søndag 29. oktober 2017

Mjeltevika

Det har vore ei fæl veke når det gjeld vêr, og dørstokkmila har vore nesten uoverkomeleg. Ikkje er det dagslys så lenge heller, og no når vi har stilt klokka blir akkurat det enda verre. I dag var det vanekeleg å kome seg ut, men så skein det opp ei lita stund såpass vi kom oss til Mjeltevika og heim att. Akkurat når eg skriv dette, er det ei fæl haglbyge ute, så då er eg glad vi er inne. Det er rikeleg å finne på, men ein tur ut gjer godt for kropp og sjel. Og hund.

lørdag 28. oktober 2017

Bok 81 2017: "Pasienten" av Trude Teige

Denne kriminalromanen har handling lagd til den oppdikta sunnmørsbygda Losvika, men òg til eit psykiatrisk sjukehus på Austlandet. Vi følgjer Kaisa, som no er ramma av nedgangstider i mediabransjen og ein snikande kreftsjukdom. Parallelt les vi ei slags dagbok skriven av ein psykiatrisk pasient. Ei tidlegare forsvinningssak vert aktualisert, og spørsmålet er om denne saka har nokon samanheng med dagboka.

Romanen er inspirert av faktiske hendingar, men er likevel eit produkt av fantasien til Teige. Det er ei bok som er lett å lese, og den er til tider spennande, sjølv om eg fann den noko føreseieleg òg.

torsdag 26. oktober 2017

Bok 80 2017: "Anybody out there?" av Marian Keyes

For ei tid attende las eg "Rachel's Holiday" av same forfattar. I den boka eg no har lese, møter vi eine systera til Rachel, Anna, som nyleg er blitt enke i ung alder. Boka handlar mykje om korleis ho opplever sorga, mellom anna korleis ho ringer til mobiltelefonen til den avdøde mannen og korleis ho oppsøkjer medium for å kunne snakke med han. Dei hadde eit svært lukkeleg ekteskap, og det plagar henne at ho ikkje skjønar kvar han er. Parallelt med dette mottek ho mailar frå mora, som ergrar seg over trivielle problem med ei kvinne som let hunden sin gjere frå seg på plenen deira heime i Irland. Ei anna syster har teke til å arbeide som detektiv, noko ho fortel Anna om i mailar. Desse mailane er med på å gi boka eit humoristisk preg i all sorga. I tillegg finst det mange fornøyelege bipersonar som kvar har sine historier. Eit samlande tema er å kome vidare i livet etter å ha opplevd noko trist, og dette vert ikkje lettvint skildra. Her er mykje livsvisdom og problemstillingar som vekkjer ettertanke, noko som overraska meg. Eg har unngått Keyes sine bøker fordi eg trudde det var søtsuppe, men denne boka var ganske god. I tillegg er her mykje god humor, som sagt, og mykje av den er basert på ein leik med sprøket. Eit døme er når detektivsystera bruker uttrykket "parrot-phrasing" i staden for "paraphrasing". Dette er slik engelsklærarar ler av, i alle fall.

Kort sagt: boka fekk meg til både å le og gråte ein skvett, og då er eg nøgd.

tirsdag 24. oktober 2017

Bok 79 2017: "Liebhaberne" av Anne B Ragde

Så kom der nok ei bok om familien Neshov. Tormod er på gamleheim, Torunn pussar opp garden og jobbar saman med Margido i gravferdsbyrået hans og Erlend pussar opp Luksusvillaen i København. Trass i at eg ikkje er særleg imponert over den litterære kvaliteten på desse bøkene, og trass i at eg synest ho melkar maksimalt ut av historiene, må eg innrømme at eg slukte boka og var litt trist då den var slutt. Men så kjem der kanskje enda fleire?

Eg likte den første boka i serien, "Berlinerpoplene", svært godt. Det er ei velkomponert bok som har ein del litterære kvalitetar. Resten av serien er rein underhaldning, og som det fungerer dei heilt ok.

mandag 23. oktober 2017

Ta plass

I dag var eg på møte i det nystarta kvinnenettverket i lokalsamfunnet. Me fekk høyre fleire tankevekkjande innlegg om korleis kvinner oppfører seg i møte med media, korleis vi tenkjer og korleis vi oppfører oss mot andre kvinner som stikk nasen fram. Kvifor seier så mange kvinner nei til å uttale seg i media, til dømes? Og kvifor vert småbarnsmødrer stadig konfrontert med at dei er aktive trass i at dei er mødrer, når ikkje menn vert møtt på same måte? Hovudtemaet var "ta plass" - altså å engasjere seg og ta ansvar - både i jobbsamanheng og frivillig arbeid. Det blir spennande å følgje dette prosjektet framover.

søndag 22. oktober 2017

Tur til Mjeltvika

Dei to yngste er glade i å ligge lenge om morgonen, og ikkje så glade i lange og bratte turar. Det vart derfor ein kjapp tur i Mjeltvika før middag. Etter middag skulle Minstemann i selskap, og Veslejenta skulle attende til hybelen for å øve til prøve. Kvardagen ventar i morgon.

Bok 78 2017: "Bergskatt" av Toril Brekke

Då Løkken Verk skulle feire sitt 350-årsjubileum, bestilte dei denne historiske romanen frå forfattaren Torill Brekke. Dette er eit noko utradisjonelt utgangspunkt for ein roman, og er ei moderne form for leiligheitsdikting. Det set nokre føringar for kva som skal med og ikkje, noko eg meiner er svært tydeleg, men samtidig har forfattaren dikta inn menneskelagnader etter fri fantasti. Dette vert sjølvsagt vanskelegare når ein kjem fram mot vår eiga tid, og etter mi meiningvar romanen absolutt best i byrjinga.

Forteljinga handlar om koparfunn i berget og om gruvedrifta og utviklinga til verket og menneska som arbeidde og levde i området. For å "sprite opp" historia er her lagt inn drap og vondskap, og nokre spørsmål knytt til gjenstandar som er med i heile historia. Blant anna er her ein sølvkross som bringer ulukke med seg, og ein vandringsstav.

Etter mi personlege meining verkar noko av boka oppkonstruert rundt historiske fakta, medan andre delar kan vere meir engasjerande. Til tider hoppa ein for fort i tid, og ein fekk knapt nok bli kjend med karakterane før dei var ute or soga. Når det er sagt:eg er interessert i historie, og denne boka gav meg innsyn i noko eg ikkje har kjent til tidlegare. Eg fekk veldig lyst til å reise til Løkken og sjå med eigne auge korleis samfunnet der er. Kanskje finst det eit museum der eg finn ein sølvkross og ein vandringsstav.

lørdag 21. oktober 2017

Refleks

Laurdagen vart ein lopradag med handletur og besøk hos besteforeldra. Då vi kom heim 18.30, var det begynt å mørkne. Minstemann og eg gjekk oss ein kveldstur med Charlie, og Minstemann fekk som vanleg velje turmål. Han ville gå på hovudvegen, og det gjorde vi med hjartet i halsen. Vi hadde på oss refleks, men bilane suste forbi utan å legge seg så langt ut som dei burde etter mitt syn. Det vart etter kvart ganske mørkt, og eg irriterer meg over gatelykter som ikkje lyser. Eg bør kjøpe meg meir refleksutstyr, trur eg, og dessutan ei ny hovudlykt, før sommartida tek slutt og mørketida kjem for alvor.


Vinklubb oktober

Fredag kveld samla vi oss igjen, nokre av vindamene i bygda (eg trur vi var ni til bords), heime hos min tidlegare nabo. Vi fekk servert viltgryte av årets hjort, i tillegg til tre nydelege vinar. Det vart ein svært triveleg kveld med mykje prat og latter - som vanleg. Takk til ei strålande vertinne og ein kjekk gjeng!

fredag 20. oktober 2017

Ved vekeslutt

I år har vi begynt med "fagdagar" på jobb, slik at ein anten har 8, 4 eller 0 timar i eit fag på fredagane. Hittil har eg berre jobba to fredagar med 8 timar kvar, og elles har eg hatt studiefri. I dag var eg tidleg oppe og las eit par artiklar før Veslejenta stod opp (ho hadde òg fri). Deretter gjekk vi på tur i Mjeltvika med hunden, og no er vi klare for oppvarma fårikål frå i går. Eg har vore superhusmor denne veka og servert både heimelaga kjøtkaker og pannekaker - i tillegg til fårikål. Eg lagar framleis rikeleg store porsjonar, så det held ofte i to dagar. Minst. 


I går fekk eg levert ein pall med ved på døra, og i dag viste det seg at vi hadde fått eit nytt husdyr som stortrivst på toppen av vedsekkane. Han var ganske pen.

mandag 16. oktober 2017

Bok 77 2017: "Deltagende observasjon" av Katrine Fangen

Denne boka ligg litt i ytterkant av det vi har som pensum, då observasjon berre er ein av mange metodar vi kan bruke i masteroppgåvene våre. Deltagande observasjon er ein av variantane av slik observasjon, så derfor blir det svært detaljert om eit lite tema. Når det er sagt, så er denne boka lett å lese og forstå - mykje på grunn av dei mange døma frå Fangens eiga forsking. Spesielt interessant syntest eg det var å lese om korleis ho hadde forska på norske nynazistar.


søndag 15. oktober 2017

Tidleg krøkast

"Mamma, kan du lære mej å stryke skjorter?"

Mora trudde ikkje sine eigne øyrer, men ein slik førespurnad seier ein ikkje nei til. Ikkje at eg er nokon spesialist på området, men eg har no litt basiskunnskap inne. Minstemann likar godt alt som har med apparat og maskiner å gjere, og han begynte straks å utforske strykejarnet. No er han i sving med ein stabel skjorter han har fått arva frå Storegut. Eit vakkert syn!

Stigedalen revisited

Laurdag skulle vi til tettbygde strok for å handle litt, og då vart det til at vi stoppa på Stigedalen og gjekk tur der. Det vart min tredje tur på Stigedalen denne veka, men det gjorde no ingenting. Det viktigaste er å kome seg ut, trass i regn og vind!

fredag 13. oktober 2017

Pytontur på Stigedalen

I dag var planen eigentleg å gå på Keipen, men regn og vind gjorde at me heldigvis ombestemte oss. Turen gjekk i staden til "Tua", der me parkerte og gjekk innover til vegs ende (same tur som eg gjekk måndag). Det viktigaste er å få mosjon, frisk luft og kvalitetstid, ikkje å kome seg opp på høge fjell!

Då ungane var små, hadde me noko som heitte "pytontur", der me kledde oss godt og gjekk ut i ruskevêret. Spesielt Storegut hadde behov for å bli lufta kvar dag. No er han ein fredeleg fyr, men det er likevel godt å kome seg ut. Dørstokkmila er det verste, deretter blir turen ein leik.

Inne i Asbjørn-hytta

torsdag 12. oktober 2017

Bok 76 2017: "Forskningsmetoder i utdanningsvitenskap" av Edvard Befring

Nok ein gong har eg lese ei fagbok som var relativt enkelt skrive, med mykje det same innhaldet som i fleire andre pensumbøker når det gjeld metode og etikk. Det som skil denne boka frå andre eg har lese, er at den på mange måtar kan sjåast på som ei handbok i kva metodar og design ein vil/bør velje når ein skriv ei masteroppgåve. Kanskje er ikkje boka så relevant til eksamen, men den er svært inspirerande når ein tenkjer på kva ein vil skrive om. Dei eg studerer saman med som studerer på heiltid, har begynt på masteroppgåva si allereie, så for dei må dette vere meir rette tidspunktet å lese ei slik bokpå enn for oss deltidsstudentane, som er mest opptekne av å greie eksamen i desember.

tirsdag 10. oktober 2017

Bok 75 2017: "Ensomheten" av Ketil Bjørnstad

I denne romanen følgjer vi to hovudpersonar vekselvis, og dei strir med problem på kvar sin kant. Susanne bur aleine med katten sin og har eit forhold til ein gift mann, medan Oscar er skild og slit med anger og sorg over dei han har mist i livet sitt. Begge er på ein måte fangar av fortida, på kvar sin måte. I og med at dei spelar i same orkester, ligg det i lufta at dei kjem til å møtast.

Lydbokversjonen er truleg å foretrekke, for dei to personane vert skilde ved at dei ulike delane vert lese av vekselvis ei kvinne og ein mann. Slik vert dei to parallellhandlingane tydeleggjorde for lesaren.

Eg likte boka svært godt, sjølv om eg synest Bjørnstad til tider har eit noko arkaisk språk. Det eg likar, er først og fremst refleksjonane som personane har, og som eg finn interessante å dvele ved. Dei stiller til dømes spørsmål ved dei vala dei har gjort i liet, og korleis dei sjølve har rettferdiggjort desse vala for seg sjølve eller slite med skuldkjensle. Dette er spørsmål mange kan kjenne seg att i, og boka får dermed ei meir allmenn tyding enn berre å vere ei forteljing om to karakterar.

Bok 74 2017: "Innføring i pedagogisk forskningsmetode" av Thor Arnfinn Kleven m.fl.

Denne læreboka er svært innhaldsrik og nyttig for studiet eg tek. Den omhandlar både kvalitativ og kvantitativ metode, og i tillegg statistikk, etikk og vitskapsteori. Eigentleg burde eg ha lese den før alle andre pensumbøker, men det får så vere. Eg blir nok nøydd til å ta den fram att når det lid mot eksamen, men eg må seie at dette var ei bok som ikkje var så tung å lese som mykje anna eg fordjupar meg i.

Stigedalen

Måndag ettermiddag/kveld gjekk vi tur frå parkeringsplassen på Tua og innover vegen mot Movatnet. Det er ein fin og ganske lang tur, og det er avslappande å gå på grusveg når det er så vått i marka. Meir enn 16000 skritt vart det, og det gjorde godt etter ein lang dag med nasen ned i bøkene.

søndag 8. oktober 2017

Bok 73 2017: "Kvinnen med rødt hår" av Orhan Pamuk

Cem arbeider som læregut for ein brønngravar då han forelska seg djupt i ei eldre, gift og raudhåra kvinne. Dramatiske ting skjer, og hendingane pregar Cem når han reiser frå staden og tek til på eit heilt annleis liv. Då fortida innhentar han, viser det seg at alt var annleis enn han har trudd. Mot slutten forstår vi at boka vi har lese ikkje er det vi har trudd heller.

Parallelt er Cem oppteken av Ødipus, av fadermord og etikk, så boka har fleire lag enn den reine handlinga. Ein får òg eit visst innsyn i nyare tyrkisk historie og kultur.

Eg likte boka svært godt, spesielt fordi den var så uføreseieleg.



Tur til Mjeltevika

I dag fekk eg med dei to mellomste på tur i nærmiljøet, medan Minstemann var på huset og spelte saman med Naboguten.




lørdag 7. oktober 2017

Besøk hos besteforeldra

I dag hadde vi ein uvanleg treig start på dagen, som det høver på første feriedag, og så reiste vi av garde for å handle inn mat og besøke besteforeldra. Det var eit triveleg gjensyn, spesielt for Storegut, som har vore heimanfrå sidan 18. august.

fredag 6. oktober 2017

Haustferie

Storegut kom heim frå folkehøgskulen og Veslejenta kom etter kvart heim frå hybel- og selskapsliv, så no er gjengen samla for å feriere nokre dagar. Charlie har hatt ein spennande ettermiddag/kveld der folk har kome og gått utan at han har skjøna kva som skjedde. Han går frå fang til fang og storkosar seg som familiens midtpunkt.

torsdag 5. oktober 2017

Polenkveld 2017

Så var det Minstemann sin tur det skulle handle om - og alle dei andre i niande og tiande klasse som for ei tid attende reiste til Poen og Tyskland på aktiv fredsreise. Heile ni år har gått sidan Eldstejenta reiste på ein tilsvarande tur, og eg er så glad for at alle fire ungane mine har fått ei slik oppleving.

Iår var det frivillig å halde presentasjon, og heile ni elevar gjorde det, deriblant Minstemann, somsnakka om den kalde krigen. Eg filma nesten heile innlegget hans slik at besteforeldre, anna slekt og storesøslena langt vekk kan få sjå. Punlikumsmengda var ei anna då dei to eldste var i same alder.

Åtte andre elevar heldt foredrag, medan resten av elevane hadde gjort eit dskriftleg arbeid eller halde foredrag for klassen. I salen i kveldsat elevar, tidlegare elevar, foreldre, besteforeldre, elevar frå ein annan skule og foreldra deira og enda fleire, så det må ha vore avskrekkande for mange,

Etter programmet vart det sal av mat og kaffi, som vi plar ha her på bygda.



søndag 1. oktober 2017

The Kids are back

Og dermed vankar det smoothie, kaffi og godteri - og ein kjekk serie på tv. Livet, altså :)