onsdag 30. mars 2011

Pakkar i posten

Veslejenta har masa seg til å bli medlem i Penny-klubben. Kvar månad får ho ein pakke som inneheld ei bok og diverse ting og klesplagg med hestemotiv. Mamma betaler, og Minstemann får hestefigurane som ofte er ein del av sendinga.

Sjølv hadde eg ei ledig stund på jobb ein dag, og enda opp med nok ei bestilling på CDON. Inspirert av fordjupingsemna til elevane mine enda eg opp med første sesong av seriane "The Wire" og "Dexter", i tillegg til fem spelefilmar og ein dokumentar (som var den eigentlege årsaka til at eg gjekk inn på CDON i den fristunda). Ingen figurar og plakatar, men mykje underhaldning i tida som kjem.

Fantastisk fin fri-onsdag

Snøen har vore "snakkis" for tida. Folk er heilt frå seg fordi vinteren er så lang. Eg er sjølvsagt ikkje ueinig, men slike dagar som i dag gjer det absolutt ingenting at det ligg snø på markane. Sola har skine frå blå himmel heile dagen, og det har blitt mykje uteliv. Minstemann og eg gjekk lang tur innover fjorden medan vi snakka om ymse dyr eg har hatt. Særleg anekdotane om Nadja, ein Old English Sheepdog som levde 1983 - 1994, slo an. Spesielt historiene om då ho åt mjøl og vart full av lim i ansiktet, og kor ho alltid ville rulle seg i kompost når ho var nybada.

På heimveg stogga vi hos naboen, der gutane kunne stå på snowboard og renne på akebrett i hagen.


Etter ein tur på butikken og ein betre middag (pannekaker) saman med Barnefaren og Veslejenta, skulle ungane på fotballtrening. Eg sat på til Folkestad og gjekk deretter heimatt.

No skal eg ha min første frikveld på lange tider, etter at eg seint tysdag kveld kom ajour i skulearbeidet. Det varer berre til i morgon, for då kjem det nye elevarbeid som skal vurderast...

mandag 28. mars 2011

"Besta" 71 år

Ingen har nokon gong kalla henne "Besta" før ho starta bloggen sin, men no har ho blitt til "Blogge-Besta. Spesielt etter at ho vart lokalkjendis på grunn av bokblogginga si.

Elevane mine synest av og til det er rart at eg, i min alder, er på facebook. Då plar eg seie at det er mor mi òg.

Det er med andre ord ein høgst oppegåande og moderne pensjonist det her er snakk om, som les og orienterer seg om mangt og mykje (men ikkje sport). Vi har mange gode diskusjonar, og vi set ofte pris på det same og har like synspunkt. Eg likar å tru at det er ho som er ungdommeleg.

Gratulerer med dagen!

søndag 27. mars 2011

Bok 19 2011: "Det tapte symbol" av Dan Brown

Har ein lese "Engler og Demoner" og "Da Vinci-koden", og likt dei, er dette ei bok ein bør lese. Problemet er at den er skriven etter same oppskrift. Skilnaden er at sjølve krimgåta vert løyst og avslutta medan det er ein god del att av boka, og at det eigentleg interessante er symbolbruken og arkitekturen i Washington DC. Boka må derfor vere langt meir interessant for amerikanske lesarar enn for norske, men den kan òg brukast til å lokke turistar til byen. Action-delen av boka er temmeleg føreseieleg og lite original viss ein har lese Dan Brown tidlegare, og boka har ein noko forvirrande komposisjon med hopping i tid og skifte av synsvinkel. Dette eignar seg dårleg når ein "les" lydbøker. 

lørdag 26. mars 2011

11-årsselskap for Veslejenta og Venninna

Veslejenta ville feire bursdagsselskap saman med Venninna i år. Fordi dei berre er to jenter i klassa, vart det til at dei inviterte heile fjerde og femte klasse, i tillegg til nokre yngre og eldre. Til saman fem søsken og to av venene deira var òg til stades. Eldstejenta var med og organiserte leiken, medan Storegut og Kompisen styrte musikkanlegget. Det vart mykje dans inne, og snøballkasting ute (noko vi aldri har gjort før i Veslejenta sitt selskap, sidan ho har bursdag 29. mai).



Det er lettvint og greitt å leige festlokale med god plass både ute og inne, og kjekt å kunne ha over tjue born til bords utan at det vert trangt om plassen.

Englesmykke

Dette smykket, og tilhøyrande hjarte-øyredobbar, fekk Eldstejenta av foreldre og søsken som symbolsk presang til attenårsdagen.

Sånn apropos englebarn...





I dag er Eldstejenta ute på livet for første gong etter at ho fylte 18. Eg håpar ho har det fantastisk kjekt!

Aerosmith-songen er ein gammal felles favoritt, og den Halvdan Sivertsen-songen passar berre så utruleg godt, sjølv om det er eit gammalt, dårleg opptak...

fredag 25. mars 2011

Kamera(t) i fokus

På onsdag oppdaga eg at kameraet mitt streika fullstendig. Trass i fullada batteri og nytt minnekort ville autofokusen ikkje virke. "Kameraten" min kjøpte eg hausten 2008, like før Polenturen til klassa til Eldstejenta, og sidan eg er allergisk mot bruksanvisningar, kjøpte eg ei digital utgåve av det kameraet eg allereie hadde (Canon EOS med film). Det kameraet fekk eg forresten som forsikringsoppgjer etter eit innbrot på hotellrommet mitt i London i 2001, og var då ei nyare utgåve av det eg hadde tidlegare, som altså vart stole frå meg.

Attende til mars 2011: Barnefaren leita fram det gamle 2001-kameraet for å sjå om linsa passa til 2008-kameraet, noko den til alt hell gjorde. Eg var ikkje heilt klar for ei ekstra utgift av den storleiken eit nytt kamera ville ha vore, og det er nesten utenkjeleg for meg å leve utan kamera. Dessutan er det kjekt når gamle ting kan nyttast. Reima var dessutan mykje finare på det gamle kameraet, så no er 2008-kameraet forynga ein del, sjølv om det ser litt teit ut med den sølvfarga linsa. Det kan eg leve med, så lenge eg får ta skarpe bilete.

Rattus Norvegicus i Volda Samfunnshus

I dag var det duka for nok ei teaterframsyning midt i skuletida. Stykket handla mykje om integrering og norsk identitet, men igjen fekk elevane servert noko såpass spesielt og eksperimentelt at dei fleste ikkje skjøna så mykje av det heile, men berre såg tre menn som skravla og heiv ølboksar. Eg synest ikkje at stykket var dårleg, men det skaut langt utanfor blink, og varte minst dobbelt så lenge som det burde for å få fram bodskapen. Innhaldet var noko Kafka-aktig, og handla kort fortalt om ein norsk nordmann som stryk på norskkurs fordi han ikkje seier dei rette tinga, ikkje likar fiskebollar og ikkje går på ski.

Kvifor kan ikkje den kulturelle skulesekken tilby tradisjonelt teater, med gripande eller humoristiske historier og utan dei heilt sære verkemidla? Det kunne ha gitt elevane positive teateropplevingar som kunne gi dei meirsmak, og så kunne nokre av dei få sansen for meir eksperimentelt stoff seinare i livet.

Ein av elevane mine sa det slik: "eg skulle før ha sett på tusen særemneframføringar"

onsdag 23. mars 2011

Meg eier ingen

I kveld var "Besta", Kollegavenninne K og eg - i tillegg til ein fullsett sal - på teater i Ørsta og såg "Meg eier ingen", som er basert på boka med same tittel. Boka er sjølvbiografisk, og den handlar om ei jente som veks opp saman med ein alkoholisert far. Stykket kan derfor høyrast svært dystert ut, men på same måte som i boka skin kjærleiken og klasseidentiteten gjennom og gjer at tragedien vert meir fasettert.

Dennis Storhøi var svært god i rolla som faren, og Trude Øines spelar òg godt. Ho spelar dottera Åsa, som går frå å vere barnehageunge til å bli vaksen tobarnsmor i løpet av stykket. Brit Elisabeth Haagensli står for eit svært humoristisk, klisjéprega innslag som er noko forløysande i det heile.

Det tek alltid litt tid etterpå før eg får fordøya eit stykke ferdig og bestemt meg for om eg verkeleg likte det, kva som var bra og kva som var dårleg. Konklusjonen hittil er at eg likte stykket godt, og at eg skulle ønske vi kunne gi elevane våre fleire slike teateropplevingar. I kveld var to klasser av garde for å sjå stykket, og det var i alle fall svært mykje betre enn det Bjørnsonstykket heile skulen fekk sjå for ei tid sidan.

18-årsfeiring

På grunn av at kameraet mitt har fått eit illebefinnande, får eg satse på at nokre av dei andre gjestane sender illustrasjonsbilete frå mobilane sine.

I dag tok eg med meg dei tre yngste og henta Eldstejenta før Veslejenta skulle på ballett. Så møtte vi Barnefaren og alle fire besteforeldra på den nye tyrkiske restauranten i Ørsta. Pizzaen der er svært god, og vi fekk god service. Eldstejenta fekk mest cash i gåve, men frå søsken og foreldre fekk ho eit smykke som er ein liten engel, og med hjarte-øyredobbar til. Ikkje noko svært kostbart, men ein liten symbolsk ting til minne om ein viktig overgang i livet.

Både Eldstejenta og eg fekk same assosiasjonen då vi såg smykket: songen "Angel" av Aerosmith - ein gammal felles favoritt.

Eldstejenta 18 år!

23. mars 1993, klokka 17.07, kom Eldstejenta til verda. Sidan det var så mange gutar i slekta mi på den tida, var det nesten eit under på jord at eg skulle føde ei jente. Det vart ein del rosa og blonder det første året, men òg ein heil del arva klede og kjønnsnøytrale fargar. I motsetnad til det som er vanleg no, hadde vi ein del prinsipp om å kjøpe kjønnsnøytrale leiker. Duplo-dyrehagen, til dømes, hadde ho stor glede av. Løvene prata og kyssa på kvarandre (då Storegut arva løvene, slost dei).

Eldstejenta var tidleg flink til å snakke, og ho likte å bli lesen for. Både ordforrådet og leselysta er så som så no, men det var ei tid eg brukte eit par timar kvar kveld på å lese og synge til henne på senga. Ho fekk full underhaldning frå ho var bittelita, og ho sov svært lite. Sidan ho var einebarn til ho var fire, fekk ho mykje merksemd. Då Storegut vart fødd, måtte ho dele denne merksemda med han, men ho fekk samtidig ein stor beundrar. Han lo av henne som baby, og dilta etter henne frå han kunne gå. Dei to andre småsøskena fekk eit annleis forhold til storesystera, men det er framleis stor stas å vere alle fire.

Sidan ho er elev der eg jobbar, ser eg Eldstejenta nesten dagleg, og eg kjenner til mange av venninnene hennar. Det synest eg er koseleg, for eg saknar å ha henne rundt meg dagleg i heimen. Vi skal tilbringe eit år til saman på skulen, og det er kanskje då eg kjem til å¨merke at ho er blitt vaksen.

Sjølv er ho svært opptatt av å skulle bli atten og kunne både sleppe inn på utestader og kjøre bil. Eg vel å illustrere overgangen hennar til vaksenlivet med eit bilete av då ho som strålande blid eittåring tok sine første, nølande skritt. No skal ho ta eit skritt inn i vaksenverda, der ho forventar å finne ein uendeleg fridom, men der alvor og ansvar ventar. Resten av familien gratulerer!

Eg ser at du e trøtt
men eg kan ikkje gå
alle skrittå for deg
Du må gå de sjøl
men eg vil gå de med deg
Eg vil gå de med deg
 

tirsdag 22. mars 2011

søndag 20. mars 2011

Ballj og basar



I dag begynte eg med lesing av fordjupingsemne rett etter frokost. Etter kvart vart det henting av Eldstejenta på kaia og ballj til familiemiddag. Det var tid for korpsbasar på Straumshamn, så halve familien måtte iføre seg uniform før vi sette av garde til grendahuset. Nokre gevinstar greidde vi å dra i land i dag òg, blant anna vann Storegut eit Barbie-memospel der kunsten er å hugse ulike antrekk... No driv han og testar ut sin nye mikrofon og el-gitaren på loftet, så eg trur eg droppar meir skulearbeid i dag.

lørdag 19. mars 2011

Tur i Trollskogen

Minstemann og eg gjekk tur med hundane i "Trollskogen" i dag - eg trur det eigentlege stadnamnet er "Kriken". Der finn ein restar av den gamle råsa til Brundalen som vart brukt før dei laga skogsvegen rundt 1990. Minstemann likar godt å leike "gøyme og leite" med hundane. Han gøymer seg, hundane leitar etter han. Det hender at Bau finn han.


Dagen var delvis svært vakker med solskin, men det skya gradvis over. Eg prøvde å sitje ute og lese fordjupingsemne, men det vart litt kaldt. Det er ikkje så lett å sitje inne og sjå på finevêret ute, så eg tek med meg arbeidet ut viss eg kan. Eg er dessutan lett å lokke med ut, og skritt-teljaren min har for lengst begynt på kvota for neste veke.

Vinklubb i mars


Fredag kveld var det vinklubb att, og denne gongen var eg berre vanleg gjest, noko som er langt meir avslappande enn å vere vertinne. Mars-vertinna hadde laga nydelege grønsaksmuffins, kyllingsalat og ein grøn salat. Tre sortar vin vart det òg, og alt smaka nydeleg. Vi var 14 til bords, men ikkje alle var komne då bileta vart tekne. Nok ein vellukka og triveleg kveld!

torsdag 17. mars 2011

Skidag på Melshornet (framleis 807 moh)




Årets skidag vart avvikla i sånn passeleg brukbart vêr. Det var berre to og ei halv veke sidan sist eg gjekk på Melshornet, men det var likevel dit eg hadde lyst å gå. Denne gongen sette eg frå meg skia nede ved hyttene i turløypa og gjekk på beina derifrå. Det fungerte heilt fint. Med litt prat og roleg gange gjekk det om lag ein time å gå til toppen frå hyttene. Ein liten nedtur etter turen opp var det at vinden var sterk på toppen. Eg har ein del høgdeskrekk, og den vert forsterka av vind. det vart derfor til at eg berre knipsa nokre bilete i full fart medan eg stod ved varden, og så tok ein kollega bilete av meg så eg fekk dokumentere bragden.

Etter endt skidag skulle eg møte Veslejenta og venninna på ferja, men fekk ein halv time til overs. Då stakk eg mellom anna innom ein klesbutikk og fann ein topp i ein litt mystisk rosafarge (som om den har vore rosa men er blitt vaska saman med noko blått). "Kan eg ha denne fargen?", spurde eg butikkdamene, og dei var eintydige positive i svaret. Fargen heiter "dusty pink" og er veldig moderne i år, kunne dei belære meg. Sidan eg som regel kjøper blått og svart (sjølv kallar eg det ein "klassisk stil"), var eg temmeleg skeptisk.

Då eg kom ut i bilen med handleposen, såg eg meg i spegelen, og då måtte eg le. Eg hadde raude roser i kinna og kunne sikkert ha hatt på meg gult, og likevel sett frisk og våken ut. Vind og frisk luft gjer underverk for eit vinterbleikt akademikaransikt - berre synd at det virkar motsett på frisyren...

onsdag 16. mars 2011

Bok 18 2011: "God aften, mitt navn er Cox, Serie 1"

Denne gongen har eg lytta til ei lydbok som kanskje ikkje har den store litterære verdien, men som la gatene folketomme då den gjekk som høyrespel på radioen første gong i 1955. Opptaka forsvann etter ei stund, men høyrespelet vart rekonstruert delvis gjennom private opptak slik at serien kunne gå i reprise fleire gonger før den i nyare tid er komen ut på lydbok. Høyrespelet er ei klassisk krimgåte med litt humoristisk preg, og i vår tid er den ikkje særleg spennande. Det eg har sett pris på, er å få oppleve høyrespelsjangeren og tenkje etter kva verkemiddel som vert nytta og korleis karakterane vert etablerte og skilde frå kvarandre gjennom stemmebruk, skarre-r, plystring eller hosting. Arne Lie spelar rolla som Cox, og det er ikkje vanskeleg å høyre kven professor Drøvel-kommentator Tom Mathisen hermar etter.

Sveisen Storegut

The early bird catches the worm

Noko av det eg set mest pris på når eg har fri, er å sitje lenge oppe kvelden før og deretter sove til eg vaknar naturleg. Tysdag vart det mindre rangling enn vanleg, og i dag vakna eg godt utkvild og fekk tid til ein lang frukost, eit par krus kaffi framfor nyheitssendinga på tv og likevel var husvasken unnagjort då klokka var 11.00. Vêret var ganske fint, så eg fekk henge golvteppa lenge ut til lufting. Målet var å kome seg ut i sola fortast mogleg, men så skya det over innan vi kom oss ut. Likevel vart det ei lang økt ute før gjengen kom til middag like før fotballtreningstid.

Då dei for, fekk eg kaste meg over rettebunken min, som eg no er komen halvvegs i (14 av 28). Ein liten tur etter vegane vart det òg tid til, og då fekk eg lese ut ei lydbok.

No skal eg snart sesse meg framfor tv-en med noko godt å ete (neppe "worms") og drikke - det har eg ærleg fortent etter ein aktiv dag med mykje arbeid og uteliv. Kanskje skal eg legge meg tidleg og sjå om morgondagen blir like vellukka?

tirsdag 15. mars 2011

Mikrokosmos

I mi vesle verd handlar livet om fordjupingsemne, dikttolking, trening, posesuppe, husarbeid og brødbakst. Minstemann og eg har hatt "Kosetysdag" med "Rett-i-koppen"-suppe og peparkaker på menyen hans, nudlar og nybakt grovbrød på min. Vi er eit fredeleg par; han såg tv og eg jobba. Som pause i arbeidet bretta eg klesvask, rydda og støvsuga, og så gav eg litt fagleg assistanse til Eldstejenta via telefon og Facebook. Då tida var inne for det, følgde eg Minstemann opp og las lenge til han i ei bok om spøkelse, vampyrar og denslags. etter ei stund sette eg på lydbok til han, og så gjekk eg ned og støvsuga meir, før eg såg "Frustrerte fruer" og slappa godt av i godstolen.

Etter favorittserien skifta eg over til nyheitskanalen, og bileta frå Japan slo mot meg. Etter dramatiske døgn med frykt for nye jordskjelv og tsunamiar, er det no atomutslepp og radioaktiv stråling som truar landet. I bloggande stund seier nyheitsopplesaren at ein har fått stadfesta at det brenn i ein atomreaktor.

Kontrastane er enorme vanlegvis òg, mellom livet her og livet i Japan, men no er det heilt umogleg å tenkje seg korleis det er å vere i ein så dramatisk situasjon. Eg ser på filmklippa frå tsunamien og ristar på hovudet - det er som om eg ikkje vil la det gå heilt innpå meg. Einskildmenneska står fram med historiene sine, og det er mildt sagt ufatteleg kva dei gjennomgår.

Nyheitssendinga tek slutt, og det blir vêrmelding.

Skal tru om det blir sol i morgon, og om det blir skidag på torsdag?

Where Is the Love? (Black Eyed Peas)

I dag har vi lese denne teksten i faget "internasjonal engelsk" Det er ein tankevekkjande tekst, og songen vart ein stor suksess då den kom ut i 2003. Sjølv er eg ikkje så begeistra for Rap, men eg registrerer at denne sjangeren har overteke mykje av den samfunnskritiske rolla som rockesjangeren hadde tidlegare. Teksten her er eit kraftig angrep på det amerikanske samfunnet, og det berre to år etter 9/11, som sette i gang ei flodbølgje av nasjonalisme i USA.

mandag 14. mars 2011

Sære emne 2011: frå mesterverk til hovudverk? Eller mageverk?

Så er det den tida på året att - mine 29 håpefulle har levert sine skriftlege mesterverk til vurdering, og eg sit med oppgåver til langt oppetter øyrene. Kaffi må til, og sjokolade i store mengder, og i dag gjekk eg meg ein lang ettermiddagstur i sola før eg sette meg til med bunken att. Frisk luft må til.

Det går sakte. Men sikkert framover. Ein brukar fort eit par timar på å lese, evaluere og skrive vurdering av eit særemne på 10 - 15 tettskrivne sider. I tillegg skal ein undervise, planlegge undervisning og gjere anna arbeid som ein styrer med i den daglege donten på jobb. Vi snakkar altså her om 50 - 60 timar ekstra arbeid i tillegg til vanleg arbeidstid.

Då er det godt å vite at elevane har gjort ein enorm innsats siste tida, og mange av dei har sove lite og tenkt mykje siste par vekene. Ein skuldar dei å ta fordjupingsemna deira på alvor, for dette er det største akademiske produktet dei hittil har skrive. Det fyller ein med ærefrykt å få introdusere dei for denne forma for arbeid, som dei fleste skal få gjere meir enn nok av i løpet av studietida, og å vite at dei om tjue år framleis vil hugse kva dei hadde "særemne" om.

Og eg må innrømme at eg kosar meg litt òg, når eg ser kor flinke dei har vore, og når eg har eit så godt påskot til å ete sjokolade. Eg har verdas beste jobb.

Årets godbitar omfattar:
Tv-seriar: "The Wire", "Dexter", "Band of Brothers", "Seinfeldt"
Forfattarar: Tove Nilsen, Sue Monk Kidd, Astrid Lindgren, Dan Brown, Tore Renberg
Regissør: Frank Darabont
Skodespelar: Tom Hanks
Filmar: Millenniumstrilogien, Sentimentale filmar
Bøker: Tora-trilogien til H. Wassmo, Beatles-trilogien til L. S. Christensen
Adaptasjon: "Krig og Fred", Sherlock Holmes
Emne: Adolf Hitler, Kjønnslemlesting, Autisme, Pearl Harbor, Vampyrar, Barnemishandling, Døden, Kreft, Robin Hood, World of Warcraft

søndag 13. mars 2011

Søndag i fjøra

I dag har eg site med nasen ned i ein bunke fordjupingsemne det meste av dagen, men vi tok oss ein liten tur ned i fjøra for å lufte oss etter middag. Ut på kvelden gjekk eg resten av skritta eg skulle i høve målsettinga. Då var åtte av 29 fordjupingemne ferdig vurderte.

Bok 17 2011: "Skaperens kart" av Emilio Calderón

Denne romanen begynner bra. Omgjevnadene er eit Spania i borgarkrig, Mussolinis Italia og Hitlers Tyskland. Ein får inntrykk av at handlinga skal dreie seg om eit dokument i skikklege Da Vinci-kode-stil, men spenninga flatar etter kvart ut, sjølv om den er dramatisk nok. Eg veit at boka er ein bestseljar, men meg fenga den dessverre ikkje. Noko av det som ergra meg, var at hovudpersonen og kvinna han elskar minte litt for mykje om paret i "Rampejenta", som eg nyleg las.

lørdag 12. mars 2011

Middag i Hong Kong?

Eller rettare sagt: PÅ Hong Kong, som er ein kinarestaurant nede ved hurtigbåtkaia i Ålesund. Etter ein dag i Atlanterhavsparken hadde nokre av oss aller mest lyst å kjøpe ein pose reker, men det var ikkje akkurat vêr til å sitje på brygga eller i parken og maule reker. Kinarestauranten vart eit særs godt alternativ. Der var eit fascinerande interiør, hyggeleg betjening og store porsjonar med nydeleg mat. Eg bestilte ein kyllingrett med cashewnøtter, dei to yngste ville ha hamburger med pommes frites og dei tre resterande ville ha innbakt kylling med chilisaus. Alt saman smakte nydeleg, og eg kan røpe at det ikkje vart kveldsmat i kveld.

Atlanterhavsparken ved Ålesund

I dag var vêrmeldingane mildt sagt varierande - ein kunne vente seg alt frå strålande sol og vindstille til regn og storm, og det faktiske vêret vart noko midt imellom. Nokon skitur var det derfor ikkje særleg freistande å legge ut på, og vi sette oss i staden i bilen og kjørte til Ålesund. Der hadde vi ein hyggeleg dag på det som på folkemunne vert omtala som "akvariet", men som sjølvsagt er meir enn berre ei fiskesamling. Vi fekk klappe og mate fiskar, fiske krabbar og beundre både fiskar og fuglar.

Sidan det berre kosta meg to hundre kroner ekstra, vart det til at eg kjøpte årskort for familien (Eldstejenta var for gammal til å passere som barn, så ho får framleis løyse billett). Det kan dermed bli fleire turar til Atlanterhavsparken, gjerne kombinert med andre attraksjonar i området. Ingen andre museum var opne i dag, men etter 1. mai opnar "Sunnmøre Museum" i helgane. Ålesund er ein vakker by med mange interessante stader i nærleiken, men vêret var ikkje så freistande å gå på byvandring i.

onsdag 9. mars 2011

Morosam middag

I hurten og sturten kokte eg i dag makaroni og steikte fiskepudding - når ein har ein halvtime til disposisjon for å lage og ete middag, må det gå kjapt. Det hindra ikkje Veslejenta i å omskape verdas kjedelegaste middag til eit kunstverk, som ho sidan åt med glupande apetitt.

Vinter og vårteikn

Minstemann og eg tok oss ein av våre obligatoriske lufteturar på fridagen. Etter gårsdagens storm og regn var det nesten uverkeleg å stå opp og sjå nysnøen ute i dag, og då sola kom, vart det nesten påskestemning. I hagen fann vi snøklokker som held på å sprette ut - eit sikkert vårteikn.