søndag 29. april 2012

Vårshow i vårvêr

Søndagen vart minst like strålande som laurdagen var ufyseleg, og eg rakk å sitje litt ute i sola før eg la i veg til Ørsta på ballettshow. Denne gongen var det Mormor, Morfar og Gamla som hadde ein ballett-date, for gutane og Barnefaren var blant publikum laurdag. Dei skulle i konfirmasjon i dag, så det passa best at vi gjekk kvar vår dag (eg måtte jo kjøre jentene i dag uansett).


Showet var verkeleg bra; først ein nydeleg og sjarmerande klassisk del, deretter ein del med "contemporary" dansing. Den klassiske delen heitte "Vår i landsbyen", den moderne delen heitte "Portrett" og handla om målaren Frida Kahlo. Begge jentene våre deltok, og dei var berre to blant mange dyktige dansarar.

Etter showet fekk dei eldste dansarane blomehelsing som takk for innsatsen, sidan dei aller fleste av dei skal vidare i livet med skulegang andre stader i landet.

lørdag 28. april 2012

Kul tur

I dag gjekk ferda til vakre Flø, der det var utstilling av Munch-bilete i lokala til Moods of Norway. Vêret var rett og slett ufyseleg, men det var ei merkeleg kjensle å beundre kunst i eit lokale der ein har utsikt mot havet.

Etterpå tok vi oss ein liten shoppingrunde i "byen", og på det eine kjøpesenteret venta nok ei kulturoppleving, nemleg den tidlegare Idol-deltakaren Gaute Ormåsen, som no tener til livets opphald mellom anna ved å radbrekke "When Susannah cries".

fredag 27. april 2012

Steikje fine gardiner?

I dag henta eg stovegardinene mine, samtidig som eg bestilte kjøkengardiner. Eg fall for nokre nøyrtale, kvite til stova, så skal eg ha fleire fargar å variere med andre stader i heimen. Som de ser er eg ikkje heilt ferdig med påska enno, men det var litt kult med gult.

torsdag 26. april 2012

Filosofisk fri-onsdag



Minstemann og eg gjekk lang føremiddagstur på fridagen denne veka. Min plan var eigentleg å støvsuge bil og jobbe i hagen, men guten ville ut og sykle.

Av og til kan han og eg gå ein lang tur saman utan  seie all verda. Vi kan nemleg vere tause og mystiske og oppslukte av eigne tankar. Denne turen var prega av Minstemanns framtidsplanar.

"Når ej blir voksen, skal ej bli arkeolog og tene masse pengar. Og so skal ej ha mitt eget jetfly, og det skal ej bruke til å kjøre dej Mamma til Syden. Der skal du få bu på luksushotell og ha din egen tjenar. Og so skal du få so masse penga at du kan kjøpe det du vil. Og når ej he brukt opp alle pengane mine, so berre arkeologera ej litt meir."

tirsdag 24. april 2012

Frå dagens papirutgåve av avisa "Møre"

"Den unge kornettisten Amanda Bjørneset var berre akkompagnert av piano då ho bergtok publikum med den velkjende Anthem frå Chess-musikalen. Verket, som ABBA-duoen Ulvaeus og Andersson står bak, har vorte tolka av eit hav av musikarar. Ein kan trygt seie at Bjørneset ikkje gjorde skam på låten."

mandag 23. april 2012

Lommerosk i Ålesund

Viss de sjekkar denne lenkja, og trykker på nummer 13, finn de ein video frå fylkesmønstringa i UKM i Ålesund sist helg.

Bok 22 2012: "Teori og praksis" av Nikolaj Frobenius

Lydbokutgåva av denne romanen er truleg svært annleis enn originalen, som visstnok inneheld fotnotar med faktastoff i ekte Dag Solstad-stil. Fem Cd-ar med ei enkel historie ispedd musikk-innslag gjer boka lettlesen, men òg noko uinteressant. Forfattaren har dikta ein sjølvbiografi om oppvekst i Rykkin, og vi som har levd og lese på 70- og 80-talet har høyrt det meste før. Her er nemleg kjende element som hippieforeldre, narkotika og punkrock. Ok lesing, men papirutgåva er kanskje å foretrekke for dei som ønskjer noko meir krevjande.

søndag 22. april 2012

Ballett-besøk med brennsnut

Søndag var det ekstraøving for ballerinaene, og Minstemann og eg nytta tida til besøk hos besteforeldra. Etter kvart dukka dei tre eldste opp, då Storegut kom att frå fylkesmønstringa i UKM. Alle fekk servert deilig brennsnut og is, og så vende vi nasen heimover. Helga har vore blant dei meir aktive, i alle fall for dei tre eldste ungane. Stilbunkane mine ligg trygt i sekken.

lørdag 21. april 2012

Fylkesmønstring i UKM

I dag tok småungane og eg turen til Larsgårdshallen i Ålesund, der det var stor konsert med mange talentfulle ungdomar som representerte heimkommunane sine. Våre kjekke karar i Lommerosk gjorde ein flott opptreden, og vi var ein ganske stor og stolt heiagjeng frå Straumshamn/Bjørkedal.


Før konserten tok vi oss tid til å sjå på kunstbidraga i UKM. Der var mykje fint og imponerande i mange sjangrar!

fredag 20. april 2012

Full fres på fredag

Etter ein relativt god dag på jobb møtte eg dei to minste på kaia. Vi tok med oss Eldstejenta og for på café, før vi møtte på gutane i Lommerosk og fekk sendt dei og tinga deira med buss til Ålesund. Der skal vere fylkesmønstring i UKM i helga, og vi satsar på å reise utover ein tur i morgon.

Veslejenta skulle opptre på 40-årsjubiléet til den lokale musikkskulen, og ho spelte "Anthem" frå Chess, den ho spelte i dåpen til Storegut. Ho spelte veldig fint, som vanleg, og der var mange andre flinke, både unge og gamle. I sjanger spende det frå symfoniorkester til trommeduell og trekkspel.

torsdag 19. april 2012

Bok 21 2012: "Maya" av Isabel Allende

Det er lenge sidan eg har lese noko av denne forfattaren, men no har eg lånt inn ein bunke. Først ut av desse er "Maya" - ei litt uventa moderne bok av den etablerte forfattaren. Med "moderne" meiner eg her at ho omtalar både facebook og youtube, til dømes, på ein naturleg måte, utan at det verkar krampaktig ungdommeleg.

Maya er ei ung jente av delvis ukjent opphav, og ho opplever mykje dramatikk der ho beveger seg frå USA til Chiloé, ei lita øy i Chile. Det er først og fremst det som handlar om Chile eg finn interessant, og Allende omtalar både militærkuppet, mattradisjonar og overtru på ein interessant måte.

onsdag 18. april 2012

Vårteikn: ballett, konsertar og fotballkampar

Fri-onsdagen begynte med triveleg besøk av ein kompis, før den heldt fram med ein del leksehjelp, sol og pannekaker. Då eg skulle på samtale på skulen, plasserte eg ungane hos mora til Kompisen, og så var vi på besøk der fram til fotballtreninga.

Eg prøver å få med meg alt som skal skje framover, men det blir ekstremt mykje ballett, UKM, konsertar og fotballkampar å halde greie på. I tillegg blir det ei travel tid på jobb - men det går nok bra i år òg...

tirsdag 17. april 2012

Den siste snøen som fins i skaret

Overraskinga var stor i kollegiet då det plutseleg vart annonsert at vi skulle ha skidag. Det har gått så lang tid at vi no har begynt med vårlege syslar som heildagsprøver og repetisjon.

Dagen i dag vart nydeleg og strålande, og nokre kollegaer og eg gjekk på beina innover turløypa, og sette oss og prata i sola, medan andre tok heisen opp og deretter trekket oppe på fjellet.

Etter middag rigga eg meg til i solstolen på verandaen, der eg somna som ein stein i sola.

Veslejenta skulle på ei ad hoc korpsøving, og Minstemann og eg gjekk saman med henne ned til Grendahuset, der vi fann hyggelege bygdafolk å prate og leike med.

Det vart ein dag med mange timars frisk luft og sol, og ein kan berre håpe på litt sol på fridagen òg. Det går mot ein periode med frykteleg hardt arbeid på jobb, og litt sol og denslags gjer underverk for energinivået.

mandag 16. april 2012

Krydder i tilværelsen

I det siste har eg blant mykje anna fundert på kvar eg skal oppbevare krydderet i det nye tilveret mitt. Hittil har eg sett glasa inn i matskapet, men eg hadde tenkt meg ei litt meir fancy løysing i form av ei hylle, korg eller liknande. Som så mange gonger før hadde nokon tenkt tanken på mine vegner og gått til innkjøp av eit snurrestativ med krydderglas hengande i. "Besta" er den skuldige, og ho traff svært godt med både stil og nytteverdi.

Minstemann, Ballerinaene og eg har vore på middagsbesøk i Ørsta etter jobb i dag, og som det bortskjemde minstebarnet eg er, vaska "nokon" bilen og la om til sommardekk medan eg meska meg med kake og kaffi.

Debut på julefesten 2007

Storegut var i 2007 ein noko mindre gut, men eg såg at han hadde talent som songar. I desember 2007 sa eg at han skulle få snowboard til jul dersom han song solo på julefesten, noko han gjorde, saman med kompisen. Dei spelar no saman i bandet "Lommerosk", der Storegut er vokalist. Til helga skal dei delta på fylkesmønstringa av UKM, men det var altså i 2007 det heile starta.

NB: Storegut er han som delvis er dekt av notestativet, og som glimtar til med lett nervøse "moves".

søndag 15. april 2012

Storegut 15 år!

Størsteguten fyller 15 år 15. april, og vi gratulerer!

Guten har ein spennande vår, med dåp, UKM og konfirmasjon. Det blir mykje fokus på han, men det taklar han godt.

Den dagen han vart fødd, snødde det mykje ute, og i dei følgjande dagane gjekk vi barselkvinnene rundt og snakka om vêret utanfor sjukehusvindauga. Mange vil nok hugse at sommaren 1997 vart ein av dei finaste i manns minne, og eg hugsar at eg hadde verdas enklaste baby som smilte tidleg, sov mykje og åt det han fekk. Han utvikla seg til å bli ein aktiv og krevjande fyr, men no er han så grei at det nesten ikkje er til å tru. Litt distré og ufokusert til tider, og ikkje alltid like lett å få opp om morgonen, men ein omtenksam son og bror å ha i hus, og ein gut det er vanskeleg ikkje å like og vere glad i.

lørdag 14. april 2012

Langtur på laurdag: Selje, Hoddevik, Ervik og Dragseidet















Dagens langtur gjekk til Stadlandet via Nordfjordeid, og attende via Vanylven. Sola skein det meste av tida utanom kommunegrensa til Volda, men det var bitande kaldt.

fredag 13. april 2012

Då Gamla slutta å TRENe

For ei tid sidan sa eg opp avtalen med det lokale treningssenteret. Eldstejenta og eg talde som "familietilbod" der, men frå første april såg eg føre meg at vi ville få meir enn nok av anna å tenkje på. Det vart temmeleg dyrt etter kvart, og det er dessutan vår og fint å trimme ute.

I bygda har nokre eldsjeler starta opp med trimgruppe to dagar i veka, der ein møtest på grendahuset og går tur saman. Torsdag hadde eg høve til å delta i bygdetrimmen, og det var ein fin og lett gåtur til Lisjedalen. Det vil seie; eg gjekk saman med to naboar opp, og snudde rett før toppen for å gå saman med ein annan nabo nedatt. Det vart nesten 10 000 skritt, så eg kunne glatt slye meg resten av kvelden, med godt samvit.

torsdag 12. april 2012

Bok 20 2012: "Mørk safari" av Tomm Kristiansen

Dette er ei forteljing om Henry M Stanley, mannen bak dei legendariske orda "Doctor Livingstone, I presume?" Vi får følgje Stanley på ulike eventyr i 1800-talets Afrika, der målet var å fylle ut dei kvite felta på verdskartet. Kristiansen fortel godt, og det er han sjølv som les i lydbokversjonen. Han tek med ein del fakta som syner kontrastane i møtet mellom kolonane og kolonimaktene, og som viser den rasismen som var utbreidd. Ei av historiene som festa seg, var då ein i reisefølgjet til Stanley betalte nokre innfødde seks lommedukar for å slakte og ete ei ti år gamal jente, medan han sjølv sat og noterte og teikna skisser av dei forferdelege kannibalane.

Boka er verd å lese både for historisk interesserte og dei som set pris på gode historier.

onsdag 11. april 2012

Mamsen og Lilleskurk på nye eventyr

I dag gjekk Minstemann og eg tur i skogen. Vi prata om mangt og mykje, og ei stund leika vi at vi var "Mamsen og Lilleskurk" som leita etter spor i skogen. Då vi ikkje fann stien vi hadde tenkt å gå på, begynte vi å snakke om Hans og Grete.

Etter ei stund kom vi til ei jakthytte i skogen, og Minstemann kommenterte tørt: "Ikkje akkurat et pepperkakehus, då"

Vel heime var eg inspirert av eit anna eventyr og fjerna oske frå omnen. No er det snart tid for Tornerose.

tirsdag 10. april 2012

Back to school

Timeplan tysdag:

1. og 2. time: Vietnamkrigen (forklare bakgrunnen, jobbe med romanutdrag)

3. og 4. time: Døme på mediabruk: 11. september, 22. juli

Ein elev spør meg: "Har du hatt ein fin ferie?"

Torsdag skal eg kompensere for dagens dystre tema. Då skal vi nemleg sjå film. "Titanic".

mandag 9. april 2012

Siste feriedagen




I dag kjende eg ikkje noko behov for å oppsøke fjell og vinter, men tvert imot å søkje utover mot havet. Turen gjekk derfor til Kvalsvika, der tunge bårer slår mot steinane. Det var ein mild og vindstille dag, og forhåpentlegvis ein av mange fine turdagar denne sesongen.

Bok 19 2012: "Elskede" av Toni Morrison

Ein bør ikkje la seg lure av den søte tittelen på denne romanen, for "Elskede" er namnet på eit gjenferd. Sjangeren kan minne om magisk realisme i og med at her opptrer slike fenomen i ein elles svært realistisk kvardag. Forteljinga dreiar seg om ein mørk del av amerikansk historie, nemleg svarte menneske sine lagnader i slaveritida. Boka er lettlesen, men grusom i all si enkelheit. Morrison fekk Pulitzerprisen for boka, etter tidlegare å ha fått tildelt Nobelprisen i litteratur.

Då eg for mange år sidan studerte engelsk, la vi opp romanen "Sula" av same forfattar. Eg har dessutan lese "Tar Baby" ("Dukke av bek"). Morrisons bøker er enkelt skrivne når det gjeld språk og handling, men temaa ho tek opp omfattar uendeleg mykje meir enn dei orda ho set ned på papiret. Ein les derfor mykje mellom linjene, noko som etter min smak kjenneteiknar god litteratur.

lørdag 7. april 2012

Påskeaftan

I dag tidleg stakk Kongsberg-gjengen innom på besøk. Dei hadde begynt på heimturen, men tok seg heldigvis tid til å kome og sjå huset vårt og leike litt med søskenbarna. Det er heldigvis ikkje så lenge til sommarferien, då vi kan møtast att.

Etter besøket skulle vi eigentleg handle mat, men så fann vi ut at vi hadde alt vi treng, så vi roa oss i staden ned med ein liten rusletur før vi igjen kosa oss med innesyslar. Til middag tok vi opp av frysaren nokre fleire restar frå dåpsfesten, så det vart enkel servering i dag òg.

Etter middag gøymde eg påskeegga som Tante S kom med førre helg, og vi hadde mykje moro før alle hadde funne sitt egg.

fredag 6. april 2012

Lang tur på Langfredag

I dag hadde eg ein date med ein kollega som er fantastisk flink til å quilte. Sidan ho bur like i nærleiken, tenkte eg det kunne vere greitt å gå dit, trass i mykje trafikk på hovudvegen. Dei to små og eg rusla derfor innover langs fjorden. Vi fekk sjå eit syrom, noko som ikkje skjer kvar veke, og vi tok ut eit mønster til eit teppe som vi skal ha hengande i gangen. Vel heime oppdaga eg at vi hadde gått over 9000 skritt, så det vart ein bra tur av det.

Elles har også denne dagen vore rimeleg sløv. Storegut kom heim frå spelejobb, og huset vart igjen fylt av musikk. Ungane storkosar seg nede med spel og speling, medan Gamla stort sett slit ut godstolen med ei god bok i hendene. Ferie er ikkje så verst!

torsdag 5. april 2012

Siste dag med snø?

I dag hadde vi nok ein lat dag. Det vil seie: vi vaska huset på føremiddag, og så skulle Storegut på spelejobb og vi hine gjekk tur. Snøen låg framleis, men no i kveldinga har det begynt å regne.


Elles kosar vi oss inne med dataspel, musikkinstrument, tv og gode bøker. Sidan Storegut var vekk, fekk dei to små yndlingsretten sin til middag: tomatsuppe med makaroni og kokt egg. Det enkle er ofte det beste.

Bok 18 2012: "Stasiland" av Anna Funder

Den australske forfattaren Anna Funder intervjua i perioden 1996 - 2000 nokre menneske som har levd i DDR og vore utsette for Stasi på ulikt vis. Ei hadde fått vite at mannen hennar var død, utan noko meir forklaring eller prov, ei anna opplevde at babyen hennar vart verande på eit sjukehus i Vest-Berlin medan ho sjølv budde på den andre sida av muren. Det er gripande hisorier, og Funder fortel utan å forklare eller problematisere for mykje. Ho er innom fenomenet "ostalgie", ein nostalgi knytt opp mot livet i DDR, og ein får høyre om arbeidet med å restaurere Stasi-arkiv og å bevare historiske minnesmerke.

Eg las boka på engelsk, og det var ikkje spesielt vanskeleg språk. Det er dessutan lett å følgje historiene og å feste seg ved personane i dei. Denne boka er absolutt verd å lese for dei som er interesserte i nyare tysk historie.

onsdag 4. april 2012

Familietreff på Hareid







I dag reiste ungane og eg til Hareid, der vi saman med broren min med familie besøkte systera mi med familie. Som vanleg vart det mykje god mat og god prat, og ungane var ute og aka i sol og snø.

tirsdag 3. april 2012

Ferie i finevêr


I dag skein påskesola, og nysnøen låg fin og kvit over omlandet. Dei to yngste boltra seg i leik utanfor huset, og så var det på tide å skysse Eldstejenta til ferjekaia. Ho skulle jobbe seinvakt i Volda i dag. Vi hine stakk innom butikken for mellom anna å handle inn meir mjølk, og så gjekk vi oss ein tur ut i finevêret. Det vart ein temmeleg sløv dag i dag òg, og ungane kosar seg no med diverse spel i kjellaren medan Gamla hyggar seg med ei god bok. Det er deilig med ferie!