Viser innlegg med etiketten barnebok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barnebok. Vis alle innlegg

lørdag 28. november 2020

Bok 91 2020: "Kurtby" av Erlend Loe


Boka kjøpte eg i papirutgåve då den kom ut, men eg kom ikkje så langt at eg las den ut då - mest fordi ungane ikkje ville høyre den. Og dette er ikkje på nokon måte ei barnebok, slik eg ser det. Som tittelen antydar, er dette ei satirisk bok om den religiøse sekta i Knutby, men no omsett til barneboksjangeren. Kurt blir pastor i ei pingpong-menigheit, pressa av Kirsti Brud, og han går over til nynorsk i same prosessen. Eg mora meg veldig over denne boka.

søndag 16. april 2017

Bok 27 2017: "Miss Peregrine's Home for Peculiar Children" av Ransom Riggs


Vanlegvis er eg ikkje så glad i fantasy, og viss eg skal forhalde meg til sjangeren fungerer det best på film. i vinter hadde eg tenkt å ta med ungane på kino for å sjå filmatiseringa av denne boka, men det vart ikkje høve til det. no hadde vi fått inn dvd-en på skulebiblioteket, og eg ville låne den med meg heim i påska. I tillegg tok eg med meg boka filmen er basert på og to andre i serien (eg er usikker på om det kjem fleire). 

Vanlegvis ville eg dessutan ha lese boka først og sett filmen etterpå, men denne gongen vart det omvendt, då ungane hadde lyst til å sjå filmen allerieie for ei veke sidan. 

Vi likte filmen veldig godt, og det var faktisk kjekkare for meg å lese boka etterpå, når eg visste litt meir om dei oppdikta vesena på førehand. Forteljinga er om ein gut som reiser til Wales, der bestefaren budde på barneheim under krigen. Guten reiser attende i tid på mystisk vis, og barneheimen er ein heim for born med særskilde evner. Det er ei spennande historie, og eg sette som sagt pris på å vite litt om vesena på førehand, slik at eg var litt budd. For meg krev det ein ekstra innsats å sette seg inn i uvanlege fenomen og vesen, og eg er ikkje nokon fan av verken Harry Potter eller Ringenes Herre, men denne boka fenga meg så mykje at eg kjem til å lese nummer to i serien òg.

mandag 13. juli 2015

Bok 63 2015: "Venezia mysteriet" av Bjørn Sortland

Denne boka er del av ein barnebokserie om kunst i ulike byar. Tanken er truleg å flette inn faktakunnskap i forteljingane, og det synest eg er ein god idé. Eg trur òg at detektivforteljinga vil fungere for born, og at vaksne kan leve med å lese desse bøkene anten på papir eller å høyre lydbøkene. Det er rart med det; ein kan alltids lære noko...

Hovudpersonen er David, som reiser på tur til Venezia med familien sin. Der ser og opplever dei mykje, blant anna eit kunsttjuveri. Sist i boka kjem eit lite språkkurs og nokre tips til kva ein kan gjere i Venezia.

Bok 62 2015: "De tre skjeletters øy og andre grøsserhistorier"

Denne boka er ei samling klassiske grøssarhistorier, der fleire er skrivne av Roald Dahl og ei av Edgar Allan Poe. Vi fann lydboka blant barne- og ungdomsbøkene på biblioteket, men historiene appellerte meir til meg enn til borna mine då vi høyrde lydboka i bilen. Noveller eignar seg generelt sett dårleg til lydbøker, i alle fall viss det ikkje blir ein skikkeleg pause mellom tekstane. Ein treng eit avbrekk før ein tek til på neste tekst - spesielt etter ein overraskande slutt. Frøydis Armand les godt på lydboka, men eg kunne altså ha tenkt meg eit musikkinnslag eller liknande mellom kvar tekst.

Bok 61 2015: "Gutten med den stripete pyjamasen" av John Boyne

Eg har både lese boka før og sett filmen, men denne gongen høyrde eg lydboka saman med dei to yngste. Det var ei fin oppleving fordi dei tilhøyrer målgruppa meir enn eg, og fordi 15-åringen skal på tur til Auschwitz i haust.

I boka møter ein ni år gamle Bruno, som må flytte til "Alt trist" då faren får jobb der av "Røveren". Gjennom Brunos auge får ein innsyn i kor grusomme konsentrasjonsleirane var, og kor meiningslaus jødeforfølgjinga var - og er. Boka er glimrande innlesen, og det er ei bok som alle born, unge og vaksne burde lese. Eit stort minus er den siste setninga i boka.

lørdag 23. august 2014

Bok 73 2014: "Berts første funderinger" av Anders Jacobsson og Sören Olsson

Denne andre boka om tenåringen Bert begynte vi på i sommar, då vi var på lang biltur. No har vi endeleg høyrt den ferdig, parallelt med at vi ser noko av tv-serien. Bert er ein fyr det er lett å bli glad i, og bøkene og tv-serien er god underhaldning for store og små. Ofte er det mor i huset som ler høgst av ting som Bert seier om familie og kompisar. Med gode bøker blir bilturar eit høgdepunkt, det er i alle fall mi erfaring.

søndag 29. juni 2014

Bok 51 2014: "Berts dagbok" av Anders Jacobsson og Sören Olsson

Mange vil nok hugse tv-serien om Bert, ein slags svensk versjon av Adrian Mole, som var populær på 80-talet. I denne første boka møter vi Bert, snart 12 år, som gjer noko så utypisk som å skrive dagbok, sjølv om han er gut. Romanar i dagbokform er ofte populære, og denne er ikkje noko unntak. Vi får ta del i Bert sine tankar om livet, hans daglegdagse bekymringar og kjensler på ein humoristisk måte. Gode barnebøker skal vere gode for vaksne òg, og dette var ei perle av ei lydbok å ha med seg i bilen.

tirsdag 16. oktober 2012

Min sønn Judas

Minstemann og eg måtte innom biblioteket i Ørsta måndag, då vi begge nesten hadde gått tome for lydbøker, og då utvalet på det lokale biblioteket etter kvart har begynt å bli lite. Inne på biblioteket hadde dei stilt ut eit utval nynorske barnebøker, i høve "Nynorsk barnebokveke" 15. - 18. oktober, og følgjande dialog utspelte seg:

Mor: "Sjå på alle dei fine bøkene! Det skal visst vere nynorsk barnebokveke..."

Son: "Nynorske barnebøker? Det høyrest gørr ut!"

Mor: "Synest du det? Det er vel flott det, med barnebøker på nynorsk?"

Son: "Ej HATA nynorsk! Det skulle ikkje ha funnest nynorsk! Nynorsk e stygt, og me burde heller skrive på bokmål, eller på stavangersk"

Mor: "Jaja... Men det er no fine bøker, uansett. Kanskje du kunne ha tenkt deg å låne ei til å lese sjølv?"

Son: "Ej ekje en sånn som lese - ej e en som blir lest for"

lørdag 25. august 2012

I Lisjedalen med Minstemann

Då Eldstejenta og Storegut begynte å montere klesskap, vart livet i heimen temmeleg uuthaldeleg for Gamla og Minstemann. Vi gjekk oss derfor ein hyggeleg tur i Lisjedalen medan det meste av dramaet gjekk føre seg.

På veg til dalen fortalde Minstemann meg om ulike våpen og arbeidsoppgåver i det militære miljøet. Han spurde meg etter ei stund om kva eg synest han bør få slags jobb dersom han vervar seg i militæret, og som den fredsæle mora eg er svara eg at han kunne få seg jobb i saniteten, eller bli feltprest. Svaret kom med eit sukk:

"Å Mamma, du seier så mykje dumt"




onsdag 18. juli 2012

Bok 40 2012: "Skyggen over steinbenken" av Maria Gripe

Denne barneboka fortel historia om Carolin, som kjem for å vere hushjelp hos ein velståande familie. Det er dottera i familien, Bertha, som er forteljaren i boka, og vi får eit godt innblikk i livet rundt 1910 - 12, med fokus på skilnader mellom samfunnsklassane.

Dei to yngste og eg har lytta til lydboka saman, og eg har inntrykk av at eg likte den betre enn dei gjorde. Lengda kan ha noko av skulda for dette, for boka er på heile 7 cd-ar. Sidan boka er den første i ein serie, er slutten ganske open. Veslejenta sa at eg ikkje treng låne fleire i serien, og Minstemann dømde boka nord og ned med kommentaren: "for en drittslutt".

torsdag 31. mai 2012

Bok 29 2012: "Danny og den store fasanjakten" av Roald Dahl

Eg har tidlegare både sett filmen og lese boka på engelsk, men denne gongen delte eg lydbokopplevinga med dei to yngste ungane, som no er 8 og 12. Boka handlar om Danny, som lever i fattige kår saman med far sin. Djupare sett handlar den også om opprør mot overklassen, for her er dei fattige lure og gode, medan dei rike vert lurte og er direkte usympatiske. Det er ei god og spennande historie, som for dagens born kan verke litt vanskeleg på grunn av at den er så gammaldags. Då hjelper det på at Terje Strømdahl les lydboka, for han er fantastisk når det gjeld å lage stemmer til personane.

mandag 19. mars 2012

Bok 16 2012: "Det røde huset i skogen" av Arne Garvang

Forfattaren er truleg betre kjend som "Pelle Parafin", og han les lydboka sjølv. Den er med i serien "Svart Lesehest", som er skumle historier for born i 5. - 7. klasse. Eg høyrde boka saman med mine to yngste, som går i 3. og 6. klasse, og den var passeleg skummel for dei.

Hanne flyttar motvilleg til eit gammalt hus langt ute på landet saman med foreldra sine. Skumle ting skjer - nokre av dei har ei naturleg, truskuldig forklaring slik vi forventar i ei krimbok for born, men andre ting er minst like fæle som frykta. Noko får vi ikkje forklaring på i det heile, og dette er noko som irriterer meg. Sjangerkravet til krim, anten det er for born eller vaksne, er at vi får forklaring på alt. Eg er noko gammaldags på den måten.

tirsdag 13. mars 2012

Bok 15 2012: "Jeppe Jansens giraff" av Odd Eidem

Som forfattar var Odd Eidem mildt sagt produktiv og mangfaldig, og dette er ei av dei i alt tre barnebøkene han skreiv. Opplesinga i lydboka er utført av legendariske Rolf Just Nilsen. Boka kom ut i papirutgåve første gong i 1969.

Ein mann fyller hundre år, og vi får vite at han for eit år sidan var ein gretten gammal gubbe som ikkje fann noko i livet interessant meir. Så møter han ein sjiraffunge, og denne fortel han ei historie om to vassdropar. Det heile er noko filosofisk, og eg trur bodskapen er at menneska er samansette av både noko lystig og noko deprimert. Boka er dessutan ganske lyrisk i forma, noko som vert understreka av opplesaren.

Ungane mine (dei to yngste, på 8 og 11 år) er meir i målgruppa enn eg, og dei hadde sansen for boka. Det einaste dei uttrykte seg negativt om, var språket. Odd Eidem var ivrig riksmålsforkjempar, og boka inneheld mange antikverte ord og uttrykk som eg måtte forklare. I tillegg bruker forfattaren nokre utanlandske ord, noko som er med på å understreke det lyriske preget.

torsdag 2. februar 2012

Bok 7 2012: "Heia Oldemor" av Ingvar Moe

Mange hugsar nok Ingvar Moe på grunn av den morosame teksten "Jul i gamle dagar". Det var i alle fall dette minnet som gjorde at eg vart interessert i barneboka "Heia Oldemor". Det er ei samling historier om ei oldemor uanom det vanlege - ho reiser mellom anna på turné med Jahn Teigen.  Boka er frå 1984, og forfattaren døydde i 1993, men han les sjølv på lydboka, som vart produsert i 2002. Truleg har han lese den i "barnetimen for de minste". Innimellom kapitla kjem songar av og med Stanley Jacobsen ("ein skigard kan'kje vara evig, veit du"). Boka er svært underhaldande for store og små, og så er det kjekt med nynorsk litteratur også for born.

tirsdag 3. januar 2012

Bok 1 2012: "Den lille prinsen" av Antoine de Saint-Exupéry

Den franske piloten Saint-Exupéry skreiv denne barneboka i Amerika i 1942, etter å ha forlate heimlandet sitt på grunn av kapitulasjonen. Boka er verdskjend og mykje lese av born og vaksne, og no var det min vesle prins og min tur. 


Handlinga er kort fortalt at ei barnsleg forteljarstemme fortel om eit møte med ein prins frå ein annan planet. I dette møtet kjem det opp tema om verdisyn og haldningar, noko ein kan oppsummere med at ein ser klart med hjartet det auget ikkje kan sjå.


Minstemann var djupt fascinert av boka, noko som overraska meg. Dei enkle illustrasjonane fall òg i smak. Ein skal ikkje undervurdere born sin evne til å filosofere.

tirsdag 28. juni 2011

Bok 44 2011: "Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje" av Jo Nesbø

Forfattaren er svært aktuell med si nyaste krimbok, men dersom familien skal på biltur i sommar, er truleg ei av Doktor Proktor-bøkene å foretrekke. Bøkene har eit sprøtt, humoristisk og fantasirikt innhald, og denne handlar mellom anna om ein suspekt, svensk kordirigent som hypnotiserer folk i Noreg til å gå til krig mot Danmark via eit populært tv-program.

Sjølv om det er ei barnebok, er boka minst like morosam for vaksne - ikkje minst er lydboka god fordi opplesaren Ivar Nergaard er god til å herme etter dialektar, og etter kongen. Eit lite spark mot Jon Fosse gledde ei norsklærar-mamma, men ungane skjøna ikkje kva eg lo av.

Mot slutten peikar forfattaren sjølv på at boka har ein djupare tematikk om å vere annleis enn den store hopen i samfunnet, og det har han sikkert rett i. Likevel er det underhaldningsverdien som er størst her. Nesbø kan meir enn å skrive krim - men det visste de vel frå før...

mandag 18. oktober 2010

Bok 54 2010: "Gummi-Tarzan" av Ole Lund Kirkegaard

Danske Kirkegaard er ein av mine absolutte favorittar, og denne boka hugsar eg frå barndomen, då Øyvind Blunch las den på radio. No har Harald Stoltenberg lese den inn i ny utgåve, og den er berre fantastisk. Ivan Olsen er ein svekling som blir mobba av dei fleste rundt han, blant anna av faren. Ein dag møter han ei heks, og han får eit ønske oppfylt. Eg hugsar at bøkene på 70-talet ofte handla om slike "taparar", men denne boka er så grotesk at det blir humoristisk. Boka kom ut på dansk i 1975, og på norsk i 1978. Den held seg utruleg godt, i motsetnad til mange andre bøker frå den tida. Ein absolutt klassikar som både store og små kan og bør ha glede av!

Bok 53 2010: "Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlét Pappkartongen" av Ragnar Hovland

Denne barneboka las eg første gong i 1995, då eg underviste på Høgskulen i Volda. Den gongen fann eg boka lite barnevennleg og noko dyster, sjølv om den har blitt tildelt fleire prisar og gode kritikkar. No har eg høyrt boka saman med ungane, og det vart ei ny oppleving av teksten. Ungane synest ikkje boka er påfallande dyster, men dei skjøna ingenting av det som vert nemnt om Gerhardsen. Eg trur dei opplevde teksten som mindre vemodig enn eg gjer - boka handlar om attgløymde leikedyr som vasar forvirra rundt på leit etter fortida, og det er truleg ein meir skremmande tanke for vaksne enn for born. Språket er flott, som Hovland språk alltid er, men i lydboka går ein glipp av vekslinga mellom store og små bokstavar.

mandag 11. oktober 2010

Bok 52 2010: "Samson og Roberto 2, Krakilske kamerater" av Ingvar Ambjørnsen

I denne andre boka om hunden og katten som driv eit pensjonat kjem det eit punkrockband til staden. Torsken Helge kjem dessutan innom og vil bu på hotell. Ambjørnsen skriv om vaksne tema, men med humor og spennande personlegdomar som gjer leseopplevinga underhaldande både for store og små. Bok nummer 3 i serien er allereie på plass i heimen!

tirsdag 28. september 2010

Bok 49 2010: "Samson og Roberto - Arven etter onkel Rin-Tin-Tei" av Ingvar Ambjørnsen

Eg er stor fan av Elling-bøkene til Ambjørnsen, og nokre av dei seinare bøkene hans. Ved eit bibliotekbesøk fann eg ut at eg skulle prøve meg på ei barnebok av denne forfattaren, som må vere ein av dei eg minst assosierer med rolla som barnetimeonkel. Boka handlar om ein hund og ein katt som arvar eit pensjonat og dermed bestemmer seg for å bli "pensjonistar". Problemstillingar om oppussing, økonomi og skattemyndigheiter kan vere noko uforståelege for små born, men dei ulike dyra som er med har tydelege og morosame karaktertrekk som gjer at handlinga er morosam likevel. Minstemann valde seg ut eit par roller han ville lese, medan eg las resten. Vi måtte finne passande stemmer og dialektar for dei ulike typane, som til dømes den skotske poet-moldvarpen og den hyperaktive oteren, og vi hadde mykje moro medan det stod på. Ei god barnebok bør vere godt lesestoff for den vaksne òg, det er no mi meining. Nokon tydeleg moral finn eg ikkje, anna enn at ein kan leve i ein slags harmoni med kvarandre sjølv om ein er ulike. Vi får lese resten av serien og sjå om vi blir like begeistra...