeid.

Då feiringa var slutt, tok kollegavenninne K og eg oss ein tur på café, og deretter ein liten felles shoppingrunde. Ein av dei absolutte fordelane med å gå på jobb, er dei mange supre kollegaene!

Vel heime sende eg dei to små i selskap og gjekk meg ein tur langs vegen. Det gjorde utruleg godt å "lufte vetet" litt, høyre lydbok og kose seg med det, og så stogga eg og fekk ein kaffikopp før eg tok med ungane heim.

I bloggande stund har eg sete stille i ein stol med beina høgt i over ein time. Ungane spelar data og ser TV, og dei et dessutan restane av snop og snacks som dei hadde med på skulen i dag. Vi har fått ferie, og det skal vi nyte i fulle drag!

20. desember: Vardefest

Årets juleball, den tradisjonelle "Vardefesten", gjekk av stabelen i kveld, 20. desember. Gamla stilte som garderobevakt og vart ufatteleg frostig. Då eg kom heim, moka eg tunet så eg fekk varmen i meg att.

Biletet er av ein vakker bukett eg traff undervegs i festen.

søndag 19. desember 2010

19. desember: fjerde søndag i advent





I dag reiste dei to mellomste på skitrekket saman med faren, medan Minstemann og eg vart att heime. Det vart ein tur ut med akebrett og spark saman med nabogutane, men elles vart det mykje tv på han og stilretting på meg. Då dei hine kom heim ut på kvelden, hadde vi ferdig middag. Storegut fekk endeleg ønsket sitt om laks til middag oppfylt, og sidan "sulten er den beste kokk", gjekk alt ned på høgkant.

Utan Eldstejenta i heimen vart det Minstemann som fekk oppdraget med å tenne det siste lyset.

18. desember: første skitur i sesongen




Etter ein sløv morgon i heimen kom dei to yngste og eg oss til Volda og skisenteret Reset i 13-tida. Storegut hadde overnatta hos ein kompis, og Eldstejenta reiste til Moa på shopping, så familien var noko redusert. Barnefaren var vakt på skitrekket for første gong i sesongen, og Veslejenta fekk vere saman med han resten av opningstida. Ho er ei tøff lita dame som likar fart og spenning - i motsetnad til "Mamsen og Lillegutt", som gjekk turløypa nesten heilt rundt ein gong. Temperaturen låg på 4 - 6 minusgrader, og ein skulle ikkje stå lenge i ro eller ta av seg hanskane lenge før kulden beit. Det vart ein liten caféstans på Varmestova før Minstemann og eg handla, henta Storegut og for heim.

Då alle etter kvart var vel heime, gjekk vi bort til nabo T og fekk servert deilig pizza og sjokolade - begge delar heimelaga. Både ungane og damene kosa seg, og det vart nokså seint før vi kom oss heim. Ungane gjekk rett opp for å sjå film og sove, men sjølv har eg grovretta resten av ein stilbunke og laga dessert til i morgon (inspirert av Solveig). Det blir ski på dei to mellomste i morgon òg, men Minstemann og eg skal kose oss med heimearbeid og lage middag til dei hine kjem att.

fredag 17. desember 2010

17. desember: endeleg fredag

I dag var eg frykteleg trøytt og sliten etter veka, og eg hadde ein relativt fullbooka jobbdag med forbausande lite filmsjåing, som er den vanlegaste aktiviteten desse siste dagane før juleferien. Eigentleg kjende eg meg sliten allereie før dagen starta, i og med at det var ein del spenning knytt til om eg kom meg på jobb uskadd og til rett tid. Trafikken er frykteleg for tida, med stressa sjåførar og glatte vegar.

Etter jobb gjekk eg, slik eg plar på fredagane, på café. Denne gongen vart vi fire til bords, og det er alltid hyggeleg å avslutte jobbveka med ein slik time-out med prat om laust og fast. Eg har mange supre kollegadamer!

Det vart ein hektisk ettermiddag med handling, moking og kjøring/henting av diverse ungar, men til slutt var dei fleste i hus så eg kunne kaste meg over stilbunken eg no er over halvvegs i. Målet er å få den ferdig og utlevert før jul, for då får eg berre éin bunke i romjula.

Julestresset med gåver og slikt er eg så og seie ferdig med, så i helga skal eg prioritere aktivt uteliv og stilretting - ein uslåeleg kombinasjon. Kunsten er å vere så mykje fysisk aktiv at ein finn roa ved arbeidsbordet etterpå. Spørsmålet er kor lenge ein orkar å vere ute i kulden.

God helg til alle der ute - og kjør forsiktig!

Bok 62 2010: "Bisettelsen" av Lars Saabye Christensen

Den siste boka i trilogien er rørande god. Eg fekk sporenstreks lyst til å høre alle tre bøkene ein gong til, denne gongen i rette rekkefølgja. Dette er kvalitetslitteratur som kan lesast på fleire nivå, og bøkene utviklar seg utover i serien til å bli meir kompliserte i komposisjonen, mindre realistiske og meir spennande. Vi får gradvis vite meir om kva som skjer med ungdomskompisane frå Briskeby, og bandet Beatles er med til siste slutt.

Årsaka til at eg las desse bøkene no, var at ein elev skal skrive fordjupingsoppgåve (=særemne) om trilogien. Eg er spent på resultatet av både hennar og dei 28 andre norskelevane mine sine arbeid. Vi skal begynne for fullt like etter nyttår og bli ferdige i byrjinga av mars.

torsdag 16. desember 2010

16. desember: julefest på Folkestad skule

I dag tok eg meg ei treningsøkt etter jobb, i og med at eg skulle ta ei sein ferje for å hente gutane på skulen. Eg skulle dessutan på fest og sitte stille om kvelden, og då kunne det vere greitt å ha trimma frå seg. 7,5 kilometer på tredemølle vart det, og i tillegg ein liten shoppingrunde saman med Eldstejenta.

Då vi kom heim, hadde det snødd mykje. Naboen hadde fresa så fint i dag tidleg, men innkjørsla var dekt av eit nytt, kvitt lag. Det var berre ein ting å gjere: eg drog på meg Felleskjøpdressen min og stakk ut for å moke vekk det grøvste. Så var det inn og dusje, skifte og gjere klar ungane og meg sjølv til festen. Med akkurat nok tid sette vi oss i bilen, rygga oss ut innkjørsla, fekk sladd og enda i snøkanten. Ungane fekk sitje på med naboen til festen, men eg kom noko seint etter å ha fått hjelp av to gode naboar - ein av dei var utstyrd med traktor. Heldigvis for meg var det fleire som var forseinka, så festen vart utsett nesten ein halv time.




Programmet var i grunnen passeleg langt med Luciatog, korsong, gitarspel og dans. Våre tre var flinke på scenen, og Storegut debuterte som trommis i eit par band vi har stor tru på. UKM neste?

onsdag 15. desember 2010

15. desember: pakke, pakke, pakke

I dag kom resten av desemberløna mi inn på konto, så då losna shoppingsperra så dei to små og eg kunne ta oss ein relativt effektiv handlerunde. Dei skulle kjøpe gåver til kjæledyr, kompisar og venninner, og eg fekk kjøpt nokre vaksengåver.

Vel heime laga vi enkel middag og satsar no på ein roleg kveld. I morgon er det julefest på skulen, så det må vere lov å late seg maksimalt i dag. Litt retting og ein liten tur ut er det maksimale av kva eg har tenkt å gjere av nyttige aktivitetar. Ungane kosar seg med lego, TV og andre stillferdige aktivitetar, og eg ser ingen grunn til å stresse dei opp. Ute regnar det, men inne har vi det varmt og koseleg med lys, julepynt og røykelse.

tirsdag 14. desember 2010

14. desember: juleball og julegåver


Etter jobb i dag vart det ei kort treningsøkt saman med Eldstejenta før eg sette kursen heimover. Storegut skulle på juleball, men vi andre har kosa oss i heimen, tatt oss ein liten blund kvar og hygga oss med barne-tv, peparkaker og pakking av julegåver.

Eg er i gang med ein ny bunke - denne gongen i norsk sidemål. Når ein berre tek nokre få for dag, er det eit hyggeleg arbeid, men eg tvilar på at eg blir ferdig med alle bunkar til jul. Det er mykje å halde styr på når det gjeld avslutningar, tentamenar og venegåver når ein har ein skokk med ungar. I dag hadde to av dei juleverkstad på skulen, medan den eldste hadde tentamen. To skulle derfor stille med peparkakeformer, medan den eldste skulle ha snop og brus. Kosthaldet i førjulstida er nesten verre enn i sjølve jula, og det blir mykje tv-sjåing og innesitjing innimellom "slaga". Det skal bli godt med ferie!