lørdag 27. august 2022

Genser nummer 34: "Svartulv" til Svigerson

Tidleg i sommar strikka eg ferdig ein "Svartulv"-genser til Veslejenta. Ho hadde sjølv teke ut mønsteret, men fargane måtte eg velje ut frå kva garn dei hadde i den lokale garnbutikken. Eg brukte garnet Fritidsgarn frå Sandnesgarn, og fargane er lys grå og ein blygrå farge. Veslejenta ville ha blå brot, og det tenkte eg var finast på genseren til Svigerson også. Etter oppskrifta skal brota vere i begge fargane, men vi gjorde det altså litt enklare. Genseren til Svigerson er blå med grått mønster, medan Veslejenta hadde motsett. Han ville dessutan ikkje ha høg hals. No står det att å sjå om denne fell i smak - og ikkje minst om den passar.


Eg kjøpte alt garnet dei hadde i desse fargane då eg handla inn før ferien, men så fekk eg for lite blått og måtte bestille på nett. Denne pakken kom fram til lokalbutikken ein laurdag eg var utan bil, og dermed gjekk hunden og eg 9 km for å hente den på butikken. Det viste seg at det var feil garnpakke, noko eg oppdaga fem minutt etter at eg hadde begynt på heimvegen. Dermed måtte eg attende til butikken for å returnere pakken, før eg for heim og sende mail til Sandnesgarn. Dei trudde heldigvis på historia mi, og sende ein ny pakke nokre dagar seinare. Heldigvis hadde eg forskjellig anna liggande å pusle med så lenge.

mandag 22. august 2022

På 'an igjen

Eg skal ikkje skrive her kva eg plar omtale planleggingsveka som, men det begynner på H og sluttar på elvetesveka. Ei heil veke med møte og diskusjonar om elevar ein ikkje har møtt kjennest ikkje alltid like meiningsfylt - spesielt ikkje etter ein lang og doven ferie.

I dag kom elevane, og då vert jobben noko heilt anna. Det er tjue år sidan eg begynte å jobbe på min noverande arbeidsplass, altså fire år før årets vg1-kull vart fødde. Før det hadde eg fleire års praksis frå andre skular, heilt frå hausten 1993.

Skulelivet har endra seg mykje på desse åra eg har jobba. Reformer har kome og gått, trendar innan pedagogikken det same. I klasserommet har det gått frå tavlebruk, trilling av fjernsynsapparat og bruk av overhead med handskrivne lysark til ein stadig meir digitalisert kvardag med pc og videokanon som sjølvsagde innslag. Medan vi dei første åra var opptekne av å gi elevar boklister så dei kunne kjøpe skulebøker første skuledag, er vi no mest fokuserte på å får dei på nett og vise dei dei rette og viktigaste verktya.

Og så er det elevane. Gjennom alle desse åra har det vore så mange av dei, og eg lurer kvar haust på om eg kan bli like glad i dei nye. Som regel blir eg det, faktisk, men alle relasjonar tek tid å bygge. 

Som gamal lærar ser ein på klassa si og kjenner att åtferd ein har sett før. Mange har pynta seg til første skuledag, eller i alle fall tenkt nøye gjennom kva dei skulle ha på seg og korleis dei skulle sminke seg. Nokre har kanskje lagt om stilen i løpet av sommaren, medan andre held fram med å vere som dei var på ungdomsskulen. Nokre tek fort kontakt med medelevar, medan andre slit med å snakke med nokon. Atter andre vender seg mest til læraren for kontakt. 

Midt i alt kaoset med å vere ny på skulen får dei litt hjelp på vegen. Vi plasserer dei på faste plassar så dei skal vite at dei har ein pult der det er greitt at dei sit, vi organiserer "bli kjende"-aktivitetar og vi har i stadig større grad kontakt med dei som er ekstra engstelege før skulestart. Mange unge slit med psykiske vanskar, og då er overgangar noko som er spesielt vanskeleg. Det finst mange teoriar om kvifor unge i dag er så tandre, men som lærar tenkjer eg det viktigaste er å forhalde seg til det og prøve å lære dei å bli meir motstandsdyktige. For at vi skal klare å bygge dei opp, må dei kome til skulen, og det er ein stadig større bøyg for mange.

Etter 8 timar saman med den nye klassa mi og min nye partnar-kontaktlærar, evaluerer eg dagen som nokolunde vellukka gjennomført. Det vart altfor lenge og altfor mykje informasjon, men mot slutten av dagen oppnådde vi noko stort: alle elevane greidde å stå framfor klassa og seie noko. Eg veit det sat langt inne hos nokre, og eg hadde klump i halsen då eit par gjorde valet om dei skulle gjere som dei andre eller stikke seg ut ved å nekte. No står det att å sjå om dei kjem attende til skulen i morgon, men førebels er eg svært nøgd med at vi fekk ei så god stund mot slutten av dagen.

Parallelt med den spennande og slitsame skulestarten i dag er mange lærarar i landet tekne ut i streik. I media blir det fokusert på dei stakkars elevane som ikkje får undervisning, og KS meiner lærarane tener godt nok. For min del, som er lektor med tillegg med maksimal ansiennitet, er ikkje løna avskrekkande låg. Likevel ser eg at for å rekruttere unge og flinke folk til yrket, er løna viktig. Altfor mange med lærarutdanning finn seg andre jobbar der dei tener meir. I tillegg kan ein diskutere kor vidt løna står i stil med arbeidsoppgåvene og ansvarsområda. Etter mitt syn har arbeidstilhøva endra seg dramatisk gjennom dei åra eg har vore i yrket. Eg sette umåteleg pris på den fridomen eg hadde første åra eg jobba, då vi fekk timeplanen i handa og innretta oss sjølve slik vi fann det best. Etter kvart vart vi pålagde stadig meir bunden arbeidstid på skulen, og ansvaret som kontaktlærar endra seg frå å vere ein som førte fråværsårsaker til å inneha ei noko uklar rolle som nærast personleg assistent for den einskilde eleven. Det vert forventa samarbeid på alle moglege måtar mellom fag, i klasser, på trinn og mellom kontaktlærarar, samtidig som vi stadig blir kursa i korleis vi skal bli betre til det eine eller det andre som er i vinden for tida. Eigentleg har vi nok jobb med denne delen av jobben, men så kjem rettebunkane i tillegg. Folk ser gjerne at vi har lange og mange feriar, men berre dei næraste ser korleis vi sit med rettebunkar i helgar og på kveldstid. 

Skulen har utvikla seg sidan 1993, det skulle berre mangle, og eg skal ikkje hevde at alt var betre før. Likevel vil eg hevde at det ikkje er samanheng mellom arbeidsoppgåver, arbeidstid og løn i læraryrket. Dersom forventningane til meg som kontaktlærar skal vere som dei er i dag, er 4,7% ein altfor liten tidsressurs. Eg er glad i jobben min og ville ikkje ha bytta med nokon, men eg skulle så gjerne hatt betre tid til å utføre arbeidsoppgåvene skikkeleg. Eg skulle dessutan ønske at samfunnet viste at ein set pris på den jobben lærarane gjer, og då er løna eit verkemiddel som kan vere med på å heve statusen og dermed auke rekrutteringa til eitt av verdas viktigaste yrke.

søndag 21. august 2022

Tua til Movatnet



I dag var det meldt fint vêr, men det vart ikkje fullt så fint som meldt (ikkje første gong denne sommaren). I staden vart det mitt favorittvêr, lettskya opphaldsvêr og om lag 20 grader. Eg hadde nokre ærend på butikk, noko eg kombinerte med ein rusletur innover frå parkeringsplassen på Tua inn til enden av vegen ved Movatnet. Turen inneheld ikkje så mange bakkar, og ein kan gå tørrskodd på grusveg nesten utan trafikk. Samtidig får ein ei kjensle av å vere i naturen, med blåbær, beitedyr og byrjande haustfargar. Dette er ein av mine favorittstadar å gå tur på, og kanskje kjøper eg meg nye ski til komande sesong.

søndag 14. august 2022

Bok 27 2022: "Skyggesøsteren" av Lucinda Riley


Skuleflinke Star likar betre å lage mat enn å studere, og hinta fører henne til eit bokantikvariat i London. Der møter ho den eksentriske Orlando, og ho følgjer han til familien hans i Lake District. Familiedramaet står mest sentralt, og også denne systera finn ut kvar ho kjem frå og får eit nytt liv. 

Bok 26: "Stormens søster" av Lucinda Riley


Den andre systera er oppteken av segling og musikk, og etter mykje dramatikk reiser ho til Noreg for å finne ut kvar ho ættar frå. Her blir ho mellom anna kjend med komponistar som har kjent Edvard Grieg. Også denne boka ionneheld mykje melodrama og ein del føreseieleg svada, men det er framleis god underhaldning.

Bok 25 2022: "De syv søstre" av Lucinda Riley


Serien om systrene har blitt svært populær, og eg bestemte meg for å gi den ein sjanse, trass i at dette er ein sjanger eg ikkje vanlegvis kastar meg over. Ein kan kalle det melodramatisk eventyr for og om kvinner, men det er òg underhaldning med ein liten porsjon faktakunnskap om ulike land og historie.

Den første boka tek føre seg forhistoria om dei sju adopterte systrene som etter adoptivfarens død blir gjevne hint om sin eigen bakgrunn. Deretter følgjer vi den eldste systera på hennar reise til Brasil for å finne ut om bakgrunnen sin. Parallelt med hennar liv i notida får vi høyre ei historie om ei kvinne som vaks opp i Brasil og la ut på ei danningsreise til Paris. Boka er underhaldande som sommarlektyre og til avslapping.

Bok 24 2022: "Drepende drage Angrende hund" av Karin Fossum


Aksel er journalist, og veslesystera er narkoman. Begge slit med seg sjølve og oppveksten sin. Sjølve handlinga dreiar seg rundt ei dramatisk hending der ei gruppe arbeidarar døyr i eit giftangrep medan dei søv. Boka er spennande, men først og fremst på grunn av forteljinga om søskenparet. 

Norangsdalen og Øye

Ein kveld såg vi ein film som heiter "Det norske hus". Det er ein komedie som ikkje er så morosam, men det morosame for oss var at den var filma på Øye i Hjørundfjorden. Dermed fekk vi lyst på ein tur. Ruta gjekk til Grodås og Hellesylt, deretter gjennom Norangsdalen. Vêret var heller ikkje denne dagen optimalt, men det var nokolunde opplett. Vi stogga ved det tradisjonelle utsiktspunktet, deretter ved Lygnstøylvatnet, der ein kan sjå restar av ei gamal seter som vart overfløymd i 1908. 






På Øye såg vi på det no ombygde og fantastisk flotte Union hotell. Eg var der på konfirmantweekend i 1982, og då var staden berre ei rønne. No har hotellet blitt eit dyrt og flott tilbod med særpreg. Vi var ikkje heilt kledde og klare for lunsj på hotellet denne gongen, så eg fekk ikkje sett korleis det såg ut inne, men vi fekk ein prat med ein tidlegare nabo og med faren til hotelldirektøren.








Søndagstur til Sandane

Førre søndag, den 7. august, måtte vi finne på noko i regnet. Vi hadde snakka om diverse tidlegare, mellom anna turen over Utvikfjellet og vegen mellom Olden og Innvik. Dermed køyrde vi til Lote og tok ferja til Anda, utan særleg mange planar. Først sjekka vi ut kva Trivselsskogen er, og dit reiser vi truleg attende ein gong det er finare vêr. Etterpå såg vi kva Trivselshagen er, og det er eit kulturhus med badeanlegg, og bakom det ikkje så svært pene bygget låg eit bygdemuseum som viste seg å vere ope. Inne var det ei utstilling som viste ulike epidemiar gjennom tidene (som eit framhald av det vi allereie hadde lært om lepra), og etter kvart fekk vi ei interessant omvising i nokre av bygga på staden. Eg er imponert over alle dei unge som har sommarjobb og set seg inn i historia for å kunne formidle til tilfeldige turistar som oss (ja, vi var dei einaste på denne omvisinga òg). Museet er òg eit turområde eller ein slags park, så vi fekk lufta oss litt.







Etter å ha sett litt meir på Sandane, der eg nesten ikkje har vore innom sidan vegen vart lagt om, køyrde vi vidare til Breim og over Utvikfjellet. I Olden stogga vi og gjekk på café, og i den caféen ligg ein liten rarietetsbutikk som eg skal vitje ein annan gong. 



torsdag 4. august 2022

Ferietur dag 6: Heimreise

Bladfyken ville ikkje køyre same rute heim, men via Lærdal, slik han hadde gjort då han budde i Stavangerområdet for over 30 år sidan. Eg kan røpe at der var lange strekningar av den vegen som ikkje hadde blitt utbetra på 30 år, og det vart ein del stopp undervegs for å passere bubilar og turistbussar på smale vegar. Då vi kom over Hardangerbrua, vart det mange påkosta tunnelprosjekt som prega reisa, og store delar av Sogn tilbragte vi inne i fjella. Planen var å køyre frå Solastrand klokka 11 og ta inn på hotell til dømes i Lærdal, men vi hadde vakna tidleg og reist av garde i 8-tida, så det var ikkje så freistande å ta kveld i Lærdal klokka 18. Dermed vart det til at vi køyrde heilt heim, utan andre stopp enn eit lite cafébesøk på Odda. Vëret var elendig, vegane var for det meste elendige - men ferieturen sett under eitt var fantastisk. 


Ferietur dag 5: Stavanger by

Då vi planla ferien, vart vi samde om å bu ved stranda og heller reise inn til byen ved behov og ønske. Det viste seg at vi fekk tak i det vi trengde i tettstaden Sola, så då sette vi berre av ein dag til bysightseeing.

Først var vi innom to museum, og då hadde vi valt oss ut Stavanger museum og Arkeologisk museum. Ingen av dei var svært imponerande, men det var no kjekt å sjå. Etterpå gjekk vi langs vatnet ned til Vågen og opp i den delen av sentrum der kulturhuset og "fargegata" ligg. Vi rusla rundt, gjekk på café og såg på livet før vi gjekk over til den andre sida av Vågen, der "Gamle Stavanger" ligg. Denne dagen var det fint vêr, så det var fint å rusle rundt på tørr brustein (i gode joggeskor). 











Ferietur dag 4: Sightseeing på Jæren

Denne dagen skulle det vere elendig vêr, men så skulle det lette opp ut på dagen. Vi køyrde derfor på sightseeingstur og såg på det vi på førehand hadde valt oss ut. Først reiste vi til Garborgheimen, men der var ikkje ope enno. Deretter reiste vi det vesle stykket opp til Knudaheio, hytta der Arne Garborg sat og skreiv på sommarstid. Vi parkerte samtidig med guiden, og på nytt fekk vi eksklusiv omvising - denne gongen av ein musikkstudent. 
Knudaheio med gravhaugen i hagen. Der ligg både Arne og Hulda Garborg.







Garborgheimen (vi var ikkje inn)



Neste post på programmet var skulpturen "Sverd i stein", som er reist til minne om slaget ved Hafrsfjord i 842. Parkeringsplassen utanfor skulpturparken var nesten full, så dette var eit populært fotoområde. Eg tenkjer at monument/skulpturar har ein funksjon ut over det å vere kunst som ein ser på, både som fotomotiv og aller helst også utgangspunkt for leik. Dette monumentet var i alle fall insta-venleg, og det var kjekt å få sjå det. 


Siste stopp var Domsteinane, ein rekonstruert steinsirkel som ligg i eit skogholt like ved hotellet. Her kunne dei godt ha laga det litt betre til i området, men det var artig å sjå. Det er ikkje rart at menneske slo seg ned i denne delen av landet.


Om kvelden gjekk vi tur på stranda, og denne kvelden slo solnedgangen til. Det var ikkje varmt, så vi fekk nytte av dei nye turgenserane, men fargespelet og kjensla av stranda var ei ufatteleg vakker oppleving.




Solastrand hotell