søndag 28. februar 2010

På tur(ski) i Stigedalen

Siste dagen i februar, og siste feriedagen i tidenes flottaste vinterferie, brukte dei tre yngste og eg til skitur på Stigedalen. Sola skein frå blå himmel, og det var akkurat passeleg kaldt, eigentleg. Vi gjekk rundt i skiløypene nærast Tua, slik at alle borna fekk stetta sine behov for fysiske utskeiingar, og mot slutten leika ungane OL i skikyting medan Gamla fekk gå litt ekstra i løypene.

No mot kveld vert det hardt arbeid med planlegging av komande veke på skulen, og eg ser allereie fram til komande frionsdagar, komande helgar og komande feriar...

lørdag 27. februar 2010

Norwegian All-Star

Når sola skin og det er nydeleg vinter ute, må det mykje fin dansing til for å få ein til å ønskje seg ut av kulturhussalen. Dagens show vart veldig underhaldande, med mange flinke utøvarar. Spesielt Aurora utmerka seg, og ho fekk dei gjevaste troféa. Våre håpefulle fekk både medaljar og premiar for nummera dei var med i - Eldstejenta var med i ei litt endra utgåve av Imagine-nummeret frå i fjor, og Nummer 2 var med i Hip-hop-gruppa "Straumshamn crew" saman med fire kompisar i alderen 9 - 12 år. Jentene fekk gullmedalje og 86 poeng, medan gutane fekk 94 poeng og diamantmedalje.

Minstemann fekk vere med Mormor og Morfar heim, og der enda vi òg etter showet og fekk full oppvartning med middag og dessert. Skritt-teljaren min har teke seg ein fridag...

fredag 26. februar 2010

Vesketilførsel

I går kveld, på veg heim frå kino, opplevde eg å få fingrane fulle av foundation-krem då eg greip ned i veska etter lommeboka mi. Ved nærare ettersyn hadde ei krukke med krem mista loket og grisa til det meste av innhaldet i veska. Og det var ikkje lite, kan eg røpe. Veska var gammal og klar for utskifting, så her fekk eg ei etterlengta rettferdiggjering av nytt veskekjøp. Den totalt tilgrisa lommeboka var òg begynt å bli noko slitt og gamal, sjølv om den framleis fungerte. Men går det an å putte ei gammal, tilgrisa lommebok ned i ei flunkande ny veske?

Sjølvsagt prøvde eg å vaske elendet av, og eg lukkast delvis, men så fekk eldstejenta og eg oss eit lite shoppingærend  før vi reiste på Reset.

Moralen er, kjære blogglesar: ha alltid ein skikkeleg grisete krem klar i tilfelle du er lei av den gamle veska...

Feriedag 5








 Sidan Eldstejenta slit med ein legg som ikkje toler så godt skiturar, vart det til at ho, Minstemann og eg gjekk oss ein tur oppover turløypa på Reset i dag, medan dei to mellomste var i bakkane og Gubben var i bua som vakt. Minstemann fekk eit anfall av vond fot såpass mora måtte bere han nedatt, men kvikna fort til då faren tok han med på tur på snøscooter.



Nummer 2 har fått ein skade på nasen etter at han "tryna" på snowboard i går - elles har dei hatt fire nydelege dagar på trekket i vinterferien.

Etter at trekket var stengt, kjørte ungane og eg til Eldstejenta der ho laga deilig pastasalat, medan mora tok oppvasken. Ein skikkeleg koseleg feriedag, og på toppen av alt fekk eg retta frå meg ein bunke på morgonkvisten og tatt ein liten shoppingtur saman med Eldstejenta.

Feriedag 4

I dag har eg retta svært mange stilar, men eg har framleis mange att. Midt på dag vart det tid til å gå to lange turar - ein med kvar hund - og i kveldinga har eg vore på kino og sett "Paranormal Activity", som er ein film som er laga som eit opptak med privat videokamera. Ganske sært, eigentleg, og eg har ikkje bestemt meg for om eg likte den eller ikkje.

Bok 7 2010: "Boktyven" av Markus Zusak

I denne romanen er Døden forteljestemma. Ein genial idé, men ikkje så spennande som det kan høyrast ut. Historia utspelar seg i Hitler-Tyskland, og vi møter leseglade Liesl, som lever som fosterbarn i ein familie som også gøymer ein jøde i kjellaren. Ei spennande bok, men altså ikkje så spennande som ein kunne forvente.

onsdag 24. februar 2010

Mors kjærlighet - souvenirar frå Ulsteinvik


Feriedag 3

I dag har ungane og eg vore i Ørsta hos Mormor ("Besta") og Morfar, og dit kom også Tante og dei to yngste søskenbarna frå Hareid. Vi fekk servert nydeleg rømmegraut, og ungane tok seg ein tur på garasjetaket for å leike i snøen.

tirsdag 23. februar 2010

Feriedag 2

I dag har ungane og eg vore på tur til Nautvika, som ligg på veg innover  mot Dalsfjorden, 6 kilometer frå ferjekaia på Folkestad.

Vel heime insisterte Minstemann på å kle seg som Iron Man, i den raude vinterdressen sin, medan han leika med Lego-Iron Man.

mandag 22. februar 2010

Feriedag1

I dag feira kollegavenninne K og eg vinterferien med ei utflukt til "byen" Ulsteinvik. Den offisielle versjonen er at vi var på utflukt til Flø, noko bileta kan prove. Den uoffisielle (og langt meir trulege) versjonen er at vi kom utover så tidleg at butikkane ikkje var opne enno, og at vi korta ventetida med ein road trip. Elles fekk vi sjølvsagt høve til eit cafébesøk innimellom slaga. Handling vart det lite av for min del, men det var ein strålande dag i godt selskap.

Gratulerer med dagen, Nevø 2!

Jusstudenten frå Hareid fyller 20 år i dag, og vi gratulerer!

søndag 21. februar 2010

Christine De Luca

Laurdag kveld var eg på Hareid hos Systa, der det var sosialt samkome i høve besøk av den shetlandske forfattaren Christine De Luca. Dei andre gjestene var for det meste gamle kjende, og det vart ein triveleg kveld med god mat og prat, i tillegg til kulturelle innslag i fleire sjangrar.

I dag var De Luca hovudattraksjon på Aasen-tunet, og det vart både diktlesing og ei førelesing om språket på Shetland.

Forfattaren skriv dikt på engelsk og "Shetland dialect", og Odd Goksøyr og Andreas Bjåstad har omsett nokre av dikta til nynorsk. Dikta er relativt enkle i form og språk, men dei er vakre, og etter det eg har høyrt og lese hittil ser det ut som om ho bruker naturen metaforisk for å seie noko om menneske, og det høver godt når ein kjem frå ein såpass spesiell stad. I tillegg må det seiast at De Luca framstår som svært sympatisk, humoristisk og omgjengeleg. Ei spennande dame.

Oreokake på under ein halv time

Botn:
2 pk oreokjeks (knust)
100 gram margarin (smelta)
Knus kjeksa i food processor, bland med smelta margarin og legg i ei form.

Fyll:
2,5 dl fløyte
400 gram philadelphiaost
1,5 dl sukker
2 ts vaniljeessens
Bland ingrediensane med ein handmiksar til ein klumpfri masse

0,5 dl fløyte (resten av pakken) kokast opp
2 plater gelatin leggast i bløyt og løysast deretter opp i den varme fløyten
200 g kvit sjokolade brekkast i bitar og løysast opp i fløyten

Rør godt saman og bland sjokolademiksen i ostekremen

Brekk opp ein pakke oreokjeks i bitar og bland i kremen, tøm massen over kjeksbotnen og set kaldt over natta.

fredag 19. februar 2010

Glimt frå musikalen "Moonwalker"

Filmkveld med Nummer 2

I kveld er det Nummer 2 og eg som er heime "aleine", ser på film og et peparkaker (ny boks sidan tysdag). Filmen vi ser er "En verdensomseiling under havet", med Kirk Douglas i ei av rollene, og vi har lånt den på biblioteket. Boka har vi sjølvsagt lese for lengst.

Selskapsløven

Minstemann er i selskap, invitert av eit par venninner av Nummer 3, som òg er i selskapet, og som har tigga seg til å få vere med å pynte og planlegge.

Antrekket har guten bestemt sjølv, og det nytta ikkje å protestere og seie at vesten mangla ein knapp og var i storleik 2 år. Vi får late som om knappen datt ut i løpet av selskapet. Kanskje den krympa òg?

Duppedittar

Eg er ikkje særleg begeistra for dill-dall og duppedittar, men i dag tek eg med eit par døme på to som eg set pris på. Den eine er ein splitter ny skritt-teljar, etter at den som eg kjøpte i Sverige i sommar først brotna og ei stund etter slutta å telje. Den andre er eit "te-egg", forma som ei tekanne på ei brett. Dette er ein souvenir frå Covent Garden, og den bringer fram minner om ein triveleg dametur i fjor haust. Eg har investert i ein ny tesort, så no skal te-egget til pers. Skritt-teljaren skal få kvile til i morgon.

torsdag 18. februar 2010

Bok 6 2010: "Kvinnen i buret" av Jussi Adler-Olsen

"Kvinnen i buret" er den første romanen i ein thrillerserie, og den kom ut på norsk hausten 2009. I boka møter vi ein etterforskar som av ulike grunnar er blitt plassert på eit kjellarkontor for å løyse gamle saker. Parallelt med dette møter vi ei kvinne som er innestengd i fleire år utan å vite av kven, eller kvifor. Sakte, men sikkert vert saka oppklara både av kvinna sjølv og av etterforskaren. Som tidlegare blogglesarar veit, er eg svak for romanar med spennande komposisjon. Særleg i kriminallitteratur gir komposisjonen rom for auka spenning. Dette er i høgste grad ei lettlesa og spennande bok, og eg kjem til å lese seinare bøker i serien etter kvart som dei kjem ut.

Moonwalker

Dei tre eldste og eg fekk med oss årets musikal ved Volda vgs onsdag kveld. Det var eit imponerande show, og i år var det spesielt koret, bandet og koreografien som var imponerande.

Mange har allereie skrive om musikalen, og interesserte blogglesarar kan lese meir her

onsdag 17. februar 2010

Med snøracer som "Batmobil"

Minstemann er no blitt til Batman. Berre for å stadfeste det, for dei som undrar seg over overskrifta på dette innlegget. I dag tok han og eg med oss Bau innover til Lisjebotnen. Bau drog snøraceren etter seg, og Minstemann sat på eller gjekk av og på i fart, på ekte superheltvis. Etterpå tok vi med oss Bianca den andre vegen, innover Geislida. I alt over 10000 skritt på Gamla, som skal tilbringe kvelden som publikummar på musikal. Denne gongen må Minstemann halde seg heime, så vi har sagt at vi skal på ballettshow...

tirsdag 16. februar 2010

Janosch Traumstunde

Tysdagsdaten med ungane gjekk i dag til Viva Volda, sidan det no var dei to yngste sin tur å bestemme. Deretter tok vi oss ein tur på biblioteket, der vi lånte bøker og filmar.

Då vi var komne heim, sende eg dei to mellomste på korpsøving og flata ut saman med Minstemann på sofaen med ein boks peparkaker og ein Janosch-film. Litt skuffande for meg at filmen var dubba på bokmål, men ingen av borna her har sett serien på barne-tv, så for dei gjorde det ingenting.

søndag 14. februar 2010

Eldstejentas innslag på UKM

Verdas beste Morsdagspre-sang!

Med 4H på Bjørkedalen

Trass i overskya vêr vart det ein fin dag på Bjørkedalen i dag, med kakesal, pølsegrilling, akebrett, ski og mykje god prat.

Morsdag har vi feira på tradisjonelt vis med fine presangar, kake og fleire pølser etter turen til Bjørkedalen. Den finaste gåva var ein Morsdagspre-sang som eg skal få lagt inn i eit eige innlegg når Eldstejenta har kome attende til hybelen og lasta opptaket opp på youtube...

Firebarnsmorsdag?

Kva skal ein velje? Krembollar eller marsipankake, presangar eller ein romantisk middag i høve Valentinsdagen? Gamla har fått morgondagens Oreokake på kjøla, og blomar har eg skaffa meg for lengst, som de veit. Skapet er fullt av sjokolade som eg kan trøstespise når det går opp for meg at ingen vil ta meg med på romantisk middag, og ungane har ikkje på nokon som helst måte signalisert at dei gidd å stå opp for å lage frokost. Tvert imot - dei har signalisert at dei ikkje har tenkt å stå opp før klokka 12, slik at dei får ein halvtime å gjere seg klar på før vi skal på 4H-arrangement. "Ej kan gå på badet meda du laga frokost", sa Eldstejenta rett ut, så her er det berre å skru forventningane ned på minimumsnivå.

Ja, eg skal ut og ete i morgon, for all del - eg skal få grille årets første pølser, og det ser eg faktisk fram til. Eg elskar bål og brisingar, pølsespidding og uteliv som inneber at eg er iført Felleskjøpdress. Litt aking og skirenn er heller ikkje å forakte, så eg ser fram til morgondagen sånn sett.

Det er berre litt sørgjeleg at tre festdagar blir slegne saman, og at ein på toppen av det har arrangement som ikkje legg opp til at resten av familien dyrkar Mater Familias, som har lide seg gjennom svangerskapskvalme og trøttleik, overvekt og bekkenløsning, kynnarar og fødslar - alt for å setje til verda desse trassige egoistane som til alt overmål ikkje legg seg før mora har heva stemma etter midnatt ein gong.

Det er rart med den morsrolla. Når ungane er somna og frustrasjonen er i ferd med å dempe seg, kjenner ein at viss ein skulle velje mellom oreokake, Valentinsmiddag og krembollar i morgon, så ville valet vere såre enkelt. Det blir pølser.

Gratulerer med dagen, alle mødrer der ute!

lørdag 13. februar 2010

Oreokake med sjokolademousse - den originale oppskrifta?

Du treng:
450 g Oreokjeks (3pk)
100g smelta smør
2 pk tine naturell ost eller 1 pk philadelphia
2,5 dl melis
ca 3,5 piska kremfløyte (dvs 1 pk)
2,5 ss sukker
1pk Toro sjokolademousse
3 dl mjølk til mousse

Slik gjer du:
Brekk 1/4 del av oreokjeksa i bitar og legg dei til side. Ta resten av kjeksa i ein pose og knus dei. Tøm smulane i botnen av forma og tøm 100g smelta smør over. Trykk dette litt ned i forma for at botnen skal bli fast og fin.
Mix kremost og melis slik at det blir ei luftig blanding. Så mixar du fløyte og sukker til krem. Bruk halvparten av fløtekremen og bland med ostekremen. (Bruk mixmasteren på lavaste nivå eller bland med ei sleiv.) Smør ostemassen på oreokakebotnen og dryss knuste bitar av den 1/4-delen av oreokjeksa du la til sides i byrjinga. Set dette 30 min i kjøleskapet.
Mix så sjokolademoussen (etter pakningen) og smør den oppå osteblandinga igjen. Set den så inn i kjøleskapet igjen i 1 time. Til slutt smører du resten av kremen som du også la til side oppå kaka og pyntar den nett slik du vil.
For best resultat la den stå i kjøleskapet over natta, eller minst 3-5 timar.

UKM i Volda 2010




I dag har mesteparten av dagen gått med til å vere publikum på UKM, der Eldstejenta deltok med ein sjølvlaga dans for fjerde gong. Det gjekk kjempefint, og der var mange andre flinke utøvarar i tillegg til henne. Spesielt var det flinke band med i år, syntest eg. Og den store stjerna var, som i fjor, bygdas eiga Jeki, som framleis er for ung til å delta i sjølve konkurransen.