torsdag 31. mai 2012

Torsdag: om breiband, ballett og Botnasanden

Då gårsdagen var på sitt mest hektiske, tenkte eg at eg skulle tidsnok avspasere. I dag skulle eg nemleg sitje eksamensvakt - det kjedelegaste oppdrag ein kan tenkje seg. Resten av jobbdagen gjekk meir som normalt, og eg sat att og jobba ei stund etter skuletid før eg henta ballerinaer som skulle til Ørsta på generalprøve.

Dei to, tre timane jentene dansa brukte eg til å handle, gå på biblioteket, lese og ta meg ein ørliten blund.

Då vi kom heim i 20.30-tida, var breibandet klart til bruk. Barnefaren hadde teke ein telefon og fått fart i sakene. Gleda var stor, og Veslejenta og eg sette oss godt til rette for å kose oss med mat og data. Etter ein times tid vart eg kalla ut på køyreoppdrag att - Storegut hadde vore på bortekamp mot Bergsøy (og tapt 1 - 5), og no skulle han hentast på kaia.

Og kvar er så Minstemann?

Han var så blid som ei sol då han stod opp i dag tidleg og erklærte at "dinne dagen he ej gleda mej til lenge". Han er nemleg på overnattingstur inne på Botnasanden saman med klassa, og dei skal ligge i telt. Eg trur læraren deira har ein plan B dersom det blir kaldt og vått, og det er berre 2 - 3 kilometer heimanfrå, men mora synest det er litt rart å sitje her og lure på om guten frys...

Bok 29 2012: "Danny og den store fasanjakten" av Roald Dahl

Eg har tidlegare både sett filmen og lese boka på engelsk, men denne gongen delte eg lydbokopplevinga med dei to yngste ungane, som no er 8 og 12. Boka handlar om Danny, som lever i fattige kår saman med far sin. Djupare sett handlar den også om opprør mot overklassen, for her er dei fattige lure og gode, medan dei rike vert lurte og er direkte usympatiske. Det er ei god og spennande historie, som for dagens born kan verke litt vanskeleg på grunn av at den er så gammaldags. Då hjelper det på at Terje Strømdahl les lydboka, for han er fantastisk når det gjeld å lage stemmer til personane.

onsdag 30. mai 2012

Fri-onsdag: breiband, utemøblar og augekatarr

I dag var det eigentleg ein merkedag, då vi skulle få besøk av ein kar som skulle kople opp breiband hos oss. To og eit halvt år med eit stadig treigare mobilt breiband gjekk mot ein ende. Trudde vi.

Medan vi venta på montøren, fekk eg tid til å klippe plen og styre litt med klesvask. Etter ei vekes plager med augene måtte eg dessutan tinge legetime, då "pollenallergien" min viste seg å vere smittsam. Vi fekk så vidt snakka litt med montøren før vi heiv oss på hjul og reiste til tettbygde strok. Der fekk vi medisin mot augekatarr. Veslejenta reiste direkte til Ørsta på ballett etterpå, medan Minstemann og eg for heim.

Ettermiddagen gjekk med til å prøve å kople seg på internett, i tillegg til at Storegut og eg skrudde saman dei nye hagemøblane. Barnefaren kom for å hjelpe oss med breibandet, men til inga nytte. Ei fotballtrening fekk vi òg lagt inn i dagens program, og eg brukte tida til å gå ein liten tur saman med ei anna fotball-mamma.

I kveldinga skrudde vi saman resten av møblane og kosa oss med årets første vannmelon, før eg fekk leike sjukesyster og prøve å kurere augekatarren til dei to yngste.


tirsdag 29. mai 2012

29. mai: Veslejenta 12 år

For tolv år sidan vart eg send med nattferje frå Ulsteinvik i 1-tida om natta. Eg hadde vore plaga med sterke kynnarar om kvelden i tre månader, og den 28. mai ville det ikkje ta slutt. Etter ein kjapp sjekk hos jordmora på sjukeheimen i Ulsteinvik, vart vi altså sende av garde til sjukehuset i Volda - eg i ambulanse, og resten av familien i eigen bil. Jordmora meinte at reisa ville påverke fødselen til å skje raskare, og at det dermed hasta å kome seg av garde for å unngå fødsel i ambulansen.

12 timar seinare kom veslejenta til verda, etter at eg hadde fått "drypp" for å framskunde fødselen. Ho kom ut i Supermannstilling med eine armen over hovudet, noko naboguten òg gjorde nokre dagar seinare.




I dag fylte Superjenta 12 år, og det feira vi ved at familien + besteforeldra åt pizza på Bulduk, den tyrkiske restauranten i Ørsta. Venninneselskap skal ho ha seinare, men det er kjekt å markere på sjølve dagen òg.

mandag 28. mai 2012

Andre pinsedag: tur til Kilskrossen

Då temperaturen brått gjekk ned over ti grader, merka eg at energien trengde på. Etter ein sakte frukost med dei to yngste fekk eg det føre meg at eg skulle henge ut golvteppa og vaske skikkeleg i stova og på kjøkenet (same rom, eigentleg). Nokre late dagar med snacks og opa verandadør hadde sett sitt preg. Deretter fann eg fram dampvaskaren og sette i gang med å vaske bada med den. Dette gjer eg ikkje kvar veke, men det vert verkeleg fint og reint når ein har brukt den.


Ungane leika seg fint, men verka litt sløve, så eg drog dei med ut på tur eit par timar. Turen gjekk mellom anna til Kilskrossen, der det var utriveleg kald vind i dag.

Etter turen er det blitt middagslaging, brødbaking, klesvask og ein haug med skulearbeid. Ikkje dårleg på ein "fridag"!

søndag 27. mai 2012

Bok 28 2012: "Aurora - et portrett i sepia" av Isabel Allende

Oppfølgjarar til bøker eller filmar ein har likt godt, innfrir sjeldan forventningane. Særleg irriterande er det når ein roman er ein "frittståande" oppfølgjar, for då ser forfattaren seg nøydd til å forklare ein del av innhaldet i den første romanen, noko som er heilt unødvendig når ein las den for svært kort tid sidan. På sitt svakaste er denne romanen ein slik type oppfølgjarroman til "En lykkens datter", men den er òg god og lesverdig fordi den held fram forteljinga om nokre av dei mest interessante litterære karakterane eg har møtt på. Når ein trur at Allende fortapar seg i sentimentalt kliss, kjem ei vending i handlinga som gjer dette til stor litteratur, spesielt når det gjeld kvinner, men òg når det gjeld kjærleik og forhold mellom menneske.

lørdag 26. mai 2012

Pinseaftan i Brundalen



Etter eit par late timar i sola greip rastløysa meg, og eg tok dermed med meg dei to yngste og hundane på tur i Brundalen. Der var det strålande sol og nesten vindstille, så det vart litt badeliv trass i iskaldt vatn. Vel nede att fekk vi servert grillmat i hagen.

I kveld skal eg heie på Tooji i MGP!

Bok 27 2012: "Saganatt" av Frode Grytten

Boka er ein tredelt roman som skal seie noko om det norske samfunnet på 80- 90- og 2000-talet. Dei tre delane er svært ulike både i stil og innhald, og eg likte best dei to første, som er mest realistiske i stilen. Den tredje delen har mange artige element, der det mest framtredande er at tidlegare avdøde AP-leiarar lever i ein slags eksistens der dei skal rette opp i samfunnsproblem, men sjølve handlinga vert litt lite engasjerande. Eg las boka som lydbok, og dei tre opplesarane les svært godt alle tre. Favoritten min er den første delen av boka, både når det gjeld innhaldet og opplesaren.

Solnedgang på Flø


Etter nokre nydelege dagar og kveldar ville eg finne ein fin solnedgang å drøyme meg vekk i. Då vi kom ut av Eiksundtunnelen, låg havskodda tjukk som graut over heile Ulsteinvik, og det spøkte for den store opplevinga. Ute på Flø var det heldigvis ikkje skodde, så det var godt mogleg å sitje på svaberget og kjenne dei siste varme strålane frå ei glødande sol.

onsdag 23. mai 2012

Fantastisk fin fri-onsdag


I dag vart det ein nydeleg sommardag, og Minstemann og eg kunne nyte den fullt ut. Vi gjekk tur til Mjeltvika, då Minstemann fekk valet mellom å hjelpe til i hagen eller gå tur, og så klipte eg kantar og rota litt i bed. Det er spennande å sjå korleis hagen tek seg ut, og eg ser fram til å styre litt meir med blomar og denslags. Noko tid vart dessutan brukt til å flate ut i solstol og på solseng - det vart faktisk så varmt på verandaen at eg måtte flytte remediane mine ut på plenen.

Etter kvart laga eg middag, og som middagsgjester kom Barnefaren og dei to mellomste. På menyen stod laks med pesto, pasta og wok-grønsaker.

tirsdag 22. mai 2012

Endeleg fotballsiger!

Sommaren kom for alvor måndag, og eg fekk endeleg høve til å klippe plenen og lufte bikinien. Eit årsmøte og ein gåtur vart det òg tid til.

Tysdag fekk eg nesten solstikk og hetetokter då eg somna i sola etter jobb, men det kom seg då eg fekk gått ein tur i skuggen på den andre sida av fjorden.

Jentelaget hadde heimekamp mot Haddal i dag, og den enda 10 - 0. Det var stor stas å juble for eit sigrande lag, og det var for ein gongs skuld varmt og fint å stå på sidelinja og heie.


Til å vere totalt uinteressert i fotball er eg ganske engasjert!

søndag 20. mai 2012

Remacup dag 2

Også i dag gjekk turen til Volda stadion, der Veslejenta og laget hennar skulle spele tre kampar, mot Volda 1 og 2 og mot Hasundgot. Dessverre tapte laget alle tre kampane, men vi hadde ein fin dag i strålande sol.

I kveldinga serverte Barnefaren middag, før Minstemann og eg gjekk tur med hundane og dei hine arbeidde på garden.

lørdag 19. mai 2012

Remacup dag 1


I dag var dei tre yngste og eg på Rema 1000-cup i Volda, der laget til Minstemann halte i land to tap og ein uavgjort. Farfaren kom og såg på første kampen, medan Morfaren heldt ut heile cupen. Barnefaren hadde anna på programmet i dag.

fredag 18. mai 2012

Bok 26 2012: "En lykkens datter" av Isabel Allende

Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese på lenge. Det er ein spektakulær roman som utspelar seg i Chile og California i perioden rundt gullrushet i 1849. Persongalleriet er rikt og samansett, med alt frå ei aldrande frøken som skriv erotiske romanar, til ein kinesisk akupunktør. Som hos Steinbeck har fleire av bipersonane ei kort fortalt forhistorie som kvar rommar ein heil roman. Ein får dessutan eit innblikk i det verkeleg Ville Vesten, med prostitusjon, lynsjing og sjukdomar som ein del av dagleglivet. Alt er skrive i eit språk blotta for sentimentalitet, slik eg likar det best, men ikkje utan ein viss poesi:

Ingenting er forgjeves. Man kommer ingen steder i livet, Eliza, man bare går og går.

I romanen fyl vi ungjenta Eliza, som rømer frå Chile til California, på leiting etter den store kjærleiken. Og kjærleik må seiast å vere det temaet som bitt romanen saman, om enn av eit anna slag enn den store forelskinga. Eg ser allereie fram til å lese neste bok, som er ein "frittståande oppfølgjar".

Inneklemd og innarbeidd fredag


Tre ettermiddagar har vi brukt på jobb til å arbeide inn denne fredag 18. mai. Dagen har vore brukt til å slappe av, rydde og gå tur med hundane i skogsvegen. Litt skulearbeid blir det tid til for min del, men ungane slappar av med rolege aktivitetar "dagen derpå".

torsdag 17. mai 2012

17. mai 2012






Nasjonaldagen starta på tradisjonelt vis med gudsteneste og tog, og så var det fest på grendahuset. Eldstejenta og ei venninne dukka opp i russebil og sette ein ekstra spiss på feiringa, og vi fekk servert deilig rømmegraut. Storegut og Kompisen song og spelte "These days" av Foo Fighters, og så stakk Storegut og eg til Volda for å sjå folketoget og høyre russepresidentane tale, blant anna. På det tidspunktet hadde kameraet mitt klikka heilt, så det blir berre bilete frå første del av dagen her på bloggen.


Bok 25 2012: "Bake kake søte" av Jan Mehlum

Eg skal ikkje seie mykje om handlinga i denne kriminalromanen, anna enn at den i utgangspunktet handlar om kidnapping av born.

Mehlum skriv godt og underhaldande, men eg grip meg sjølv i å synast at krimforteljinga er mindre interessant enn å lese om privatlivet til tønsbergadvokaten Svend Foyn, inkludert hunden Hulda.

onsdag 16. mai 2012

Siste skuledag før 17. mai




På skulen der eg arbeider har vi som tradisjon å samle alle elevar og tilsette i idrettshallen den siste skuledagen før 17. mai. Der har vi tautrekkingskonkurranse, russerulling og fotballkamp mellom russen og lærarane, blant anna. I tillegg lagar kvar klasse ei fane som kontaktlæraren skal bere (eller vere), og ei av fanene vinn ein premie. Våre "cupcakes" fekk heidarleg omtale og gjorde det bra i tautrekkinga, men det vart 2SA1 som til slutt vann heile tautrekkinga - også over lærarlaget. Russen vann dessutan årets mest underhaldande fotballkamp.

Småungane mine vart med meg på jobb i dag for å ta del i Eldstejentas russefeiring og mi årlege audmjuking...

søndag 13. mai 2012

Styggevêrssøndag

Minstemann skulle delta på fotballturnering med laget sitt i dag, så Barnefaren og Veslejenta var med han til Ørsta. Første kampen var mot Ørsta, som dei slo 7 - 6. Minstemann scora faktisk eitt av måla!

Sjølv var eg inne og lata meg heile føremiddagen, med kaffi og dvd-film, før rastløysa slo inn. Tispa har løpetid, så hundane må luftast kvar for seg for tida. Eg tok oppdraget og gjekk i over to timar - først med den eine, deretter med den andre. Det er ikkje så spennande å gå etter vegane, men ein får i alle fall høve til å høyre lydbok.

Vel heime snikra eg saman ein middag av noko eg hadde funne i frysaren. Det vart nesten ein nedtur å servere så keisam mat etter alle selskapa i det siste, så eg tok fram fint servise og serviettar for at det skulle verte litt meir stil og klasse over middagen.

No skal vi ha ein roleg kveld inne, for ute regnar og blæs det som om det skulle vere hauststorm. I år er det ikkje mange sunnmørskonfirmantar som får teke fine utebilete på dagen sin!

lørdag 12. mai 2012

Konfirmasjon på Hareid



I dag var vi i konfirmasjon til mi einaste niese, som òg er ungane sitt yngste søskenbarn på Hareid. Vi fekk ein triveleg dag med svært mykje god mat og prat, og eg håpar konfirmanten sjølv vart like nøgd som gjestane.

fredag 11. mai 2012

Om fredagskos og arbeidsfordeling

I dag hadde eg ein del ærend etter jobb, og så for Eldstejenta og eg på café for å ete middag. Eg orka nemleg ikkje tanken på å lage noko som helst. Då vi kom heim, laga eg botn og fyll til ei ostekake. Medan den stivna, gjekk jentene og eg tur i  Mjeltvika, delvis i regn og vind. Vel heime la jentene seg på kvar sin sofa og såg tåpelege ting på tv medan eg strauk bunadskjorter. Deretter måtte eg forsyne dei med diverse snacks og fyre i omnen (EG fraus ikkje!) før eg pynta og gjorde klar kaka. Ikkje det at det var ein så grusom jobb, men det skulle gjerast.

Etter vel endt arbeid kunne eg endeleg sette meg føre og sjå litt tv og slappe av eg òg. Vi gler oss til morgondagen, sjølv om det er eit styr å kome seg av garde.

Veslejenta fortalde om kor mykje arbeid ho hadde gjort heime hos faren. Ho hadde klipt plen, rydda ut av oppvaskmaskina, varma pizza til middag og rydda stova, blant anna. Litt snurt spurte eg om kvifor ho er så flink hos faren, men aldri tek si hand i arbeid heime hos oss, og då kom det: "fordi du allereide he gjort det sjøl". Det varma trass alt litt med ein slik attest.

Tur på torsdag



Etter jobb torsdag sat eg inne hos frisøren og såg på solskinet ute. Utferdstrongen var stor, derfor var eg berre heimom og åt og skifta til turklede før ferda gjekk vidare til Lote ferjekai, der bilen vart parkert utanom køen. Frå kaia går ein smal veg innover i retning Stryn/Blakset, og der var det nydeleg kveldssol og nokolunde flat veg.

torsdag 10. mai 2012

Sandy - the one that I want

Russen har mange rare skikkar, mellom anna å kle seg ut i høve ein av dei mange festane. Eldstejenta var i går Sandy frå Grease. Dette er Sandy slik ho framstår i ein litt meir rocka versjon mot slutten av filmen.

onsdag 9. mai 2012

Flink på fri-onsdag

I dag rakk eg å klippe plenen og vaske eine etasjen før eg kasta meg over pannekake-steikinga såpass ungane fekk mat då dei to mellomste kom frå skulen. Om kvelden var det heimekamp på Folkestad, og jentelaget slo Hødd 5 - 3. Minstemann var på trening ein times tid, men fekk deretter sjå systera i aksjon. Ikkje det at han er så interessert i fotball, men der var uansett mange kompisar han kunne leike med.

tirsdag 8. mai 2012

Bok 24 2012: "Hjemstavn" av Arnaldur Indridason

I denne romanen reiser Erlendur attende til heimbygda, der broren forsvann på fjellet for mange år sidan. Han undersøkjer dessutan ei anna, gammal sak om ei kvinne som forsvann på 1940-talet. Meir vil eg ikkje skrive om innhaldet, for det er vanskeleg å seie noko utan å røpe for mykje.

Dette er ei av dei betre Indridason-bøkene eg har lese; mest fordi den handlar mykje om Erlendurs fortid utan å drage inn for mykje frå notida i tillegg. Notida vert på ein måte sekundær i heile romanen, samtidig som retrospeksjon alltid får fram eit ekstra perspektiv gjennom refleksjon.

Dagens tekstar

  1. Dikt om AIDS ("The Worrying")
  2. Historia bak biletet "Afghan Girl"
  3. Utdrag frå ein av "Shopoholic"-romanane
  4. Utdrag frå "Romeo and Juliet" + klipp frå filmatiseringa
På timeplanen står "engelsk"

søndag 6. mai 2012

Konfirmasjon i Kilsfjord kyrkje 2012


I dag var det den store dagen for konfirmantane i Kilsfjord kyrkje. Blant dei var vår eigen Storegut, som hadde feira frå seg med slekta i påska, og som i dag feira med oss i familien med lunsj og bading på Alexandra hotell i Loen.