søndag 29. september 2013

Dagens investering for framtida

På ein grå septembersøndag var det tid for å tenkje framover. Dermed kom 100 blomsterlauk i jorda, med håp om ein fargerik vår i rosebedet. Det vart ein del arbeid med å fjerne ugras først, men det er forhåpentlegvis ei god investering å gjere eit grundig førearbeid. Eg satsa på einsfarga rosa/raude tulipanar og små påskeliljer av billegaste sort frå "Plantasjen", for eg har ei tru på at dei billegaste sortane er dei mest hardføre òg.

lørdag 28. september 2013

Bok 61 2013: "Himmelens fange" av Carlos Ruiz Zafón

I denne boka møter vi att Daniel frå "Vindens skygge" og "Engelens spill", saman med fleire andre karakterar frå dei tidlegare bøkene. Ein merkeleg, haltande mann kjem inn i bokhandelen, kjøper ei vakker utgåve av "Greven av Monte Cristo" og skriv ei helsing til Fermín  den. Dermed er mysteria i gang, og vi får innblikk i mykje i Fermíns spennande fortid.

Boka er både fascinerande og forvirrande, og eg fekk lyst til å lese alle dei tre bøkene om Daniel Sempere på nytt, i samanheng. Ikkje uventa, sidan dette er bøker ein truleg aldri heilt får klarheit i. Dei blandar realisme og mysterium og er mykje prega av annan litteratur, blant anna i personkarakteristikkane, som ofte er langt frå realistiske. Nokre av hendingane er òg urealistiske og melodramatiske, og eg vil seie at denne tredje boka er lettare å henge med i enn dei to første. Samtidig gir den eit oversyn som altså fekk meg til å ville lese dei hine om att.

Bok 60 2013: "Brobyggerne" av Jan Guillou

Dette er, etter det eg har forstått, den første boka i ein serie som skal handle om 1900-talet. Vi møter tre små gutar som vert farlause og dermed vert sende til Bergen som læregutar. Fordi dei viser seg spesielt flinke, vert dei påkosta ingeniørutdanning i Dresden, og derifrå fyl vi dei to eldste brørne gjennom arbeidet deira på Bergensbanen (Lauritz) og i Afrika (Oscar).

Boka er interessant og spennande til tider, men etter mitt syn er der for mange perifere personar som forsvinn "ut or soga". Det kan hende desse personane dukkar opp seinare i serien, så eg tek eit lite atterhald. Tida går dessutan ganske fort, og spesielt første verdskrig blir noko kortvarig nemnd. Trass i desse innvendingane kjem eg truleg til å lese resten av serien.

fredag 27. september 2013

Nysetra og "Rolegheita"

Fredag ettermiddag vart det ein tur til Nysetra på Bjørkedalen, og derifrå vidare til hytta "Rolegheita", som var eitt av kommunens "Ti Turmål" i slutten av august.







onsdag 25. september 2013

Sollidheida på frionsdagen

Etter ei langvarig økt i frisørstolen gjekk eg meg ein liten fjelltur på fri-onsdagen. Turen gjekk til Sollidheida på Folkestad, ein lett og fin tur i haustsola. Frå setrevegen brukte eg om lag to timar opp og nedatt, med mange fotostopp undervegs. Heime venta ein stilbunke.








lørdag 21. september 2013

Fotball og fårikål

Laurdag morgon pøsregna det, og vi leita fram regnklede og denslags for å kunne halde ut ein heil dag på Bendit-cup. Så skjedde det underet at det var opplett heile tida medan vi var der, frå 10 - 14. Gutane og eg gjorde unna nokre småærend undervegs, men fekk med oss alle kampane. Jentelaget spelte med tap mot Ørsta og Eid, men greidde uavgjort mot Volda, noko som er jamgodt med siger. Voldasupportarane såg det i alle fall som eit stort nederlag.

Etter at cupen var avslutta, reiste vi til Ørsta på slektstreff. Vi fekk servert fårikål til middag og eplekake med krem og diverse anna til dessert, og vi hadde ei triveleg stund saman med andre representantar frå slekta.

Det vart teke bilete av dei to søskenbarna som no er førsteklassingar på VG, ein på musikklinja og ei på studieførebuande.

fredag 20. september 2013

Fredeleg fredag

Fredag etter jobb skulle eg handle inn til middag, hente Storegut, køyre heim, lage middag, køyre Storegut på kaia og evt hente han der etter kampslutt. Eigentleg hadde eg lyst til å sjå kampen òg, men det er grenser for kor mange gonger ein gidd å reise fram og attende i løpet av ein dag.

Alternativet som etter kvart vart bestemt, var at småungane fekk ferjepengar og beskjed om å reise over fjorden etter skuletid. Der kom eg og henta dei, og så henta vi Storegut og for deretter til ein nystarta restaurant i Volda. Den ligg der Kina-restauranten låg før, og på menyen står diverse pizzavariantar, kebab og liknande smårettar. Vi kjøpte oss ein pizza, og den var veldig god. Servicen var òg flott, så dit skal vi gå oftare! Etter maten har vi enda opp på hybelen til Storegut, og her slappar vi av med tv og data før kampstart. Slik får vi kvilt oss alle saman, vi slepp å reise fram og attende og vi får sjå fotballkampen og heie på Storegut og resten av laget.

Det er rart å vere i hybelen der Eldstejenta har halde hus siste åra utan at ho er med, og no må eg seie at eg saknar henne veldig og ser fram til å besøke henne og Venninna. 



tirsdag 17. september 2013

Bok 59: "En tid for alt" av Karl Ove Knausgård

Denne boka kom ut i 2004, og var dermed forfattarens andre roman. Ein kan lett kjenne att forteljestemma frå dei andre bøkene til Knausgård, men romanen skil seg relativt mykje ut frå resten av forfattarskapen i og med det originale temavalet. Her fortel nemleg Knausgård historia om englane, i tillegg til at ein får høyre om Kain og Abel, Noa og diverse fleire bibelske figurar og familiane deira. Boka endar opp med ein eg-person som veks opp på 1980-talet, og her kjenner ein lett att forteljaren frå "Min Kamp"-serien, og faren hans.

Her er mange gode forteljingar og skildringar undervegs, men det vart for langtekkeleg etter min smak. Eg er stor fan av Knausgård, men har vore mest begeistra for "Min Kamp"-serien, spesielt bok 1 og 3. Har har ein heilt spesiell stil, og eit særmerkt språk, og eg likar den såre undertonen i forteljestemma hans. At han er kunnskapsrik, er det heller ingen tvil om.

Heilt ærleg vart eg litt lei av boka undervegs, og eg skjøna faktisk ikkje heilt poenget med prosjektet. Eg ser at boka fekk god mottaking då ho kom, men for meg vart det overdose.

mandag 16. september 2013

Nysnø i fjella

Etter ei regnfylt helg var det klart for ein regnvåt måndag. Jobbdagen gjekk sin gang, og deretter kjørte eg ballerinaene til Ørsta og for sjølv for å besøke foreldra mine. Ikkje verst å få servert middag, for deretter å få med middagsrestar heim til dei hine! Etter å ha kjørt ballerinaene heim, jobba eg litt før eg henta Minstemann på speidar. Då eg til slutt kunne parkere bilen for i dag, såg eg nysnøen i fjella, og knipsa eit par bilete frå verandaen. I kveldinga er det berre freistande å sige ned i godstolen, tenne nokre stearinlys og kose seg med ein film eller noko saman med ungane. Hausten er ei fin tid, sjølv om det er vemodig at sommaren er over og det går mot mørkare tider.


torsdag 12. september 2013

Bok 58 2013: "Fallvann" av Mikael Niemi

Korleis vil ein reagere dersom den ultimate krisa oppstår og ein må flykte? Vil ein berge seg sjølv, tenkje på tinga sine eller prøve å redde nokon ein er glad i? Vil ein handle fornuftig, eller oppføre seg fullstendig irrasjonelt?

Mikael Niemi har skrive ei ufatteleg spennande bok om ein tenkt katastrofe, der ein demning brest og vatnet fossar mot byen Luleå. Romanen handlar om nokre einskildindivid som opplever ulukka, og spenninga ligg sjølvsagt i om dei overlever, men òg i kva dei finn på undervegs. Eg har nesten ikkje greidd å leggje frå meg boka før den var slutt, og det er eit kvalitetsteikn i seg sjølv. I tillegg sit ein att med nokre tankar av meir eksistensiell karakter, spesielt om kjærleik og drifter.

Dette er ei bok ein bør få med seg!

onsdag 11. september 2013

Fri-onsdag på Straumssetra


I dag skulle jobben min på fjelldag, og eg vurderte å vere med. Det vart til at eg prioriterte å sove lenge, og så gjekk eg meg ein desentralisert fjelltur i nærmiljøet - nærare bestemt på Straumssetra. Det er ein nydeleg, mild dag, og det var så vakkert på fjellet med haustfargar og flott utsikt.

Bok 57 2013: "Flink pike" av Gillian Flynn

Av og til skjer det at ein begynner på ei bok, gjer seg opp meiningar og forventningar om kva den skal handle om - og blir totalt overraska. Dette er ei slik bok, og eg vil derfor ikkje røpe for mykje av handlinga og såleis spolere leseopplevinga til andre. Det får halde at eg røper at synsvinkelen er delt mellom ei kvinne og ein mann som er gifte med kvarandre, og at kvinna forsvinn på den femte bryllaupsdagen deira.

Eg vart veldig begeistra for boka, og hadde inga aning om korleis den skulle utvikle seg og slutte før den var slutt. Slike opplevingar er relativt sjeldsynte for oss som les mykje, og det er dermed ekstra kjærkome. Det er dessutan ei slik bok som får ein til å tenkje vidare på ein del av dei temaa som vert problematiserte, spesielt når det gjeld ekteskap og samliv.

tirsdag 10. september 2013

Bok 56 2013: "Jomfruen fra Norge" av Tore Skeie

Då eg plukka opp denne boka, var det fordi eg trudde den skulle handle om den unge kongsdottera Margrete, som omkom på reisa til sitt eige bryllaup. Boka begynner med å fortelje om henne, men ho er skuffande fort "ute or soga" - mykje fordi det er lite historisk stoff å finne om kvinner og born generelt, og unge jenter spesielt, frå eldre tider. I staden handlar boka om menn som kjempar mot kvarandre om makta i Noreg, Sverige og Danmark tidleg på 1300-talet. Spesielt sentralt står kong Birger av Sverige og dei svikefulle brørne hans, Erik og Valdemar. Dei vert forresten gifte med kvar si norske kongsdotter, som begge heiter Ingeborg, og Ingeborg Håkonsdotter får sonen Magnus Eriksson, som blir arving til den norske trona.

Boka er interessant og lett å lese, trass i at så mange har same namna. Eg kan ikkje nok om historia til å kunne seie om alle fakta er korrekte, men det verkar i alle fall truverdig. Forfattaren problematiserer dessutan kjeldebruken ved nokre høve.

Eg likte boka godt, trass i at eg ikkje var spesielt oppteken av denne historiske perioden på førehand. Ein får eit godt innblikk i kultur, krigføring og intrigespel, og det er gjerne interessant uansett kva land eller epoke det handlar om.


Turval på valdagen: postvegen over Brekka

Måndag var det valdag, og det låg an til ei trasig valvake. Som oppvarming vart det derimot ein tur på Bjørkedalen, mellom anna langs den gamle postvegen som går over Brekka til Harpefossen.

Hunden Lasso hadde rulla seg i illeluktande kompost, så det var nødvendig med eit bad.




søndag 8. september 2013

Når ungane sjefar

I dag er det nydeleg vêr, og eg starta dagen med å spørre ungane kvar dei hadde lyst på tur hen. Eg lanserte både bil- og fjellturar, men ungane svara unisont at dei hadde lyst i ballbingen. Etter ei travel veke med aktivitetar tidleg og seint var det kanskje greitt å ta det roleg i helga, så vi gjekk i ballbingen og sparka litt fotball. Minstemann og eg rusla deretter inn i Mjeltvika medan dei hine heldt fram med meir fotball, og så har vi roa oss ned heime med diverse aktivitetar etterpå. Storegut har ikkje vore heime ei heil helg sidan skulestart, så for han var det ekstra viktig å finne roa.





lørdag 7. september 2013

Skjorte-shopping

I dag hadde vi ingen planar, utanom at Minstemann skulle i selskap om kvelden. Vêret var sånn passe trasig, så vi enda opp med ein shoppingtur med innkjøp av klede, skor og mat, for det meste. Minstemann fekk seg ei ny skjorte som han kunne ha på seg i selskapet til kompisen, og han hadde eit strev med å finne det slipset som passa best.


torsdag 5. september 2013

På jakt etter haustteikn

Det er fine dagar, mildt og opplett, og i dag gjekk ungane og eg ein tur etter middag. Ingen av oss hadde fritidsaktivitetar eller noko å følgje opp, så då var det herleg å rusle i ballbingen og deretter i Mjeltvika for å nyte finevêret.

For å ha eit lite ærend på turen, tok eg med kamera og leita etter haustteikn.









søndag 1. september 2013

Hundeliv

Vêret svikta i helga, men det er likevel fullt mogleg å gå fine turar langs vegane, med både ein og to hundar i heimen.
Lasso kan faktisk klatre!

Lasso, Gamla og Lucas i Mjeltvika