onsdag 31. juli 2013

Trearbeidaren

Minstemann fekk velje seg to slips frå samlinga til morfaren sist han var på besøk, og eitt av dei var eit fint slips med logoen til trearbeidarforbundet på. I dag leita han fram ei matchande skjorte og poserte villeg for fotografering.

Supersløv dag

I dag har eg ikkje utretta stort; det har blitt ein del småtteri i huset og ein rusletur saman med ungane. Eg tenkte eg skulle stelle litt i hagen og ta nokre fine bilete, men regnvêret siste dagane har gjort at det meste har flata ut og ser drukna ut. Eg gadd rett og slett ikkje å luke eingong, så gale var det. Men eg har nokre nydelege stilkroser og ei rosalilla georgine som eg kan dele med omverda.


Bok 50 2013: "Hjelp, hvor er landet mitt?" av Michael Moore

Michael Moore er ein av dei mest profilerte kritikarane av det amerikanske samfunnet. Eg plar vise dokumentarfilmen "Bowling for Columbine" til elevar i engelskundervisninga, og eg synest han har mange gode poeng der.

Boka "Hjelp, hvor er landet mitt?" kom ut før valet i 2004, noko den ber tydeleg preg av. Føremålet er heilt klart å påverke lesarane til å kjempe mot at George W Bush skal bli attvald som president, og den er såleis ute på dato på mange måtar. Mot slutten kjem forfattaren med direkte oppmoding om å kjempe mot attval, og etter mitt syn svekkjer dette resten av boka. Første del handlar om frykt for terrorisme, tvilsame motiv for krigføring og faktafeil som ledd i ein aksjon mot Saddam Hussein og Osama Bin Laden. Den delen av boka er både interessant og tankevekkjande, samtidig som den er skriven på ein svært underhaldande måte.

Lydboka vert glimrande lesen av Duc Mai-The, det er svært imponerande å høyre korleis han les med innleving og sikkert ein del improvisasjon.

Bok 49 2013: "Flyt" av Ingelin Røssland

Etter å ha lese "Kunsten å inhalera" og høyrt Røssland då ho var på jobben min og snakka til elevar, var eg sjølvsagt interessert i å lese oppfølgjaren. Lesinga har gått litt sakte, i rykk og napp, sidan eg har lese den høgt til Minstemann, men i kveld vart vi ferdige.

I "Kunsten å inhalera" møtte vi Anette, som gjekk i siste klasse på ungdomsskulen, og som ville begynne å røyke og drikke. I "Flyt" begynner den same Anette på vidaregåande, og ho flyttar på hybel saman med venninna. Ho debuterer seksuelt, prøver narkotika og famlar mykje rundt fordi ho ikkje veit kven ho føler kva for.

Boka kan verke usamanhengande og ustrukturert, men den speglar såleis av korleis det kan vere å vere 16 år. Eg likte den veldig godt, sjølv om eg må seie at eg likte "Kunsten å inhalera" betre. Skrivestilen er humoristisk og direkte, og eg har lyst til å lese fleire bøker av forfattaren.

tirsdag 30. juli 2013

Tur i Vasslida - bokstaveleg tala

Sidan Eldstejenta var på jobb og Minstemann på overnattingsbesøk, var det berre tre i turfølgjet i Vasslida i dag. Vi parkerte ved Langedalsbrua og gjekk til vi fekk god utsikt over Harpefossen, men undervegs endra vêret seg frå fint til duskregn og deretter til høljepøsregn. Vi fraus ikkje før vi var nesten attende ved bilen, men hadde det tvert imot ganske morosamt. Ungane nekta å stille opp som fotomotiv, derfor fekk Gamla vise sin søkkvåte "wet look".

mandag 29. juli 2013

Barsel-, tannlege- og besteforeldrevisitt


I dag hadde eg tannlegetime, og då nytta vi høvet til mellom anna å få handla apotekvarer, klipt Storegut og meg og besøkt besteforeldra i Ørsta. Sidan det vart "null hull" i år òg, fekk eg ein fin hårfønar i tannlegepremie, sidan den gamle berre virka på første stillet.

Minstemann vart att på Folkestad, der han besøkte bestekompisen. Eg følgde han dit, og fekk sjå den vesle babyen deira, som vart fødd 3. juli. Ho var berre nydeleg, og roleg og vaken heile tida medan eg var der.


søndag 28. juli 2013

Vekeslutt etter ei herleg sommarveke

Søndag var eg først oppe av alle i heimen, noko som etter kvart er blitt det normale. Eg fekk unna ein del husarbeid, og så la eg meg ut i sola med lydbok. Etter kvart som det vart liv i leiren, ville dei to yngste på småbåthamna og bade saman med ein kompis, og det vart det sjølvsagt ei råd med. Etterpå vart det grilling for sjette gong denne veka, og så skya det over såpass at vi begynte på helgavasken. I bloggande stund er vi nesten ferdige, og ungane skal straks setjast inn på eit rom for seg sjølve medan eg vaskar over resten av golva.


Shoppingtur til Moa

Gamla er glad i å gå på tur, og i å køyre til nye stader for å sjå vakker og spektakulær natur. Ungane set minst like stor pris på turar som den vi hadde laurdag, då vi køyrde til kjøpesenteret på Moa, like utanfor Ålesund. På handlelista stod blant anna sommarklede, sandalar og solkrem, og det var ikkje lite vi fylte inn i bilen. Mesteparten var kjøpt billeg og på sal, for sesongen er absolutt på hell n når vi snart skal ut på tur.

Minstemann hadde fått ein 200-lapp i gåve for ei tid sidan, og den hadde han med på shopping. Han bar den med seg frå butikk til butikk heile dagen, og til slutt fekk eg ut av han kva han ville kjøpe seg. Det var nemleg eit nytt slips.

Middagen inntok vi på favorittrestauranten til ungane, Mc Donald's, og så stoppa vi hos besteforeldra og fekk vaflar, is og kaffi.

Vel heime vart Minstemann travelt oppteken med å lage ein ny slipsvideo:

fredag 26. juli 2013

Bading på småbåthamna

I dag for tre av ungane og eg ned til småbåthamna, der dei bada og eg fotograferte. Vi har hatt fem herlege dagar på rad med sol, bading og grilling, og det har vore fantastisk deilig alt saman. vi bur i ein vakker landsdel, men klimaet er ikkje særleg å skryte av. Når det først er fint, er det freistande både å bade og gå på fjellet, men denne gongen har vi for det meste prioritert bading og slaraffenliv.



Bok 48 2013: "Det som ventet meg" av Parinoush Saniee

Romanen har handling frå Iran før, under og etter revolusjonen i 1979, og eg-personen går frå å vere ei ung jente til å bli litt over 50. Eg synest ho kan minne om ei slags persisk Kristin Lavransdatter, for mykje av handlinga dreiar seg om vanskelege moralske val i kvinnelivet.

På mange måtar er dette ei typisk bestseljande bok med historisk handling samanblanda med personleg lagnad, og litt utover i boka trudde eg at den bevega seg heilt over i det sentimentale. Eg vil likevel hevde at denne ligg nokre nivå over dei fleste andre i sjangeren. Ikkje minst sette eg pris på dei mange persiske seiemåtane, som gir boka ein slags autensitet. Forfattaren er ei velutdanna iransk kvinne, og dette skin godt gjennom.

Eg likte boka godt, men første helvta var absolutt mest interessant og best skrive.

torsdag 25. juli 2013

Kveld på Småbåthamna

I kveldinga i dag gjekk Minstemann og ein kompis til den lokale småbåthamna og bada. Faren til kompisen tok dei deretter med ut i båt for å sjå etter krabber. Vakre sommardagar er kjærkome her på våre kantar!


Bading i Brundalen 3

I dag tidleg køyrde vi eins Ærend til Nordfjordeid for å kjøpe ny gummibåt, men der var det utselt. Vi kjøpte derfor med oss eit par nye luftmadrasser til dagens tur i Brundalen.





onsdag 24. juli 2013

Bading i Brundalen 2

I dag pakka vi med oss eingongsgrill og gjekk til seters for å bade, grille og sole oss. Ein fantastisk sommardag!


Bjørnasetstøylen

tirsdag 23. juli 2013

Bading i Brundalen

Endeleg vart det både sol og varme, samstundes. Eg vekte derfor ungdomane og tok dei med til setra i Brundalen. Det er favorittstranda vår, sidan den både er langgrunn og relativt fredeleg. I alle fall FØR vi kom.

mandag 22. juli 2013

Bok 47 2013: "En mann ved navn Ove" av Fredrik Backman

Ove er ein 59 år gammal surpomp, som mest av alt minner om karakteren Narvestad i tv-serien "Borettslaget". Han er prinsippfast og sjølvrettferdig, men òg tydeleg lei av livet. Han vil derfor ta livet av seg, men blir stadig forhindra av irriterande naboar og liknande tilfeldigheiter.

Boka er ei morosam forteljing om ein mann som opplever at samfunnet endrar seg, utan at han set pris på desse endringane. I tillegg inneheld boka ei vemodig vakker kjærleikshistorie, der Ove og kona hans har hatt det som vert skildra som eit uvanleg respektfullt forhold.

Dette er ei bok ein bør ta seg tid til å lese. Lydboka er god, og det er ein ekstra trist tanke at Trond Brænne ikkje fekk lese den heilt ferdig inn før han døydde. Kim Haugen har fullført lesinga, og begge desse opplesarane er gode å lytte til. Boka er såpass enkel at den er lett å følgje med i, trass i nokre hopp fram og attende i tid.

lørdag 20. juli 2013

Malakoff rockefestival

Fredag var heile familien på Malakoff rockefestival på Nordfjordeid. Storegut reiste på eiga hand med bandet, som skulle opptre på konsert på dagtid. Det gjorde dei med stor entusiasme og talent, i alle fall i følgje foreldre-fanklubben. Bandet fekk billettar til heile helga, og dei ligg dessutan i telt på området. Akkurat det freista ikkje resten av oss, men Veslejenta fekk billett for heile helga. Resten av oss tok oss ein dag på festival og var nøgde med det.

Morten Abel imponerte stort med flott musikk og ein magisk scenesjarm. Sidan Minstemann er blodfan av Kaizers, ville han stå langt framme under konserten deira, men det var relativt traumatisk på grunn av pressing og skubbing. Eldstejenta og Gamla gjorde sitt beste for å verne han, men vi måtte gi opp til slutt. Musikken var sjølvsagt bra, men vi var litt skuffa over låtvalet, og sakna mange av favorittane våre.

Illustrasjonsfotoet er av Storegut og årets Idol-favoritt her i huset, den såkalla Idol-Eirik,

torsdag 18. juli 2013

The Windsor Knot - this time in English


Ny hundevenn

Vi skal passe ein hund nokre dagar, og vi set stor pris på å få slike oppdrag. Spesielt i regn og skoddevêr er det godt med ei årsak til å gå ut på tur.

onsdag 17. juli 2013

Bok 46 2013: "Anna Karenina" av Lev Tolstoj

Etter at eg såg den flotte, nye filmen om Anna Karenina tidlegare i år, tenkte eg at eg må lese boka når eg får tid og høve. Det har eg no gjort, og etter over 22 timar lydbok er eg, om mogleg, meir gripen av historia enn tidlegare.

Anna er gift med ein mann ho ikkje elskar, og har ein son. Då ho brått forelskar seg i ein annan mann, går ho frå ektemannen og lagar skandale. Det blir mange konfliktar og problem, og livet blir etter kvart uuthaldeleg for Anna.

Parallellhistoria om Kitty, som først forelskar seg i den same mannen som Anna, får eit betre utfall, og slutten på romanen gir eit tydeleg signal om kva verdiar forfattaren set høgst.

Boka er melodramatisk på mange måtar, men det er ei gripande historie som på grunn av omfanget gjer seg godt som lydbok.

Minstemann med "Magnetie"

Magnetie

Baksida er òg fin
Minstemann fekk pakke i posten, og gleda er stor i heimen. Han har lenge drøymt om å få eit slikt magnetisk slips, nemleg.

Seint i går kveld kom eg med ein kommentar eg aldri hadde trudd eg skulle kome med:
"No må du slutte å knyte slips og gå og legge deg"


Bok 45 2013: "Engelens spill" av Carlos Ruiz Zafón

Då eg første gong blogga om denne boka om sommaren 2009, uttrykte eg eit ønske om å lese den ein gong til, gjerne i samband med at eg las "Vindens skygge". Eg skreiv dessutan at eg fekk lyst til å reise til Barcelona. No er Barcelonaturen bestilt og eg har nyleg lese "Vindens skygge", så tilhøva låg godt til rette for ei ny lesing av denne romanen.

Innhaldet i romanen er vanskeleg å skildre. Stemninga står mest sentralt, der eit Barcelona anno 1920 framstår som dunkelt og litt skummelt; mystiske menneske jaktar på kvarandre, og ein finn inspirasjon frå andre bøker, som til dømes Faustus og Jane Eyre. Ei bok av Charles Dickens vert nemnd fleire gonger, og byen i boka kan minne mykje om Dickens' London.

Boka kan anbefalast på det sterkaste, men det er ei bok som krev ein del av lesaren.

søndag 14. juli 2013

50-årsjubileum på Hareid

I dag var vi i selskap på Hareid, der ungane mellom anna fekk vere saman med alle søskenborna sine. Det er ikkje så ofte vi er saman heile familien på denne måten, så det er spesielt kjekt når det passar for alle. I tillegg til foreldra mine, søskena mine og familiane deira var også eine svigerinna og svogeren til Systa i selskapet.

Eg reknar med at jubilanten kjem sterkt attende med eit blogginnlegg om selskapet, men nemner kort at vi fekk servert nydeleg kjøtsuppe, diverse dessertar (mellom anna den obligatoriske karamellpuddingen), kaker, ost og kjeks. Alt smaka fantastisk godt, og vi hadde ein svært triveleg dag i haustvêret.


fredag 12. juli 2013

Bok 44 2013: "Syv dager med tirsdagsdamene" av Monika Peetz

Eg likte godt den første boka om tirsdagsdamene, og den andre er slett ikkje dårlegare. Denne gongen reiser venninnegjengen på fastekur på ein stad der ei av dei håpar å finne ut kven som er faren hennar. Boka inneheld mykje humor omkring sjølve fastinga og opphaldet på kurstaden, og i tillegg har damene også denne gongen små og store kvardagsproblem som må løysast. Dei sarkastiske og ironiske kommentarane til somme av karakterane er ubetalelege, og eg har kosa meg mykje med denne boka. Eg kan legge til at eg måtte ete mykje medan eg las om dei pinslene damene gjekk gjennom under fastinga.



mandag 8. juli 2013

Bok 43 2013: "Livet med Elizabeth" av Richard Herrmann

Eg er meir enn gjennomsnittleg oppteken av historie - i alle fall nokre emne. Eitt av favorittemna er britisk historie, gjerne med fokus på kongerekkja. Tidlegare i ferien har eg sett tv-seriar om Henry VIII, Elizabeth, The Gunpowder Plot og Charles II, og så kom eg på at Richard Herrmann hadde skrive nokre bøker om engelske dronningar. Med eit lite søk på internett fekk eg bestilt lydboka om Elizabeth på det lokale biblioteket. Eit par dagar etter fekk eg ein sms om at boka kunne hentast. Moderne tider har sine fordelar.

Richard Herrmann skreiv godt, og hadde ei fantastisk radiostemme. Lydbokversjonar av bøkene hans blir derfor ei fryd å lytte til når det er forfattaren sjølv som les.

Boka om Elizabeth er lettfatteleg for dei fleste, vil eg tru, men den er òg interessant for oss som har lese og sett filmar på førehand. No høyrest eg ut som ein sjølvutnemnd ekspert, men eg har faktisk nokre vekttal frå engelsk mellomfag om Elizabethansk litteratur og kultur, og det var gjennom studia for over tjue år sidan at interessa vart vekt.

Boka til Herrmann handlar ikkje berre om dronninga, men om forhistoria om kvifor og korleis ho vart dronning, om oppdagingar, jordomseglingar, Shakespeare og teaterhistorie. Og det er dramatisk handling som i ein spennande roman.


søndag 7. juli 2013

Herøyspelet "Kongens ring"

I iskald vind og elles lettskya sommarvêr gjekk turen i dag til Herøy gard, der dei kvart år set opp det historiske spelet "Kongens ring". Det var andre rolleinnehavarar enn sist eg såg spelet, men elles var der nokre få endringar. Eg set pris på teater, frisk luft, historie og musikk, så slike historiske spel er midt i blinken for meg. Turfølgjet har mykje same smak og interesser som meg, men hadde ikkje vore på Herøy gard før. Det passa derfor ekstra godt med på ei kort guida omvising på den gamle kyrkjestaden og kyrkjegarden etter framsyninga. Hadde vêret vore litt betre, kunne vi ha vore der lenger, men ein kan eventuelt ta turen attende ein annan gong for å sjå på museet.






Måløyraid

Det blir lite fotografering og langturar for tida, for det er meir enn nok å finne på heilt lokalt.

Laurdag slo finevêret til, og vi stod med valet mellom ein fin tur eller arbeid i hagen. Vi valde det siste - det er eit prosjekt på gang som kanskje ikkje syner så godt att, men det er mykje hardt arbeid. Nedanfor huset har vi nemleg avdekt (bokstaveleg tala) eit berg, og no skal det fjernast trestubbar, røter og mold som hittil har dekt berget. Eg er så glad i svaberg, og det er eit godt og fint alternativ til ugras og bregner. Det skal i alle fall blir det, når vi har fått vekk meir og spylt vekk noko mold.

Etter ei hard arbeidsøkt tok vi oss ein tur til Måløy for å ete middag, og så blei det ein liten tur til Refviksanden, sidan vi var i området.





onsdag 3. juli 2013

Bok 42 2013: "Indias datter" av Shilpi Somaya Gowda

I denne romanen møter vi eit fattig indisk par som adopterer vekk dottera si. Parallelt får vi høyre om ei amerikansk kvinne som giftar seg med ein indisk mann, men som ikkje kan få eigne born. Utover i romanen kjem desse to familiane stadig nærare kvarandre, og ein får eit innsyn i skilnader mellom fattige og rike i dagens India. I tillegg lærer ein mykje om indiske skikkar, matvanar og haldningar.

Forfattaren er kanadisk, men foreldra var begge frå Mumbai, som òg er den mest sentrale staden som er skildra i romanen. Idéen til boka fekk ho då ho arbeidde på ein indisk barneheim.

Boka er spennande og lettlesen, og den er ikkje så sentimantal som ein kan frykte når ein les om den. Eg er glad i å lese bøker frå andre kulturar, og denne sette eg pris på, sjølv om den på mange måtar er enkel og føreseieleg.

tirsdag 2. juli 2013

Sommarprat med Storegut

I dagens utgåve av lokalavisa Møre kunne ein på siste side lese eit intervju med Storegut:

Bok 41 2013: "Vindens skygge" av Carlos Ruiz Zafón

Denne klassikaren las eg for om lag ti år sidan, men no fekk eg lyst til å lese den ein gong til. Det var lite eg hugsa frå sist, og boka er såpass komplisert at ein godt kan lese den fleire gonger for å få med seg alt.

Handlinga startar med at ein gut får ei bok, og at merkelege ting skjer i etterkant, når han prøver å finne tak i fleire bøker av same forfattar. Ein er usikker på kva som er fantasi og røyndom, og dette held spenninga oppe. I tillegg er her fantastiske karakterar med humoristiske replikkar og melodramatisk framferd.

Hovudårsaka til at eg las denne boka akkurat no, er at den er kjend som ein av dei største Barcelona-romanane. Det blir kanskje tid til fleire slike før kollegaturen i haust, og kanskje tid til å lese denne romanen ein gong til etter eg har vore i byen.