Viser innlegg med etiketten Dublin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dublin. Vis alle innlegg

tirsdag 1. august 2017

Irland dag 5

Laurdag morgon tok vi det litt roleg, for vi ville ikkje stresse siste dagen i Dublin. Likevel enda vi opp med mange ulike opplevingar denne dagen òg.

Først på programmet stod St Patrick's Cathedral, som vart bygd på slutten av 1100-talet. Den er sjølvsagt flott å sjå på, men i tillegg var der interessante ting som til dømes grava og den sjølvskrivne gravskrifta til Jonathan Swift. Der fanst òg ein del valmuekransar til minne om soldatar som har falle i krig, og ein moderne treskulptur som ein kunne henge opp lappar med namn på, til minne om kjenningar eller slekt som har falle i krig. Veslejenta skreiv på grandonkelen sitt namn, sidan han er den som vi heilt sikkert veit fall i krig i slekta vår. Der fanst elles utstilt ei dør som nokon hogg eit hol i ein gong for å ta fienden i handa og skape ein fredsavtale.









Vi hadde rusla eit stykke for å kome til katedralen, og neste post på programmet låg eit stykke unna. Vi vart derfor freista undervegs til å ta ein tur med hest og vogn. Det vart ei triveleg oppleving, ikkje minst fordi vognføraren meir enn gjerne fortalde oss om den irske veremåten, økonomi og liknande. Eg kommenterte til han at eg ikkje hadde sett sportsbilar eller dyre bilar generelt i byen, og at eg synest folka der verkar så avslappa og lite jålete. Det meinte han eg hadde rett i - den einaste som hadde veldig stilig bil, var borgarmeistaren.

Hesten heitte Molly

Deretter vart det besøk på nasjonalmuseet, der vi mellom anna såg ein del av ein myrmann frå 400 før Kristus. Ein hadde funne ut at brystvortene hans var avskorne. Det var eit teikn på underkastelse å suge på brystvortene til kongen, og ved å skjere av brystvortene på ein mann gjorde ein han ueigna til konge. Der var mykje anna spennande òg, mellom anna ein lang båt  hogd ut av ein stokk, diverse mumiar og gullsmykke.




Lunsjen tok vi på ein italiensk restaurant - for ein gongs skuld noko anna enn burger. Planen var eigentleg å ete Irish stew, men det hadde vi eigentleg aldri lyst på.


Voksmuseet og Leprechaunmuseet tok vi som avslutning på dagen - det var berre morosamt og hyggeleg. Voksmuseet hadde blant anna ei horror-avdeling, medan Leprechaunmuseet fokuserte på irsk forteljekunst og folketru.

Mine irske heltar "Jedward"




Voksmuseet hadde ei eiga historisk avdeling, og igjen fekk vi sjå "the Famine"










Irland dag 3

Torsdag morgon gjekk vi ut til det museet som vert kalla Epic, eller The Irish Emigration Museum - eller begge delar. Det er eit moderne og interaktivt museum med filmar, lydeffektar og meir som fortel historier om menneske som emigrerte, fakta om den store svolten på midten av 1800-talet og ein del om andre årsaker til utvandring. Tala er ganske imponerande når ein ser på kor mange irar som finst på øya i dag (knapt seks millionar).

Etter å ha vore gjennom dette museet, som fall godt i smak hos alle tre, kjøpte vi billettar til "Jeanie Johnston" seinare på dagen. Medan vi venta, såg vi på statuen av "The Famine" og "Molly Malone".




"Jeanie Jonston" er ein kopi av eit skip som frakta irske utvandrarar over havet til USA. Det spesielle med dette skipet, var at det aldri gjekk eit liv tapt ombord, medan andre skip kunne ha opptil 60% dødsfall på grunn av sjukdom (utvandrarane var frå før svake og utmagra). Guiden forklarte dette med at skipet hadde med eigen lege på alle turane.



Seinare på ettermiddagen tok vi oss ein handlerunde. Minstemann hadde vore innom ein musikkbutikk dagen før og sett på pedalar, og denne dagen gjekk vi attende og kjøpte ein.


Irland dag 2

På turens andre dag reiste vi rundt i byen med ein såkalla "Hop on hop off"-buss. Vi hoppa av og gjekk inn i Christ Church Cathedral, Dublinia og Dublin Castle. Elles kosa vi oss med å sjå på dei mange statuane i gatene. Det var mykje vegarbeid rundt omkring, noko vi seinare fekk forklart hadde med utbygginga av bybanenettet å gjere.

Christ Church Cathedral er ein gamal katedral som har veksla mellom å vere katolsk og anglikansk, men som i dag er anglikansk. Kyrkja stod til nedfalls då ein brennevinsprodusent tok affære og kosta på oppussing.

Slike fuglestatuer til å halde notar/notatar såg vi fleire stader

Flott moderne skulptur

Desse to vart funne i ei orgelpipe

Imponerande golv

Dublinia er eit museum som syner nokre delar av irsk historie. Det som handla om vikingane, var ganske kjent frå før.

I Dublin Castle var det først og fremst interiøret som var interessant å sjå. I tillegg var bygget delvis brukt som sjukestove etter påskeopprøret i 1916.





Takmaleri


Og så til slutt nokre inntrykk frå toppen av bussen